Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Intervju med Ivar Andreas AasenSkriv ut Utskrift

Et fiktivt intervju med Ivar Aasen.

Karakter: 5+ (9. klasse, sidemål)

Nynorsk - AnnetForfatter: Anonym



I samarbeid med eit prosjekt om språkhistorie på skulen skulle vi laga ein tekst om noko frå den tida. Eg trur eg må ha vore den heldigaste i klassen for eg klarte å få skaffe eit møte med sjølvaste ”Nynorskens Far”. Eg intervjua han tidleg ein ettermiddag etter skulen på ein liten kafé kalla Hector’s. Eg var litt tidleg ute, så eg bestilte ein fanta. Då han kom inn døra såg eg med ein gong at det var han. Eg helste og presenterte meg. Eg fortalte han også kor glad eg var for at eg hadde fått denne sjansen.

 

- Kva er ditt namn? Spurte eg berre for å byrja ein plass.

- Mitt namn er Ivar Andreas Aasen, svarte han og smilte.

 

- Når og kor vart du fødd?

- Eg vart fødd 5. august 1813, i Aasen i Hovdebygda på Sunnmøre, svarte han på mitt spørsmål. Eg spurte om han ville ha noko og drikke, og han sa at ein kaffe hadde vore fint. Eg spanderte. Han tok ein slurk medan eg stilte han det neste spørsmålet.

 

- Kan du fortelja litt om familien din? spurte eg.

- Ja. Vel, eg var den yngste av 8 sysken. Eg var heile 7 år yngre enn den av syskene mine som låg nærmast meg i alder. Men mor min, Guri, kan eg dessverre ikkje hugsa noko særleg om. Hø døydde når eg berre var 3 år gammal. Men far min sa alltid kor mykje ho var gald i meg og kor godt ho hadde tatt vare på meg. Han sa og at ho var oppteken av at eg skulle læra å lesa. Faren min døydde når eg var ganske ung. Han døydde i 1826 og då var eg berre 13 år. Eg hugsar at eg jobba på garden til han far, men då han døydde vart det store forandringar i arbeidslivet mitt. Bror min tok over garden, og alle måtte jobba og hjelpa til. Men det vart mykje tyngre når far var borte. Eg trur det er dei 5 tøffaste åra i mitt liv, svarte Ivar. Han så litt lei seg ut, men da var nok på grunn av foreldra. Eg gav han eit lite klapp på skuldra.

 

- Men kva var det som fekk deg til å lesa så mykje? Spurte eg.

- Eg vaks opp i ei ganske isolert bygd, så det var ikkje nokon på min alder å væra saman med. Eg hadde ikkje ein einaste kamerat. Så eg oppfylte min mors sitt siste ønskje om at eg måtte læra meg å lesa. Eg leste dei få bøkene vi hadde i huset. Det var nokon gamle bønne- og salmebøkar, eller eg trur vi hadde 10 gamle andaktsbøkar. Men viktigast av alt; Bibelen. Den boka var allereie viktig for meg som born. Eg hugsar på konfirmasjons dagen min, 20.11.1828, då stod eg i ein lånt trøye fremst på kyrkjegolvet. Trøya var altfor stor for meg, for eg var ganske liten av vekst. Faktisk så var eg mindre enn alle dei andre konfirmantane, svarte Aasen. Han smålo og eg berre måtte smila.

 

- Men eg har høyrt noko om at Presten synes du var ein så god elev. Er dette rett? Spurte eg og noterte litt av det han hadde svart på det førre spørsmålet.

- Ja, eg var jo ein ganske god elev da, svarte han litt spøkefullt og ironisk. Han lo og eg lo med. Han forsatte.

- Eg var den einaste som hadde lest og kunne delar av Bibelen, og eg hadde stor respekt for kyrkja. Eg fekk vite på konfirmasjonsdagen min av presten, at han hadde skrevet noko om meg i kyrkjeboka sin. Han hadde skrevet at eg hadde ”ein svært god oppførsel, og at eg var presis utmerka i kunnskap”. Ivar Andreas så ganske nøgd ut, og tok ein slurk av kaffen. Eg stilte det neste spørsmålet som stod i notisblokka min.

 

- Men kva med utdanninga din? Gjekk du på skule?

- Skule? Eg fekk berre 10 skuledagar i året, som resten av ungane i bygda. Men dagen etter 18 års dagen min skreiv eg ein søknad om å få bli omgangsskulelærar i heimbygda til soknepresten, Frantz Henrik Blichfeldt. Eg hadde mange testar før eg endeleg vart ein lærar, sa Ivar og rista på hovudet.

 

- Men du kan jo ikkje berre ha vore lærar resten av livet? Sa eg fullstendig opphengt i alt han fortalte om.

- Å nei, eg var berre lærar i to år, frå 1831 til 1833. Og då eg slutta som lærar dro eg til prost H. C. Thoresen der eg hadde fått eit tilbod om vidareopplæring. Eg fekk faktisk ein slags beskjed av ham om å bli så lenge som mogleg fordi han meinte at eg hadde mange evnar og at eg var flinkt til å læra. To heile år gjekk eg i lære hos Thoresen. Eg hugsar då eg dro… Ivar Andreas vart heilt stille og så ned i bordet. Eg venta med å spørja om noko. Eg ville ikkje såre han eller virke påtrengande. Men eg slapp å spørja eller noko, han forsatte å snakke.

- Min første store kjærleik, sa Ivar drøymande.

- Ho heitte Berte Paulsdotter Viken og vi var forlovet. Ho var berre heilt fantastisk. Men då eg bestemte meg for å finne ut hvor langt eg kunne nå med studiar på eigenhand. Då kunne eg jo gjere noko for å tjene og hjelpe bondebestanda. Men det var verkeleg eit vanskeleg val å velje mellom å reisa frå Berte, eller å gjere noko som var så utroleg viktig for meg. Forstår du? Eg nikka. Det kunne ikkje ha vore lett.

- Men eg flytta til Ålesund. Eg trivdes der. Prosten hadde skaffa meg arbeid ho broren til kona sin, kaptein Ludvig Daae. Eg var lærar for kapteinens barn på herregarden deira Solnør i Skodje. Eg jobba der i 7 heile år.

 

- Kva gjorde du når du ikkje jobba der lengre? Spurte eg medan eg fekk da nye glaset med fanta.

- Eg reiste. Eg hadde jo heile tida eit sterkt ønskje om å arbeida meir fagleg. Og etter at Noreg vart løyst frå dei 434 år lange sambandet med Danmark i 1814, hadde vi nordmenn mista vårt eigne gamle språk. Så eg byrja å granska min eigen sunnmørske dialekt og plantelivet i distriktet. Eg reiste til Bergen sommaren 1841 for å få arbeidet mitt vurdert av biskop Jacob Neumann. Han vart faktisk veldig imponert over språkarbeidet, men delar av skriftspråkarbeidet mitt vart trykt i heile to nummer av Bergens Tidende i 1841. Ivar Aasen smilte no frå øyra til øyra, og han såg nøgd og stolt ut. Når eg så han smile så mykje måtte eg og smile.

 

- Kva skjedde då innlegga kom i avisene?

- Med hjelp frå Neumann nok ein gong, fekk formannen for vitenskapsselskapet i Trondheim vite om meg. Han heitte Fredrik Moltke Bugge. Eg fekk eit stipend frå dei slik at eg kunne reisa ut og granske det norske folkemål.

 

- Fekk du alt betalt? Spurte eg medan eg noterte.

- Nei… Eg skulle jo kunne dra sørover på vestlandet for å gjere ein tilsvarande språkgransking i andre bygdar. Tidsramma som vart satt var på to år og eg fekk ein total sum på 150 spesidalar i året for mitt arbeid. Men eg måtte sjølv dekka alle utgiftande i sambande med reisa. Vi stoppa litt der og hadde ein pause. Vi bestilte oss kvar sitt rundstykke med ost og skinke.

 

Når vi var ferdig med å ete tok vi å forsatte vidare akkurat der vi slapp.

 

- Kan du fortelja litt om reisa? Spurte eg.

- Den starta på hausten i 1842. Eg har høyrt at denne perioda vart kalla ”innsamlings perioda”. Eg studerte dialektar på sentrale plassar i store delar av Sør – Noreg. Eg ville jo få så mykje materiale og informasjon som mogleg. Forklarte Ivar før eg avbrøyt han.

 

- Men kvifor var du i Sør – Noreg?

- Eg syntes at språket der var minst påverka av dansk, svarte han. Eg nikka og han forsatte å fortelja.

- Eg reiste ikring og noterte kvart einaste ord. På den måta fekk eg med meg alle dei særprega tinga.

- Hadde du med deg papir overalt? Spurte eg forundra. Ivar Andreas Aasen lo litt for seg sjølv og rista på hovudet.

- Eg skreiv alt ned på smålappar og eg skreiv også i eit minihefte som eg hadde sydd eller laga sjølv. Og så røykte eg mykje pipetobakk og da hadde eg alltid med meg tobakkspapir. Eg glatta det forsiktig ut og delte det i to og brukte det til kladdepapir. Rundt Tiedemann – logoen skreiv eg notatane mine. Eg brukte også konvoluttar som eg fekk brev i til kladdepapir. Eg delte de opp i småbitar og tok dei med meg. Og eg brukte også gamle teaterbillettar.

- Så det gjaldt berre å væra kreativ? Sa eg og smilte.

- Ja, det var berre da som skulle til så sparte eg mykje pengar. Ivar lo litt smått for seg sjølv.

 

- Hvor lenge varte reisa din og kva skjedde etter den? Spurte eg og håpa på å få vite endå meir eg ikkje visste fra før.

- Eg reiste i 1842 og var ferdig i 1846, det vil sei 4 år varte reisa. Og gjennom dei åra låg eg bak meg 400 mil. Når eg var ferdig, flytta eg til Kristiania for å slå meg til ro, svarte han.

 

- Blei du buande der? Spurte eg nysgjerrig.

- Eg vart buande der resten av livet, men kvar sommar reiste eg på nye turar til stedar og områdar eg ikkje hadde fått besøkt på reisa. I heile 1847 sorterte eg all informasjon som eg hadde skaffa over dei fire åra. Og når eg hadde sortert dei byrja eg å skrive ein bok om det. Og allereie i 1848 la eg fram verket ”Det norske Folkesprogs Grammatikk”. Ivar stoppa og drakk litt av kaffen. Så forsatte han.

- Dette var mitt første store verk som eg gav ut. Eg fekk mykje ros for boka, og særlig frå P.A. Munch. Når eg gav ut boka fekk eg mitt store gjennombrudd som språkforskar.

 

- Hvem var P.A. Munch? Spurte eg.

- Peter Andreas Munch var ein historikar og han er kjent for sitt arbeid med Noregs middelalder historie. Han var ein god mann og han støtta mitt dialektprosjekt 100%. Etter Ivar hadde fortalt meg dette gjekk han på toalettet. Eg kjøpte litt sjokolade som dei solgte på Hector’s og satt det ned på bordet.

 

- Kva gjorde du etter at du hadde gitt ut boken? Spurte eg etter Ivar hadde komen tilbake og svelgt sjokoladen han hadde i munnen.

- Eg byrja på ein ny bok, svarte han og lo.

- Eller det var ikkje ein bok, det var ein ordbok og den heitte ”Ordbog over det norske Folkesprog”. Det var meir enn 25 000 ord i den og eg gav den ut i 1850. Han smilte igjen. 25 000 ord? På berre eitt år. Eg vart heilt satt ut eg, og det trur eg at han merka for han forsatte å fortelja ting sjølv om han visste at han skulle få eit nytt spørsmål.

- Men dette var då slutten på min vitenskaplige arbeid så i 1851 mista eg stipendet mitt med Vitenskapsselskapet. Men i staden for fekk eg eit statsstipend på livstid. Eg fekk lønn direkte frå stortinget. Den neste boka mi var ”Prøver av Landsmaalet i Noreg”. Denne boka inneheldt prøvar av målføre, men på slutta av boka har eg skrevet mine eigne idear omkring ”Landsmaalet”. Men mitt landsmål var ikkje noko alternativ før verket ”Norsk Grammatikk” vart utgitt i 1864. Når eg då i 1873 gav ut ”Norsk Ordbog” at eg stadig fekk fleire tilhengare. Eg nikka. Han hadde hatt eit så spennande liv, men det var ein viktig ting eg var veldig nysgjerrig på.

 

- Kvifor gifta du deg aldri? Spurte eg forsiktig. Han vart stille, men han svarte.

- Eg veit ikkje heilt. Eg hadde berre ein sjanse i livet, Berte. Og då var eg ung og eg brydde meg meir om jobb og interesser, enn kjærleik. Eg har jo skrevet ein god del om då i dikta og breva mine. Han vart ganske trist nå så eg valgte å skifte emne.

 

- Ja, for du skreiv jo dikt, brev og til og med skodespel og. Kan du fortelja litt om dei? Spurte eg.

- Det er vel noko som ikkje så mange visste om meg, eller veit om meg. Det er ikkje så mykje å sei om dei. Eg utrykte følingane mine i dikta. Dei som er mest kjente er skodespelet Ervingen som eg gav ut i 1855 og diktsamlinga Symra som eg gav ut i 1863. Dette var dessverre ein brå slutt på dette intervjuet fordi Ivar Andreas Aasen hadde eit anna møte han skulle i, men for min eigen del gjekk det heilt fint for eg hadde meir enn nok informasjon. Eg takka for møtet og fulgte han eit stykke på veg. Eg skunda meg heim for og skriva når han hadde gått. Eg ville ikkje gløyma ein minste detalj!

 

I 1885 vedtok Stortinget å likestilla landsmålet (Nynorsk) med riksmålet (Bokmål) som skule og offisielt språk.

 

Ivar Andreas Aasen hadde eit avslappa liv på slutten. Han konsentrerte seg mest om helsa den siste tida. Han blei regna for å væra hypokonder – han kjente seg sjuk støtt. Han fekk hjelp av mange gode venar når han hadde så mange plagar at han ikkje klarte seg åleine. Men han kunne ikkje holde ut for evig. 23. september 1896 døydde Ivar Aasen, Nynorskens Far. Han blei gravlagt på Vår Frelsers gravlund.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish