Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kven er eg?

Kven er eg?

En refleksjon over meningen med livet.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.11.2006
Tema
Verdier

Her ein dag fekk eg ein interessant tanke i hovudet. "Kven er eg?" Kva er meininga med at eg skulle komme til jorda. For å hjelpe nokon? For å finne opp århundrets største oppfinnelse? Eller rett og slett berre fordi verda hadde for lite folk?

Kva tenkjer eigentleg venane mine om meg? Er eg den som alltid kjem og forstyrrar, eller den som alltid kjem når dei treng meg? Likar dei at eg bryr meg om dei? Eller syns dei eg bryr meg for mykje? Eg lurar også på om folk ser opp til meg eller om dei ser ned på meg.

Er eg god nok? Eg er vertfall meg sjølv, kan aldri verte nokon annan, det er heilt umogeleg det. Folk må berre tole at eg er den eg er. Betyr utsjånaden min noko? Er folk flau over å vere ven med meg pga. utsjånaden min eller ein annan grunn?

Betyr eg mykje for venane mine? Eller betyr eg eigentleg ikkje så mykje? Desse spørsmåla kan eg nok ikkje svare på sjølv, det må venane mine gjer. Eigentleg trur eg er ein passe god ven, prøvar å hjelpe venane mine når dei treng hjelp, å prate med dei når dei treng nokon å prate med.

Men om det er spanande å vere saman med meg eller om det er kjedli eller om det rett og slett berre er heilt forferdeleg, det veit eg ikkje. Det er faktisk mykje eg ikkje veit. Men det er vel ei meining med alt. Eg kan ikkje verte annleis eg er berre slik eg er.

Eg kjem ofte med mange spørsmål, mange dumme kanskje, er ganske nysgjerrig av med skjønar du. Men det er nok ein grunn til at eg spør alle dei spørsmåla.

Eg trur nok at folk har oppfatta meg på mange forskjellige måtar. Familien min trur nok eg er "den" gullungen som aldri gjer noko gale. Læraren min trur nok eg er ein person som pratar i eitt sett. Venane mine trur nok eg - nei, det var det eg ikkje visste ja. Men nokre oppfattar meg sikkert som; beskjeden, vill, pågåande, barnsleg og pratsam. Desse tinga er veldig forskjellige men eg oppfører meg nok forskjellig etter kven eg er saman med, viss eg kjenner alle er eg ganske vill, viss der er folk eg ikkje kjenner er eg meir stille å viss eg er hyper pratar eg som ein foss. Eg trur eigentleg ingen oppfattar meg heilt på same måten.

Eg er ganske sosial av meg, for sosial har eg også høyrt. Pratar med alle, av og til me folk eg aldri har sett før, (folk på min eigen alder sjølvsagt). Eg vert ofte overraska over kor ivrig folk blir i å prate om ting som eg interesserer meg for, ting som eg trudde det berre var eg som brydde meg om. Eg er ein person som pratar om alt, kanskje det ikkje interesserer nokon i det heile tatt men eg brukar å seie det meste likevel.

Kanskje vi skal ta ei lita oppsummering. Eg kan vere beskjeden, pratsam, pågåande, travel å mange andre ting. Eg synes du skal lese igjennom det heile ein gong til for å skjøne enda meir. Men eg har skrive mykje forskjellig rart her men grunnen til det er nok at eg ikkje veit heilt kven eg er sjølv. Det er ikkje lett å vite det. Kanskje kjem eg aldri til å skjøna kven eg er men det får berre ver. Eg er i alle fall meg sjølv.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil