Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Bak skjulte veggar

Bak skjulte veggar

Petter har det tøft hjemme.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
26.04.2006
Tema
Familie


Den hese, triste stemma til Fuel strøymde ut av høgtalaren. Petter låg i senga si med puta pressa mot hovudet. Det var nesten som om orda gjorde alt for å snike seg under puta: " I had a bad day, again..." Han sparka hardt til sengestolpen for å prøve å halde igjen eit hulk, men greide det ikkje. Aldri i verda om faren skulle finne ut at han låg her og grein, det var nesten verre! Verre enn alt det andre.... Han kjende kjensla av kvalme kome over han. Akkurat no hata han faren! Han hata seg sjølv òg; verkeleg hata!

"Petter!" Nokon røska i dørklinka. Ein neve mot døra etterfylgd av eit sint snøft. Litt etter, subbande skritt.

 

Petter lukka augene. Han tenkte tilbake. Det var då mora blei sjuk det heile byrja. Det var då faren hadde byrja å drikke, og slå... Han pleide å slå Petter ofte, til og med vesle Ida hadde fått ein øyrefik ein gong. Men då blei det nok for Petter. Faren hadde nok enno arr etter stolbeinet i nakken.

 


Etter det hadde han lète vere å slå Ida, men Petter slo han like mykje, om ikkje meir. Han lèt alltid sinnet sitt gå ut over Petter, sjølv om det berre var ein liten ting, som at postmannen kom ti minuttar for seint. Men faren passa alltid på at han slo på stadar på kroppen som ikkje var synleg for andre. Lærarane på skulen trudde at faren til Petter var ein kjernekar, og det siste dei tenkte var nok at denne snille og kjekke mannen var ein barnemishandlar. Noko kviskring og tisking blant elevane hadde han no høyrt, om at faren hans var ein alkoholikar. Men då foreldra høyrde dette sladderet, sa dei med overbevisande røyster at det ikkje var rart faren til Petter av og til tok seg ein drink, når mora låg for døden og sonen hans var ein foreldreøydeleggjande, liten eitel. Eller det var i allefall det Petter innbilte seg at dei sa om han. Faren hadde for lenge sidan overbevist Petter om at det var hans skuld at mora var sjuk. Hans mas, hans skuleproblem, ja, i heile tatt det at han levde.

 

Petter skulle så inderleg ynskje at mora ikkje hadde blitt sjuk! Han tok handa opp mot det våte kinnet sitt, og lèt som om det var mora som strauk han, sånn som ho hadde gjort før ho blei sjuk. Han sakna dei trygge, faste hendene hennar. No var dei berre slappe og kalde. Han opna augene. Ei tåre rann nedover kinnet, der så mange tårer hadde funne vegen før.

 

Petter visste at han ikkje kunne stengje seg inne på rommet sitt heile dagen, så han tenkte han like godt kunne møte fienden med det same. Han tørka det våte andletet og prøvde å skjule alle teikn på at han hadde grått. Men tårene pressa seg fram på ny då han kjende på den ømme og forslåtte ryggen. Petter hadde for lenge sidan byrja å tvile på at det var ein Gud i himmelen. Likevel ba han til Gud kvar kveld. I håp om at han fanst.

 

Petter la øyret inntil døra og lytta. Han kunne høyre tv`en frå stova. Forsiktig vrei han om nøkkelen og skubba opp døra. Surringa frå tv`en blei høgare. Han gjekk mot lyden. I stova sat faren, som alltid, med beina fint planta på bordet og med ei diger bytte popcorn på den endå større magen.

 

Petter ombestemte seg. Idet han skulle forlate fienden sitt territorium kom han til sparka ei av dei mange ølflaskene til faren. Han såg faren rett i augene. Faren smilte grotesk. Noko skjedde der og då. Eit flimmer av bilete. Han såg for seg mora på sjukehuset. Det hjelpelause utrykket i andletet. Det er di skuld, Petter. Hender som slo mot kropp.

 

Petter merka ikkje kva han gjorde før det allereie var gjort. Ei stor spyttklyse styrte rett mot andletet til faren. Då var det gjort. Faren såg ut som om nokon hadde brent ned huset hans. Han nøgde seg ikkje med å bli raud som ein tomat, nei, lilla blei han. Bytta datt på golvet, eller rettare sagt; vart slengt vegg imellom.

 

"Din forbaskade møkkaunge!" brølte faren. Petter skjønte at viss han berre stod der, kom han til å få den same leksa han hadde fått før på dagen, så han tok beina fatt og kasta seg mot døra. Faren var ikkje sein med å kome etter. Petter kom så vidt ut døra før han kjende farens jarngrep om armen. Kort etter ein knytta neve i magen. Petter sank ned på kne. Han heiv etter pusten. Det kjendest som han hadde svelgd bly. Smerta var som tusen vepsestikk.

 

Han såg at farens fot var på veg inn i sida hans. Petter lukka augene og var klar for å ta imot endå meir smerte. Men sparket kom aldri. Han opna augene forsiktig. Ei dør lukka seg, han måtte tvinge seg sjølv til å sjå opp. Fru Hansen. No stod ho og betrakta han frå vindauget. I den eine handa hadde ho ein telefon.

 

Petter vende hovudet mot faren. Augene til faren var no med eitt angrande. Faren si hand strekte seg mot sonen. Petter kjende hatet mot faren velte opp i han. Han såg avvisande på handa. Handa til djevelen, rota til alt vondt. Faren trekte handa skamfullt til seg. Han snudde seg sakte og gjekk med bøygd hovud inn i huset. Huset, der så altfor mykje vondt hadde forekome.

 

Petter såg opp mot himmelen. Stjernene var klårare og finare enn vanleg. Vegen mot sjukehuset var ikkje så lang som før.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil