Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kroppsfiksering

Kroppsfiksering

I dagens samfunnet er det veldig mykje kroppsfiksering. I media vises bilete av modellar som reklamerar for noko. Det er aldri normale kroppar som vises. Det er supermodellar med slanke og godt trente kroppar.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.12.2005

Å trena har alltid vore ein viktig ting i liva til dei fleste. Det å holda seg i god form er ein god ting, men no trenar folk for å sjå perfekte ut. Dei har sett på suparmodellar og vil bli som dei.

Det er ikkje bare vaksne som vil sjå betre ut, det er også unge born.

 

Born heilt ned til 4 års alderen startar å trena og passa på kva dei et. Dette skjer bare i sjeldne tilfeller, men det er eit godt bilete av korleis det er. Det er ofte foreldra til desse borna som ”hjelp” dei i gang med dette. Dei kan ha vore modellar sjølv og vil at borna deira skal hevda seg i det same. Øydelegg ikkje dette barndommen til borna? Eg tvilar på at borna heller vil trena ein å leika ute. Dette visar litt om korleis foreldra er og at kroppsfiksering ikkje er noko som nyleg har begynt. Det som er problemet nå er at media har vekst og får via reklamer og filmar det til å hørast ut som det å ha ein flott kropp som det viktigaste i livet.

 

Det har vore snakka om ein gut som hette Richard Sandrak som kallar seg ”Herkules”. Foreldra hans fekk han til å trena så enormt då han var liten at nå som 10 år tar han 90 kg i benkpress. Richard begynte å trena då han var 2 og har vore på strenge diettar der han bare et protein og drikk proteinshakes. Denne guten kommer nok til å ende i rullestol om nokon år.

 

Ein sjukdom som kan følgja med kroppsfiksering er anorexia. Anorexia er ein sjukdom som oftast rammer jenter. Denne sjukdommen begynner som oftast med eit uskyldig ønske om å gå ned i vekt. Etter kvart opplevas eting som motbydeleg. Det finnes tilfeller av anorexia som har drepe folk. Kvifor skal jenter ønska å gå ned så mykje i vekt at dei påførar seg sjølv skader? Dette kan vere press frå grupper som stenger deg ute fordi du ikkje har den perfekte kroppen.

 

Det er ikkje bare jenter som er kroppsfikserte. Det er mange guter frå 14 og opp som går på trenings studio for å bli sterkare og for å sjå meir muskeløse ut. Nokon av desse trenings studioa som ”S.A.T.S” og ”Sports Club” passar på at dei yngste ikkje skal trena feil eller at nokon som helst skal ta i bruk av Anabole Steroidar (AAS). Det er da greitt, men det kostar ca 3500 kr i året å gå der. Alle som går der er ikkje ute etter å sjå best ut, men dei har det nok alle i bakhovudet at dei skal få ein litt meir muskuløs kropp. Men det finnes jo dei som dei som bruker AAS. Som regel så er ikkje desse klar over ulempene som det førar med seg. Biverknadane av AAS kan delast inn i tre: Fysiske biverknadar, psykiske biverknadar og sosiale biverknadar.

 

Fysiske biverknadar: skadar indre organ/organsystem, særleg frå lever og hjerte/åresystemet. Det hemmar også hormon produksjonen i hypofysen og gir dårlegare sæd kvalitet.

 

Psykiske biverknadar: Eufori, irritabilitet, store humør-svingingar, aggressivitet og abstinenslegende plager.

 

Sosiale biverknadar: ASS misbruk er assosiert med risikable ting som å begynne å røyke, drikke alkohol, narkotikabruk og voldeleg oppførsel.

 

Å operere seg for å få kroppen du ønskjar er også ein populær ting som veks. Det er flest kvinner og overvektige folk tar feitsuging sjølv om dei ikkje hadde trengt det. Det er greitt at ein person på over 200 kg som ikkje klarar å gå tar ein feitsuging for å auke levetida si, men når jenter/kvinner på 70 kg tar feitsuging for å få vekk litt ekstra fett på låra er det gale. Det er også populært for kvinner å operere silikon inn i brystene. Når unge kvinner på 17 år og opp bruker fleire titals tusen kr på ting som dette i staden for å tenke på økonomiske problem i framtid er det galskap. Det er som om det å ha ein perfekt kropp er livet slik som media vil.

 

Nå har du lest om ulemper med det å vera kroppsfiksert. Det som er, er at dei fleste ikkje har så perfekt kropp som du kanskje trur og at den kroppen du sjølv har ikkje er så dårlig.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil