Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Fengslande vinterSkriv ut Utskrift

Anmeldelse av teaterstykket "Raud Vinter". Stoffet kan nok ikke brukes, men oppbygning og struktur kan kanskje være til nytte.

Karakter: 5

Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:


Kulturlivet i Levanger har presentert noko storstilt og eiget denne hausten. «Raud Vinter» har blitt ein enorm suksess, takket vere dyktige skodespelarar, storslåtte kostyme, praktfull musikk og ei god historie.

 

Det er noko stort som skjer på Levanger no til dags. Ein trist, grå parkeringsplass ligg ikkje lenger aude. Bilar med blinkande lys og dundrande musikkanlegg tar seg ikkje lenger bryet med å svippe nedom. «Raud Vinter» har gitt torget sitt gamle liv tilbake.

 

For fulle tribunar blir det i disse haustkveldar spilt, ein musikal så spekka av liv og nerve at kvar og ein lar seg fengsle. Dette er Historia om Levangeropprøret i 1851: Opprøret mange i dag ikkje har høyrd om, men som blei beskrivi av både franske Le Figaro og britiske The Times, den gong.

 

EIN SOM har vore med på å gi stykket, «Raud Vinter», spenning og nerve, er Thorvald Sund. Det er han som har skrive manus til førestellinga. For dette er ikkje ei historisk forteljing om kva som skjedde i dei kalde februardagane i 1851, dette er forteljinga basert på historia. Slik har manusforfattaren skapt sine eigne små historier og intrigar, vove inn kjærleik og symbolikk, og gitt historia bodskap og tema.

 

AMATØRSKODESPELARAR I alle aldrar gir liv til dette velskrivne manus. kulturnamn som Inger Elise Andersen, Per Anker Johansen og Paul Olsen er alle med på å setje sitt lys på dette stykket. Med elegant skodespel og vakker song, er det lett å la seg rive med. Når da også profesjonelle skodespelarar som Gunnhild Sundli supplerer med si vakre stemme, smelter kvart einaste kulturhjarte.

 

SJØLVSAGT MÅ ein vere klar over at dette ikkje er ei profesjonell førestelling som møter ein. Sjølv om rammene og personane rundt er profesjonelle, er dei fleste av skodespelarane amatørar. Men så er også dette noko av sjarmen. Sjølv om enkelte ting ikkje blir heilt rett. At publikum hører ei falsk tone, så er dette berre sjarmerande. For Levanger har fått noe som har vore sårt sakna. Kulturlivet har fått noko eige gjennom «Raud Vinter», og det er viktig at Levanger held fast på dette, i ei lang tid framover.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish