Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Dinas bok og Herbjørg WassmoSkriv ut Utskrift
Særemne om Dinas bok, Herbjørg Wassmo og den litterære perioden ho høyrer til.
Nynorsk - SæremneForfatter: Anonym

Forord:

Eg hadde sett filmen ”Jeg er Dina”, basert på boka ”Dinas bok” av Herbjørg Wassmo. Derfor bestemte eg meg for å lese Dinas bok, for så å skrive særemne om boka. Det har eg til tider angra på. Herbjørg Wassmo er ein forfattar det ikkje er mykje stoff om, fordi ho vil halde privatlivet sitt privat. Men til slutt fant eg noko som eg kunne skrive om.

 

Dinas bok var vanskeleg å heilt forstå. Herbjørg Wassmo skriv slik at lesaren skal tenkje sjølv, og det kan av og til bli komplisert når boka er på over 500 sider. Men eg har tolka boka på min måte, slik eg trur ho skal tolkas. Eg syns det var ei kjekk bok, og det var interessant å lese skildringane Herbjørg Wassmo hadde tatt med.

 

Forfattaren:

Wassmo blei fødd 6. desember 1942 på Myre i Vesterålen, på Langøy i Nordland fylke midt under den andre verdskrig.

 

Ho begynte allereie på barneskolen å skrive dikt, men det var ikkje forfattar ho drøymde om å bli. Ho var svært kunstnarisk og drøymde om å bli kunstnar. Ho var også flink å skrive. Stilane ho skreiv var prega av grammatiske feil, men det brydde ho seg ikkje så mykje om. Så lenge innhaldet var bra, burde dei ikkje bry seg om småfeil, meinte ho. Stilane til Herbjørg var svært fantasifulle, og ho beviste tidleg at ho kunne skrive bra.

 

Ho utdanna seg først som lærar ved lærarskulen i Bodø, og jobba som lærar i Finnmark. Forfattar var ho på hobbybasis. Ho hadde ikkje ambisjonar om å bli diktar, og dikta ofte i hovudet på veg til butikken. I 1976 debuterte ho med diktsamlinga ”Vingeslag”, som blei oppfølgd av diktsamlinga ”Flotid” i 1977. Her skildra ho barndom og naturopplevingar i Nord-Noreg.

 

Ho byrja først som lyrikar. Ho hadde permisjon frå lærarjobben ein periode for å skrive, og etter kvart som skrivinga tok meir og meir tid tok ho sjansen på å seia opp. Ho byrja å studere litteraturvitskap ved universitetet i Tromsø, og skreiv ved sida av. Ho fekk sitt store gjennombrot som romanforfattar i 1981 med romanen ”Huset med den blinde glassveranda”. Dette var første boka i ein triologi om ”tyskarungen” Tora. Tora si mor hadde hatt eit forhold til ein tyskar, og Tora blir seksuelt misbrukt av stefaren. Framhaldet kom i ”Det stumme rommet” i 1983, og ”Hudløs himmel” i 1986. I 1986 fekk Herbjørg Wassmo Nordisk råds litteraturpris for bøkene om Tora.

 

I 1989 kom ”Dinas bok”, som var første bok i ein ny triologi om Dina. Historia om Dina vakte stor merksemd då han kom ut. Dina ber med seg ei traumatisk oppleving frå barndommen, der ho blir uforskyldt skyld til at mora døyr. Dina er ei kraftig og stor kvinne, som set sine eigne regler og grenser. Ho veks opp på 1860-talet, og trasser den rolla kvinner har på den tida. Dinas bok er ei realistisk roman, men Dina har også eit sterkt forhold til dei døde og dei underjordiske. Dette er ein av måtane ho viser styrken sin på. Ho drep mange av dei som står henne nærmast, og hindrar med dette at dei går frå henne. Den andre boka i trilogien, ”Lykkens sønn” handlar om son til Dina, Benjamin. Han lider av saknet etter å bli sedd av mora. Han blir send bort frå Reinsnes for å studere, men kjem tilbake til Reinsnes. Han kjem tilbake med dottera Karna, som den tredje og siste boka i trilogien handlar om. ”Karnas arv” kom ut i 1997.

 

Forfattarar som Knut Hamsun, Cora Sandel, Camilla Collett og Sigrid Undset har betydd mykje for Herbjørg Wassmo. Herbjørg er sjølv glad i å lese bøker, og ser derfor opp til andre forfattarar, og hentar inspirasjon frå dei. Før ho byrja å lese Hamsun, les ho ofte russisk litteratur. Amalie Skram er også ein forfattar som har betydd mykje for Herbjørg Wassmo. Bibelen pregar også nokre av bøkene til Herbjørg Wassmo. Dette kjem tydeleg fram i Dinas bok, der kvart kapittel byrjar med sitat frå det gamle testamentet. Herbjørg Wassmo ser ikkje på bibelen som eit litterært forbilde, men meiner at den har betydd svært mykje for henne og bøkene hennar.

 

Kvinnene står ofte sentralt i Herbjørg Wassmo sine romaner. Sjølv meiner ho at det ikkje er bevisst, men at det berre blir naturleg å skrive om kvinner. Teiinga og tabu er tema Herbjørg Wassmo tek opp i bøkene sine. Ho viser oss kor alvorlege følgjene kan bli om vi feiar ting under teppet og ikkje gjer opprør mot tabua.

 

Herbjørg Wassmo er nøgd til å ha ro og fred rundt seg når ho skriv. Ho har sitt eige arbeidsrom i huset der ho kan sitte i ro og fred. Her har ho eit vindauge som peikar opp mot himmelen, noko som gir henne inspirasjon. Herbjørg Wassmo er inne i sin eigen verden når ho skriv, og lar seg ikkje forstyrre. Telefon og andre forstyrrande ting høyrer ho ikkje. Ho festar seg til jordskorpa ved å skrive ein liten logg kvar dag. Loggen inneheld opplysningar om vêr og temperatur. Dette er ein måte ho bruker på å kvitte seg med seg sjølv. Ho meiner sjølv at ho går over i ein annan person.

 

Wassmo skriv meir tradisjonelt enn det som er vanleg, og dette er noko ho meiner ho har kome langt med. Ho liker å ta opp tema som er viktige for folk, og som folk er opptekne av. Dette pregar bøkene hennar. Ho fordjupar seg i eit liv. Ho går inn i personen og fortel oss kva personen føler og tenkjer.

 

Det blir ikkje presentert noko spesielt bodskap i Herbjørg Wassmo sine bøker. Ho bruker i staden ein stemning, person eller ein ide. Ho stiller spørsmål, men gjer ikkje svar på dei. Ho meiner at lesaren må tenkje, og finne sine eigne svar. Dette er det som er litt vanskeleg med Wassmo sine bøker. Ein får ikkje konkrete svar på kva som skjer, og må tenkje sjølv. Dette fører til at ein kan vere redd for å ”tenkje feil”. Men Wassmo meiner at ingenting er rett og gale i bøkene hennar. Det er opp til lesaren korleis han førestill seg situasjonen.

 

Handlinga i dei fleste av bøkene til Herbjørg Wassmo føregår i hennar eigen landsdel, Nord-Noreg. Dette gjer det enklare for henne å bruke dialektinnslag, og lettare å skildre naturen og personane.

 

Herbjørg Wassmo har ingen favorittar blant romanfigurane sine. Den siste ho har skreve er alltid viktigast for henne. Men snart er den ute av hovudet, og ho byrjar å konsentrere seg om neste roman. Dette er noko ho er nøydt til å gjere, for å klare å konsentrere seg og skrivinga.

 

Herbjørg Wassmo er kanskje den mest leste nolevande forfattaren vi har i Noreg. Ho har og vunne mange prisar for bøkene sine. Det er ikkje så mykje ein veit om privatlivet til Herbjørg Wassmo. Ho røper ikkje så mykje fordi ho meiner at privatlivet skal haldas privat. Ho seier også at folk berre vil bli skuffa, fordi ho meiner at ho ikkje har eit så interessant privatliv som folk trur hu har.

 

Bibliografi:

- Vingeslag (dikt, 1976)

- Flotid (dikt, 1977)

- Huset med den blinde glassveranda (roman nr.1 om Tora, 1981)

- Det stumme rommet (roman nr.2 om Tora, 1983)

- Juni-vinter (skuespill, 1983)

- Veien å gå (dokumentarroman, 1984)

- Mellomlanding (skuespill, 1984)

- Hudløs himmel (roman nr.3 om Tora, 1986)

- Dinas bok (roman nr.1 om Dina, 1989)

- Lite grønt bilde i stor blå ramme (dikt, 1991)

- Lykkens sønn (roman nr.2 om Dina, 1992)

- Reiser – fire fortellinger (1995)

- Hemmelig torsdag i treet (barnebok, 1996)

- Karnas arv (roman nr.3 om Dina, 1997)

- Det sjuende møte (roman, 2000)

- Flukten fra Frank (roman, 2003)

 

Prisar:

- Kritikerprisen 1981, for ”Huset med den blinde glassveranda”.

- Bokhandlerprisen 1983, for ”Det stumme rommet”.

- Nordlands fylkes kulturpris 1986

- Nordisk Råds litteraturpris 1987, for ”Hudløs himmel”

- Gyldendals legat 1991

- Amalie Skram-prisen 1997

- Prix jean Monnét 1998 (Frankrike)

 

Kvinnelitteratur, etterkrigstid og realisme:

Herbjørg Wassmo kan knyttes opp til fleire litterære periodar. Ho høyrer til under etterkrigstida sin tredje fase. Ho tek opp kvinneproblem i bøkene sine, og derfor kan ho plasseras under kvinnelitteratur. Herbjørg Wassmo skriv også realistiske romaner frå 1800-talet, og ein kan derfor seia at ho skriv bøker frå den realistiske perioden, realismen.

 

Det er desse tre periodane eg skal fokusere på, og prøve å knytte Herbjørg Wassmo opp til.

 

Kvinnelitteratur:

I 1970-åra blei det etablert ein praksis at ordet kvinnelitteratur skulle brukast når det var litteratur som både var skreve av kvinner og tok opp kvinneproblem. Denne litteraturen var også berekna til eit kvinneleg publikum.

 

Bjørg Vik er ei kvinne det er naturleg å knytte opp til starten på den moderne litterære kvinnebevegelsen. Dei første novellesamlingane hennar ”Søndag ettermiddag” (1963), ”Nødrop fra en myk sofa” (1966) og ”Det grådige hjertet” (1968) satte kvinneleg seksualitet på dagsorden i norsk kvinnelittaratur.

 

Det blei tatt opp aktuelle kvinnelege problem i kvinnelitteraturen. Likestilling på arbeidsplassen, abort, homofili og undertrykking. På 1980-talet blei alle verka til Amalie Skram nyutgitt. Naturalisten som levde får 1846-1905 fekk mykje å seie for kvinnelitteraturen. Ho er framleis eit forbilde for mange kvinnelege forfattarar, blant anna Herbjørg Wassmo.

 

Herbjørg Wassmo fekk publikumssuksess med boka ”Huset med den blinde glassveranda” i byrjinga av 1980-åra. Her har ho med breie, episke skildringar av jenteoppvekst og kvinneliv i etterkrigstida.

 

Aktiviteten i og omkring litteratur på 1970-talet bør ikkje gå i gløymeboka, slik som oppblomstringsperiodar for kvinnelitteratur tidligare.

 

Etterkrigstida:

Etterkrigstida kan delas opp i tre fasar. Kvar fase har sin spesielle tilknyting til nasjonale så vel som internasjonale, historiske, sosiale og økonomiske forhold. Det er i den tredje fasen vi finn forfattaren Herbjørg Wassmo.

 

Tredje fase i etterkrigstida er frå 1965 fram til i dag. I denne perioden bør litteraturen sjåast på bakgrunn av følgjande forhold:

- Eit ungdomsopprør i Frankrike smitter over på norske studentar.

- Frå 1968 skjer det ein sterk radikalisering av studentane.

- Gamle mønstre bryt opp igjen, vi får kvinnekamp og klassekamp.

- Det moderne forbrukarsamfunn og miljøøydeleggjande tar form

- Noreg integreras meir og meir inn i det internasjonale samfunnet – økonomisk, politisk og sosiokulturelt.

- Den kalde krigen går mot slutten.

 

Dette førte til at litteraturen braut med tradisjonane, og forfattarane begynte å eksperimentere med roman-, novelle- og lyrikkforma. Den første norske romanen der ein vesentleg del var dokumentarisk stoff (utdrag frå legebøker, kyrkjebøker og liknande), og ikkje poetiske tekststykke satt i ein dikterisk samanheng var ”Anne”, skreve av Paal Helge Haugen i 1968.

 

Trilogien Herbjørg Wassmo skreiv om Tora blir sett på ei historisk roman frå denne perioden. Anne Karin Elstad skriv også historiske romanar frå denne perioden. Eks. ”Folket på Innhaug”, som kom ut i fire bind.

 

Realismen:

Realistane ville få fram sanninga i det dei skreiv. Dei ville skildre livet og tilhøva på ein sannferdig måte. Lesarane skulle forstå at mange menneske blei urettferdig behandla.

 

I 1870-åra begynte bøndene å få meir makt, og embetsmennene følte seg truga. Den industrielle revolusjonen som kom til Noreg i 1850-åra skapa nye samfunnsklassar, arbeidarar og borgarskapet. Noreg gjekk frå å vere eit bondesamfunn til eit industrisamfunn på 50 år. Dette førte til at nokon blei rikare, og nokon blei fattigare. Darwin si bok ”Survival of the fittest” blei lest. Det var også tre andre historiske hendingar som var årsak i den realistiske perioden:

- 1776 – Den amerikanske uavhengighetserklæringen

- 1789 – Den franske revolusjonen

- 1814 – Noreg får si eiga grunnlov

 

Før blei ikkje menneske sett på som eit individ, men på den rolla dei hadde i samfunnet.

 

Realistane skreiv for å forbetre samfunnet, og kjempa for likeverd. Dei skreiv om korleis kvinner blei utnytta av mennene og om likestilling. Det blei sagt at realistane skreiv om driten, men naturalistane velta seg i den. Naturalisme er ein realisme der optimisme og trua på betring, er bytta ut med pessimisme og trua på ein lagnad som allereie er bestemt av arv og miljø. Dette blir kalla determinisme. Amalie Skram er den mest kjente naturalisten i Noreg.

 

Det var fire stor forfattarar som ein forbinder med den realistiske perioden, Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Aleksander Kielland og Jonas Lie.

 

Dinas bok er skreve i den tida den realistiske perioden var. Derfor blir Dina bok også kalla ei realistisk roman. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Dinas bok er jo om eit liv som blir øydelagd på grunn av ei forferdeleg hending i barndommen. Dina blir til eit vilt dyr etter ho får skyld i mora sin død, og dette påverkar heile livet hennar.

 

Herbjørg Wassmo kan derfor knyttes opp til alle desse tre periodane. Men det som er forskjellen med realismen er at ho ikkje høyrer til i denne perioden, men skriv romanar frå den.

 

Dinas bok:

Dina er ei ukonvensjonell og moderne nordnorsk kvinne på 1860-talet. Som lita jente får Dina ufrivillig skyld i mora sin tragiske død. Samtidig som ho mister mor si, mister ho også kjærleiken frå faren.

 

Fortapt i saknet av si kjære hustru tåler ikkje faren synet av si litle dotter, og sender henne til husmannsfolket på Helle. I tre dagar er Dina med menneskjer ho aldri har sett før, og som ser på henne som om ho er ein skapning frå ein annan klode. Hjertrud (mora) sitt hyl før ho døydde heng seg fast i minnet til Dina, og pregar henne i oppveksten. Ho ser Hjertrud sitt gjenferd, og klamrer seg fast til henne. Isolert og einsam utviklar Dina seg til å bli vill og utemmeleg, ute av stand til verken å lese eller snakke.

 

Jacob Grønelv, ein nær ven av familien, overtaler Dina sin far til å skaffe ein lærer til Dina når han ser korleis ho utviklar seg. Ein ung musikkstudent ved namn Herr Lorch blir Dina sin huslærar. Han kjente ikkje til historia om Hjertrud sin tragiske død.

 

Ein dag Lorch sitter og øver på celloen sin skjer underet. Dina snakkar! Dina blir dratt ut av sin egen isolasjon, og Lorch blir hennar gode ven. Han lærer Dina å lese og skrive, samt å spille cello. Men Dina er framleis vill, og forholdet til faren er framleis like kaldt. Ein dag tar Lorch med seg Dina for å besøke Hjertrud si grav. Først er Dina redd, og påstår at mora ikkje vil ha noko med henne å gjere. Då fortel Lorch at mora er fri nå, fri frå alle bekymringar. Då sluttar Dina å klandre seg sjølv, og trur heller at det var godt det som skjedde med mora. ”Dina sette Hjertrud fri!”

 

Dina veks opp, og blir ei vakker ung kvinne. Ein dag Jacob Grønelv er på besøk, klarer han ikkje få augo frå henne. Han hadde sjølv mista kona for ei stund sida, og var enkemann. Han spør lensmannen om løyve til å ekte dottera, og dei blir samde om at bryllaupet skal stå sommaren det året Dina blir seksten. Dina vil ikkje, men må gje etter til slutt.

 

Jacob og Dina gifter seg, og blir med eitt frua på Reinsnes. Jacob si mor, ”Mor Karen”, og Jacob sin steson, Anders lærer å godta den nye frua. Men hos Jacob sin andre steson, Niels veks mistilliten for Dina. Niels har alltid hatt med regnskapet på Reinsnes, men no byrjar Dina å leggje seg oppi det, noko Niels ikkje kan fordra. Johan, Jacob sin biologiske son godtar også Dina etter ei stund, etter å ha skydd henne som pesten. Jacob og Dina får ein ryskande start på ekteskapet. Dina er uredd, og forsyner seg av livet sine gleder med grådigheit. Jacob blir utmatta av sin unge hustru, og byrjar å lure på om Dina sin lidenskap vil føre til hans egen død.

 

Ein dag blir Jacob utsett for ei ulykke, og må fraktas til lege. Dina tar på seg ansvaret for ektemannen, og fører han over fjella i snøvêret. Ho skal sørgje for at han aldri går frå henne igjen. Dette fører til at ho skyv Jacob utfor ei fjellskrent. Heime på Reinsnes trur dei at sleden rakna, og at Jacob fall utfor. Dina er igjen i djup sorg, og får ikkje med seg grevferda. I staden går ho heller til sengs med stallguten, Tomas.

 

Sorga går over, og igjen tar Dina opp  sine plikter på Reinsnes. Som den einaste i familien ignorerer ho fullstendig si eiga graviditet. Dina føder son sin, Benjamin. Dina klarer ikkje amme son sin, og derfor får dei opp ei kvinne til garden, med namn Stina. Stina er ugift og har nylig mista eit barn.

 

Ho tar seg av guten, og ettersom han veks opp blir han meir knytt til Stina enn si eiga mor. Det er Stina som bærer Benjamin til dåpen.

 

Ein dag byrjar det å brenne i eit av husa på Reinsnes. Dina tar kontroll, og beordrar folk rundt. Men så kjem ein framand mann for å hjelpe. Namnet hans er Leo Zjukovskij, og han blir teken imot med opne armar. Dina interesserar seg i denne mystiske mannen med russisk opphav. Dei to utviklar ei form for forhold. Dette blir fort problematisk, fordi Leo reiser mykje, og besøkjar Reinsnes svært sjeldan. Dina blir med barn, men blør ut fosteret under ei reise ho er med på for å oppspore Leo. Ho ligg sjuk i fleire veker etter turen.

 

Neste gong Leo Zjukovskij tek turen innom Reinsnes er rett etter Dina har hjelpa han ut frå fengselet. Han sat fengsla på grunn av riksspionasje og majestetfornærming. Leo og Dina tilbringer ei natt saman, og det ser lyst ut for enkefrua på Reinsnes. Dagen etter byrjar Leo å snakke om at han snart skal dra igjen, og Dina blir illsint. Ho sørgjer for at han aldri forlèt henne igjen, og skyt ham.

 

Etter at Dina ved eit uhell er skyld i mora si tragiske død, mistar ho også kjærleiken frå faren. Dette påverkar store deler av barndommen hennar, og ho veks opp til å bli som eit vilt, utemmeleg dyr.

 

Musikken er det som får henne tilbake til sivilisasjonen, og den blir redninga hennar. Utsjånaden til Dina seier mykje om korleis ho er, og korleis ho oppførar seg. Ho blir beskriven som ustelt, kraftig og stor. Dina har svart, stridt og tjukt hår, som ein sjeldan gang er oppsett. Augo hennar er lysegrå, tunge, ville og triste, og ser forbi alt. Dina er ei sterk og uredd kvinne. Ho eig seg sjølv og alle andre rundt henne. Men det er ingen som eig Dina, ingen forstår seg på henne. Ho ser gjenferdet til personane som døyr rundt henne, og dette er ein måte ho får folk til å aldri forlate henne. Det at Dina Grønelv av Reinsnes både rir, jakter, røyker sigar, drikker vin, spiller cello og klavér, tar fattigjenter inn i varmen, avslører utroskap og blander seg inn i mennenes samtaler gjer at ein fort forstår at Dina ikkje berre er ei kvinne i mengda. Dina er ei kvinne med mot, som ikkje fryktar noko. Men Dina viser også at ho kan vere mjuk, og ein sjeldan gong tek ho sonen sin, Benjamin inntil seg. Dina er ei moderne kvinne på 1800-talet, som til tider kan virke som ei superkvinne.

 

Herr Lorch var huslæraren til Dina på Fagernesset. Det var ein dag han øvde på å spille cello at Dina snakka for fyrste gong etter mora sin død. Han gjekk til lensmannen, og spurte om han kunne kjøpe ein cello til unge Dina. Først ville ikkje lensmannen ha noko snakk om det, men Herr Lorch, utanpå spinkel og engsteleg, men inni sta som ei uopna nøtt fekk viljen sin. Han lærte Dina å spille cello, lærte henne tall og bokstavar. Herr Lorch var også den som ikkje la all skyld på grunn av Hjertrud sin død over på Dina. Han fortalte Dina at Hjertrud hadde det fint nå, og var fri frå bekymringar. Herr Lorch var den Dina snakka til, og den ho stolte på.

 

Jacob Grønelv er ein nær ven av far til Dina, som seinare giftar seg med Dina. Dina er då berre 16 år, og Jacob er 48 år. Jacob hadde 3 søner frå sitt tidligare ekteskap med Ingeborg Grønelv. Johan og dei to fostersønene Niels og Anders. Jacob hadde gråsprengt, krøllet hår, og var slank. Han hadde mørke, leande augo. Men han blei eldre, og det ble lagt merke til. Etter han ekta Dina byrja han å kjenne alderen sige på betre enn før. Dina er ung og vill! Ho bruker Jacob som eit slags leiketøy, noko Jacob kjenner han fort blir for gammal til. Jacob såg Dina, noko som gjorde at han var ein av dei få ho aksepterte. Då Jacob blei sjuk, sette Dina han fri frå smertene, ved å drepe ham. Det var også ein måte ho fekk han til å vere hjå henne for alltid.

 

Karen Grønelv, eller Mor Karen som ho blir kalla kom til Reinsnes rett etter Johan blei fødd. Ho er liten og vever, med kloke augo som ser alt. Det er Mor Karen som sørgjer for at alle har det bra og at alt går slik det skal på Reinsnes, sidan Dina ikkje bryr seg om å gjere noko arbeid. På grunn av Jacob aksepterer ho Dina, og hjelper henne å tilpasse seg garden. Mor Karen døyr av alderdom og utmatting.

 

Oline er kokka på Reinsnes. Ho blei tidleg foreldrelaus, og var yngst i syskenflokken. Ho kom til Reinsnes på Ingeborg si tid, og kjente alt og alle som kom til garden. Oline snakka aldri om seg sjølv, men berre lytta til andre. Sjølv hadde ho aldri vore gift, men likevel visste ho alt om ekteskap. Ho var svært skepsis da Jacob kom til Reinsnes, men lærte etter kvart å bli glad i mannen. Det var ein katastrofe då denne Dina kom til garden, meinte Oline. Oline hadde alltid meiningar om alt om alle, men passa på å halde dei for seg sjølv.

 

Stine er amma til Benjamin, son til Dina. Ho er mager og storøygd, med vakker, gyllen hud og høge kinnbein. Ho hadde nettopp mista ein gut, og det var slik ho enda opp på Reinsnes. Først sa ho ikkje eit ord, var berre mistenksam mjølkesprengt og miserabel. Den magre, senete kroppen hennar eide ein ro som skapt for å bysse ein unge. Etter ammetida er over, blir Stine verande på garden. Ho arbeidar som barnepike for Benjamin, og tenestepike. Ho blir også sjølv gravid igjen, etter å ha blitt voldtatt av Niels. Ungen heiter Hanna, og blir Benjamin sin nære ven. Niels spør om Stine vil ekte ham, men Stine blånektar. Stine endar til slutt opp med å gifte seg med Tomas.

 

Tomas er stallguten på Reinsnes. Han var barndomsven med Dina på Fagernesset, og kom til Reinsnes på Dina si befaling. Han har ein spinkel kropp, og nokon underlege augo. Eit blått og eit brunt, som ser mistenksamt på folk. Etter å ha blitt forført av Dina, og så oversett blir Tomas sint og frustrert. Han lengtar etter Dina, som ikkje legg merke til han lenger. Når Dina føder sonen sin, Benjamin, trur Tomas at guten er hans. Han gifter seg til slutt med Stine, etter å ha fått streng beskjed frå Dina at ho hadde gløymt han for lenge sidan. Det er Dina som kjem med ideen om ekteskap mellom dei to.

 

Johan Grønelv er son av Jacob og Ingeborg, og fire år eldre enn stemor si. Han var hengslete og tynn, med glatt mørkt hår, og augefarge som skifter med himmelen og havet. Først kunne han ikkje fordra Dina, men etter kvart blir han ein av mennene som let seg forføre av Dina. Han utdannar seg til prest, og må flytte frå Reinsnes på grunn av eit prestekall.

 

Niels og Anders er fostersønene til Jacob. Dei blei foreldrelause når dei var 12 og 14 år gamle. Niels var mørk og eldst, medan Anders var den rastlause og lyse. Niels har med regnskapet på Reinsnes, medan Anders segler med jekta. Niels tek sjølvmord etter å ha blitt oppdaga for smugling av Dina.

 

Leo Zjukovskij er den som vinn Dina sitt hjarte. Men han er rastlaus og klarer ikkje slå seg til ro på Reinsnes. Han har eit arr i ansiktet som kjenneteiknar ham. Leo har sine røter i Russland, og er svært musikalsk. Han syng ofte, og underheld folket på Reinsnes. Dina er lei av at han forsvinn heile tida, og skyt han for å halde ham på Reinsnes.

 

Handlinga føregår på Reinsnes i Nord-Noreg på 1860-talet. Reinsnes ligg ikkje langt frå sjøen, og var eit av dei likaste handelsstadane i amtet, og hadde to herlige jekter.

 

Det er ein stor gard, og det blir ofte teken imot gjester på Reinsnes. Det er noko spesielt med kvinnene som busett seg på Reinsnes. Sjølv om slekter blir skifta, er det noko med alle kvinnene der. Om det var noko å lyte, var det at dei ikkje blei med barn kvart år. Til gjengjeld haldt dei seg unge og skjære i huda. Kvinnene blir sett på som eit godt eksempel, noko som ikkje er normalt på 1800-talet, at kvinner er forbilde.

 

Rundt Reinsnes ligg vakker og vill nordnorsk natur. Det blir ofte jakta i skogane, på blant anna bjørn. Det går ikkje i arv på Reinsnes, slektene skifter stadig. Det er stor gjestfridom på Reinsnes, og alle reisande blir tekne imot med opne armar. Dette er noko av det som kjenneteiknar Reinsnes.

 

Dinas bok er delt opp i prolog, første bok, andre bok, tredje bok og epilog. Boka inneheld sitat får Det Gamle Testamentet før kvart kapittel. Desse er skreve på fornorska dansk. Resten av boka skreve på bokmål. Det blir brukt dialekt i nesten alle dialogar i boka. ”Non må heng sæ, og non må vær hard”, seier Dina etter at Niels har tatt sjølvmord. Dette er eit eksempel på korleis Herbjørg Wassmo bruker si eiga dialekt i boka. Det blir brukt mykje adjektiv og substantiv i skildringa av personar og miljø. Boka er skreve i 3. person eintal, men inneheld også Dina sine personlige tankar, der forfattaren har valt å skrive i 1. person eintal. ”Jeg er Dina. Som våkner av skrikene” er eit eksempel. Dette blir alltid skreve i kursiv, og kjem opp ofte gjennom boka. ”Jeg er Dina” blir gjentatt kvar gong det blir skreve om Dina sine tankar.

 

Eg trur hovudtema i boka er mangel på kjærleik. Det er det som har gjort Dina til den ho er. Dette pregar også Benjamin, son hennar. Ho gir ikkje frå seg meir kjærleik til han, enn ho sjølv fekk i oppveksten. Svik er også eit tema i boka. Dina føler seg sviken av mange, og mange føler seg svikta av Dina. Benjamin spesielt føler seg svika av mora, akkurat slik som Dina følte seg svika av far sin.

 

Eg trur forfattaren vil ha fram korleis ei hending kan påverke eit heilt liv, og kva skader det får viss det ikkje blir tatt hand om på den rette måten. Far til Dina slo henne etter at mora døydde, i staden for å vise forståing og omsorg.

 

Seksuell lyst og makt kan også vere eit tema i boka. Dina har makt over dei fleste, og bruker den seksuelt på mannfolka på garden. Tomas og Johan er dei som blir forført, og så oversett etterpå. Dina har makt over andre, men ingen har makt over henne.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish