Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den må tidleg krøkjast som god krok skal bliSkriv ut Utskrift
Dette kåseriet handler om at en tidlig skal krøkes!
Nynorsk - KåseriForfatter:



Den må tidleg krøkjast som god krok skal bli, heiter det, og då spør eg meg sjølv om ikkje alle eigentleg er krøkt, eller vert krøkt, på godt og vondt.

 

Du tenkjer nok at mora di og far din har gjeve deg grunnlaget for kva du er interessert i. kva for val du tek dagleg, og synet på framtida. Dei har kanskje stimulert deg med lagspel, kanskje også med ski eller motoriserte aktivitetar opp gjennom åra.

 

- Du har muliges og arva noko av deira livsstil!

Ikkje gjennom sjølve arvematerialet, men snarare gjennom livsstilen deira. No tenkjer du kanskje at ein skulle setje pris på det dei gjorde. At dei kjørte deg til trening kvar måndag, og følgde deg til skolebussen kvar morgon. Du er glad dei laga matpakke til deg før du drog på skulen og ordna til og med middag før du kom heim. Kanskje sette du ikkje pris nok på alt dette den gongen, fordi det vart ein vane. Men i dag takkar du vel dine foreldre for din eigen oppvekst og alle dei strenge tiltaka du vert utsett for. Vel, vi ser stadig menneske som lykkast i verda. Vi ser til dømes Ole Gunnar Solskjær på tv eller vi les om han i aviser. Vi dreg på konsertar og ser våre idolar spele.

 

Ja, dei har så absolutt lukkast! Men kva er så den eigentlege grunnen til dette? Kva er nøkkelen til suksess? Ikkje alle har hatt ein god oppvekst, ei god mor og ein god far, eller har arva gode genar eller har medfødde positive eigenskapar heller. Det som da må vera avgjerande, er kanskje reine tilfeldige omstende og miljøfaktorar. Solskjær hadde talent allereie som 10-åring, og spilte på A-laget som syttenåring. Alt virka nesten tilrettelagt for han, fordi alt rundt han stemte: genar, miljø og viktigast sjølvsagt var nok heimefaktorane: gode foreldre og trygg oppvekst. Vi kan ikkje klage vi som har ei framtid og dei naudsynlege heimefaktorane, og ikkje minst gode utdanningsmoglegheiter. Vi lever kanskje eit heilt normalt liv og er glade for det. Vi kan gå, fordi vi lærte å krabbe, og vi kan tale fordi vi lærte språket som unge. Og vi har eigne meiningar og oppfatningar, fordi vi alle er menneske!   Eit ordtak seier at alle og einkvar er sin eigen lykkes smed. Det høyrest jo riktig og er nok ei klår sanning. Men alt dette kjem ikkje av seg sjølve.

 

Vi vart tidleg lært opp av foreldra våre om rett og galt. Vi fekk ikkje lov til å ete godterier i vekedagane og sitje fora tv-en etter sengetid eller vera ute etter inneti. Vi sparka og slo når vi vart sinte. Vi hadde ikkje lært betre!Vi var unge, urøynde småtassar mot heile verda!

 

I barnehagen vart vi fortalt at mobbing var forboden, og dei tok dette alvorleg. Vi kunne ikkje gå ut av skolegarden i friminutta korkje på barneskulen eller ungdomsskulen. Banning eller einskilde frekke kommentarar var grunnlag nok for ein alvorsprat eller melding med heim.

 

I førre veka las eg ein artikkel om at perfekte foreldre kan skade barna. Jo færre barn dei settar til verda, jo meir ynskjer foreldra at dei skal lukkast!

 

Eg tolka artikkelen slik at "perfeksjonisme er selvdestruktivt". Det må bety at for mye vekt på det perfekte kan verke øydeleggjande på barnas oppvekst og utvikling. Kanskje er einebarn særleg utsett, fordi for mykje konsentrasjon vert retta mot det eine barnet.

 

Det er nok mange døme på verdskjende norske heltar og kvifor dei har nådd så langt i livet. Eg vil ikkje nemne namn, men felles for dei alle trur eg at dei starta tidleg, og at foreldra var klåre over talenta deira. I samsvar med tittelen og ordtaket av kåseriet må starten vera særs viktig. Og grunnlaget vert lagt av foreldra eller dei næraste pårørande.

 

Nivået seinare i livet kan kanskje avgjerast i dei første leveåra. Er verda så urettvis at nokre lukkast, andre ikkje? Alle skulle ha sjansar i eit rikt land som Noreg. Ein treng ikkje svelta, ikkje bruka dop eller andre stimulerande middel.

 

Er oppveksten vår årsak til dette? Det trur eg. Og dermed vil eg hevde at foreldre eller andre oppdragarar har eit stort ansvar. Og eg ser klårt at dette også angår sjølv meg som ein mogeleg familiefar. Kan eg gi mine barn ein god start i livet med alt det dette vil innebera, skal eg vera nøgd, og eg vil prøve å fylgje prinsippet om at tidleg krøking gir det beste resultat.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish