"Kvifor sa vi ingenting" av Jan de Zanger

Bokmelding på nynorsk av boka "Kvifor sa vi ingenting" av Jan de Zanger.
Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.02.24

Boka heiter ” Kvifor sa vi ingenting” og er skrevet av Jan de Zanger. Boka ble gitt ut i Noreg i 1993 av forlaget, Samlaget. Boka er på 134 sider. Det er liten skrift. Det er ei ganske lettlast bok. Boka har ingen illustrasjonar.

 

Eg leste boka heime, eg leste den ut på to dagar.

 

Boka handlar om ei klasse som etter vidaregåande har møtast kvart femte år. Nå har skulen som klassa gjekk på 100 års jubileum. For første gong møter Pieter Vink opp etter 25 år. Han har nemleg ikkje vore der sia dei slutta på skulen, han har vike unna. Det er ei sak som aldri har late han i fred, sjølvmordet til ein av klassekameratane. Pieter har gløymt mykje frå skuletida, både personar og hendingar. Etter samtalar med dei gamle klassekameratane i løpet av kvelden, dukkar gamle minna opp for Pieter. Minna er hendingar med Sietse Boonstra, guten som tok sjølvmord. Det går opp for Pieter korleis klassekameratane var den gongen mot Sietse, og at også dei som ikkje sa noko hadde stor innverknad. Klassa gjorde som om Sietse ikkje fanst, og Pieter oppdager som vaksen at dei framleis let som han ikkje hørte til. Nå vil Pieter gå mot gamle kameratar og lærarar for å oppklare kva som eigentleg gjekk for seg den gongen på vidaregåande.

 

Hovudpersonen i denne boka er Pieter Vink. Han er ein gift 42 åring som jobbar som advokat. Han flytta frå stede der han hadde gått på skule, rett etter at han fekk vitnemålet sitt på vidaregåande. Han fekk heilt sjokk da han fekk høre at Sietse var død. Han har sia hatt mareritt om hendingar med Sietse, og det klarnar opp for Pieter kva dei betyr på jubileumsfeten. Sia han flytta har han ikkje hatt noko kontakt med nokre av dei gamle klassekameratane, til han møter opp på jubileumsfesten. Han er alltid roleg. Han er ein person som ein kan lite på. Når ting skulle ordnast på vidaregåande, spurte alltid klassekameratane Pieter kva han meinte.

 

Ein anna viktig person som er med i boka er Sietse Boonstra . Han var skyteskiva for klassa og for somme av lærarane på vidaregåande. Sietse var to år yngre enn dei andre i klassa, han hadde hoppet over to klasser fordi han var så flink på skulen. Klassa gjorde som han ikkje fanst. Han var heilt isolert frå dei. Han sa, eller gjorde aldri noe i mot kva klassekameratane gjorde mot han. Han var bare stille, berre sto der. Han enda opp med å ta sjølvmord dagen før dei skulle ta eksamen.

 

Forandringa hos hovudpersonen, Pieter Vink, er at sia han nå har blitt vaksen, har han blitt meir sjølvstendig. Han veit kva han eigentleg meiner om temaet om Sietse, og han tørr å seie at det dei gjore som ungdommar var galt og han dømer alle klassekameratane skyldig i sjølvmordet til Sietse.

 

Eg synast denne boka var bra. Eg likte den fordi eg synast den handlar om eit veldig ideelt tema. Den viser at dei som berre ser på når ein person blir mobba, også har stor innverknad i saka. Den viser også at man må gjere noko med ein gong, eller så kan det vere for seint. Tinga klassa gjer mot Sietse er typiske ting og folk vil kjende seg igjen. Eg synast forfattaren skriver på ein fin måte. Eg liker måten minna til Pieter blir dratt inn for å oppklare kva som skjedde. 

 

Eg synast boka passar til dei fleste ungdommar. Både på grunn av temaet, som eg synast er viktig, og på grunn av at den ikkje er noko vanskeleg å lese.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst