Den svarte fuglen

Fortelling om en svart fugl, som viser seg å være modig.

Egenvurdering av oppgaven står nederst. Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.01.08
Tema
Fugl

Det fanst ein stor skog langt borte i hutta heiti, så langt borte at ingen mann kunne skogen sjå. Den store Ekebergskogen var delt i to. I den eine delen av skogen var det grønt og frodig, blomane syng og fuglane kvitra. Der budde alle dyra i harmoni. Der budde og den svarte fuglen Freddie. I den andre delen av skogen budde den store slemme grisen Rolf. I den delen var skogen mørk og trist. Ingen blomster og syng, berre den dystre lyden av vinden og tåka som luska og tiska rundt i skogen.

 

Ein dag forvilla dei søte søskena til Bambi, Virrveline og Virrevapp, seg inn i den delen av skogen der den store slemme grisen Rolf budde. Grisen Rolf snuste ut i lufta og kjende lukta av ferskt rådyrblod. Han følgde lukta bortover, innover, litt til venstre så over en haug, før det gjekk litt ned og så rett til vers. Der nede stod dei tett knuga saman, dei skalv av redsel. Ein anna dag ville han kanskje late dei gå, men ikkje i dag! I dag og lang tid framover skulle han ete rådyrsteik og rådyrkotelettar. Nam nam, kanskje med litt mosesalat til. Det hadde han ikkje ete på lenge. Men kor vart dei av? Han snuste ut i lufta. Det lukta framleis rådyrblod så dei kunne ikkje vere altfor langt unna. På tide å humpe seg etter dei så dei ikkje forsvann for gått.

 

”Mamma mia! Barna mine er vekke!” skeik den italiensk -ætta rådyremora Bella. Ho jamra, ropte og kvein. Men ingen Virrveline eller Virrevapp dukka opp. Alle dyra i skogen samla seg for å forhøyre seg om saka. Apekatten Julius sa at han på sin daglege bananslangtur hadde sett to prikkete dyr, med soppliknande ting på hovudet hadde gått inn i den andre delen av skogen. Bella vrælte: ”Det er dei stakkars barna mine. Dei hadde på seg hattene frå tante Frika i Italia.”

”Vi må redde dei!” sa den kloke elgen Lars. ”Ja!” stemte alle dei andre dyra i.

”Kven skal leite etter dei?” sa kråka Kråkebolle, ”Eg vil ikkje vere til hjelp med mine gamle og uttørka auge”. ”Uff, ikkje eg med min rygg, fekk noken plutslege og grusomme heskeskudd, ”sa slangen Ulf. ”Eg fekk nasa trykkt inn sist sandvolleyballkamp, og den er den einaste eg hadde å stille opp meg” beklaga spissmusa Pirrevimp seg. ”Og eg er blitt så halt og gamal i det siste!” sa nasehornet Billy.

 

Sannheita var at ingen torde, for alle dyr som hadde gått inn i den delen av skogen kom aldri tilbake, og grusomme historier var fortalt frå generasjon til generasjon om den store stygge grisen Rolf og forfedra hans. Då alle dyra hadde fortalt om sine livstruande hjarteproblem, nokon aldeles forferdelege hekseskudd og ryggplager og alle andre mystiske sjukdommar, var det berre den svarte fuglen Freddie, igjen, "Eg kan leite etter dei!" sa han. Alle dyra braut ut i latter. "Du! No har eg høyrt det og, skal du din fjompenisse av ein fugl, redde Virrveline og Virrevapp?" sa det elefantpessimistiske tvillingparet Petrus og Frank. "Ja, ingen andre kan jo, så kvifor skulle eg ikkje kunne prøve?" sa Freddie. "Han har faktisk eit poeng der, ingen andre kan, vi har ingenting å tape. Lykke til seier eg!" Ugla Meter såg seg om. Dyra begynte å mumle. Dei hadde jo ingenting å tape, sjølv om dei så gjerne skulle vore med, men på grunn av desse plutselege plagene ikkje hadde anledning. Etter ei stund med mumling sendte dei han av garde.

 

Rundt og rundt over tretoppane flaug Freddie, han kunne ikkje få auge på verken Virrveline eller Virrvapp. Tåka var tjukk og kvelden meldte sin entre ettersom sola sokk ned bak fjella i vest. Kanskje dei andre dyra har rett, at eg ikkje duger til noko sånt. At det var derfor dei ikkje ville sende meg ut for å leite etter dei. At dei visste at eg ikkje ville klare det. Dumme, dumme Freddie. Kvifor skjønte du ikkje det? No kunne du ha lege heime i seng i staden for å fly fjæra av deg her i den nifse skogen midt i ”lalle tida”. Kva var det? Noko luska nede i buskene under. Under nokon sopphattar som kunne ha øydelagt det gode sinn til dei fleste sat Virrveline og Virrevapp trykte inntil kvarnadre.

 

”De skremde jo fjærkreket ut av meg, men no må vi reise heimover. Opp på vingene med dykk,” sa Freddie. ”Jammen,” sa tvillingane Virrveline og Virrevapp i kor. ”Nei, ikkje noko jammen og anna tullball!” avbraut Freddie dei. ”Vi kan jo ikkje fly!” svarte dei frustrert. ”Aha så det er der skoen trykkjer, dykk er redd for å fly, ja men det må de ikkje vere. Det er ikkje skummelt,” sa Freddie så beroligande han kunne. ”Rådyr kan ikkje fly, Freddie!” fortalde dei. ”Å jaudå, kva tar de meg for? Hæ? Sjølvsagt kan dykk fly. No kom dykk opp i lufta” sa Freddie. Virrveline og Virrevapp stampa frustrert i bakken. ”Kvifor i all verda kunne dei ikkje sendt nokon andre for å leite etter dei? ” tenkte tvillingane.

”VI KAN IKKJE Å FLY!” sa dei høgt og tydeleg så dei var heilt sikker på at han høyrte det. ”Jo da, så visst kan de det! Ikkje sei de ikkje klarar det før de har prøvd,” sa Freddie. ”Kom igjen! Eg gir meg ikkje før dykk har prøvd, konsentrer dykk om å fly, mess inne i dykk: fly opp i lufta, fly, fly opp i lufta, fly, fly opp i lufta osv.”

”Ja vel, eg skal prøve, men eg seier det til deg at eg ikkje kjem til å klare det,” sa Virrevapp. Virrevapp prøvde halvhjarta og opp lufta kom han ikkje.

”Du prøver ikkje skikkeleg, konsentrer deg alt du kan om det og hugs…”, det var alt Freddie rakk å sei. For Virrevapp begynte å lette frå bakken ”Eg flyr, eg flyr, sjå Virrveline”. I det han sa det krasja han med snuten først ned i eit stort gjørmehol.

”Å konsentrere deg om å fly heile tida, ikkje noko anna!” avslutta Freddie setningen sin. Virrevapp sat fast i gjørmeholet så lenge som det tar ei gås å springe 3000 meter. Etter mykje haling og draing etter alle kunsten reglar fekk dei dratt opp ein veldig forfjamsa Virrevapp.

 

Då dei hadde sett at dei kunne fly om dei ville, gjekk det litt betre. Etter nokon turar ned i kvasse bærkratt og andre ulumskheitar fann dei ut at dei måtte forstørre øyra sine. Grunnen til at dei ikkje klarte å fly så bra, var at øyra ikkje var store nok til halde vekta av eit rådyr oppe i lufta. Derfor klinte dei ein heil del med gjørme som skulle fungere som lim og klæsja på blad i alle sortar og storleik. Etter ei stund hadde dei fått øyrer med storleik som sjølv Dumbo ville vore stolt av. På øyrer og vinger flaug dei heimover til dei andre delen av skogen.

 

Dei kunne høyre hulkinga til Bella på fleire kilometers avstand og bestemte seg for å sette opp farten før mora deira døydde av dehydrering. Da Virrveline og Virrevapp kom blei hulkinga berre ti gongar verre, men denne gongen av lette. Alle dyra var glade, og ingen fekk takka og gratulert Freddie nok.

 

Det tok ikkje lange tida før rådyra Virrveline og Virrevapp begynte å fortelje sin versjon av det som dei hadde opplevd gjennom dagen. Sjølv om dei vaksne dyra skjønte at det var ein god del forandring i historia sat dei like konsentrert og lytta på historia som ungane. Fuglen Freddie vart den største helten i skogen si historie. Freddie gifta seg med fugleprinsessa Fride og fekk tre fugleungar; Freia, Ferdinan, Frøydis og levde lykkeleg heile sitt lange fugleliv.

 

Historia om den modige svarte fuglen Freddie er blitt fortald frå generasjon til generasjon i århundrer alt og den vil fortsette i mange hundre år til.

 

 

Eigen vurdering av stilen: Den svarte fuglen.

Eg valgte å skrive om den svarte fuglen fordi oppgåva var ganske fri, og kunne handle om det meste. Når oppgåva var så fri kunne eg bruke fantasien, og det var ikkje noko som var rett eller gale. Eg bestemte meg for å skrive ei dyrehistorie der fuglen klarte å redde nokon andre dyr, på tross av kva dei andre dyra trudde. Når den då hadde redda rådyra vart den ein helt blant alle dyra i skogen.

 

Eg har brukt ei stund på den, prøvd ut forskjellige framhald av historia, og hatt fleire idemyldringar og responsar undervegs. Resultatet vart ein god del annleis enn det eg tenkte på då eg valde oppgåva.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst