Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den ukjendeSkriv ut Utskrift
Kjærleik som ikkje vert gjengjeldt kan føre til mange ting...
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Mannen stod utanfor vindauget hennar igjen. Det var den fjerde natta på rad no. Ho var redd. Pusta tungt. Kva gjorde han her? Kva ville han? Ho visste ikkje. Han var nærme nå. Ho kunne sjå doggen frå pusten hans. Kvinna bestemte seg for å leggje seg, ho håpa å kome seg vekk frå frykta. Ho la seg under dyna og konsentrerte seg om å sove. Det gjekk ikkje. Frykta hadde overtaket på henne. Sånn hadde det vore fire netter på rad, og ho var utslitt. Han pleide å forsvinne når det vart lyst, som om han var redd for lyset.

 

Mannen kikka på kvinna som sto inne i huset. Ho var så nydeleg. Han var besett av henne, han kikka på henne kvar natt. Å sjå at ho var redd, gleda han. Det var det han ville. Å godta at ho hadde avvist han kom ikkje på tale. Ho visste sannsynlegvis ikkje at ho hadde avvist han ei gong, så lite betydde han for henne. Han hata henne for det, og måtte ha hevn. Planen var allereie lagt. Han hadde skremt henne i nokre dagar no, nå var det berre siste del igjen. Han kunne nesten ikkje vente…

Det byrja å verte lyst. Han gjekk heim.

 

Ho hadde klart å sove litt etter han hadde gått. Kva skulle ho gjere? Dette kunne ikkje fortsetje. Ho skulle gå til politiet i dag. Dersom ho fekk tid. Det var ein del ting ho måtte gjere først. Ho tenkte for seg sjølv at det tross alt enno var dag, og han kom jo aldri før det var kveld uansett.

 

Mannen kikka på henne der ho gjorde seg klar til å gå ut. Han hadde ikkje trudd at ho ville våge seg ut, ikkje etter i går kveld. Ho hadde tydeleg vist kor redd ho var. Mannen gledde seg over den tanken. Han hadde overtaket, og han likte det. Det var grått ute i dag, og det regna. Vêret skapa den perfekte stemninga. Ho gjekk ut døra, mot butikken. Mannen hadde kledd seg i anonyme klede i dag, og det verka godt. Han var nærmast usynleg, og ho såg han ikkje. Ho gjekk vidare nedover den blaute vegen, og mannen luska etter.

 

Kvinna kjende seg ikkje trygg, sjølv om det var dag. Det var som om til og med vêret hadde gått inn for å gjere henne redd. Ho følte at det var nokon som følgde etter henne, og ho snudde seg ofte for å sjå, men vegen var folketom. Farten auka automatisk nedover gata. Når ho var framme ved butikken, storma ho inn og kjøpte det ho skulle ha, for ho ville fortast mogleg heim igjen.

 

Han hadde ikkje følgt etter henne inn i butikken, han var redd for at ho skulle sjå han og kanskje kjenne han igjen. Nei, han stod hellar utanfor og venta til ho kom ut igjen. Det hadde byrja å regne no. Han kunne sjå korleis håret hennar klistra seg fast til andletet og fekk henne til å sjå endå meir skremd ut. På det korte stykket tilbake til huset hadde begge vorte gjennomblaute, og han såg korleis ho skalv når ho låste opp døra. Sjølv var han ikkje kald ei gong. Det var som om spenninga haldt han varm og gira. Det var ganske mørkt, endå klokka berre var kvart over to. Men det passa han fint. Når det var mørkt, var han berre vanskelegare å sjå. Han likte mørket.

 

Kva var det som fekk henne til å føle at nokon følgde etter henne? Ho hadde jo sjølv sett at det ikkje var nokon her. Tankane om mannen var der heile tida. Kvinna skrudde på alle lysa i heile huset, som om det skulle gjere henne mindre redd. Ho kikka ut vindauget. Hjartet gjorde eit stort hopp. Han stod der, under det store treet. Det var berre så vidt ho kunne sjå han, han var berre ein skugge, men ho visste at han var der. Ho byrja å skjelve endå meir, greidde ikkje å tenkje klårt. Kva skulle ho gjere? Ho sprang for å låse døra. På veg mot bakdøra kikka ho ut av vindauget. Mannen stod ikkje der lenger. Kvinna kjende frykta spreie seg i heile kroppen. Var han inne i huset? Eit høgt knirk kom ovanfrå. Han var inne.

 

Knirket var ikkje planlagt, men gjorde ingenting. Mannen var så sikker på seg sjølv, så sikker på ingenting kunne gå gale, at han ikkje brydde seg om at kvinna visste at han var inne i huset. Han gjekk ned.

 

Kvinna høyrde at mannen gjekk i trappa. Han kom ned. Hjartet dundra i brystet hennar. Ho måtte gøyme seg. Men kvar? Ho sprang inn i eit skap. Kanskje ho kunne flykte seinare. Der ho stod mellom kleda sine, høyrde ho at han gjekk rundt i huset. Ho kneip augo saman, som eit lite barn som prøver å gøyme seg, og venta.

 

Mannen kom ned i stova, og leita etter kvinna. Då han hadde kikka gjennom dei fleste roma, kom han til soveromet. Det var eit fint soverom, med lyse behagelege fargar, og det var ryddig og reint. Eit typisk kvinnerom. Han høyrde henne straks han kom ned, det var ikkje det minste vanskeleg. Lyden av pusten hennar nådde øyrene hans med ein gong han kom inn i romet. Han skjønte at ho var i skapet, men gjorde som om han leita etter henne, og gjekk deretter ut. Berre for å gje henne ein falsk kjensle av tryggleik. Mannen sneik seg inn igjen, og reiv opp skapdøra. Kvinna skreik ikkje, som han hadde venta, stod berre heilt stille og sa ingenting. Ho kikka på han med livredde auge, og likna på eit skremt dyr. Mannen halte henne ut av skapet. Først då snakka ho:” Kva vil du meg? Eg kjennar deg ikkje ein gong. Eg har aldri gjort deg noko vondt.” Han kjende sinnet koke i seg. Aldri gjort han noko vondt? Ho skulle fått kjent den smerta som skar i han då han såg henne med den andre mannen. Kvinna fortente verkeleg det som venta henne.

 

Kva var det han ville? Ho prøvde febrilsk å forstå kvifor dette skjedde, men fant ingen svar. Kvinna skjønte no at det ikkje kom til å ende godt. Mannen var sterk, og ho hadde ikkje sjanse til å flykte frå han. Ho var for redd til å gråte, no var det berre så vidt ho greidde å puste. Kvinna kikka opp i det rasande andletet hans. På same tid som han var rasande, viste andletet glede, som om han likte dette. Kvinna likte ikkje det ho såg, og lukka augo.

 

Mannen såg at kvinna hadde lukka augo. Han løfta armen med kniven opp i vêret, og stakk han inn i brystet hennar. Kroppen hennar falt saman, og ho vart liggjande på golvet. Blodet spreidde seg ut som ei vakker rose under henne. Han sto der ei stund og såg på henne, før han gjekk stille og roleg ut på kjøkenet. Der fant han fram oppvaskbørste og såpe, og skrubba kniven grundig under varmt vatn. Deretter fant han fram eit reint handklede og tørka godt av kniven. Den såg ubrukt ut no. Mannen gjekk ut av huset og mot butikken der han hadde stole kniven tidlegare i veka. Inne i butikken la han kniven tilbake i hylla utan at nokon såg han, og spaserte ut igjen som om ingenting hadde hendt. Heile planen var så briljant, så perfekt, at ingen ville skjøne at han var gjerningsmannen. Politiet ville aldri finne mordvåpenet, heller. Han hadde fått det han var ute etter, nemleg hemn. Planen var utført.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish