Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den uperfekteSkriv ut Utskrift

En stil om det å ikke være eller føle seg som andre.

Karakter: 5+ (9. klasse)

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



”Der har vi jo ho der igjen. Ho er utruleg stygg då! Stakkars!” Det hadde ikkje vore ein dag ho ikkje hadde høyrt noko liknande. Kvar dag fikk ho dritt slengd midt i trynet. Det såra ho ikkje lenger… Ho var vand til det. Det var litt av kvardagen hennar. Av og til følte ho seg veldig åleine. Ho hadde ingen å snakke med. Ho hadde ingen vener. Igjen i heile verda… Det hende ho gjorde noko dumt av og til. Men ho kunne ikkje for det. Det var bare ein måte å takle kvardagen på. Kanskje ein spesiell og brutal måte å gjere det på, men det virka i gjallefall. Ho gjorde det berre når ho var unormalt nede, når ho var heilt åleine heime, når ho ble veldig frista til det. For ho måtte gjere det, ho var avhengig. Det hende ho angra på det. Ho fikk så stygge arr. Men ho måtte.

 

Ho brukte noko skarp... Kva det enn kunne vere… Ho viste ho hadde psykiske problema. Men kva kunne ho gjere? Gå til psykiater? Mora ville finne ut av det, og ho ville klikke… Dottera kunne ikkje gå til psykiater. Det hadde ikkje passa inn i den litle perfekte verda hennar. Alle måtte vere perfekte. Sidan ho ikkje var perfekt hadde mora forlata ho. Psykisk altså. Mora var der aldri for ho lenger. Ho var åleine i verda.

 

I dag var ho langt nede. Ho følte trongen til å gripe til noko skarpt, og skade seg sjølv. Det var det einaste som kunne gjere ho lukkeleg no. Sjølv om lukkeligskapen bare varte i nokre minuttar, var det verd det. Det var lenge sidan ho hadde følt seg lukkeleg no. Det var lettare å takle fysisk smerte, enn psykisk.

 

Og ho tok tak i noko skarp, og kutta seg. Ho såg på blodet som randt ned over armen. Det var vakkert. Og det kjentes godt. Så kutta ho seg ein gong til. Denne gongen djupare, men ikkje for djupt. Det måtte ho ikkje. Det visste ho. Ho henta noko papir for å tørke blodet vekk. Men der stod mora. Ho ble redd. Mora spurde kva som hadde skjedd. Ho var heil frå seg. Ho tålte ikkje blod. Ho sa ho hadde falt. Det var ein dårleg løgn. Du kan jo ikkje kutte deg så mykje bare ved å falle. Ho tørka seg og løp ut. Ho var redd mora kanskje hadde oppdaga ho. Mora hadde gjort det før. Men mora kunne ikkje vite det heilt sikker. Det kunne ho ikkje.

 

Ho gjekk lang vekk. Ho gikk opp mot den store brua. Det var der ho brukte å gå når ho var lei seg. Ho likte å sjå ned på vatnet. Og det var det ho skulle no. Ho stod der, stira. Det var høgt ned. Veldig høgt. Ho stod der lenge. Tenkte. Og tenkte. Ho gjekk på utsida av gjerdet. Ho følte seg fri. Det var ingen her som kunne kome med stygge kommentarar. Ingen…

 

Ho så på vatnet. Det var nesten heilt vindstille. Ho kunne sjå seg sjølv heilt der oppe i frå….. Så kunne ho sjå seg sjølv nærmare og nærmare. Til slutt så nært at ho kunne sjå kva farge ho hadde på jakka… Men plutseleg såg ho ikkje noko ting lenger. Alt var svart. Ho kunne ikkje føle noko ting. Nei, vent… Ho følte …

 

Ho følte seg lukkelig!… Ho følte seg lukkelig! Ho hadde ikkje følt seg ekte lukkelig før. Men endelig fikk ho føle kva ekte lukke er. Og det var ein god kjensle!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish