Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Farmora miSkriv ut Utskrift
Et kåseri om vårt forhold til dyr basert på min dyreelskende farmor.
Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



Vi høyrer stadig om dyr som ikkje blir behandla godt av eigarane sine, eller om dyr som ikkje har eigare i det heile. For desse blør hjartet til farmor. Farmora mi er glad i dyr. Det finst inga grenser for kor glad ho er i dyr. Du skal væra snill mot dyra, Rakel, seier ho med overtying, for dyra er svoltne.

 

Den thai-hjelparen hennar, kjem til å bli den fyrste til å bli smitta av fugle-influensaen på Gjøvik, skal ein døme ut ifrå tilstanden på terrassen til farmora mi. Ho er mektig stolt, av å ha ikkje mindre enn 12 fullvaksne by-duar i kosten kvar dag. 11 grå, og ei kvit som heiter Marte. I tillegg kjem alle dei andre små fjørkledde venene hennar. At det kostar ein formue å fore dei, eller at dei skit ned heile terassen hennar, får så vere. Dyra er svoltne.

 

Farmor er oppvaksen på gard. Dei hadde kyr og gris og andre husdyr til nytte og hyggje. Men ein kjæle-geit hadde dei ikkje. Ho hadde og systre som var glad i dyr, og saman masa dei til seg ein slik. Geita budde inne, men den dagen ho gjorde frå seg på stovebordet på Øverby Gård i Fluberg, vart det jamt slutt på det, men eg trur det var der det byrja.

 

Ho og farfar eigde hundar i mange år. Dei het Tell og Tass og sikkert andre namn på t og. Hundar kan vere rare dyr. Den eine hunden lika å køyre bil. Han gjekk fem kilometer ned til hovudvegen og satt der og venta til nokon kom for å kjøyre han heim.  Farmor var mange gonger sint på farfar fordi han ikkje var tilstrekkeleg venleg mot hundane. Ho tykte kanskje at han ikkje ga dei nok å ete. Eller at han snakka hardt til dei. Det var ikkje bra. Vi veit at farfar òg var glad i dyra. Men han kunne ikkje dy seg fra å terge ho. Vi veit at han klappa hundane så fort ho ikkje såg det. Han var ein morosam mann, farfaren min. Nokre gonger ufrivilleg morosam, men like fullt.

 

Dei hadde ein seter i Valdres, besteforeldra mine. Der gjekk det sau som ingen riktig visste kven som eigde.  Sauar var ikkje favoritt-dyra til farfaren min. Han brukte mykje tid på å tilverke skremme-metodar. Då vi kom på ferie-vitjing stod det alltid klart femlitar- kannar av plast fylde med spiker og bruskorkar og alt som kunne laga tilstrekkeleg med lyd. Eg og bror min brukte mykje tid i barndomen på å jage sau. Ein gong syntest eg synd på dei vettskremde lamungane og ville ikkje jage dei. ”Eg vil ikkje meir” ropte eg oppover bakken mot farfar som sto på utkikksposten sin på verandaen. ”Du skal,” ropte farfar, ”elles kjem eg med bil og traktor og tek deg i øyre!” Eg trur eg og bror min lo. Eg hugsar ikkje heilt. Vi ler i dag. Det er då òg det viktigaste. Så eg fekk verken dårligare eller betre forhold til sauen eller farfar etter den opplevinga. Det er då noko.

 

Når eg tenkjer etter er det kanskje ikkje så rart at farfaren min hadde eit noko ambivalent forhold til dyr. Eg meiner, viss ein tar med den historia om den gongen han lagde eit heimelaga straumgjerde for å halde sauen frå døra, av noko ståltråd og to bilbatteri. Det gikk fint heilt til ein sau sette seg fast i det, og sprang i full panikk under verandaen inntulla i heimelaga straumgjerde. Farfar måtte krype innunder verandaen han òg, bannande over å få både straum og spark frå sauen. Farmor sto oppe på verandaen og ropte at han måtte vere snill mot den hjelpelause søya, og farfar ropa tilbake at han ville drepa heile svineriet. For ordens skyld, han var aldri i stand til å gjera noko slikt. For ikkje å gløyme den historia der ei mus gnog sund bensinslangane i bilen, og sette heile den fine oransje Saaben i full fyr. Slik setter naturleg nok spor.

 

Mor mi sitt fyrste minne frå stølen var frå 60- talet, då dei fortsatt bruka hest for å kome seg dit opp. Det fyrste ho fekk auge på, var ei gamal dame med kvitt oppbunde hår, i svart kvardagsbunad som sto ved hoggestabben og hogg hovuda av høns. Dei flaksar jo som kjent rundt blodige ei stund etterpå, så det var nok litt av eit fyrste inntrykk. Ho tok tydeligvis ikkje heilt skrekken, for ho og far min blei gift, og ho laga stadig hønsefrikasear, då ho sikkert hadde fått oppskrifta av oldemora mi.

 

På stølen i gamle dagar hadde dei hestar til bruk i skogen. Arbeidshestane fora farmor  gjenom kjøken-vindauget.( Ja, vi har bilete av det) Eg er sikker på at dei visste når ho laga mat til svoltne skogsarbeidarar og det var potetskrell, eller hva det no er desse hestane et, å få. Det har alltid vore svoltne dyr i livet til farmor.

 

I dag tek ho imot kattar som treng ein heim. Mange gonger. Dei fleste er seinare blitt overkjøyrde av uvettige bilistar. Som ein av kattane, som nokre gonger lydde det konglege namnet  Prins. Han var som dei fleste andre konglege, eit offer for innavl, og omkom òg i ei trafikkulukke. Dessutan var farmor overtyga om at Prinsen hennar var homo(!) Ho har òg omsorg for forbipasserande kattar, og sjølv om dei er merka og ber halsband, er ho sikker på at dei er mishandla og halvt ihjelfrosne og at dei difor følgjeleg treng noko å ete.

 

Farmora mi, har naturleg nok fødd ein son. Det var far min. Han vaks opp på graut og blei også glad i dyra. I fylgje farmor blei far min fødd 7 månader for tidleg. Ho gifta seg i august, og far min kom i oktober. Sjølv om han vart fødd seint i oktober, husker eg at eg stussa litt over det. Eg såg på bileta, men brura, og også systrene hennar, bar flotte og store brudebukettar på bileta den gongen. Men eg har aldri krangla noko særleg på det. Men ein skulle vel tru, at ho kanskje visste kva som kunne kome til å skje den dagen ho inviterte inn ei lita fin hokatte, til den store fyrrige hankatten som låg og dorma i godstolen hennar. Han heiter eigentlig Prikken, men som kosenamn gløymer farmor som oftast å uttale r’en i namnet hans. Han søv i vasken på badet, og drikk vatn frå tannglaset hennar.

 

Nede i kjellaren bur Terje og Pachuen. Terje er ein stor mann. På alle måtar. Han er mellom anna privat-sjåfør for farmor, og det er fint, for ho hadde ikkje greid å bere all maten til venene sine frå butikken sjølv. Det er trygt og godt for meg og bror min å ha dei der for å passe på, men det kan nok bli litt mykje for dei nokre gonger. Som nå ved den heilage juletid som den vesle hokatta fekk løpetid.

 

Dette gjekk ikkje upåakta hen hos den fem år gamle distriktsbefruktaren, og han starta sin eigen kjemikaliefabrikk i stova hos farmor. Stakkarane i kjellaren hadde sin fulle hyre med å vaske godlukt, og til slutt greip bror min inn. Farmor meinte at kattane berre kosa seg og var gode vener, og det skulle vi ikkje nekte dei. Men bror min syntest ikkje noko om ei familieauke, så etter fleire iherdige forsøk på å få vesla inn i katteburet, bar det strake vegen til veterinæren med ho. Og farmor vart stram i andletet, og tykte dette var i strid med naturen og grensa til mishandling. Og ho tykte synd om pusen sin, og ho ynsja at kattane kunne snakke, slik at ho kunne gje dei det dei hadde mest lyst på.

 

Så bar det iveg med hannen, som gjekk frivilleg inn i buret, då han aldri kunne drøyme om at noken i heile verda kunne komma til å gjere han noko vondt. Forholdet hans til bror min har aldri vore det same etter det. Da han kom heim, tissa han i skoen til bror min, og siden har han måtte sette skoa på hattehylla når han vitjar farmor. Katten er no blitt pensjonert, og veg 8 kilo.

 

Ein gong vi var der til middag, det var ein strålande sumardag og vi åt kotelettar på verandaen, kom ei fluge surrande. Ho satt seg på tallerkenen til farmor,og eg ville til å vifte ho vekk. Men farmor ville ikkje det. I staden laga ho ein eigen liten tallerken av flatbrød til fluga, der ho kunne få sitte å nyte eit betre måltid mat ho òg. Seinare på ettermiddagen fikk eg sjå at farmor var litt nedfor. Eg spurde kva som var gale, og ho sa at fluga hennar hadde ”tulla” seg bort i stovevindauget, og at ho hadde kome til å slå ho ihjel med siste nummer av Hjemmet. For farmor har ikkje storleiken noke å seie. Farmor er glad i dyr.

 

Det er ikkje berre dyr som nyt godt av det store hjartet hennar. Ho er nok den einaste zen-buddisten på Gjøvik, med respekt for alt levande liv. Sjølv folk som ikkje behandlar ho bra. Alle er like viktige i farmor sitt univers. Ho hadde ein operasjon sist haust. Vi kunne ikkje forlate sjukehuset før ho hadde fått teke farvel med vaskejenta frå Fillipinene. Og alle problem i verda kan i fylge farmor løysast med eit godt måltid mat. Hadde alle vore like lite opptatt av seg sjølv som farmor, ville verda vore ein betre stad. Det ville kanskje vore litt mange kattar i verda. Men likevel.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish