Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Universet

Universet

Oppgave om universet.

Karakter: 6 (8. klasse)

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.09.2006


1a) Asteroidar er store steinblokker ute i verdsrommet, mens kometar er skitne snøballar med store halar og koma.

b) Det finst milliardar av galaksar i verdsrommet, og to av dei heiter Malstrømgalaksen og Andromedatåka.

c) Ikeya-Zhang er ein kjent komet.

d) Hubbel-teleskopet er eit teleskop som går i bane rundt Jorda, og då me tok dette i bruk, kunne me sjå lenger og skarpare.

e)

 

<bilde>
<bilde>

<bilde>
<bilde>
<bilde>

 

2a) Solflekker er nokre mørke flekker på sola si overflate som har stor, magnetisk kraft.


 b)  Når det vert solformørking kjem månen mellom Sola og Jorda, og stengjer for lyset.

<bilde>

 

c) Når det er midnattssol i Nord-Noreg om sommaren er det fordi Jorda sin akse er skrå, og då vender Noreg mot Sola. Om vinteren er det motsett, for då vender Noreg bort frå Sola.

d) Solstrålane er viktige for livet på Jorda fordi dei gjer næring og varme og er ein viktig ingrediens i fotosyntesen.

3a) Planeten som ligg nærmast Sola heiter Merkur og er den nest minste planeten i solsystemet vårt.

b) Lyset bruker 8 minutt og 20 sekund frå Sola til Jorda.

c) Det er tyngdekrafta til sola som held Jorda og dei andre planetane på plass.

d) Solsystemet vårt har ei stjerne i sentrum og ni andre planetar som går i bane rundt henne. Dei fire fyrste planetane, Merkur, Venus, Jorda (Tellus) og Mars, vert kalla ”dei indre planetane”. Desse har alle ei fast overflate av bergartar, og alle har atmosfære (unnateke Merkur).

 

Dei fire neste, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun vert kalla ”dei ytre planetane”. Desse har ikkje overflate, men er danna av gassar. Alle har tjukk atmosfære. Dei har også ringar av isklumpar, steinar og støv rundt seg.

 

Pluto vart oppdaga i 1930 og er den ytste og minste planeten i solsystemet vårt. Han har ein måne. Pluto bruker 248 jordår på å gå ein runde rundt Sola.

4a) Når månen er full, står månen, Jorda og Sola på ei bein linje (med Jorda i midten). Då treff solstrålane månen, og me ser same veg som lyset frå Sola og ser derfor heile halvdelen av månen som er opplyst.

<bilde>

 

Når månen er halv, står Sola, Jorda og månen i om lag 45° vinkel, og me ser ein halvdel av den halvdelen som er opplyst, og ein halvdel av den halvdelen som er mørklagd.

<bilde>

 

 

b) Ved ei måneformørking kjem Jorda mellom Sola og månen og stengjer for lyset. Ved ei full måneformørking vert månen heilt mørk.

<bilde>

 

c) Det fyrste mennesket på månen heitte Neil Armstrong, og han landa på månen 21. juli i 1969. Då han tok det fyrste steget, sa han: ”Eit lite steg for mennesket, men eit stort steg for menneskeheita”.

 

Temaoppgåver

 

Planetane i solsystemet vårt

 

Merkur

Merkur er den inste av dei store planetane, og den minste nest etter Pluto. Tida han bruker på å gå rundt Sola er 88 døgn. Middelavstanden på banen (frå Sola) er 57,9 mill. km. Rotasjonstida er 58,6 døgn nøyaktig 2/3 av tida han bruker på å gå rundt Sola. Merkur har ein diameter på 4880 km, litt over 1/3 av Jorda sin. Massen er litt over 1/20 av Jorda sin masse. Merkur er vanskeleg å observera fordi han sett frå Jorda ikkje kan fjerne seg meir enn 28° frå solen. Planeten minnar om månen; overflata er tett besett med ringfjell og krater. Temperaturen svingar mykje og kan midt på dagen koma opp i 450 °C; om natta kan han søkkja ned til -180 °C. Magnetfeltet er om lag 1% av Jorda sitt; atmosfæretrykket er ein billiarddel. Grekarane kalla Merkur Apollo når han var morgonstjerne, Hermes når han var kveldsstjerne. Merkur passerer over solskiva med visse mellomrom.

 

Venus

Venus er den nest inste av planetane i solsystemet vårt. Middelavstanden frå Sola er 0,72 gonger Jorda sin, og tida han bruker på å gå rundt Sola er 224,7 døgn. Planeten er mest heilt kuleforma, diameteren er 0,95 gonger Jorda sin og massen er 0,82. Rotasjonsaksen står mest loddrett på baneplanet (87,4°), rotasjonsperioden er 243,0 døgn med retrograd rotasjonsretning. Venus har ein tett atmosfære av karbondioksid (87%) som er tilsett noko nitrogen, litt vassdamp, helium og svoveldioksid og med spor av andre gassar, og er omgitt av eit skylag som du ikkje kan sjå gjennom. Skyene består av svovelforbindelsar, delvis som krystallar, delvis i dråpeform (svovelsyre). Trykket ved overflata er mest hundre gonger så høgt som på jorda, og temperaturen om lag 480 °C. Planetoverflata er kartlagd ved hjelp av radar. Store delar av overflata (60%) er jamn med høgdeskilnadar på under 1 km. Det fins to store høglandsområde; størst er Ishtar på den nordlige halvkula med fjellmassivet Maxwell, som når opp i ein høgde på 11 km. Det er mange krater på Venus, og ein har funne tronge dalar som er flankert av åsar. Sovjetiske romsondar som har landa på overflata, har teke bilete som viser eit ørkenlandskap som er sådd over med steinar.

Jorda (Tellus)

Jorda heiter Tellus på latin og er den tredje planeten, rekna innanfrå, av dei ni store planetane som krinsar rundt Sola. Middelavstanden frå Sola er om lag 149,6 mill. km (minste avstand 147,1 mill. km, største avstand 152,1), tida han bruker på å gå rundt Sola er eit jordår, 365,2564 døgn, og den gjennomsnittlege banehastigheita er 30 km/s. Polradiusen er 6356,9 km, ekvatorradiusen er 6378,14 km. Rotasjonsperioden er 23 t 56 min.

 

Mars

Mars er den fjerde planeten rekna frå Sola og har fått namnet sitt etter romarane sin krigsgud og Mars sina to måner Phobos og Deimos er oppkalde etter guden sine følgjesvennar. Tida han bruker på å gå rundt Sola er 687 døgn, banen er noko eksentrisk, og avstanden frå Sola varierer frå 1,38 til 1,67 gonger Jorda sin. Diameteren er rundt halvparten av Jorda sin, mens massen bare utgjer ein tidel. Mars vert sett som eit klart raudleg objekt; viss du ser i kikkert viser han ei raudbrun skive med mørke og lyse detaljar og med kvite polkalottar. Atmosfæren er tynn, trykket ved overflata er 0,7% av trykket ved jordoverflaten. Atmosfæren består av 95% karbondioksid, 2,7% nitrogen, 1,6% argon, 0,15% oksygen og spor av vassdamp og andre gassar. Dei kvite polkalottane er kolsyresnø og vanleg snø. Døgnet på Mars er 24 t 37 min, og sidan rotasjonsaksen heller 25° med baneplanet, har planeten, slik som Jorda, skiftande årstider. Ved ekvator kan temperaturen koma opp i fleire varmegrader, men om natta søkk han ned til -100 °C.

 

Jupiter

Jupiter er den største planeten i solsystemet vårt og den femte i rekkja rekna frå Sola og har ein ekvatorradius på 71 492 km (11 gonger Jorda sin); pga. planeten sin raske rotasjon (9 t 50 min ved ekvator) er polradiusen 3600 km kortare. Jupiter sin middeltettleik er 1,33 gonger vatnet sin; han består vesentleg av hydrogen (om lag 75 % av planeten sin masse, det meste i flytande, metallisk form) og helium, og små mengder av metan, ammoniakk. Massen er 318 gonger Jorda sin. Viss me ser bort frå sola, inneheld Jupiter rundt 2/3 av all materie i solsystemet; men har bare 1/80 av den massen som trengs for å danne ei stjerne. Banen er mest sirkulær, avstanden frå sola er 778 mill. km, og tida han bruker på å gå rundt Sola er 11,86 år. Jupiter har ikkje fast overflate; men truleg ei fast kjerne på om lag 10-15 jordmassar; han har ein tett atmosfære som pga. rotasjonen er trekt ut i parallelle band i gult, grønt og rødt. Eit karakteristisk trekk på den sørlige halvkula er den om lag 500 mill. km2 store "raude flekk" som har vore observert i 300 år.


 

Saturn

Saturn er den sjette av dei store planetane rekna frå Sola. Middelavstanden frå Sola er 1429,4 mill. km (9,5 AU) og tida han bruker på å gå rundt Sola er 29,46 år. Radiusen er om lag 60 000 km, tilsvarande 9,46 jordradiusar, og med Jorda som eining har Saturn volumet 744 og massen 95,16. På same måte som Jupiter består Saturn av 75 % hydrogen og 25 % helium, med spor av nokre andre, tyngre grunnstoff, vatn og ammoniakk. Saturn er den einaste planeten som er lettare enn vatn; middeltettleiken er 0,7 g/cm. Rotasjonstida ved ekvator er 10 t 14 min. Saturn har ei kjerne av tyngre grunnstoff som jern og silisium, omgjeve av eit lag flytande hydrogen, som innerst er metallisk og som utan ei fast grense går over i ein tjukk hydrogen-heliumatmosfære. I atmosfæren er det funne fleire organiske molekyl (ammoniakk, metan). Atmosfæren dannar bandstrukturar, men ikkje så tydelige som på Jupiter. Saturn har eit komplisert ringsystem med fleire titusen enkeltringar. Ringane si opprinning er ikkje kjent. Dei består av smådeler som varierer i storleik frå mikrometerstore partiklar til blokker på fleire titals meter. Ringsystemet sin diameter er 270 000 km men tjukkelsen bare nokre få hundre meter. Saturn har eit kraftig magnetisk felt, og sender ut radiostråling. Saturn har 31 kjente måner.

 

Uranus

Uranus er den 7. planeten rekna frå Sola, Vart oppdaga av W. Herschel i 1781. Tida han bruker på å gå rundt Sola er 84 år, middelavstanden frå Sola er 19,2 gonger Jorda sin. Radiusen er 4 jordradiusar og massen 14,5 gonger Jorda sin masse. Den einaste romsonden som har passert Uranus, er Voyager 2. Han passerte Uranus 24. januar 1986 i ein avstand av 107 000 km og revolusjonerte kunnskapane våre om Uranus. For fyrste gong fekk man detaljopplysningar om eit system der sentrallegemet sett frå Jorda er ein liten, diffus, grønleg flekk og nokre av månane er små lyspunkt. Romteleskopet Hubble har etter dette gjeve supplerande opplysningar. Uranus består av stein og is, og har truleg ikkje ei markert steinkjerne slik som Jupiter og Saturn har. Bare 15 % av Uranus er hydrogen. Atmosfæren, som består av 83 % hydrogen, 15 % helium og 2 % metan, dannar svake, hurtig roterande band av skyer. Planeten sin blålege farge er pågrunn av metan i den øvre atmosfæren. Planeten si rotasjonstid er 16,8 t; rotasjonsaksen ligg i ekliptikkplanet; rotasjonen er kanskje retrograd. Uranus har eit magnetfelt som ikkje er sentrert gjennom midten av planeten, og det dannar ein vinkel på 60° med rotasjonsaksen. Ringsystemet vart oppdaga i 1977, altså to år før Jupiter sitt. I dag (2002) er 11 svake ringar og 21 måner kjende; 11 små og mørke månar går innanfor ringane, de 5 store og kjende (Miranda, Ariel, Umbriel, Titania, Oberon) har banar godt utafor ringane (Oberon sin bane ligg 583 000 km frå sentrum av Uranus).

 

Neptun

Neptun er den nest ytste av planetane. Tida han bruker på å gå rundt Sola er 164,8 år, middelavstand frå solen 4496 mill. km (30 gonger Jorda sin avstand til Sola). Tverrmålet er 49 500 km (om lag 3,9 jordradiusar), og massen er 17,2 gonger jordmassen. Ein hadde registrert avvik i Uranus sin bane, og prøvde å berekna banen til ein planet som kanskje låg lenger ute. Berekningane viste seg gode nok til at planeten vart oppdaga i 1846. Neptun er usynleg for det blotte auget og ser ut som ei strukturlaus, blågrøn skive i kikkert. Planeten sin blålege farge er på grunn av metan og ein del andre stoff i atmosfæren. Den einaste romsonden som har passert Neptun, er Voyager 2. Han passerte 25. august 1989 i ein avstand av 280 000 km. Kunnskapane våre om Neptun stammar stort sett frå det besøket, i tillegg til Hubble-teleskopet sine observasjonar i 1994. På same måte som Uranus består Neptun av stein og is, og han manglar ei markert steinkjerne, i motsetjing til Jupiter og Saturn. Bare 15 % av Neptun er hydrogen. Atmosfæren dannar band parallelt med ekvator og består av 74 % hydrogen, 25 % helium og 1 % metan. I atmosfæren er det også kraftige vindar som er dei sterkaste i solsystemet (opp til 2000 km/t), og store virvlar. Voyager oppdaga ein stor, mørk flekk (om lag halvparten så stor som Jupiter sin raude flekk), ein mindre, mørk flekk og ei kvit skye. Skya bruker 16 timar på å gå rundt planeten Planeten si rotasjonstid er 19 timar. Neptun har eit magnetfelt som ikkje er sentrert gjennom midten av planeten; det dannar ein vinkel på 47° med rotasjonsaksen. Ringsystemet til Neptun er lyssvakt og kan ikkje observerast fullt ut frå jord, men vart kartlagt av Voyager. Neptun har 13 kjende månar (2004). Dei 6 inste er små og ligg meir eller mindre inne i ringsystemet, og vart oppdaga av Voyager; utafor går den store månen Triton, og langt ute vesle Nereid som vart oppdaga i 1949. De fire siste månane, tre vart oppdaga i 2002 og ein i 2003, er små og går i banar mykje lenger unna planeten; ein av dei har retrograd rørsle, som Triton.

 

Pluto

Pluto er den ytste av dei ni store planetane i vårt solsystem og vart oppdaga av C. Tombaugh i 1930. Middelavstanden frå Sola er mest 40 gonger Jorda sin, men Pluto er i periodar innanfor Neptun sin bane. Tida han bruker på å gå rundt Sola er 248 år; overflatetemperaturen er om lag -230 °C. Sju av solsystemet sine månar er større enn Pluto. Pluto roterer retrograd med aksen mest 90° på baneplanet. Overflata er kanskje frosen metan og is. Pluto har ein måne, Charon, som vart oppdaga av Jim Christy i 1978. Fram til då vart Pluto oppfatta som større enn han er, idet ein ikkje hadde kunna skilja Pluto og Charon frå kvarandre. Berekningar som er baserte på observasjonar med Hubbleteleskopet har gjeve Pluto diameteren 2320 km, og Charon 1172 km. Forholdet mellom storleikane gjev paret meir til ein dobbelplanet enn ein planet med måne. Begge har bunden rotasjon: dei vender alltid same side mot kvarandre. Avstanden mellom dei er 19 600 km.

 

Stjernekart

<bilde>

Den nordlege stjernehimmelen.

 

<bilde>

Den sørlege stjernehimmelen.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil