Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson

"Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson

Analyse av novellen "Faderen" skrevet av Bjørnstjerne Bjørnson.

Karakter: 5

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.01.2006
Tema
Faderen


Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd på Kvikne i 1832 og døydde i Paris 1910. Presteson og av bondeslekt. Bjørnson gav ut sin fyrste artikkel som 16 åring. Han starta tidleg som journalist og redigerte Illustrerte folkeblad frå 1856-1867. Gifta seg med Karoline Reimers og fekk i 1903 nobelprisen i litteratur. ”Faderen” blei skriven i 1860 saman med mange andre småstykker. Vi følgjer modninga av eit menneske gjennom tragiske hendingar. Novella er ei livshistorie som gjenspeiler kappestriden mellom den gamle ættefølinga og kristendommen. Vi møter bonden og han sin kamp mot og vinne over seg sjølv, sin egoistiske natur.

 

Tema i teksten er om ein mann som omvender seg til Gud etter å ha gått gjennom ei tragedie som har forandra han. Novella tek også opp korleis tragedien blir snudd til noko bra. Livet får ei djupare meining når ein vinn over egoisme og hovmod. Forteljinga er forholdsvis ganske kort, men har ei kronologisk rekkefølgje av hendingar over 25år, men store hopp i tida.


 

Byrjinga på novella er både presenterande og medias res. Fordi byrjinga er såpass kort og vi kjem rett inn i handlinga etter eit par setningar. Det vil seie at det ikkje er rett på sak, men har ei kort innleiing. Ved presentering får vi framstilt personane i novella på ein enkel og saklig måte. ”Faderen” handlar om Tord Øverås, som er ein rik og velståande mann. Den mektigaste i prestegjeldet. Tord har fått ein son, og ved dåp, konfirmasjon og bryllaup, kjem Tord for å kjøpe til seg ein bra avtale for sonen hos presten. Til slutt skjer det utenkelege for Tord, sonen druknar. Vi ser korleis Tord forandrar seg. Det som driv forteljinga framover er det faktum at sonen veks. Først er det dåpen, seinare konfirmasjon og til slutt bryllaup. Kronologisk oppbygging.

 

Vi når klimaks når sonen er på båttur med faren og han ramler ut i vannet. Han reiser seg opp fordi han skal rette på toften som han sitter på. Kan vere eit bilete på ein utrygg grunnmur hos sonen. Faren prøver å redde han ved å rekke ut åren, men da sonen hadde tatt eit par tak, stivna han og druknar. Før han går under vann, sender han faren sin et langt blikk. Dette kan vere ein underbetying på at sonen eigentleg ikkje ville bli redda, men vi veit ikkje noko om forholdet mellom far og son. Sannsynleg hadde Tord vanskelegeheitar med å utrykke kjærleik til sonen.

 

Då sonen druknar faller faren heilt i transe og veit verken ut eller inn. Han ror rundt på vannet i tre dagar for å finne sonen sin. Det går eit år og Tord har blitt ein gamal og sliten mann, tynga av sakn og sorg etter sonen. Vendepunktet i novella er når Tord kjem attende til presten og seier at han vil gi halvparten av alt han eiger til dei fattige. Presten spør kva Tord skal ta seg til no og Tord svarar at han vil gjøre noko betre. Her ser vi resultatet av den prosessen som Tord har gjennomgått etter bortgangen på sonen. Han har nå fått ein handlingsendring. Livet har plutselig fått ein djupare meining og Tord ynskjer å hjelpe dei fattige, tenke på andre enn seg sjølv. Underbetying: Tord har blitt frelst. Då har sonen endelig blitt ein velsigning for faren. Fyrste gong Tord kom på besøk til presten hadde presten bedt om at barnet måtte bli ei velsigning for Tord. Den gangen ville ei velsigning for Tord si at slekta førtes vidare, ikkje omvending og frelse. Han er meir opptatt av æra. Og han bruker sonen til å vise kor velståande han er. Etter at sonen er død, kjem Tord atter ein gong til presten og denne gongen er han ein underdanig mann og alle tankar om æra og ætt er ikkje så viktige lenger og han får opna auga. Dette er ein del av avslutninga, men det siste som skjer er at to store tårer triller nedover ansiktet på Tord. Han har endelig klart å glede seg over at han hadde ein son. Han fikk på ein måte ein oppstanding etter sonen sin død. Det var dette presten meinte når han ønsket at sonen skulle bli ein velsigning for Tord.

 

Synsvinkelen i novella er for det meste autoral synsvinkel, det vil si at forfattaren står utanfor hendingane i teksten. Men på slutten av novella brukar Bjørnson indre synsvinkel når han seier: ”..Tord ville ikkje rett tro det..”. og ”..til dette tidde presten.” På denne måten blir setningane litt meir dramatiske og personlige. Alt som skjer med sonen får vi vite gjennom Tord, så det er ikkje vekslande synsvinkel.

 

Vi får fort vite i teksten at Tord er ein mektig, velståande og rik mann som er opptatt av æra og at ætta skal føres vidare. ”Den mann hvorom her skal fortelles, var den mektigste i sitt prestegjeld.” Tord beskrives også som høy og alvorleg. Fyrste gong Tord er hos presten dreier han på lua og nøler litt: ”..Ellers er det ingenting, sa bonden og dreide på lua som om han ville gå.” som om det var noko han ville seie som han ikkje fekk sagt. Der framstiller Bjørnson Tord som ein ung og litt usikker mann. Han klarer ikkje å gi utrykk for kor glad han er for at han har fått ein son. Ved at han ynskjer at sonen skal få sin eigen dag og døypas på og giftas med den rikaste jenta i byen, bruker han sonen til å vise kor velståande han er. Når Tord kjem på besøk til presten setter han seg ikkje, men står. Dette kan kanskje bety at han følte seg høgare oppe på rangstigen enn presten. Presten er ein sympatisk, litt tilbaketrekka mann som eg trur er eit bilete på Gud. Han ynskjer kunn det beste for Tord, men kan ikkje tvinga det fram. Kvar gong Tord kjem inn på kontoret, spør presten om det var noko meir. Eg trur at dei orda hadde ein djupare meining. Han ynskte at Tord skulle vende seg til Gud og han skulle opne auga og sjå at kjærleik til pengar ikkje førar til lykke. Forholdet mellom personane i novella er på ein måte konfliktfylt. Ikkje på overflata som person til person, men dei to motpolane: det jordiske og kristendommen. Kampen mellom menneske sin natur og frelsa, det nye menneske.

 

Handlinga i novella er knytte til to steder i same bygd. Fire møter mellom prest og bonde i prestebustaden og eit møte med far og son på båttur. Tord Øverås er den rikaste mannen i bygdemiljøet, som veit å bruke pengane sine for å vise kor velståande han er. For han var det viktig å komme seg opp i samfunnet. Dette kjem indirekte fram ved at han forlangar at sonen får sin eiga dag å døypas på, giftas med den rikaste jenta i byen og komme først i rekka på konfirmasjonsdagen. Novella seier mykje om menneske si natur og indre. Kjærleiken til pengar og korleis alle menneske er egoistar, har bare tanke for seg og sitt.

 

 Stiltonen i teksten er både munter og dyster. I byrjinga er stemninga tosidig. Tord har ein indre glede over ein son, som han ikkje får utrykt, og samtidig er han ikkje heilt lykkeleg fordi han berre har sin lykke i pengar. Ein får ikkje ekte lykke i materielle ting, han er verken lykkeleg eller ulykkeleg. Han føler berre at han har eit ansvar for sonen, han har ei plikt som far. Utover i novella har vi ein lys stemning. Sonen til Tord konfirmerast og giftast. Men etter klimaks der sonen druknar, skifter det til den dystre tona. Vi leser at berre på eit år endrar Tord seg både psykisk og fysisk. Før var han ein høy, barsk og rakrygga mann med heva hovudet. Kvar gong han kom til presten, kunne presten kjenne han igjen og kommenterte også at Tord ikkje hadde forandra seg stort. Men etter sonen sin død blei Tord ein mager, krakrygga mann med kvit hår. Og då hadde det berre gått eit år! Saknet etter sonen var stort. Presten måtte sjå lenge på han før han kjente han igjen. Bjørnson bruker beskriving av personar for å få fram stiltonen i novella. Når han beskriver oppførselen og kroppsholdninga til Tord, skapar han ei stemning hos lesaren. Det er ingen stilbrodd i teksten. Det vil si noko som bryt med stiltonen.


 

Temaet i teksten er kampen mellom menneske sin natur og kristendommen. At kjærleiken til pengar, status og makt kjem i vegen for åndelege behov. Novella handlar også om korleis menneske vende seg til Gud etter tragediar og nedtidar. Du sitter igjen med setninga: ”rikdom er ikkje alt”, når du har lest novella. Du får aldri ekte lykke ved materielle ting som pengar, for dei viktige tinga i livet kan ikkje kjøpast. Det er ein tyding til temaet i novella, når presten seier til Tord at han håper sonen vil vere til velsigning for han. Og på slutten får vi sjå korleis sonen endeleg har blitt ein velsigning for faren. Eg trur at hovudbaudskapet til Bjørnson  var at ein ikkje skulle vere så opptatt av pengar og status, men sjå meir på menneske som står ein nær og tenke meir på si eiga åndelege situasjon. Moralen i novella går ut på å ikkje vere så egen og egoistisk Du kjem ingen vei med å vere grisk.

 

Eg syns novella er fin. Enkel og lese og open for eigne tolkingar. Bjørnson har på ein enkel måte vist menneske si virkelege natur og motpolane: det jordiske og det åndelege. Novella fortel oss også at pengar ikkje er alt og du ikkje kan finne ekte lykke i det materielle. Kjærleik til medmenneske er ikkje noko du kan kjøpe deg fram til. Eg syns at novella er veldig aktuell. Den går på ein måte aldri ut på dato, sida den gjelder så typiske ting som moral og menneskeleg natur. Bjørnson levde i tida da realismen tok over nasjonalromantikken og det gjenspeglar tekstane hans. Då skulle ein skrive verklegeheita så saklig som mulig. Teksten er også eit brot mot romantikken.. For i romantikken var ein opptatt av sitt eige folk, historie og tradisjonar. Bondekulturen var viktigast. Men nå skulle ein ikkje legge skjul på at menneske hadde feil og manglar. I byrjinga skrev Bjørnson nasjonalromantiske tekster, men han skifte side på 1870-tallet. ”Faderen” er altså ein tekst skapt i realismen.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil