Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ein kveld i VeronaSkriv ut Utskrift
Diktanalyse av Tarjei Vesaas 'Ein kveld i Verona'.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:


Diktet ”Ein kveld i Verona” av Tarjei Vesaas vart utgjeve i 1946, og ber sterkt preg av å ha vorte skreve under krigen. Diktet er skreve allegorisk om frambrotet til krigen i Europa, og dette kan tyde på at det vart skreve i dei første krigsåra.

 

På perrongen på jernbanestasjonen i Verona står ”jeget” i diktet og ventar på kvinna si som kjem med toget. Jula nærmar seg og desse to skal feire jul saman i Rom.

 

Diktet er skreve i ein roleg og lett høgtideleg tone. Stemninga i diktet er prega av ei kjensle av å vente, og setningsdelar som ”den seine timen” og ”spend eg står og lyer” vitnar om at noko snart kjem til å hende. Personleg trur vi at det ville skjedd noko overraskande i den neste strofa, om det hadde vore noko.

 

Temaet i diktet kan tolkast som frammarsjen til den 2. Verdskrigen i Europa. Store delar av Europa venta spente på den nye krigen og mange visste at han ikkje var til å unngå, og det er dette Vesaas gir eit uttrykk for i diktet sitt. Toget er eit bilete på krigen. Alle ventar på det ”omvendte lyset i tunnelen;” ”lyset” gir folk eit frampeik på at krigen bankar på døra deira. Når dei ser lyset veit dei at no er han nær, og det er ikkje noko dei kan gjera med han. Og når lyset blir til tog, oppstår eit yrande liv og drepande kaos på perrongen. Forfattaren seier sjølv at ”perrongen yr av liv den seine timen.” Verda er på veg mot ei ny katastrofe for menneska.

 

Men Vesaas var òg oppteken av å finne noko positivt oppi alt det vonde. Saman med toget kjem det noko godt. Ei kvinne. Ei visse om at krigen er eit faktum, gjer at menneska slepp den spente kjensla. Dei veit no meir om tida dei går i møte. Kvinna kan òg vere eit symbol på det fellesskapet som krigen førar med seg. Men som vi veit; alle tog har ein endestasjon, og alle krigar har ei ending.

 

Verselinja ”I denne stunda snør det sikkert heime” kan tyde at tyskarane held på ta Noreg. ”Vinteren” (krigen) kjem inn over landet, utan at hovudpersonen kan gjere noko med det. Trass i krigen må livet gå vidare med jula, der vi òg får inn eit tettare samhald.

 

Diktet er skreve i bunden form, og bygd opp av fire strofer, kvar med fire verselinjer. Det er enderim i andre og fjerde verselinje i alle strofene, og nokon stader er det òg innrim mellom første og andre linje. Kvar strofe inneheld to setningar, som kvar går over to verseliner.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish