Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Arne GarborgSkriv ut Utskrift

En biografi av Arne Garborg.

Karakter: 5+ (sidemål, 9. klasse)

Nynorsk - BiografiForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Eg har valt å skriva eit foredrag om Arne Garborg. Fordi alle saman skulle velja kvar sin realistisk forfattar, og det var nesten ikkje nokon som hadde valt Arne. Det var mykje informasjon på Internett, og livet hans var ganske spanande også.

 

Fyrst skal eg berre fortelje litt generelt om realismen. På midten av 1800-talet, frå 1867- 1880, vaks det fram ein ny kunstretning i Europa som blei kalt realismen. Mange kunstnarar var nå blitt opptatt av å mala røyndommen slik den var, utan å pynta på den. Det var vanlege arbeidsfolk og deira kvardag som blei viktig å mala no. Slik fekk kunstnarane fortalt kva dei meinte om all fattigdom og naud i samfunnet. I Noreg hadde vi fire verkeleg store forfattarar i denne tida, dei blei kalla for ”dei fire store”. Dei var: Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibser, Alexander Kjelland og Jonas Lie.

 

Arne Garborg blei født som bonde son, 24.01.1851 i Time kommune, nord på Jæren. Frå barndommen av var han veldig opptatt av livets meining, av hendsikta med angst og liding. Han var eldst i ein søskenflokk på ni. Døypenamnet hans var Aadne Eivindson. Arne vaks opp i ein religiøs heim og fekk ikkje lov til å lese anna enn bibelen, salmebok og katekisme. Men Arne greidde ikkje slutte å lese. Han lærte seg det som 4-åring. Då han var 6 år gamal begynte han på skulen, og der likte han seg veldig godt. Frå han var 7-8 år gamal fekk han lånt seg bøker, og han smugleste dei på kammerset. Der låg han på kne framfor ei stor kiste og las den eine boka etter den andre. Når han høyrde at faren kom, putta han boka oppi kista så fort som mogeleg og lata som han las i bibelen. Han slukte alle dei forbodne bøkene: romanar, sagaer, gude - og heltesoger, tusen og ein natt, Shakespeare, Holberg, Bjørnson, Ibsen. Han elska Brand og Peer Gynt og blei i det heile tatt ein stor Ibsen - fan.

 

Dei fyrste barneåra til Arne Garborg var sorgfrie, men då han var 8 år gamal kom faren i ein religiøs krise og blei pietistisk og streng. Han knusa felene i heimen, kaffidrikking blei forbode, man skulle på daud og liv ikkje arbeida på sundag. Dette førte med seg at det ikkje blei kokt mat eller at fjøsstellet blei gjort. Frå nå av var barndomsheimen heilt fælt for Arne. Til tross for at han var odelsgut drog han frå garden.

 

Arne Garborg begynte som redaktør for sitt eige handskrevne blad. Han haldt fram som journalist i mange år. Han starta ”Lærar – standens avis”, hadde sitt eige trykkeri og var både ”bladstyrar og Setjergut” på same tid. Da han nesten var 21 år gamal var han også redaktør for ”Tvedestrandposten”. Både som journalist og diktar var han stadig opptatt av aktuelle hendingar når det gjaldt nasjonale, politiske og kulturelle spørsmål. Han var veldig engasjert når han skreiv om emne han brann for. Han etterlot seg ein enorm produksjon. Vi har følgjande skriftstykker frå ham: 1,400 brev, 6 tjukke trykte dagbøker, ein rekke tidskrevande oversettingar, samt 2000 artiklar, essays og innlegg i avisar og tidsskriftar. Ein av hans beundrarar sa ein gong: ” han skreiv med sit hjartablod”.

 

Som sagt skreiv han mykje. Ein av dei romanane han skreiv heiter Fred. Denne romanen meinar Garborg var ein av dei viktigaste romanane hans liv. I romanen Fred tek han for seg faren si historie. Hovud personen grublar over Vårherre og følar seg syndig, men fred finn han ikkje. I Romanen beskriv han det kriseramma bondesamfunnet på Jæren i 1860’åra. Boka gir dessutan ei rekke sosialpsykologiske framstillingar til det religiøse verdsbilete i lyset av den materielle og sosiale røyndom.

 

Diktsamlinga Haugtussa, er kanskje det verket som har nådd flest lesarar. Her møtar vi ungjenta Veslemøy, som bevegar seg i grenselandet mellom røyndommen og drøym. Valsemøy bur på ein gard på Jæren saman med mora si. Vaslemøy er synsk, og kan sjå ting andre ikkje kan sjå, og det gjer livet vanskelig for henna. Men dikta handlar også om den lukkelege sumaren ho opplever saman med guten Jon, før han sviktar henne. Garborg sa sjølv at diktet bygga på minna frå gamle Jæren. Før den strenge mørke forma for kristendom forandra alt. Dikta frå Haugtussa er også blitt allemannseige gjennom melodiane Edvard Grieg har satt til dei.

 

I 1870 skjedde det noko som kom til å setta djupe spor i han for resten av livet. Faren hans, Eivind Garborg, som hadde blitt stadig meir deprimert, spesielt etter at han hadde selt garden året før, tok livet sitt. Garborg kjente ein djup skyldkjensle på grunn av dette, fordi han meinte at dette hadde hendt fordi han hadde takka nei til garden. Denne hendinga dukka opp fleire gonger i Garborg si dikting.

 

I 1873 drog Arne til hovudstaden for å studera , og i likskap med fleire andre forfattarar skreiv han artiklar i avisene samtidig.

 

Rundt år 1876, da Garborg var i 25- års alderen tok han til å skriva litt på landsmål, og meir vart det då han blei forman i Det Norske Samlaget.

 

Arne Garborg debuterte i 1878 med romanen ein Fritenkar. Den tar opp ein av Garborgs største kampsake: retta til sjølv å velja tru og levemåta. Denne fyrste nynorske romanen handlar om teologen Eystein Hauk som ikkje lengar greiar å ha den retta lutherske tru, og som difor blir forakta, utstøytt og heimlaus, til slutt fordømt av sin eigen son.  

 

I 1883 blei romanen Bondestudentar gitt ut. Der visar han korleis det går med ein fattig landsens gut som studere i Kristiania. Hovudpersonen i boka er flau over sin eigen bakgrunn, og han gjer alt for å tilpassa seg. Han blir ein feig , unnvikande mann som snakkar folk etter munnen og ikkje har sjølvstendige meiningar. Men det er ikkje berre mindreverdskjenslene som øydelegg han. Han er avhengig av økonomisk hjelp for å klara seg, og då må han halda seg inne med dei som er villige til å hjelpa han. Garborg visar kva fattigdom gjer med folk.

 

I 1880-åra stod han saman med Bjørnson i kampen for demokrati og rettferd, og han fjerna seg stadig meir frå kyrkja. Garborg var også ein svært betydningsfull forkjempar for landsmålet, som han med eit par unntak brukte gjennom heile forfattarskapet. Han skreiv samfunnskritiske , realistiske romanar og skuespel gjennom 1800-talet, og var også ein av dei fyrste som skreiv i den retninga som blei kjent som naturalisme.

 

I 1887 gifta Arne seg med Huldra Bergersen og slo seg ned i Kolbotn på Tynset. Seinare budde ekteparet på Labråten i Asker. Dei fekk ein son, det var mest Huldra og sonen som var i lag. Arne sat mest for seg sjølv og grunna, taus og einsam. Huldra var den som gjekk i spissen for å samla inn midlar til å starta eit eige nynorskteater. Ho var ei handlekraftig og moderne dame, som også lot seg inspirera av strømmingar ute i Europa. Likevel er ho best kjend for sitt arbeid for norsk draktkultur, for folkevisedans, matlaging, og ikkje mins teater.

 

Arne Garborgs holdning til kyrkja forandra seg stadig, på 1890- talet var han i bøkane sine opptatt av etikk, og bygde mykje av sitt syn på kristendommen, men ein heilt anna og meir open kristendom enn den pietistiske, humorlause han kjente frå barndommen på Jæren. På 1890-talet blir også Garborg ein dyktig naturskildrar i forfattarskapet sitt.

 

I 1899 sat Garborg i ei nemnd som skulle koma med framlegg til ein landsgyldig normal for landsmålet. I drøftingane i nemnda stod Garborg sterkt på at normeringa best mogleg måtte stø seg til målbruken i heile landet, veldig viktig var det å samla aust og vest. Saman med nemndmedlem Rasmus Flo gjekk han inn for ein midlandsnormal som samnorsk skriftmål, men nådde ikkje fram. Sjølv nytta Garborg midlandsnormalen frå om lag 1900 og Skriftir i samling er omskrivne til midlandsmål.

 

Mot slutten av livet fekk han statslønn for å driva arbeid til fremme av landsmålet. Han blei ein høgt verdsatt mann etter kvart, sjølv om han var kontroversiell og blei nekta diktergasje ein periode på grunn av ”farlige idear”. Hausten 1897 flyttet familien til Larbråten i Asker, og der blei han buande resten av livet.

 

Han skreiv dagbok der, og dreiv med ein del oversettelsetarbeid. Men dikting blei det lite av. Arne Garborg blei tidlig ein gamal mann. Professor Olav Midttun fortalte i ein førelesning at han var med i den komité som skulle overrekke diktaren ein hedersgave på hans syttiårsdag i januar 1921. Det var ein stor pengegave på 100 000 kroner. Arne Garborg døde i januar 1924. Han ligg begravd i haven på Knudaheio, hytta hans på Jæren. Der står det ein steinplate med dette vers:

Som ljoset hev den eine draum

Å sloka ned

Han helsa glad den skoddeflaum

Som gav han fred.

Han fekk drøyma sine i oppfylling: han blei journalist, forfattar, lyrikar, og han blei ein stor diktar!

 

Oversikt over dei viktigaste verka hans:

- Gud signe norigs land, 1878.

- Ein fritenkjar, 1881.

- Bondestudentar, 1883.

- Mannfolk, 1886.

- Kolbotnbrev, 1890.

- Trætte mænd (skrevet på riksmål), 1891.

- Fred, 1892.

- Haugtussa, 1895.

- Læraren, 1896.

- Knudaheibrev, 1904.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish