Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Hlt 7ke Tndnsar

Hlt 7ke Tndnsar

Nynorsk tentamensoppgåve. Oppgåva var å skriva om mitt forhold til mobiltelefonar.

Karakter: 5

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.04.2006


Mobiltelefonar er noko skikkeleg dritt. Dei pip, ristar og blinkar så fælt at tivoli vert ein roleg tur i parken. Ein kan bestille kule ringetonar og bilete som kostar 20-30 kr stk., og senda biletmeldingar som kostar 15 kr per. melding. Det er vel ingen tvil om at mobiltelefonar vart lagde for å kunne kommunisera lettare uten å gå med leidningsrull på ryggen og aggregat på trillebåra, men det har vel diverre utvikla seg til å blidgjera dei litt meir pengeinterreserte her på ballen. No kan du få mobil med kamera og mp3-spelar, eller skal eg seia kamera og mp3-spelar du kan ringja med. Det vert utvikla nye mobilar i hau og fleng, stadig for å finna nye måtar å selga dyre greier på. Det nyaste på markedet nett no er dei så alt for berømte 3G-telefonane, telefonar som gjer at du kan sjå dei du snakkar med på mobilen. Eg gler meg verkjeleg til å sjå kva minuttprisen vert på denne tenesta.

 

Det er mest jenter som nyttar fenomenet mobiltelefon i dagleglivet. Mobiltelefonar vert mest nytta til ringing, sjølv om dei eigentleg vart laga for meir gamaldagse motiv, å snakka i telefonen, for herrejøsses, kven er det vel som snakkar i telefonen. For å skriva mindre nyttar folk sms-språk, eit døme er å finna i oppgåveheftet;


”R du 7k oxo?” ”Nei j r ok :)

Som tyder:

”Er du sjuk også?” ”Nei jeg er ok:)

 

Det er vel ingen hemmelegheit at mobiltenester kostar meir enn ein slikkepinne, til dømes ringetonar og bilete, som kostar 20-30 kr stk. Då byrjar eg å tenke litt, ein ringetone er ikkje ein heil sang ein gong, men allikevel. Viss du har ein cd med, la oss seie 18 songar, den kostar 200 kr. Viss me gongar 20 kr med 18 får me 360 kr. Du treng vel neppe vera einstein for å skjøna at prisen vert nesten dobla, og du får ikkje eingong ein heil song!

 

Mor mi, som er noko og førti år, klarar seg ikkje utan mobilen. Ho klakkar og styrer på med mobilen, og sender morosame meldingar til andre som ikkje klarar seg utan mobilen. Ho har til og med prestert å seia;”Korleis klarde me oss før mobilen vart oppfunnen”. Vel, det skal eg seia deg. Livet på ballen slik stoda er no, er så oppstressa og travel at ein skulle tru me alle gjekk og vasa på børsen i New York. Sjølv klarar eg meg fint utan mobilen, og har han på nett når det passar meg, det har vore periodar der eg har hatt mobilen av i 1-2 månader i slengen, ganske enkelt fordi folk treng ikkje ha tak i meg til ei kvar tid, vert det viktig nok ringjer dei.

 

Det fins mange typar telefonar; Nokia, Sony Ericsson, Motorola, Siemens, LG og så vidare, etc. ++. Men for meg verkar det som om alle telefonane er programmerte til å døy etter ei viss tid, uansett korleis du behandlar dei, einaste trufaste mobilen eg har hatt var ein gamal nokia 5110, som vart laga før design vart det viktigaste, og ”driftsikkerheit” var tingen.

 

Min oppfordring til det norske folk er å dryla mobilen i veggen, finna fram plankane, og ta seg ein tur til fjells, utan mobil. Då seier du vel; ”Men kva om noko går gale og dei treng hjelp”. Vel dagens folk går så lite til fjells at det skal ikkje mykje til for at noko går gale, men ta med ei nødbluss og to, så går alt fint. Stol ikkje på finelektronikk i norske fjell, norsk snø, norske fjordar osv. Telefonar har ein tendens til å streika viss dei høyrer ordet fuktigheit.

 

Aborginarane i Australia fann tidleg opp ein finurleg måte å kommunisere over lange avstandar på. Dei nytta ei treplate, og eit langt tau. ”Telefonen” fungerte på den enkle måten at dei snurra i tauet, treplata var i enden. Bodskapen i meldinga, telefonsamtalen, endra seg etter kor fort dei snurra på tråden. Aborginarane var ein smart gjeng.

 

Mobiltelefonar er noko dritt, og det kjem neppe til å verta noko betre med åra, om ein 10-20 år kjem ikkje eingong folk til å ha mobiltelefonar, heile telefonen kjem til å vera ein propp i øyra du aldri treng fjerna, ein evig handsfree. Snu før det er for seint! Kast mobilen din i protest!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil