Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Fødd med ski på beina og barsk som ein viking

Fødd med ski på beina og barsk som ein viking

Kåseri om hvordan det er å være norsk.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.04.2006

Noreg har ikkje så mykje til felles med Italia. Reint geografisk fins det likevel eit fellestrekk: båe er utforma som klesplagg – Noreg ein vott og Italia ein støvel. I verden ligger Noreg langt nord - ein stad mellom Amerika og Russland (ei uheldig plassering dersom det skulle verte atomkrig). Reint formelt er Island også ein del av Noreg. Reint formelt.

 

Dei første nordmennene – vikingane - var eit tøft folkeslag. Dei hadde lange hus, drakk mykje øl og gjekk med hjelmar med horn på. Mange påstår at samane var her først. Dei spelte på trommer og samla på reinsdyr. Eg vet ikkje kven som budde her først, og eigentlig betyr det ikkje noko heller. Samane er stua godt vekk i nord og vikingane er borte. Likevel er dei ein del av bildet Noreg.

 

For hundrede år sida var det Sverige som eide Noreg. Svenskane hadde fådd landet av Danmark. Kvifor danskane valde å gi frå seg stolte Noreg framfor iskalde Grønland, skjønner ikkje eg. Likevel er eg glad for at det vart slik, for svenskane kvitta seg raskt med Noreg når dei skjønte at nordmennene snakket dansk. Svenskane innsåg nok at det ville blitt umulig å kommunisere. Dermed var Noreg et fritt land.

 

Nå var det viktig for nordmennene å skaffe ein egen identitet. Store norske karakterar sto fram for å skriva seg inn i historia. Noko som sto hjartet nært, var å skaffe eit eiga språk – dansk var så vanskelig å forstå. Dermed oppfann Ivar Aasen nynorsken – eit viktig kjenneteikn på Noreg. Dette var nok til at den valdsame Språkstriden braut løys, som skulle herje landet i kven veit kor mange år. Deretter kom andre verdskrig, og nordmennene mista igjen kontrollen over landet sitt. Etter nokre år fikk tyskarane heimlengsel, og drog heim.

 

Vi nordmenn elskar landet vårt, med høge fjell og djupe fjordar. Det synger vi i alle fall i nasjonalsongen på 17. mai. Denne dagen er Noreg i eit nøtteskal. Da kostar folk støvet av bunadene sine (”håpar den fortatt passar!”) og samlast for å gå i tog og reflektere over kor godt det er å bo i eit fritt land. For de voksanes vedkommande er det i alle fall slik. Barna feirar friinga med å skyte på kvarandre med knallpistolar.

 

I Noreg har vi veldig flott natur. Vi som bur her, tilbringer naturleg kvar ei anledning i det fri. Det er også andre som har oppdaga kor vakkert det er her. Kortvaksne menneskjer austfrå reiser halve jorda rundt for å kome hit å nyte det vi har rundt oss. Det som fasinerer dei mest er dei mektige isbreane våre. Dei kan stå i timevis framføre ein slik med blinkandes blitsar på dei kompliserte kameraa sine. Det er lurt å holde seg unna, elles kjem de til å stappe kameraet oppi hendene dine og vente at du skal kunne bemanne det. Men vi kan ikkje klandre dei – kven ville ikkje reise hele jorda rundt for å sjå på ein stor, blå og kald klump? Når dei har gått tomt for film, morer de seg med å bygge tårn av stein. Når dei drar heim, kjøper dei med seg et leketroll, eit trekrus og ei t-skjorte.

 

Det som definerar ein nordmann, er ein som er fødd med ski på beina og barsk som ein viking. Alle nordmenn er som kjend fødd med ski på beina. Ein nordmann høgg sin eige ved og han bur der ingen kunne tru at nokon kunne bu. Tar du på deg ski og går i snøkave opp den brattaste fjellsida ved ein fjord, til du kjenner ei eim av tørrfisk, så finn du nok ein ”vaskekte” nordmann.

 

Nordmenn har funne opp to ting: den banebrytande bindersen og den revolusjonerande ostehøvelen. Det er merkelig nok ikkje disse som gjør at vi har det så godt. Det er det sorte gull – oljen – som gjør Noreg til ”verdas beste land å bo i”. Sjølv om det er tilfellet, finner vi som regel noko å klage over. Slik vil det antakelig alltid være, dette fordi at vi har det så godt. Litt vil ha meir.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil