Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Soga om Gunnlaug OrmstungeSkriv ut Utskrift
Sammendrag av "Soga om Gunnlaug Ormstunge".
Nynorsk - ReferatForfatter:



I soga om Gunnlaug Ormstunge møter vi fyrst Torstein som bur på Borg i Bogarfjorden. Han var ein stor hovding på den tida, og difor også ein rik mann. Likevel var han klok, fredeleg og måtehalden. Soga startar med at Torstein er saman med ein "austmann", men under arbeidet dei held på med, fell Torstein i søvn.

 

Etterpå vil austmannen vite kva Torstein har drøymt, og han tolkar draumen. Han meiner at Torstein vil få ei dotter, som to menn skal slåst om, og til sist dø for. Seinare skal det kome ein annan mann og gifte seg med dottera.

 

Kona til Torstein, Jofrid, er med barn, og før han drar til tings gir han ordre om at barnet skal setjast ut i skogen om det er eit jentebarn. Da Jofrid føder eit jentebarn, vil ho ikkje setje barnet ut, og det vakre pikebarnet blir i staden for sendt til ein slektning. Torstein får ikkje vite om dottera si før ho er seks vintrar gammal. Da han ser ho, synes han at ho er så fager at han vil ta ho med heim att. Helga, som ho heiter, vart dermed oppfødd på Borg med stor heider og kjerleik av både far og mor si.

 

Deretter møter vi Gunnlaug som er hovudpersonen i soga. Han var ein stor og sterk kar som vart tidleg vaksen. Han likte godt å dikte nidviser, derav namnet Ormstunge. Når vi fyrst møter Gunnlaug, er han tolv år, og da har han gjort seg klar til å reise ut i verda. Men da Illuge Svarte, som er far til Gunnlaug, nektar han å reise, rir Gunnlaug til Borg der han blir buande. Der lærer han lovkunne av Torstein. Han møter også Helga den fagre, og dei blir gode venar.

 

Så blir Ravn, som seinare blir Gunnlaugs rival, introdusert. Han blir omtala slik som Gunnlaug med at han var ein stor mann, flink i alt, og ein god skald.

 

Gunnlaug har blitt atten år da han ber om Helgas hand, men Torstein vil ikkje gå med på dette. Det finst mange menn som er betre, meiner han. Likevel går han med på ei avtale om at Helga skal vere lova bort til Gunnlaug i tre år, men om han ikkje komer tilbake innan fristen eller ikkje oppfører seg skikkeleg, skal dei stå fritt til å velje ein ny ektemann til Helga.

 

Seinare treffer han på ein bråkmakar, Tororm, som lånar pengar av han. Da han ikkje vil betale tilbake pengane, blir det holmgang. Gunnlaug brukar eit sverd han har fått av kongen, og med eit hogg fall bråkmakaren. For denne hendinga fikk Gunnlaug mykje gjetord og vart kjent i verda som ein kar utan frykt.

 

Etter å ha reist rundt om i verda, kommer han til Svitjod, i Sverige, der Olav Svenske herskar. Her møter han Ravn for fyrste gong. Dei kranglar om kven som skal kvede først for kongen, og skiltes i uvennskap.

 

Ravn er òg ute etter Helga den fagre. Og sidan avtala med Torstein snart er omme, skal Ravn få hennar til sin brud. Helga liker ikkje dette, og gruer seg til bryllaupet, som skal stå om vinteren. Når Gunnlaug endeleg kjem tilbake til Island er det på Ravn og Helga sin bryllaups dag. Sjølv om han har lyst til å stoppe bryllaupet, gjer han det ikkje etter råd frå familie og venar.

 

Helga er ulykkeleg og trist i ekteskapet. Og seier at ho ikkje vil felle mange tårar for Ravn om han døyr, slik han har drøymt om. Når ho så får vite at Gunnlaug har kome til landet, blir ho så sur og tverr at Ravn må reise heim att til Borg med Helga.

 

Det er på eit gilde om vinteren at Helga og Gunnlaug treffast igjen etter mange år, og ho flørtar openlyst med ham. Dette gjer berre at Ravn blir enda meir olm på Gunnlaug, og dei kranglar som aldri før.

 

Når sommaren kjem, utfordrar Gunnlaug Ravn til holmgang, men ikkje mykje blir avgjort her. Det er derfor at Ravn møter mannsterk opp på Gilsbakke ei tid seinare, og utfordrar Gunnlaug til ein ny holmgang.

 

Det tar ei stund før Ravn og Gunnlaug møtes igjen i Trondheimsområdet. Dei begynner straks og slåst og begge sider mister fleire menn. Til slutt er berre Gunnlaug og Ravn igjen, og i stor sinne farar dei på kvarandre. Ravn får beinet sitt hogd av, men seier han vil fortsetje om berre Gunnlaug hentar noe å drikke til han. Gunnlaug gjer så, men blir svikta av Ravn som hogger Gunnlaug i hovudet. Dei slåst ein stund til heilt til Gunnlaug drepar motstandaren. Men Gunnlaug er dødeleg såra og døyr etter tre dagar.

 

Fedrane kommer saman på det neste tinget, og vil ikkje gi kvarandre bot for sonene slik dei ønskjar. På grunn av denne striden faller fleire menn utover i soga.

 

Når nyheita om både Ravn og Gunnlaugs død når Torstein på Borg, blir Helga gift med Torkjell Hallkjellsson. Dei får barn, men Helga er framleis svært ulykkeleg. Stadig vekk finn ho frem ein kappe som Gunnlaug gav hennar, og ser på henne. Soga ender med at Helga blir sjuk, og mens ho ser på presangen frå Gunnlaug, sovnar ho stille inn i fanget til Torkjell.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish