Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Borte bra, men heime bestSkriv ut Utskrift
Kjærleikshistorie med overranskande slutt.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Maren stig ut av flyet. Ho får ein heitande varme, slåande mot seg. Endeleg er ho her. Dette er draumen ho alltid har drøymt om. Her skal ho vere i ei lang, herleg veke. Maren smilar og går for å finna bagasjen sin, og nokre minuttar seinare er ho på veg til det flotte fem-stjernershotellet, midt i Valletta sentrum.

 

Nokre dagar seinare har Maren blitt kjent med mange nye menneske, og ho trivst godt ved det enorme, turkise svømmebassenget. Om kveldane held ho seg som regel ved baren inne på det store diskoteket til hotellet. Det er mange gutar her som snakkar positivt om henne, men ho bryr seg ikkje om dei. Det er berre ein gut ho har lagt merkje til. Han verkar så spesiell, sit alltid ved den same plassen sin, heilt innst i baren. Det er noko mystisk ved han, men ho klarar ikkje å gjere greie for kva det er. Han har dei brunaste augo ho nokon gong har sett, håret er kortklipt og mørkt, og kroppen hans er ikkje noko å klaga over den heller.

 

Ho får eit sug i magen når blikket deira endeleg møtest. Maren ser han reiser seg og byrjar å gå sakte bortover, mot henne! Han rekkjer ut ei hand med ein flott gullring på og seier på flytande engelsk at han heiter Thomas. Ho presenterer seg etterpå, men han seier han allereie veit namnet hennar. Nokre få minutt seinare står dei vaggande ute på dansegolvet, i takt med musikken.

 

Slik held dei på kvar kveld inntil ho skal reise heim. Maren græt og græt. Ho vil ikkje reisa heim. Ho likar seg så godt her! Thomas skal vera her ei veka til. Den siste kvelden deira vert veldig romantisk. Han set band på augo hennar, og drar henne med seg. Då ho får synet att, er deii på stranda. Der har han stelt i stand piknik med mykje god mat og drikke. Dei blir der heile natta, inntulla i eit varmt teppe. Det er ein stjerneklar himmel, dei ser på stjernene saman, snakkar og kosar seg.

 

Neste dag følgjer han henne til flyplassen og her får ho sitt siste farvelkyss. Deretter stig ho inn i flyet som susar av garde. Heim til gode, gamle Norge.

 

Foreldra hennar står og ventar på henne på flyplassen i Oslo. Dei smilar og vinkar når dei ser henne. Svigerforeldra hennar kjem også og spør korleis ho har hatt det. Då ho har fortalt alt om den flotte turen, er ho så trøtt at ho stuper rett i seng.

 

Ei veke seinare står ho på flyplassen att, og ventar på flyet som skal komme frå Malta. Ut av det kjem Thomas og han vinkar mykje når han ser henne. "Maren, elsklingen min!", ropar han frå flytrappa. Ho kjem springande mot han, og dei omfamnar kvarandre. Dei snakkar om turen og vert enige om at det er noko av det sprøaste dei har vore med på. Dei var jo på bryllaupsreise, men let som om dei var frammande for kvarandre. Dei ler godt når dei mimrar og tenkjer tilbake. Han tek tak i handa hennar og spør om ho har middagen klar til mannen sin. Då tek ho tak i han og drar han med seg heim. Der får han middagen han har venta på.

 

Etter eit herleg middagsmåltid i deira eige hus vert dei samde om at det var ikkje så verst å vere heime att. Bryllaupsreisa var jo kjempeflott og spannande, men dei vart einige om at borte er bra, men heime er best.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish