Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Det er ikkje gull alt som glimarSkriv ut Utskrift
Fortelling rundt det kjente ordtaket.
Nynorsk - FortellingForfatter:



Eg gjekk saman med Målfrid til skulen. Vi prata ikkje saman. Berre gjekk der. Ullskjerfet klødde på haka. Det blei fuktig når eg pusta. Det hadde snødd i natt. Eg hadde lege og høyrt på vindkasta. Det var kaldt i heile huset når eg vakna. Det var så mykje snø at eg ikkje kunne sjå ut av vindauget. Eg skulle nok hatt på meg meir klede. Raggane sklei ned under foten når eg gjekk. Alt var så stille at eg ikkje høyrte skorne knaka i snøen under meg. Rart. Det virka som om fuglane hadde snødd ned. Dei var ikkje der og sang ut i den friske lufta nysnøen hadde rensa. Hadde eg høyrt dei, kunne eg ha sett dei og visst at dei var her. Men eg høyrte dei ikkje. Det var kanskje best; då kunne eg ha noko å sjå etter. Speide, sjå - liksom jegerane. Tankane sprudla.

 

Målfrid braut stillheita med å spørje korleis matteleksa gjekk. Eg såg ingen fuglar, men det glitra i snøen. Så blei det stille igjen. Berre skorne. Og pusten. - Korleis gjekk matteleksa, sa ho igjen. Konsentrasjonen spelte meg eit puss, eg var ikkje heilt klar over kva det var ho spurte om. -Eg har gløymt matteleksa! Det tok tid. Eg fatta det ikkje enno. Ikkje ho heller. Katastrofalt! Det var berre noko ein ikkje måtte gjere, men eg hadde gjort det. Målfrid prøvde å trøyste meg og få meg inn på andre tankar, men nei. Matteleksene skulle kome foran alt, alt det andre skulle kome som nummer to, tre, fire og fem. Det hadde vi lært i mattetimane. Matteleksa var det viktigaste ein kunne gjere heime. Det er rart korleis mattematikken kan gå til haudet på ein. Den blir som ein religion, noko man må tru på for å forstå det. Eg må vere matte-ateist, noko Skurdal ikkje er. For han blir mattematikken det som leiar han igjennom kvardagen, han sjår fram til kvar mattetime der han kan fóre disiplane sine med uforklarelege, religiøse tekstar. Og liksom i religiøse heimar ventar alltid ei straff til den som ikkje gjer som han blir bedt om. Det fortalde mor om Presteson, som alltid gjekk med baken raud. Å utelate heimearbeide i mattematikk var som å synde - man måtte be om tilgjeving. Problemet var berre at det ikkje fantes tilgivelse for slik ei synd. Ein måtte straffast. Og Skurdal var forferdeleg til å finne på straff. Eg var sikker på at han kunne gjere meg til gutesopran, hvis han var i dårleg humør. Han ville gjere meg til latter for heile klassa. Auga mine søkte trøyst hos Målfrid. Ho såg på meg med uforsåelege auge, undrande. Kjensla av at det her var min siste dag tok tak i meg og klemte - klemte til varmen breidde seg i kroppen - først i magen, og så til beina. Frelsande. Tårene rann nedover kinn og under haka, der dei kila og klødde. Festa seg på skjerfet og fukta det meir. Skjerfet var klamt liksom buksa. Auga til Målfrid var festa på noko. Nede på bakken, det glima i sola. Lukta ingenting, men dampa liksom frosten i ein kald vinter morgon. Det klødde - alt klødde; buksa, haka, skjerfet, raggane. Målfrid kom nærare og ba meg gå heim. Ho kunne berre seie til Skurdal at eg var blit forkjølt under natta. Så enkelt. Ikkje noko meir. Eg takka ho pent. Ho var eit flott menneske ho Målfrid. Det var ikkje noko tull med Målfrid, sa mor.

 

Medan eg gjekk der på veg heim at møtte eg Skurdal. Han gjekk rolig men bestemt. Ein stor pels hang om kroppen på han og ei stor lue var høveleg plassert på hovudet hans. Blikket hans fanga meg og da han kom nærare spurte han meg kvar eg var på veg. Angsten breidde seg. Men utan nokon reaksjon fra han først fortalde eg han det heile, og med eitt løyste angsten seg. Eg var lettare, utan noko meir. Til min forundring hadde Skurdal semje for det som hadde skjedd og sa at eg berre kunne gå heim at. Eg takka han, og han ba meg helse heim. - Eg lovar! Ein fugl kvitra - pussig... Eg kunne ikkje sjå grendegjerde til Prestegarden. Snøen låg tett omkring, og overalt var små krystallar som blinka, liksom diamantar - ...glimar.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish