Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ein, To, Juletre - Marerittet før JulSkriv ut Utskrift
Kåseri om førjulstida.
Nynorsk - KåseriForfatter:



Ahhh! Er det ikkje herlig med jul de? Det er seint i oktober, julebrusen er komen til butikkane. Kvar enn ein snur seg kan ein ikkje la vere å bli minna på denne glade årstida, med hjelp av lystige melodiar som strøymer ut av butikkane og kjøpesentera, festlege Crazyfrog-versjonar av Bjelleklang og Deilig er Jorden, for eksempel. Det er herleg å gå i butikkane og la seg imponere av alle dei fine tinga det er mogleg å kjøpe i gåve til nokon ein er glad i. Ein sluttar aldri å undrast over den menneskelege hjernen som er i stand til å finne stadig nye idear til leikar og kos for både barn og vaksne. Ein blir sett i ein herleg varm nostalgisk tilstand av duftene av gløgg og peparkaker, klementinar og pizza. Julemarsipanen smaker akkurat like godt som ein hugsa det frå året før. Kanskje den er frå året før? Vel, i så fall er den tradisjonsrik, og tradisjonar er viktige i juletida. Sjølv dei endelause køene og dei alt for folkefylte gatene er litt hyggelegare. Alle feststemte menneske som har vært på julebord og som no deler av si akevittpåverka glede der dei står, og kanskje syng julesongar. Crazyfrog versjonar.

 

Ja, jula er ei herleg tid, så lenge ein kan seie at den begynner i desember og ikkje oktober, og så lenge ein kan være trygg på at når desember er over, så forsvinn jula med han i staden for å fortsette heilt fram til påske for så å begynne på’n igjen eit par månader seinare. Eg går ut ifrå at eg ikkje er den einaste som no etter heile to månader med julesjau er drita lei. Etter snart 18 år med julesjau år etter år, begynner eg å sjå sanninga. Jula er eigentleg like forutsigbar som den siste plata til Katie Melua. The same procedure as last year? Jepp, the same procedure as every year. Det einaste som forandrar seg frå jul til jul er innhaldet i julegåvene. Elles er alt akkurat slik som det alltid har vært. Du kjem liksom ikkje til julemiddagsbordet og oppdagar at ”Jøss! Skal vi ha joikakaker i år? Reinsdyr? Rudolf?” Det er dei same lysa som skal hengast opp, den same julebrusen, den same julepynten, og det endar alltid med det same stresset. Kanskje er det på tide med litt forandring? Kva med å gjere som spanjolane, der julegåvene blir delt ut av ein nabo utkledd som eit spedbarn. Gåvene består som regel av gebiss laga av eseltenner. Dette for å minne om jesusbarnet som låg i ein stall. Adventskalenderen deira er ei julekrybbe med figurar laga av menneskehår. På julekvelden tenner ein på, og den livlige dufta minner om jesusbarnet i krybba og røykjelse og myrra.

 

Forventningsfulle ungar spring rundt i gatene og kastar snøballar på uskuldige folk. Eit eller anna patetisk menneske har arrangert ei samling for små ungar som kler seg ut i latterlege nissedrakter. Bedrøva menn prøver å selje julepynten sin frå boda si. Butikkvindauga i H&M butikkane blir fylt med raudt glitter og ekle kjolar som liksom skal få ein i julestemning. Og så har vi den så alt for koselige julemusikken igjen då. Diverse ikkje så alt for flinke kor stemmer i med julesongar som skingrar i øyrene. Vi blir tvungne til å synge julesongar som sant å seie er døllare enn julenøttene til Roald Øyen i diverse utval av skuleavslutningar og familieselskap. Butikkeigarar lokkar til seg folk med julesongar som anten craizyfrog eller ein annan kronidiot har gjort om til ein poplåt. Kven blir vel ikkje stressa med eit slikt styr omkring seg?

 

Skal du ha eit juletre i stova i år? Skal det være gran eller furu? Skal det være eit moderne tre, eit med fjør, laga av metall? Eller kanskje du berre vil ha eit ”fancy” utandørs tre med fiffige fiberoptiske lys? Ja, det fins mange mogelegheiter på marknaden, og det er ikkje grenser for kor langt ein stolt familiefar kan gå for å få tak i det treet han vil ha. Så snart tida for å kjøpe juletre er kome, setter fedrane ut for å finne sitt tre. Etter mi meining er juletreet eit av dei sjukaste påfunna til mennesket. Jaudå. Vi dragsar eit gedigent tre inn i stua vår, og om det ikkje skulle være nok slit med å få eit slikt monster gjennom døra, så må ein få det til å passe inn i stua. Få det i juletrefoten, og så til sist henge opp pynten. Pyntinga av treet som er meint å være ei av dei koselege stundene av førjulstida, kan fort bli eit mareritt av ein familiekrangel om kva for pynt som skal hengast opp, og om kven som skal få setje på plass stjerna på toppen.

 

Det å ha eit tre i stova inneber fleire ting enn berre å vere pynt. Eit juletre skal også ha fult av gåver omkring seg, og er det noko ein skal vere stolt av foreldra sine for, så må det vere deira ufattelege evne til å kome opp med nye julegåve-idear kvart år. Når julegåvehandelen først er kome i gang, verkar alle andre stressande ting som berre forrettar i forhold. Berre av å gå rundt omkring i gatene, kan ein kjenne auraen av alle dei som tenkjer i kor ”eg kjem aldri til å bli ferdig med julehandelen i tide”. Butikkane blir fylte med folk og endelause køar, og butikkane kranglar seg imellom om kundane og dei beste prisane. Ein kan gå rundt ein heil dag, og bli heilt utsliten utan å ha kjøpt ei einaste gåve. Den kjensla ein får i seg av å kjøpe julegåver er mykje verre enn vanleg fysisk aktivitet. Etter å ha gått rundt ein dag i butikkar, får ein ei urimeleg smerte i beina, og greier ikkje å tenkje på anna enn si eiga seng. Men la oss sjå på det positive med julehandelen. Her har vi ei fantastisk mogelegheit til å hemne oss på alle dei personane som vi kjenner godt, men kanskje ikkje er så glade i. Tenk på alle dei fæle gåvene ein kan gi til fjerne onklar, brør eller våre dårlegaste vener. Eg høyrde ein gong om ein som fekk ein dobørste av tanta si, og ein annan fekk ei bok frå naboen, med klar melding om å levere han tilbake innan ein månad. I 2004 blei det føretatt ei internasjonal kåring av dei åtte verste julegåvene nokon sinne. Alle var av den heller intime sorten, så vi nøyer oss med å fortelje at vinnaren var eit reiskap for dei som likar å fjerne håret. Ja altså, der bak. Apropos hårfjerning, min eldre bror trur eg skal kunne bli glad for ein fin nasehårfjernar til jul i år.

 

Vel. Då gjenstår vel eigentleg berre å skrike av sine lungers fulle kraft: GOD JUL! Og hugs korleis det gjekk i filmen ”The Nightmare Before Christmas” der halloween prøvde å overta jula. Eg trur ikkje det kjem til å gå særlig betre om jula begynner å blande seg inn i tida då det er halloween og graskaransikt som rår, ikkje julenissar og marsipangrisar.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish