Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Du vil alltid vere i hjartet mittSkriv ut Utskrift
Stil jeg har skrevet om da stemoren min døde. Skrev den på tentamen.
Nynorsk - NovelleForfatter:


Auga mine såg rundt i rommet. Det var akkurat som før, og man skulle ikkje tro at noko hadde skjedd. Eg såg ned på gulvet. Der lå brevet eg fekk i bursdagsgåve med Oddrun. Eg åpna det, og nederst såg eg sju ord. Orda blei dratt utover papiret, og alt blei uklart. Eg klarte og tyde orda; Du vil alltid vere i hjartet mitt.

 

Lillebror masa meir og meir, og eg såg at pappa vart trøttare av han. Eg visste kor vi skulle, men likevel klarte eg ikkje å glede meg. Det var noko med pappa. Auga hans var raude, og augelokka såg tunge og slitne ut. Eg hadde merka at ikkje alt var sånn som vanleg. Han såg på meg, og eg såg ned. Eg kjente at hjartet mitt hamra fortare enn vanleg, men eg visste ikkje kvifor. No var vi endeleg framme, og vi gjekk opp mot huset. Det gråfarga huset med maling som var litt flassa av. Lykkeboda hadde ste – mora mi, Oddrun kalt det. Døra gjekk opp, og eg bevega meg inn. Eg såg rundt meg. Alt var så anleis men samleis var det som før. Biletet av meg og pappa hang i gangen. Eg hadde alltid vore pappa si lille jente, og dette biletet fekk meg alltid til å smile, men ikkje i dag.

 

Eg gjekk vidare inn i huset, og der satt alle dei kjente. Auga deira ligna på auga til pappa i dag. Då vi kom inn på kjøkkenet, lukka døra seg bak oss. Eg holdt lillebror på fanget, og eg kjente den gode lukta av han. Pappa såg ut som han hadde vore søvnlaus i hundre netter no. Han åpna munnen så vidt, mens eg holdt pusten.

 

”Oddrun døydde i natt.” Orda kom om og om igjen i houvudet mitt. Eg pressa lillebror inntil meg, mens tårane pressa på. Eg hadde jo frykta det verte, men dette var verre. Hjartet mitt dunka så fort at eg var redd det skulle hoppe ut av brystet på meg.

 

Eg lukka auga, og der var hi, Oddrun. Eg strakk ut handa mi, og åpna auga. Pappa holdt rundt meg. No greide eg ikkje meir, tårane strømma nedover kinna på meg, og trilla ned på genseren til pappa.

 

Lillebror smilte, og sa at vi måtte slutte og tulle. Han var jo bare fire år, lille guten, og no skulle han miste mammaen sin. Eg klarte ikkje å tenke, eller snakke. Alt eg klarte var å holde meg fast til pappa. Holde meg så godt fast som eg kunne, og håpe på at han aldri ga slipp på meg.

 

Auga mine såg rundt i rommet. Det var akkurat som før, og man skulle ikkje tro at noko hadde skjedd. Eg såg ned på gulvet. Der lå brevet eg fekk i bursdagsgåve med Oddrun. Eg åpna det og nederst såg eg sju små ord. Orda blei dratt utover papiret, og alt blei uklart.

 

Eg klarte å tyde orda; Du skal alltid vere i hjartet mitt.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish