Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Flugefiske

Flugefiske

Om fluefiske.

Sjanger
Særoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.07.2000

            For meg var det eit stor augneblink da eg som tolvåring fekk prøve bestefaren min sitt fluefiskeutstyr. Enda større var det å finne ei fluestang på loftet — sikkert fra 1960 eller noko — og kunne ruste ho ut med makksnelle og det billegaste snøret på marknaden. Samla verdi var vel snaue 500 kr. Likevel holdt det til fangst og ikkje minst ein glødande og altoppslukande interesse for fluefiske. I starten låg utfordringane i kasting og kasteteknikk. Fluer og fiskeplassar vart for det meste valgt på måfå, og utstyret var mildt sagt i laber stand. Det var først i seinare tid det gjekk opp for meg kor viktig det er å studere fisken ein fiskar etter, og insekta ein prøver å imitere. Fiskinga vart meir eller mindre vitenskap. Nå låg utfordringane i å velje rette imitasjonar, og å presentere flua rett. Og det gleda stor å sjå at fangsten auka i takt med kunnskapane. Ein ny verden innnanfor fluefiskeverdenene opna seg da det gjekk opp for meg at det går an å binde sine eigne fluer. Da kunne eg fange insekt på fiskestaden, for så å gå heim og binde imitasjonar som likna. Toppen av fluefiskerlykke, er å få fisk på eignebundne fluer.

 

            Ein gammal klisjè seier at 90% av fiskarane fangar 10% av fisken, og at 10% av fiskarane fanger 90% av fisken. Med lettare ord, betyr dette at det er stor skilnad mellom eliten og breidden i denne sporten. Og det som skil dei er ikkje flaks —  som mange trur , men kunnskap. Derfor finst det mykje litteratur om emnet. Og mangfoldet er breitt, men det er ein ting som manglar; ein kort innføring av dei enkle grunnprinsippa innan fluefisking.

 

            Dette er synd, for med berre få kunnskapar, kan fiskeopplevinga verte mykje større, og folk vert meir bevisste med tanke på spreiing av smitte. Og mange folk går glipp av denne gleda, berre fordi dei trur det er for vanskeleg å lære.I staden for å lære dei grunnleggjande reglane, går mange berre ut og fisker på måfå. Dette resulterer oftast i ingen fangst. Og utan resultat, er det vanskeleg å halde motivasjonen oppe.

 

            Men fluefiske er eit stort emne. Og som sagt, er det skrive mykje litteratur om dette. Også her er variasjonane mange.

 

            Dei fleste bøkene går på kasteteknikk, fluebinding, om fluer, historie, lesing av vatn og om fisken. Desse bøkene er for dei som har begynt eller skal begynne å fiske. Det er dette eg vil konsentrere meg om i denne oppgåva.

 

            Ei mindre gruppe er den litteraturen der ein prøver å lokke folk til å begynne å fiske med flue. Her må det berre seiast at kreativiteten er svært stor, og at mykje av det som er skrive er overdrive. Men eg har altså stor respekt for kreativiteten til dei som skriv dette: “Det sies at den tiden som benyttes til fluefiske, ikke teller med når man regner ut hvor lenge man har levd...” (frå internett) og “Fluefiske kan sammenlignes med yoga, ettersom det gir utmerket mental trening. Derfor passer sporten minst like godt for jentene som for gutta...” (frå tidsskriftet i form.) Dette er naturlegvis skrive for å lokke folk, i det siste tilfellet jenter, til å begynne med fluefiske. Denne genren florerer på internett og i tidsskrifter.

 

            Ei neste gruppe er for dei som allereie er godt inne i fluefiskeverda. Men nytt utstyr, nye fluer, teoriar, fiskevatn og historiar kjem heile tida. Det er dette denne genren, som er å finne på internett og i tidsskrifter, set fokus på. Slik kan fiskaren vere oppdatert, eller rett og slett berre bli underholdt.

 

            Eg vil altså konsentere meg om det tekniske innan fluefisket. Ein kan kanskje miste motet når ein ser kor mykje det er å lære. Alle småtinga kan virke kaotisk, og det kan vere vanselig å vite kvar ein har nytte av dei ulike kunnskapane. Men det heile blir lettare dersom vi deler kunnskapen inn i to hovudemne:

 

                        1: fisken, elva, utstyr og kasteteknikk som går under emnet presentasjon.

 

                        2: læra om insekta (entomologien) og binding som går under emnet imitasjon.

 

            Kunnskap om fisken og elva nyttast for å vite nøyaktig kvar ein skal presentere imitasjonen (presentasjon og imitasjon er nesten det samme som kasting og flue, berre meir presist. Ein kaster jo ikkje imitasjonen på måfå, men ein presenterer han der ein trur fisken står. Ein imitasjon treng ikkje vere ei flue. Det kan vere nymfer, pupper, småfisk osv. Men bruken av går mykje om ein annan på folkemunnet.) I staden for elva kunne det sjølvsagt ha stått vatnet. Eg har valgt å berre ta for meg fluefiske i elv, ettersom dette er meir interessant, men dei aller fleste reglane gjeld for stille vatn òg.     

 

            Kunnskap om utstyr og kasteteknikk er viktig for at ein fysisk sett skal greie å presentere imitasjonen der ein vil ha han.

 

            Læra om insekta er veldig viktig for ein fluefiskar. Eigentleg kunne det stått under presentasjon òg, ettersom ein må vite korleis insekta oppfører seg for å få imitasjonen til å oppføre seg rett. Men aller mest nytte av emytologien, har fluefiskaren når han skal velge kva for ein imitasjon han skal velge. Og dette er jo eit av dei første problema ein fluefiskar støter på. Derfor vil eg legge stor vekt på akkurat denne biten.

 

            Kunnskap om fluebinding er ikkje nødvendig no til dags, ettersom ein stort sett kan få kjøpt alle dei fluene ein vil ha. Men ein får mykje glede, og det er lett å lære dei grunnleggjande teknikkane.

 

            Ei kort innføring i dei to emna presentasjon og imitasjon, er altså alt du treng for å begynne å fiske med flue. 

 

            Den første forteljinga om fluefiske kom allereie rundt år 200 etter Kristus. Den vart skrive i ei dyrebok av romaren Claudius Aelianus. Han fortel at eit fiskeslag med prikkete finner (truleg ørret), vart fiska i ei elv i Makedonia. Det vert skildra at dei spesielle insekta desse fiskane åt, ikkje kunne brukast som agn, fordi dei berre ville smuldre bort og miste fargen. Derfor hadde dei funne ut at dei måtte imitere insekta ved å fest rød ull og to hanefjær rundt ein krok. Rett nok kjem det fram at dersom insekta hadde vore egna som agn, ville dei ikkje ha brukt imitasjonar.

 

            Liknande historar har kome frå romere, grekere, indianere og egyptere.

 

            Eit nyare, men meir usikkert teikn kjem fram i Njåls Saga fra 1280. Det kjem i form av verset; “Der slo ditt fiske feil, eg gaper ei for di flue!” Men ingen veit om flua er imitert, eller brukt som agn. Dessutan kan det vere eit uttrykk for fristing frå djevelen. I helgensagaene står det nemleg at når djevelen vil friste nokon, sender han ut ei flue. Då vert uttrykket ein understreking på at djevelen ikkje greier å friste denne personen. Eit anna spørsmål er kvar uttrykket at djevelen sender ut ei flue kjem fra... 

 

            Det som i alle fall er sikkert, er at første gang det vart beskrive fiske med flue berre for moro skuld, var i 1496. Det var i eit tillegg i andreutgava i ei bok om jakt og fangst. Tillegget vart visstnok skrive av Dame Juliana Berners, men nyar forsking viser at det heller var ein anonym forfatter som hadde skrive tillegget.

 

            Namnet på verket vart i alle fall “The Treatysse of Fysshynge With an Angle” —  “Avhandling om å fiske med krok” (i fagmiljøet er dette verket berre kalla Treatysse.) Her kjem det for første gang fram at fisken sin føde har mykje å seie for fiskinga. Som følge av intense studier av ymse fiskevatn, har forfattaren skildra tolv imitasjoner — ein for kvar månad. Dessutan vart det klargjort at ein ekte fluefiskar skulle vere idealist, filosof, naturdyrker og skulle kunne fluefiskekunsten (eller sporten som det her vart kalla) til minste detalj. Men det fluefiskarane er aller mest stolte over, er at forfattaren skriv at alle som vil, kan ta del i sporten. Dette på tross av at fluefiske vart rekna som ein del av adelen sine aktivitetar. Og liknande tankar om klasseskillet, har vore mykje tenkt i andre og seinare høve... 

 

            Medan vi snakker om klasseskillet, og påstandane om at fluefiske berre var nymotens jåleri for overlassen. Det vert fortalt om indianarane i Amerika som fiska med dyrehår og fjær festa til krok av bein. Det er lite truleg at indianerane fiska med imitasjon for moro skuld. Nei, dei fiska berre for å få seg eit måltid. Dette fortel at fluefiske var den mest effektive metoden å fange fisk på, og det motbeviser alle påstander om at fluefiske berre er nymotens jåleri. Det bringer oss berre tilbake til det poenget om at fluefiske er effektivt og at agnet kan oppbevarast og nyttast om att. Kva meir kunne vel ein indianer ønske seg?

 

            Det andre store verket eg vil nemne, er Isaak Walton sin “The Compleat Angler” som kom ut for første gong i 1653. Ironisk nok, var ikkje Walton nokon god fluefiskar. Og verket handla faktisk om fiske med krok generelt. Men vi skal konsentrere oss meir om den andre utgåva som kom ut i 1676. Då vart nemlig eit tillegg om fluefiske lagt ved. Dette vart skrive av Charles Cotton. Heile verket er bygd opp som ein dialog, der det på ein lyisk måte vert skildra kva fisken et, kvar han står, agn, lokkemiddel og korleis ein skal behandle fangsten. Men andre ord; ei lærebok for sportsfiskarar. Dessutan vert Charles Cotton med dette bilaget, rekna som

 

ein av fedrene til det moderne fluefisket.

 

            Heilt sidan Treatysse vart skrive, hadde ikkje utstyret endra seg. Fluene var enkle, snøret av fletta hestetagl som var festa til stangtuppen. Stengene var ca 5 meter lange og laga av ask. Men utpå midten av 1600 – talet, begynte ein å masseprodusere krokane. Dessutan greide ein å gjere dei mer holdbare ved å herde dei.

 

           
            Den første boka om fluebinding, vart i 1747 skrive av Richard Bowlker. Boka “The Art og Angling”, handla ikkje berre om fluebinding. Han har òg fått med mykje om entomologi, og nye fisketeknikkar, som til dømes oppstrøm kasting (sjå side   ?  ).

 

            Men utstyret gjorde at fisket hadde lite til felles med det moderne fluefisket. Stengene var berekna til å tole at fisken hogger til, ikkje til å kaste med. Derfor måtte ein svinge snøret ut dit fisken stod.

 

            Mot slutten av 1700 – talet fann dei endelig ut at ein kunne nytte sneller. Omtrent samtidig begynte ein å surre meir hestetagl på midten av snøret. Denne teknikken gir beitre bue på kastet, og er i bruk den dag i dag.

 

            I starten av 1800 – talet vart stanglengda korta ned frå 5 – 6 meter, til 3,5 til 4 meter. Nye stangmaterialer vart utprøvd, og i 1840, kunne ein amerikansk fiolinbyggjar lansere splitcane stengene. Dei vart bygde ved hjelp av tynne bambusstrimler som var limte saman slik at stengene vart sekskanta. Splitcanestengene vart eit gjennombrot!

 

            Splitcanestengene vart ein suksess på grunn av sin kvalitet, smidigheit og vekt. Men dei var vanskelege å masseprodusere. Det tok faktisk ti år før den første masseproduksjonen starta.

 

            Utpå 1800 – talet kom dei olja siklesnøra, som kunne forlenge kastelengda med opptil tre ganger. I takt med utviklinga av utstyr, kom dei nye idèane og teknikken. Folk vart meir interesserte i entomologi, nye fluemønster og nye teknikkar. Oppstrøms og nedstrømskast? Tørrfluer eller våtfluer? Fotonøyaktige imitasjonar eller slike som beveger seg rett? Fredric Maurice Halford står som eit symbol for denne tida. Han skreiv boka “Floating Flies and How to Dress Them”.  Denne boka kom ut i 1889.

 

            Halford vert ofte kalla for Mesteren i fluefiskekrinser. Eigentleg er tittelen litt ufortent, for det einaste han gjorde, var å gjere tørrfluefiske populært. Teknikken hadde vorte oppfunne enten av Pulham i 1851, eller av James Ogden i 1857. Tørrfluer er dei fluene som flyt i overflata. På denne måten kan fiskaren sjå at fisken nappar. I dei engelske kalkelvene på 1800 – talet, visste fisken å skille mellom våtflueimitasjonar og dei ekte flugene. Derfor viste tørrfluene seg ikkje berre å vere ein meir spennande metode, men også meir ein effektiv metode enn våtfluene. Populariteten var enorm, sporten vaks og utstyret forbetra seg.

 

            Men i dei klare og vanskelige kalkelvene, samme plass som tørrfluefisket, dreiv dei amerikanske motstandarane av tørrflue med utprøving av sine nye idèar; nymfefisket. Kongen på haugen var George Edward Mackenzie Skues. Skues var sjølv ein god tørrfluefiskar, men i motsetjing til Halford, lurte han på kva vitsen med å fiske med tørrfluer er, når den fisken som vaker tek maten sin rett under overflata. Han meinte at ein burde imitere dei tidlegare livsfasane til insekta.

 

            I 1910 sjokkerte han flugefiskarane i Storbritannia (resten av verda har til alle tider levd litt etter storbritannia når det gjeld fluefiske) med boka “Minor Tactics of th Chalk Stram.” Mange var positive til idèane, men mange meinte idèane var “kjetterske” og “blasfemiske”. Blant desse var Halford, som meinte at nymfer var vanskelige å få til å bevege seg rett, og derfor ikkje var meir effektive enn tørrfluene.

 

            Men nokon ny revolusjon, vart det aldri. I 1928 lanserte Frank Sawyer nye idèar som skulle effektivisere nymfefisket enda meir. Hovudpoenga, var at nymfa skulle utstyrast med eit lodd. Ein skulle kaste oppstrøms, og late nymfa drive dit ein trur fisken står. Der skulle ein løfte stanga, og loddet fekk nymfa til å stige til overflata. Der skulle fisken bite, uansett kor realistisk nymfa såg ut. Det beviste major Oliver Kite, da han med papirpose på hovudet fekk fisk på ein bar krok med lodd!

 

            Frank Sawyer designa dessutan eit av dei mest brukte mønstera opp gjennom historien; Pheasant Tail Nymph. Den, og teknikkane, brukast av mange fluefiskarar den dag i dag. Dessverre har ikkje nymfefisket fått den merksemda det fortener. For det er truleg den mest effektive metoden også i dag, men det er nok kanskje den vanskeligaste òg. Dessutan er det ikkje like spennande som tørrfluefisket. Verda blir nok ikkje klar for denne teknikken før elvene er så oppfiska at utfordringa ligg i å få fisk i det heile. 

 

            Først i 1952, kom dei første skikkelige idèane om innsjøfiske. Det var det Tom C. Ivens som gjorde, med boka “Still Water Fly Fishing”. Han gjorde håra på fluene kortare, slik at dei vart lettare å lage. Dessutan viste dei seg å vere effektive samstundes. Verket hans er rekna som bibelen innan innsjøfisket.

 

            I dei siste åra, er det amerikanarane som har dominert utviklinga innan fluefisket. I 1963, kom Bob Church til Europa med idèar om streamere frå Amerika. Streamere skulle ikkje imitere insekter, men berre lokke fisken til hogg.

 

            Ein kan seie at dei klassiske lakseflugene var tidlege streamere. Dei klassiske lakseflugene var store og avanserte å binde. Den mest avanserte, Jock Scott, har 42 forskjellige operasjonar. Den skal naturlegvis ikkje imitere noko insekt. Streamere har den dag i dag mest å seie innan laksefisket.

 

            For at ein fluefiskar skal vite nøyaktig kva for nokre fluer han skal fiske med til den rette tida, må han ha god kjennskap til entomologi —  læra om insekta. Den moderne fluefiskar vel nemlig ikkje fluene sine på slump. Ikkje det at slukfiskarane vel på slump —  det gjer dei ikkje — det er bare det at ein fluefiskar risikerer å ikkje få resultat dersom han vel feil flue. Ein slukfiskar vil alltid kunne få noko uansett om han vel feil sluk eller spinner. Einaste måten å få forståing over imitasjonane på, er å lære om insekta.

 

            Ein fluebindar har enda meir nytte av denne kunnskapen. Det er jo han som lager fluene som fiskaren skal velje blant. Fiskaren kan ha full oversikt, og seie til ein bindar at han vil ha ein imitasjon av t.d. ei steinfluenymfe. Dersom ikkje da bindaren veit nøyaktig korleis ei steinfluenymfe ser ut, er fiskaren hjelpelaus.

 

            Insektspopulasjonen varierer frå stad til stad. Derfor er det vanskeleg å seie at du bør bruke dei og dei fluene til dei og dei tidene. Men heldigvis finnes det retningsliner å gå etter     (sjå side  ?  ). Likevel er det beste å bruke litt tid på å studere insekta på fiskeplassen før du starter å fiske. Det beste er kanskje å halde seg til ein stad ein heil sesong. På denne måten vil du vite nøyaktig kva insekt fisken vaker på akkurat der du har tenkt å fiske. Dei neste avsnitta vil handle om studier av insekta.

 

            Første bod er å lære kva for nokre insekter som lever på den fiskeplassen du har tenkt å fiske. Dersom du ikkje har overmenneskelig godt syn, er den einaste metoden å finne ut dette på å fange ein del av insekta. Vi må hugse at det ikkje er nok å fange dei insekta som flyr over hovudet på oss! Fisken kan jo beite selektivt på t.d. nymfer.

 

            Vi har sju redskaper som nyttast til å fange insekter: Flatt fangstnett, sommerfugl – eller slagnett, fangstnett,  “duk”, planktonhov,  kasteanker og mageprøveskei. Desse er lette å lage eller få tak i.

 

            Det flate fangstnettet nyttast til å fange insekter som flyt i overflata. Nettet er flatt for at ikkje insekta skal bli skada.

 

            Sommerfuglnettet nyttast til å fange flygande insekter som gøymer seg i vegetasjonen like ved vatnet eller elva. Håven må vere finmaska, gjerne av gardinstoff. Eit anna tips er å sjå kva som er å finne i edderkoppnetta.

 

            Fangstnettet brukast til å fange insekter som lever i vatnet. Du må vade for å kunne nytte denne reidskapen. Av og til er det ikkje nok å vente på at insekta skal komme med straumen. Da må du “ruske litt rundt” på botnen for å virvle opp insekta.

 

            Nokre insekter har flykta frå vatnet, og søkt tilflukt i eit tre eller liknande. Spre “duken” (plastpose, papplate, presenning o.s.v.) ut under ei grein. Så rister du kraftig i greina. Dei insekta som ikkje var oppmerksame, har no falle ned på “duken” din. Fleire slag er ikkje nødvendig, ettersom insekta no har klamra seg fast.

 

            Eit finmaska nett med t.d. eit medisinglas i enden vert kalla ein planktonhåv. Planktonhåven nyttast i stille vatn.           

 

            Dersom du ikkje kan vade eller bruke båt, må du nytte eit kasteanker for å samle botnprøver. Bruk metalltråd og eit blyrøyr til å lage dette. Dersom du kan vade eller bruke båt, kan du bruke spade e.l. Botnprøven vatnast ut i ein kvit bolle, slik at du ser insekta.

 

            Men desse metodane er berre egna for observasjon av kva insekter som lever i området, ikkje kva fisken tek. For å finne ut dette, må ein enten ta mageprøver, eller observere ved det blotte auge. Hugs at fisken kan skifte beiteområde fleire ganger for dagen! Pass på at du heile tida er oppdatert.

 

            Mageprøver tek ein med ei mageprøveskei. Stikk skeia gjennom gapet og ned i magen på ein avliva ørret. Vri rundt, og trekk ut. Skyll innhaldet i ein kvit bolle med vatn. Da vil du kunne sjå kva fisken har spist i den siste tida (kanskje du til og med finn levande insekter!) Ein enklare, og mindre proff måte, er å sprette opp magesekken når du sløyer fisken.

 

            Dersom du ikkje har fått noko, eller du ikkje avliver fisken, må du bruke augene for å sjå kva fisken beiter på. 

 

            Insekta bør identifiserast så fort som mulig, og helst levande. Døde inesekter mister fargen, og formen kan verte endra. Hugs at det ikkje er vits i å identifisere insekter som er mindre enn at du greier å imitere dei!

 

             

 

            For at vi skal greie å identifisere insektet, og dermed kunne imitere insektet rett, må vi ha kjennskap til eit vatninsekt sitt liv. Dette er den delen av entomologien vi som fluefiskarar treng.

 

            Egga vert lagt i vatnet, eller i overflata. Dei vert enten liggjande på botn, eller festa til vatnplanter. Og der vert dei klekka til nymfer (nymph), som kan svømme fritt, krype eller grave seg ned i mudderet på botn av vatnet eller elva. På dette livsstadiet, som varer i to år, veks insekta. Svært mykje av føda til fisken er nymfer. Derfor er dette stadiet veldig viktig for mange fluefiskarar, men det krever ein eigen teknikk og er ikkje like spennande som tørrfluefiske. Derfor har mange av dei som opp gjennom historien som sette sin lit til nymfefiske fått mykje kritikk (som Sawyer, Kite og Skues.)

 

            Dei som overlever, klekkast til insekter med vinger. Insektet forlèt gøymestaden sin, og svømmer, kryp eller klatrer ubeskytta mot overflata eller vatnbredden.Dette er ein svært kritisk fase. Det vert hengande ei stund i overflata, før det begynner å bryte seg gjennom overflatehinna. Dette er ei stor oppgåve for eit så lite individ. Vel oppe på oppsida av overflata, må insektet ta ein pause for å tørke vingene sine.

 

            Da begynner den farlegaste fasen i insektet sitt liv! Det skal fly mot vegetasjonen på bredden. I luftige hopp, forsyner fisken seg grådig av dei små insekta. Dei overlevande vert raskt vaksne, og skal pare seg.

 

            Etter parringa, flyr hannen sin veg og dør uten at hoa eller fisken (og derfor ikkje oss heller) får meir nytte av han. Men hoa vender tilbake til vatnet for å leggje egg. Ho vert så utmatta av ho dør og vert drivande med straumen for ein fisk kjem og et ho.

 

            Ergo; det er fem faser vi har nytte av som fluefiskarar: krypande baby (nymph), oppstigande barn (emerger), ungdommen på overflata (dun), vaksne som kan parre seg (spinner) og hoa som ligg og døyr (spent spinner).

 

            Veldig forenkla, kan ein seie at nymfer vert imiterte av våtflue, streamer eller nymfer. Resten av stadiene vert imiterte av tørrfluer. No er ikkje dette heile sanninga. Våtfluer kan òg nyttast i overflatehinna. Og mange streamere imiterer ikkje noko insekt i det heile.

 

            Desse er dei hovedgruppene fisken beiter på. Bruk denne lista saman med den kronologiske lista over insekta.

 

            Døgnfluer: Veks opp som nymfe. Det voksne insektet ser ut som ein liten augestikker. Slår vingene saman over kroppen når dei kviler. Har større framvinger enn bakvinger, og dei har lage haletråder.

 

            Steinfluer: Larvene lever i vatn. Det vaksne insektet likner døgnfluene, berre at vingene ligg flatt langs kroppen, og haletrådane er kortare.

 

            Teger: Små og kompakte insekter. Nebbliknande munn, som skal suge til seg plantesaft eller kroppsvæske frå andre dyr.

 

            Augestikkere: Har to like store og kraftige vingepar som dei held ut til sidene. Effektive jegarar.

 

            Vårfluer: Nymfene byggjer “hus” av sandkorn og planterester. Det voksne insektet likner nattsommerfugl og fluger. Vingene er hårete, og munndelene er små.

 

            Tovinger: Larvane manglar bein. Dei vaksne har eit par velutvikla vinger. Omfatter t.d. husfluge, spyfluge, mygg, klegg og stankelbein.

 

            Biller og mudderfluer: Larvane har stort hovud og tre par bein. Dei vaksne mudderfluene liknar vårfluene, medan det fremste vingeparet  hos billene er blitt til dekkvinger.

 

            Årevinger, grashopper, nettvinger og trips: Framvingene og bakvingene kan koblast saman.

 

            Sommerfugl og møll: Har to store vinger som er dekt med skjell.

 

            Krepsdyr: Kroppen er dekt av eit hardt skal. Har ofte fem leddelte bein og to par følere på hovudet.

 

            Blautdyr: Ein hudfold dekkjer heile eller deler av dyret. Kroppen er inndelt i hovud, ein muskellaus fot og ein innvollsekk.

 

            Mark og virveldyr: Markane har røyrforma kropp, som er oppdelt i mange segmenter. Virveldyra er dei som har ryggvirvel t.d. pattedyr, amfibier og fisk.

 

           

 

            Under følgjer ei liste over kva insekt som er å finne i norske (og mange europeiske) vassdrag. Alt er ordna månadsvis. Det er temmeleg mange artar, så om det hører med i ei særoppgåve, kan diskuterast. Men ettersom dette nesten er “bibelen” for den late fluefiskar og bindarar, har eg vald å ta det med.

 

Januar: Dei fleste innsjøar er nok islagde. Mat – tilgangen er til vanleg dårleg, og mange insekt og fiskar ligg i dvale. Andre overvintrer som egg. Mest effektivt er fortynga imitasjonar av våtfluelarvar som byggjer hus på botn. Dersom det vert mildt utpå ettermiddagen, er ein tovingar å finne på vatnflata;  fjærmygg.

 

Februar: Mange elver og innsjøar er islgde enno. Det er lite klekkingar, og mange insekt ligg framleis i dvale. Også denne månaden er dei fortynga fluene greie å ha i bakhand. I tillegg til tovingaren, finn vi både steinfluer og døgnfluer på vatnet denne månaden;  stor strømdøgnflue (large dark olive/spring olive), fjærmygg, february red.

 

Mars:Endå er ein del elver og innsjøar islagde. Sjølv om dei fortynga fluene framleis er gode, tek fisken ein del tørrfluer på denne tida ettersom klekkinga og insektfallet er i gang. Også denne månaden kjem insekta frå gruppene døgnfluer, steinfluer og tovingar; Stor strømdøgnflue, march brown, epeorus, svartr steinflue, february red, small brown, early brown, fjærmygg.

 

April:Dei nordlegaste innsjøane er framleis islagde. Her er naturlegvis ikkje klekkinga i gang enno. I dei andre vatna, våkner dei fleste insekta som låg i dvale. Dei som overvintra som egg, vert til nymfer. Landinsekta faller første gong i denne månaden. I tillegg til døgnfluer, steinfluer og tovingere, finn vi vårfluene første gong i april; stor myrdøgnfluem, stor strømdognflue, svart/gravande strømdøgnflue, march brown, fasle march brown, epeorus, stor steinflue, mellomstor steiflue, february red, small brown, svart steinflue, eary brown, yellow sally, grannom, brown sedge, medium sedge, sand- fly, small red sedge, little black sedge, fjærmygg, mårmygg, black gnat.

 

Mai: Klekkingar og insektfall er i full gang i dei sørlege elvene og innsjøane. No er det viktig å følge med på kva fisken beiter på. I løpet av ein dag, kan han nemlig beite i overflata, under overflata og i overflatefilmen. Same imitasjon vil altså ikkje fungere heile dagen. Dennemånaden finn vi døgnfluer, steinfluer, teger, vårfluer, tovinger og biller/mudderfluer;  elvesanddøgnflue, innsjøsanddøgnflue, brun flatdøgn, gul/nordlig flatdøgnflue, purple dun, svart/gravende stømdøgnflue, slamdøgnfluer, liten myrdøgnflue, stor myrdøgnflue, fjellstrømflue/lapplandsdøgnflue, sørlig strømdøgnflue (medium olive), gul damdøgnflue (pond olive), brun damdøgnflue (lake olive), olive upright, dark dun, guløyet strømdøgnflue (pale watery), false march brown, epeorus, stor steinflue, mellomstor steinflue, small brown, svart steinflue, early brown, yellow sally, small yellow sally, teger, great red sedge, cinnamon sedge, sand-fly, medium sedge, brown sedge, welshman`s sedge, grannom, mottled sedge, small red sedge, longhorns, small silver sedge, black sedge, little black sedge, speckled sedge, microcaddis, fjærmygg, sviknott (bitmygg), hårmygg, black gnat, biller, alder. 

 

Juni:Rike klekkingar fører til at fisken ofte berre beiter (selektiv beiting) i overflata. Her er det viktig å følge med på kva insekt som klekker! Vær likevel opmerksom på at fisken kan beite på nymfer, pupper, klekkere, landinsekter eller djuptgåande insekter. Insektgruppene denne månaden er som i forrige; elvesanddøgnflue (mayfly), innsjøsanddøgnflue (dark mayfly), Yellow mayfly, brun flatdøgnflue, gul/nordlig flatdøgnflue, southern mayfly, false march brown, svømmedøgnfluer (summer mayfly), palingenia, rød/stor elvedøgnflue (blue-winged olive), purple dun, svart/gravende strømdøgnflue (Angler`s curse), liten myrdøgnflue (claret dun), fjellstrømdøgnflue/lapplandsdøgnflue, sørlig strømdøgnflue (medium olive), gul damdøgnflue (pound olive), brun damdøgnflue (lake olive), olive upright, green dun, dark dun, elbeklodøgnflue/bekkeklodøgnflue, guløyet strømdøgnflue, stor steinflue, mellomstor steinflue, small brown, yellow sally, small yellow sally, teger, great red sedge, green peter, cinnamon sedge, cinnamon sedge, sand-fly, chestnut-winged sedge, medium sedge, brown sedge, welshman`s button, marbled sedge, mottled sedge, grey flag, small red sedge, small yellow sedge, grousewing, black silverhorns, longhorns, small silver sedge, black sedge, little black sedge, small yellow-sedge,   grousewing, black silverhorns, brown silverhorns, longhorns, small silver sedge, black sedge, little black sedge, yellow -spotted sedge, speckled sedge, microcaddis, knott, svevemygg, fjærmygg, stikkmygg, sviknott (bitemygg), torrent  midge, black gnat, stankelbein (daddy-long-legs) , biller, alder,

 

Juli: Prøv å time klekkingane ved å sjå på vêrtilhøva. Er det varmt, klekker det seint på dagen (topper i skumringen). Jo varmare jo seinare klekker insekta. Er det kaldare, vil insekta klekke på formiddagen. Ved solnedgang, stopper klekkinga brått dersom det er ein kjølig dag. Dersom fisken ikkje tar klekkende insekter, bør du prøve fiskeyngel. Denne månaden finn du døgnfluer, steinfluer, teger, vårfluer, tovinger, biller/mudderfluger; elvesanddøgnflue, innsjøsanddøgnflue, yellow mayfly, gul/nordlig flatdøgnflue, southern mayfly, false march brown, svømmedøgnfluer, palingenia, rød stor elvedøgnflue (summer mayfly), purple dun, slamdøgnfluer, liten myrdøgnflue, guløyet strømdøgnflue, green dun, dark dun, sørlig strømdøgnflue, gul damdøgnflue, brun damdøgnflue, olive upright, elveklodøgnflue/bekkeklodøgnflue, stor steindøgnflue, mellomstor steinflue, small brown, needle/willow fly, yellow sally, small yellow sally, teger, great red sedge, green peter, speckled peter, large cinnamon sedge, cinnamon sedge, sand fly, chestnut-winged sedge, medium sedge, brown sedge, welshman`s mutton, marbled sedge, mottled sedge, grey flag, small red sedge, yellow sedge, grousewing, black silverhorns, longhorns, brown silverhorns, little black sedge, yellow-spotted sedge, speckled sedge, microcaddies, knott, svevemygg fjærmygg, sviknott, torrent midge, black gnat, stankelbein, biller, maur.

 

August:Også her bør du time klekkinane. Fiskeyngel og landinsekter er svært talrike. Vær obs på to ting når det gjeld døgnflueklekking i august: I staden for stigande nymfer og ferdigklekka dun`er, kan det hende at fisken tek dun`er som ikkje har kome ut fra nymfehuden enno. I skumringen tek fisken oftast spente spinnere! Denne månaden får døgnfluene, stienfluene, tegene, vårfluene, tovingerene, billene og maurene selskap av grashopper; yellow mayfly, rød/stor elvedøgnflue, slamdøgnflue, purple dun

 

binding

 

            Ein fluefiskar skil seg ikkje så mykje frå andre som fiskar etter edelfisk. Edelfisk er dei fiskane som et vatninsekter —  d.v.s. laks, ørret, røye og harr. Sjølv om målet er det same —  å fange fisk, og at ingen av dei noko i mot å tilbringe timesvis ved eit vatn eller ei elv, har fluefiskeren har kome litt lenger. Han bruker tid på å identifiere byttet, for så å etterlikne det ved å binde dyrehår, fjær og syntetiske materialer på kroken. Først etter at dette er gjort, kan han begynne det praktiske fisket.

 

            Så kan ein jo spørre seg sjølv; kvifor må dei absolutt binde imitasjonane sine? Kan dei ikkje berre fange insekta, og feste dei til kroken?

 

            Men så enkelt er det nok ikkje. Tenk deg kor vanskelig eit lite insekt er å feste til kroken utan å øydeleggje det. Det ville i alle fall ikkje kunne henge godt nok til vanleg bruk. Ein måtte vere veldig forsiktig når ein kasta, og ein måtte feste på nytt insekt etter kvart napp. Dessutan kan ikkje levande insekt lagrast, så ein måtte fanga nye for kvar fisketur. Ein ville rett og slett ha starta ein ny sport; insektfanging.

 

Utstyr:

 

 

 

            Utstyret har til alle tider vore ein viktig del av flugefisket.  Fiskarane har alltid spekulert på kva som er best egna til flugefiske. Indianarane til dømes, brukte bein fordi det var hardt, men samtidig så mjukt at han kunne lage mothakar. Mothakar var heilt avgjerande for at fisken skulle kunne landast. I dag er det mange som fiskar utan mothakar. Dels fordi krokane er så gode at det ikkje er vits i, men også fordi ein ikkje vil skade fisken (helst for dei som set fiskane ut i vatnet att.)

 

            I dag er flugestengene særs lange, opp til 18 fot. På 1950 – talet gjekk dei vekk frå splitcane stengene, og byrgja å produsere stenger av kolfiber og grafittfiber. I dag er det glasfiber ein nyttar mest.

 

            For at stengene og snørene skal vere rett i høve til kvarandre, deler vi dei inn i ATFM – klassar (American Fishing Tackle Manufacturers Association.) Prinsippet er enkelt;

 

·      ATFM – klasse 4 – 6 er stenger på 7,5 – 9,5 fot. Brukast til fiske i bekkar og småelver. Lett snøre.

 

·      ATFM – klasse 6 – 8 er stenger på 8   – 10   fot. Brukast til fiske i innsjøar, mindre elver, store bekkar og lett kystfiske.

 

·      ATFM – klasse 9 – 10 er stenger på 10 – 13 fot. Brukast til fiske langs kysten, store innsjøar og lett laskefiske.

 

·      ATFM – klasse 10 – 12 er stenger på 14 – 18 fot. Brukast til laksefiske og tyngre kystfiske. Tungt snøre.            

 

            I tillegg til ATFM – klasse, bør ein sjå på aksjonen til stanga. Vi har tre typer aksjon; toppaksjon, halvaksjon og heilaksjon. Ved toppasjon, skjer svikten i stanga i toppen. Ved heilasjon, ligg svikten i heile stanga. Halvaksjon er ein mellomting. Ein bør velge den aksjonen ein liker best.

 

            Det er snøret som utgjer den vekta ein treng for å kaste flua ut. Derfor er det lettast å kaste eit tungt snøre.

 

            Snøra delast inn i grupper frå 3 til 12. Der går det etter vekta på dei 30 ytterste fota av snøret.

 

            Den edlaste av edelfiskane, er laksen. Dei største laksane —  vinterstøingane, kan bli opp mot 40 kg tunge! Dei er gulgrøne, og har overlevd ein eller fleire vintrar i elva etter at han kom tilbake frå havet. Dette skal vi kome tilbake til seinare, i eit avsnitt om laksen sitt liv.

 

            Det eg vil ha fram, er at laksane kan verte utruleg store, og at dermed ikkje er rart at folk nytter tusenvis av kroner for å fiske i ei av dei mange lakseelvene. Fisken er jo opptil 40 gonger den vekta dei fleste ørretter, røyer og harrar ein til vanleg får!

 

            Her i distriket har vi to vel kjente lakseelver; Lærdalselva i Lærdal, og Vikja i Vik. Begge desse har laksestammar som beiter i Atlanterhavet, og begge elvene er trua av lakseparasitten Gyrodactylus Salaris. Parasitten kom via fiskereidskap eller utsetjing av fisk frå Sverige. Sjølv om parasitten berre er ½ mm, et han huda til lakseyngelen, og drep han. Einaste måten å drepe parasitten på, er å drepe fisken. Til dette nytter ein gifta rotenon. Lærdalselva er rotenonbehandla. Derfor er alle laksane som er i elva drepne. Men dei vil komme tilbake, fordi det kjem kvart år fisk tilbake frå havet. Den fisken som no er i havet, skal sakte, men sikkert, byggje laksestammen i Lærdalselva. I noreg er 40 vassdrag smitta. Desverre er mange vassdrag ikkje enno rotenonbhandla. Dersom dette ikkje skjer fort, vil heile laksestammen døy ut. Vikja er ei av desse elvene. Heldigvis fins det planar om å behandle elva i haust.

 

            Desverre er det 42 av i alt 655 lakseelver i Norge i dag der laksestammen er utrydda. 55 er allereie trua, og 154 lakseelver er sårbare. I 1970, var alle laksestammane på sørlande utrydda. Mykje er på grunn av lakseparasitt, men for det meste kjem det som følge av sur nedbør.

 

            Eg skal ikkje gå så nøye igjennom laksen sitt liv, sjølv om dette er veldig viktig for laksefiskarar. Vil berre sei at laksen har seks stadier i livet; egg i to veker, yngel  (64% av egga) til laksen er tre år, smolt (13% av egga) på veg til havet, den smolten som kjem fram til havet (1,64% av egga) vert der i 2-3 år, før dei kjem attende til elva for å gyte (0,3% av egga) i oktober eller november. Berre 4% av gytelaksen overlever vinteren. Det er 12 av 100 000 egg!

 

           

 

Kjelder:

 

Naturboka av Lee Durrel

 

Etter ørret med imitasjon av Gøran Cederberg (hovedredaktør)

 

Teknologisk Forlags store bok om Fluefiske av Gøran Cederberg (hovedredaktør)

 

Fluer med napp av Robert Atkinson

 

Fluefiske med imitasoner av Malcom Greenhalgh og Denys Ovenden

 

Fluekasting i teori og praksis av Ed Jaworowski

 

Norsk Villakssenter i Lærdal

 

Tidsskriftet Villmarksliv

 

Internettdokumenter:

 

            Fishing for Trout av Bryant J. Cochran, jr.

 

            On The Fly av Bryant J. Cochran, jr.

 

            Buyer or Tyer... av Morgan Leigh Smith

 

            The Mighty Nymphav Morgan Leigh Smith      

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil