Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Amalie SkramSkriv ut Utskrift
Biografi om Amalie Skram, biografisk liste og om den epoken hun skrev i.
Nynorsk - BiografiForfatter: Anonym



Amalie Skram blei født i Bergen, 22. august 1846. Foreldra hennar var Ingeborg Lovise Sivertsen, dotter av ein lappeskomakar i byen, og Mons Monsen Alver som var innflyttar, og som alle andre innflyttarar ble kalt, stril. Amalie blei født som nummer to i søskenflokken, som bestod av fire gutar og Amalie. Familien var ikkje rik, medan Amalie fekk likevel gå på byens beste pikeskule. Frøken Heiberg pikeskule. Der begynte ho i 1852, mens brødrane fekk gå på latin skule. Amalie hadde gode evner og var dessutan ein ”sydlandsk skjønnet” med store brune  augne og langt mørkt hår. Ho hadde gode venninner og blei ofte bedt med dei heim. Ho såg at dei hadde det mykje finare enn heime hos henne sjølv, og torde derfor ikkje be dei heim av redsel for at dei ”fine” vennene skulle oppdage at ho var striledotter og enda verre, at foreldra ikkje var venner, men stadig krangla. Ho valte derfor å heller være saman med broren Ludvig, som ho kunne stole på.

 

I 1864 gjekk kjellarhandelen til faren konkurs. Da bestemte faren seg for å dra til Amerika for å skaffe seg ein jobb, og seinare få familien sendt over, men dette ville ikkje mora til Amalie. Så ho og barna blei igjen i Noreg. Faren begynte i ein bedrift i Amerika der han stadig steg i gradene og fekk betre og betre lønn. Han sendte heile tida pengar til mora, så ho kunne forsørgje ungane. Han prøvde heile tida å få familien over til Amerika, men mora snakka det vekk. Ein av grunnene til at mora ikkje ville dra, var sannsynligvis det at ho var veldig kristen, og faren hadde blitt ein fri – tenkar mens han var over i Amerika.

 

Eit år etter kom det beskjed om at faren var død. Mange meinte at han sjølv hadde sendt beskjed om sin død, slik at han kunne starte eit nytt liv i Amerika, med ny kone og barn. Amalie skyldte på mora og meinte at ho hadde svikta faren når ho ikkje følgde med han til Amerika.

 

I 1864 gifta Amalie seg med skipskapteinen Bernt Ulrik August Muller. Dette var ein svært god familie. Amalie var bare 18 år gammal, mens Bernt var 28 år. Det var mange som reagerte på den store aldersforskjellen. Men det seies at ho gifta seg med han for å redde familien.

 

Som nygift drog Amalie og mannen på ein lang reise til Mexico og Vest-India. Ho var også med på mange andre lange sjøreiser saman med han. Den tida ho var på sjøen lærte ho seg mange språk.

 

I 1866 fekk dei sin første son, Jacob. To år etter kom deies andre son, Ludvig August. I 1869-71 blei Amalie med Bernt på ei jorda rundt reise. Dei tok med seg barna sine. På den lange reisa leste Amalie mykje religiøs litteratur.

 

Amalie var ei sterk kvinne, for ho blei aldri sjøsjuk, og aldri redd under dei store stormane.

Frå 1971 bosatte dei seg i Bergen. Der blei ho med i amatørskodespel og i 1877 skreiv ho eit drama som ho blei fraråda å framføre. Ho skreiv også sin første anmeldelse.

 

Ca. eit halvt år etter anmeldelsen blei Amalie alvorleg sjuk. Ho blei psykotisk, hadde hallusinasjonar og kjente seg ikkje igjen i omgivelsane. Denne psykiske krisa oppstod mest truleg i forbindelse med at ho hadde søkt om skilsmisse pga mannens utroskap, og var blitt pressa av familien til å bli boande i huset for å unngå den skandalen som ein skilsmisse på den tida ville forårsake.

 

Desember 1877 blei ho sendt til Gaustad sjukehus. Der blei ho i ca. 1 år, og ved utskrivinga blei tilstanden hennes karaktisert som helbreda. 

 

Etter skilsmissa flytta Amalie til sin bror i Oslo. Der fortsatte ho å skrive anmeldelser til Dagbladet. Ho fekk raskt eit litterært og radikalt syn på tidas store debattspørsmål. Særlig seksualmoral og ekteskap.

 

Amalie opplevde for første gong i sitt liv å bli tiltrukket av ein mann. Denne mannen het Erik Skram. Mannen som ho hadde drøymt om, men aldri trudd ho skulle treffe.

 

Rett etter ho hadde møtt han drog de til Oslo. Der var dei  noen dagar og la det første grunnlaget for eit samliv som skulle vare i 15 år. Problemet var det at de budde veldig langt unna kvarandre. Erik i København og Amalie i Oslo. Dette resulterte i at dei sjeldan fekk treffe kvarandre, før dei gifta seg 3.april 1884, og Amalie flytta til København. Det seies at det faktisk var to grunnar til at dei sjeldan møttes. Den andre grunnen var at Amalie ville holde kjærleiksforholdet hemmelig. Så det blei mest igjennom brev dei utveksla og utdypa følelsane dei hadde.

 

I det første brevet Erik skreiv til Amalie, forteljar han at han i over tre år har hatt ein elskarinne, ei ung og vakker kvinne. På den tida var slikt greitt og heilt vanleg, men ikkje for Amalie. Amalie blei fornærma og skuffa over Erik. I fleire brev til Erik får vi eit klart bilde på Amalies holdning til kjærleikslivet, - ho vil ikkje skilje mellom erotikk og kjærleik. Dette er eit av emna ho skreiv mykje om.

 

Ein brevveksling i 1888 gjer eit glimt over kor komplisert forholdet deies begynte bli. Amalie beskylte Erik å være utro bl.a. fordi han aldri gav henne eit klart svar på kva som hendte da han reiste vekk kort tid etter bryllaupet. Ekteskapet begynte smått å rakne, men fekk ein opptur da dei fekk dottera Johanne i 1889.

 

14. februar 1894, lot Amalie seg legge inn hos overlege Pontoppidans psykiatriske avdeling på kommunehospitalet i København, etter eit alvorleg samanbrot. 2.mars same år, ville legene forflytte henne til St. Hans- hospital , eit sinnssjukehus utanfor Roskilde. Dette ville ikkje Amalie, men legene gjorde det likevel, mot hennes vilje.

 

Ekteskapet fekk ein skikkelig knekk. Amalie kunne ikkje tilgi Erik i at han ikkje hadde haldt henne tilbake på kommunehospitalet, men samtykt i at ho blei overført til St. Hans hospitalet mot hennes vilje. Amalie nølte ikkje lenge med å gi sine psykiatriske opplevingar eit litterært uttrykk. Dei bøkene gir eit klart bilete av datidas psykiatriske institusjonar. Etter opphaldet i 1896 flytta Amalie til København, men ikkje til Erik. Ho flytta til ein kvisthybel, ikkje mange metrane frå Eriks hus. Der skulle ho igjen begynne å arbeide med nye romanar.

 

Amalie syntes det var vanskelig å få nok tid til både dottera og til skrivinga. Ho mente at når dottera ikkje ville legge seg, og var vrang, så var det fordi ho ikkje brukte nok tid saman med henne. Erik derimot, hadde eit veldig avslappa forhold til dottera. Han opplevde aldri dei problema med dottera som Amalie opplevde. Amalie skyldte disse problema på seg sjølv.

 

I 1899 skilte Amalie seg frå sin andre mann, Erik Skram. Forholdet blei for komplisert, med tanke på at dei hadde lite opplevingar saman, og at forfatterskapet kom i første rekke hos dei begge to.

 

15. mars 1905 døde Amalie. Nedbrot, sjuk, ulykkelig og bare 58 år gammal.

 

 

Biografisk liste

1882 ”Madam Høiers lejefolk” - fortelling. Trykt i Nyttidsskrift

1885 ”Karens jul” - Trykt i Politikens Julenummer.

1885 Constance Ring. - Roman.

1885 ”Bøn og anfægtelse” - Lang fortelling. Trykt i Tilskuerne.

1886 ”Knut Tandberg” - Lang fortelling. Trykt i Tilskuerne.

1887 ”om Albertine” - Pamflett

1887-1889 Romansyklusen Hellemyrfolket

-        1887 Hellemyrfolket Sjurgabriel.

-        1887 Hellemyrsfolket To venner.

-        1890 Hellemyrsfolket S.G. Myre.

-        1898 Hellemyrsfolket Afkom.

1888 Lucie. - Roman.

1889 ”bobler” - fortelling. Trykt i Ny Jord.

1889 Fjældmenesker. - Lystspill. Skrevet med Erik Skram.

1890 ”In Asiam Profectus est.” - skisse.

1890 Børnefortellinger.

1891 Fru Ine`s. - Roman.

1892 Foraadt. - Roman.

1893 Agnete. - skuespill.

1895 Professor Hieronmus. - Roman.

1895 På St. Jørgen. - Roman.

1895-99 Sommer. - 6 noveller.

1900 Julehelg. - Roman.

1902- 05 Mennesker. - Roman.

 

 

Naturalismen

Denne epoken var rundt 1880-1900-talet, og ein form for vidareføring av realismen. Det var i akkurat denne perioden Amalie skreiv i.

 

Forfattarane begynte å skrive meget detaljert og verkelig, men det er den dystre sida av verkeligheiten som gjer seg gjeldande.

 

Tabuemne som for eksempel seksualitet og prostitusjon blei beskrive og omtalt. Og folk begynte å tro at alt var forbestemt, og ingen menneskjer har muligheita til å påverke sin eigen skjebne.

 

Du ser det veldig klart i bøkene til Amalie at det er i denne epoken ho skreiv i, dette ser man på detaljane i verka hennes, og den dystre sida kommer klart frem.

 

Amalie skreiv også bøker som var nærmast selvbiografiske. For eksempel boka Foraadt. Den handlar om ei 17 år gammal jente som blir gifta bort til ein eldre sjøkaptein, akkurat som Amalie sjølv blei.

 

Amalie Skram er den mest kjente forfattaren innan naturalismen.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish