Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Anne Franks dagbokSkriv ut Utskrift
Bokmelding for Anne Franks dagbok.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:


Anne Franks Dagbok er skriven av Anne Frank under andre verdskrigen.

 

Boka føregår i krigstida, og handlinga føregår i ein bakbygning i Amsterdam i Holland. Anne Frank er hovudpersonen i boka. Det er ho som har skrive ho, utan å vite at fleire millioner menneske skulle lese ho seinare. Andre personar ho skreiv om er mora, faren, systera Margot, ekteparet van Daan, sønnen Peter og doktor Dussel. I tillegg har ho òg skrive om folka som hjalp dei gjennom krigen.

 

Boka byrjer søndag 14. juni 1942. Anne Frank skriv i dagboka si for fyrste gong, og ho skriv om korleis familien hennar har det og korleis ho har det sjølv. Ho skriv at ho lengter etter ei venninne som ho kan fortelje alt til. Namnet dagboka hennar får, er Kitty. Anne skriv til Kitty som om ho skulle være eit menneske. I juli same året går familien Frank i dekning, saman med familien van Daan. Dei må bu i bakbygningen der faren til Anne arbeider. Anne har ingen å snakke med, så ho til Kitty om alt som skjer. Stemningen med ein gong dei kjem til bakbygningen er ikkje så dårleg, men det held ikkje lenge. Snart går alle i tottane på kvarandre, og det blir uuthaldeleg for Anne. Etter ei stund flytter doktor Dussel òg inn. Ikkje lenge etter får han òg det same temperamentet som alle andre i huset har. Dei bur i bakbygningen i fleire år. Stemningen blir dårlegare og dårlegare. Men så blir Anne kjend med Peter. Han har vore der heile tida, men no byrjar dei å snakke. Dei blir forelska i kvarandre. Men så blir Anne Frank og familien tekne av Gestapo, og Anne dør i ein konsentrasjonsleir.

 

Språket er ganske pent. Formuleringar og ordval var litt annerleies enn det er i dag. Det er bileter av Anne, familien, bakbygningen og anna inni boka. I byrjinga er boka hyggeleg, med forklaringar og beskrivelser. Men så blir stemningen dyster og deprimerande.

 

Eg tykkjer ho var verdt å lese. Ei bok eg ikkje greidde å leggje frå med. Eg er temmeleg sikker på at Anne Frank kunne ha vorte ein fantastisk god forfattar, om ho hadde fått leve. Alt det ho skriv om korleis dei hadde det, er ting som eg ikkje ein gong kan førestille meg å leve med i ei veke ein gong. Men alikevel får Anne Frank det til å ikkje lyde så forferdeleg. Ho minner meg litt om Polyanna. Kanskje ikkje alltid like positiv, men ho er i alle fall optimistisk når det gjeld framtida, og skriv om korleis ho vil oppdra ungane sine, kven ho gler seg til å sjå igjen og så vidare. Det er trist å tenkje på at ho aldri fekk gjordt dei tinga.

 

Anne Franks Dagbok er ei bok alle burde lese!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish