Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Gisle SurssonSkriv ut Utskrift
Om Gisle Sursson.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



Gisle Sursson er ein mann i sin beste alder mennesker kan sjå opp til. Det er ikkje å sjå vekk i frå at Gisle er idealmannen for fleire kvinner, i alle fall på fleire områder. Han er modig, dyktig med henda, oppteken av gammal skikk og tradisjonar og trufast mot kona si, Aud. I tillegg til dette hintar Soga om Gisle Sursson fram til at Gisle var ein særs musikals mann, over 40 gonger blir det nemnt at Gisle tek til å kvede. Musikalske menn er ikkje akkurat lite attraktivt.  Soga skildrar også Gisle som ein mann med sportslege kvalitetar som kjem godt med gjennom livet.

 

Ein eigenskap som skilte seg ut hos Gisle var evna han hadde til å sjå fram i tid. At på til trua han hadde på lagnaden, drøymde han fleire sanndrøymde draumar. I draumane hans var det to draumekvinner, ei ond og ei god. Gjennom desse kvinnene fekk han vite lagnaden om dauden sin allereie sju år i førevegen. Men det var ikkje berre sin eigen lagnad han fekk vite, han var tydeleg ”informert” om lagnaden til andre rundt han. Som for eksempel døden til Torkjell.

 

Då Gisle vart fredlaus får vi som publikum vere vitne til fleire viktige eigenskapar og hendingar som vedkjem Gisle, både negative og positive. Gisle har ei stor evne til å kome seg vekk frå det som trugar han. Hjernen er eit verktøy han benyttar seg godt av, han tenkjer ikkje smått og kort, men finn ofte på kreative løysningar for å sleppe unna dei som jagar han.

 

La oss ta episoden der Gisle bytte klede med trælen sin, så han vart drepen i staden for Gisle. Dette vart gjort i hu og hast, noko berre ein utspekulert og snartenkt person kunne kome på. Dette var sjølvsagt dårleg gjort ovanfor trælen sin, og var eit tydeleg teikn på Gisle sine haldningar til verdien av trælane og dei ”mindreverdige folka” rundt han i samfunnet.

 

Gisle viser også handlingskraft ved ei anledning då han imiterer den sterkt utviklingshemma ”Ingjaldstomsingen”, og dei som forfølgjer han ror vidare, medan Gisle kjem seg heilberga vekk.

 

Gisle var også ein svært religiøs mann, og trudde på Frøy. Han tilba henne og blota som folk flest. Men ettersom kristendommen kom til landet, kan vi skimte at Gisle også tviler på sin religion og sakte, men sikkert, sluttar å blote. Noko som også forandra seg saman med religionen var tørsta etter blodhemn. Gisle var tidlegare ein av dei som stod sterkast I å gjere blodhemn. Men rundt slutten av hans levealder fekk Aud han til å unngå denne handlinga, då ho overtala han til å ikkje ta livet av nevøane hennar. At blodhemntørsta ikkje var så sterk lenger, viser til kristendommen og normene som fulgte med.

 

På den tida då soga om Gisle Sursson vart skriven, meinte ein at draumane hadde stor betydning for lagnaden og dei rundt seg. Difor var det eit godt verkemiddel som får publikum med i handlinga, både psykisk og fysisk, då forteljinga er skriven på ein autoral måte og det er vanskeleg å henge med på det psykiske. Då det nærmar seg den siste vinteren hans drøymer han fælt og han har vanskeleg for å sove. Då han slit med søvn og aldri blir ordentleg utkvilt, tærar dette sjølvsagt på Gisle. Sjølv om han var ein svært sterk og uthalden mann, fanst det grenser, sjølv også for han.

 

I staden for å gje opp og møte forfølgjarane hans med det ”kvite flagget”, viste Gisle sine siste karakteristiske trekk. Han møtte dei med kamp, og gav ikkje opp før til siste slutt. Han forsvarar seg som best han kan og gjer det han maktar for å behalde den æra han har igjen. Gisle fekk eit hogg i magen, noko som førte til at innvollane hans fall ut. Dette stoppa ikkje Gisle i kampen, og han stappa dei inn igjen i magen, og deretter kvad han ei vise til Aud om motet sitt og kva han hadde lært av far sin. Dette viser tydeleg stoltheita til Gisle og korleis den har blitt bevart på den lange flukta.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish