Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Vakrare enn Barbie?

Vakrare enn Barbie?

Handler om skjønnleiksideal i samfunnet.

Karakter: 6- (nynorsk, VK1)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
06.11.2006
Tema
Kropp

No er eg dritt lei, og det trur eg andre gutar i dette landet tykkjer òg. Det er ikkje nok lenger å berre vere ein god ven, nei da, no skal ein nærast tilby seg sjølv som fattigslig gatehore til alle vener ein måtte ha. Alt handlar om å vere vakker og tilpynta, og det ser ut til att indre verdiar ikkje lenger er det som tel mest.

 

Barbie, som vart skapt i 1959, har lenge vore eit ikon for det skjønne og det vakre, og tusenvis av mødre, verda over, har naivt nok kjøpt denne vesle plastdukka, med pupper store som varmluftballongar og hår glattare enn Holmenkollen ein sein vinterkveld.

 

Motebransjen er noko dritt. Gamle purker i slutten av 40-åra som sit og styrer digre imperium av nokre bransjer som for eksempel kosmetikkbransjen. Bransjen spyr årleg ut tusenvis av liter med svartmåling, såkalla, ”maskara”, som vert tappa på småflasker med til ein literspris på rundt 1700 kroner. Denne bransjen har blitt ei skikkeleg maurtue av eit imperium for kvinnekåte smågründarar gjer alt for å gjere raske pengar på treige kvinnfolk.

 

Men denne bransjen er slett ikkje åleine om beinet. Kvart år, rullar det kilometervis med valsa papir ut frå store trykkeri, som trykker forskjellege vekemagasin. Dømer på desse er; ”Mag”, ”Inside”, ”Elle”, ”Topp” og ”KK”. Fellesnemnaren for alle desse, er at dei er provokasjonselement i kvardagen til å kjøpe enda meir sminke, trongare bukser, og så små BH-ar at heile puppestellet nesten fell ut. Sjølve hevdar desse blada, som i seinare tid har stått fram i media, at dei berre vil hjelpe kvinnene, til å bli tryggare på seg sjølve, og auke sjølvkjensla.

- Vel, dette er noko eg stiller meg heller uforståande til. Eg har problem med å tru, at kvinner til neste år skal vere så tynne rundt midja, at dei lett kan presse seg bak ribbeveggen utan større problem.

 

”Katrine Sørland, den vakraste på jord?”, kunne ein lese i fjorårets VG, like før den kjente ”Miss Universe” konkurransen skulle ta til. Ein kunne òg lese om ein viss ”missegeneral”, som presterte å fike til ein av deltakarane i konkurransen. Dette truleg som ein sanksjon på eit større inntak av nokre paraplydrinkar, noko som resulterte i blåveis for dama, og ein reprimande frå sjefen. Men var det riktig å kalle missegeneralen inn på teppet?

 

Eg vil seie att han gjorde det einaste rette, nemleg å banke litt vett inn under toppakninga på ei dei heller så blonde damene. For å sitere han Demetrius i ”Ein midtsommarnatts draum” av William Shakespeare: ”dersom ikkje ord vil nytte, då må ho tvingast!”, og det var nett det denne karen gjorde; gav ho ein bra dose god, gamaldags dask!

 

Tenk å lage konkurransar om kven som er vakrast her i landet, for ikkje å snakke om i verda! Det er bra horribelt, det! Dei sminkar seg opp med si nye supersminke frå Lòreal, og håper å få sjarmert ein av dommarane sopass i senk at ho vinn konkurransen og kan hoppe til køys med han. Denne heldige karen, på si side, vil nok bli bra overraska på morgonen når sminka er borte, og tilbake ligg ei heilt vanleg tobarnsmor frå Sørlandet, med rynker og hengjejur.

 

Vi menn, har i ualminnelege tider hevda oss som den sterkaste rasen, og dette med god grunn. Vi arrangerer ikkje umettelege mengder med skjønnleikskonkurransar for å kåre ein ny vinnar som i bunn og grunn, ikkje er eit musepiss i havet betre enn den forrige.

 

I den seinare tid, har det kome ein del nye, norske filmar på marknaden. ”Bare Bea” av regissør, Petter Næss, er enda eit tilskot i den elles så overfylte fjortiskategorien. Filmen handlar i bunn og grunn kun om sex, og er bygd opp på ein måte som får unge menn til å framstå som idiotar, mens ungtausene for ein gongs skuld, er dei kloke og intelligente.

 

Det finnast i dag mange slags skjønnleiksideal rundt oss. Kledegiganten, ”Hennes & Mauritz”, har ansett eigne folk som dagleg køyrer rundt i bilane sine, og klistrar opp enorme plakatar av halvnakne damer, på store tavler, til minne om att ingen er perfekt. Dette resulterer som regel i att mannlege bilistar som køyrer forbi, mistar munn og mæle og køyrer rett i grøfta. Denne typen plakatar, burde vore teken ned for lenge sidan, og gjort forbode.

 

Walt Disney er ein attraktiv mann, eller han var. I dag ligg han seks fot under, men då han var i siget, produserte han eit hav av teikneseriar, samt ein del filmar. Donald Duck & co, vart skapa av denne karen. Mikke Mus vart det òg. Men før han tok til å produsere filmar for fullt, lagde han filmen, ”Snøkvit og dei sju dvergane”. Filmen vart kåra til årets spelefilm for heile familien, men eg trur nok Walt hadde andre planar enn å skape hygge i sofakroken, med denne filmen.

 

- Lille speil på veggen der, kven er vakrast i landet her? spurte dronninga, eller mora til Snøkvit. Med dette prøver filmskaparane, med Walt ved si høgre side, å manipulere unge born til å gradvis å vekse inn i det elles sexfikserte samfunnet vi lev i i dag. Kanskje var det nettopp Walt Disney, og ikkje ”Hennes & Mauritz” som starta denne epidemien, men det får vi nok aldri vite, sidan gamlefar, Walt, alt har teke kvelden.

 

I lange tider, har mennesket som biologisk skapnad, vore lidenskapeleg oppteken av skjønnleiksideal og naken hud. Alt i det gamle Hellas, sprang det, for nokre år tilbake, rundt ein del nakne mannfolk og kasta diskos, spyd og sprang det beina deira kunne bere dei. Er dette ein type skjønnleiksideal? Er dette ein måte dei gamle grekarane ønskjer å syne sitt folk på? Er det direkte freistande å sjå nakne gubbar springe rundt? Denne ”sporten”, har i den seinare tid fått namnet; ”De olympiske leker”, og vert gjort attraktiv kvart fjerde år.

 

I teksten, ” Drømmekroppen- feminine idealer i historien”, kan vi lese om dei gamle greske gudinnene Afrodite og Rubens. Den gongen var det fedme som var på moten. Svære, feite, dundrer av nokre kvinnfolk, som tusker rundt på dei greske markene. Denne forma for skjønnleiksideal blei ganske populær, fordi over 2000 år seinare, gjekk damene i Hellas fortsatt rundt som nokre vassmelonar og veit verken for eller imot. Det var i denne perioden, dei kjente gallarane, Asterix og Obelix, levde. Sistnemnte har klart å innlemme seg i moten, mens vesle Asterix er eit sjeldan unntak, fordi meir eller mindre, heile leiren dei bur i, består av vilsvinborgarar med BMI på over 50!

 

Nokre århundre seinare, er heldigvis dette endra. Kroppen skal no vere timeglasforma. Altså brei oppe og ditto nede. Dei skulle bruke korsett, og dette skulle som regel strammast så hardt til, at det lett kunne gå hardare for seg enn folkemordet i Rwanda. Det er skremmande å lese, men slik fortsett det. Først er det sylfider som er populært, så er det damer, à la Moskva-Marit. Nokre århundre seinare igjen, er det tilbake til blyantdamene. Å vere ung på den tida var nok ikkje lett slik som dei heldt på. Det er nok ikkje for ingenting, at det i dag ikkje er anna å finne, enn et par hjerneceller som i grunn treng påhengsmotor for å kunne fungere, under den elles så blonde luggen på norske kvinner.

 

I dag har vi heldigvis meir sunne førebilete vil eg seie. No er Moskva-Marit bytta ut med ei anna Marit, nemlig Noregs nye superkronprinsesse; Mette-Marit. Eg meiner ho er eit passande førebilete for dei unge tausene Noreg har å by på. Heile Tjessem-Høyby familien er no innlemma i det kongelege slott, og det skulle berre mangle om ikkje superekshibisjonisten; Sven-O, òg vert å sjå i vekeblada om ei tid!

 

Også TVNorge har lært å tene pengar på det ulukkelege sjølvbileta til unge folk. Har ikkje ”Extreme makeover” på Noregs taperkanal nr. 1 først slutta, så skal kanalen sjølv byrje å produsere liknande seriar. Det ser ikkje ut til å finnast grenser for kor langt TVNorge skal trekke strikken, og før vi veit ordet av det, har ein suicidal tomsing knekt nøtta på eit billig motellrom i etterkant av avslått søknad frå tvkanalen.

 

Speilet vart oppfunne for mange år sidan, og har lenge vore i bruk i mang ein familie, men det spørs om ikkje denne oppfinninga skulle vore på fyllinga, då hadde nok verda vore ein betre plass å leve. Folk kunne då sett kor normale dei faktisk er, og ikkje sprunge rundt og klaga over skattelette, så dei fekk pengar til å kjøpe seg kosmetiske fordelar.

 

Utan speilet kunne vi menneske levd saman, i fred og forsoning, utan bekymringar, og vi kunne nyt eit sminkefritt liv heilt til den dagen då ragnaroket tok oss.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil