Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
EgSkriv ut Utskrift
En novelle om kjærlighet mellom en norsk jente og en tysk soldat.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Det sterke ljoset frå under dørkarmen skjerer i auga når eg prøver å sove. Eg ligg her og berre stirrar på ljoset og dei mange skuggane av personar som går forbi. Eg kan svakt høyre eit skrik frå eit rom lenger ned i gangen, og eg høyrer legar som stormer forbi. Eg prøver å snu meg, men så hugsar eg at det ikkje går. Gamal krigsskade. Så nå er eg dømd til å leve eit liv kor eg treng hjelp til å gå på do, eller ete. Eg skulle ha høyrd på Solveig. Skulle aldri ha reist frå henne. Eg var lukkeleg der. Kvar dag var som om eg var fødd på ny, når eg vakna opp ved sida av henne. Eg hugsar eg alltid strauk henne på kinnet medan ho sov fredeleg og eg tenkte på at ho var det einaste som betydde noe. Ikkje krigen, Hitler eller kor gale det eigentleg var mellom oss - berre henne.

 

Skuggane dansar opp veggane og det får meg til å tenkje på første gongen vi dansa. Eg har alltid følt meg dum når eg dansa og har aldri lika det. Men når eg var me ho, så hadde eg det moro. For første gong naut eg faktisk å danse.

 

Men draumene vert fort borte, for skuggane dansar aldri lenge nok.

 

Eg sit og ser bort på henne. Solveig heiter ho visst. Eg kunne gjort kva som helst for å berre få snakka me ho, men eg er for blyg. Ho såg på meg! Eg ser på at ho dansar rundt på golvet og ler og eg vil så gjerne bli med. Men eg tør ikkje å gå bort eingong. Ho vil sikkert ikkje prata med ein som meg. Kvifor skal ho? Eg er jo ein Tyskar i Noreg. Eg er jo fienden. Eg snur meg og tar meg ein drink, men når eg snur meg attende så er ho ikkje der. Eg leitar frebrilsk etter å berre få sjå anletet hennar ein siste gong. Eg føler meg avhengig av henne nett som om ho er alkohol og eg er ein alkoholikar. Eg  går ut på dansegolvet, men eg finn henne ikkje. Plutseleg river nokon tak i skuldra mi. Eg snur meg og der står ho. Ein rar følelse skyter gjennom kroppen min, og eg frys. «Hei. Vil du danse?» seier ho. Eg berre nikkar varsamt idet ho røsker tak i meg og dreg meg rundt på dansegolvet. Det føles som at det blir lysare i rommet og det einaste eg tenkjer på er henne. Eg ser det lyse håret hennar flyte rundt som ein  rolig bekk. Ho er alt som betyr noe - berre henne.

 

Døra til rommet mitt slår opp og ein sjukepleiar kjem inn. Eg smilar med ein gong for eg trur det er Solveig. Det gjør eg alltid. Men så hugsar eg på at ho berre kjem inn for eg skal vaskes. Ein tåre trilllar nedover kinnet mitt idet eg tenkjer tanken at Solveig sikkert har glemt meg for lenge siden. Eg berre stirrer ut i lufta idet sjukepleiaren løfter meg opp og bærar meg til dusjområdet. Eg ligg og ser på vatnet som dei spylar over meg.

 

Eg kyssar henne mjukt på halsen. Vannet renn nedover kroppane våre i perfekt symbiose. Vi er ein.

 

Eg hugsar dette veldig godt. Vi hadde komme heim frå eit selskap og eg hadde blitt med henne heim som vanleg. Når eg førte hånda mi på kroppen hennar så følte huden hennar ut som silke.

 

Ho smilar idet vi tørker kvarandre, og eg vet ho følar det samme som meg.

 

Sykepleiaren tørker meg før ho bærer meg attende til rommet mitt. Eg seier ingenting. Eg ligg der livløs forgapt i mine eigne tankar og minner. Ho legg meg attende i senga min og eg er atttende til der eg har vore dei siste ti til tjue åra. Eg har mista tellinga. Det er ikkje viktig heller. Eg liggjer og stirrar i taket idet døyra smell igjen og det blir mørkt.

 

Mørket trenger inn over rommet og eg stryker henne i håret. Ho veit det ikkje enda. Eg skjønner ikkje korleis eg skal klare å seie det. Eg håpar ho vil skjønne det. Men eg vil ikkje. Eg vil berre kunne liggje her med henne kvar dag for resten av livet. Eg vil kunne se anletet hennar når ho er glad og kunne tørke tårene hennar om ho er lei seg. Eg vil ikkje noe anna enn å vere med henne. Men eg har ikkje noe val. Eg stryk henne på kinnet og ho smilar, men ho vaknar ikkje. Heile natta har eg lege slik. Ho søv så fredeleg at eg ikkje klarer å vekke henne. Eg legg håvudet mitt på brystet hennar og kjenner hjartet hennar slå sakte og stødig. Eg grip rundt henne og held henne trygt inntill meg. Brystet hennar går opp og ned med pusten hennar og det er en heilt spesiell ro over henne. Korleis skal eg klare å dra frå henne. Eg seier til meg sjølv at det må finnast ein moglegheit for at eg kan slippe - ein eller annan løsning. Men eg veit det ikkje går. Eg vert forflytta til Frankrike og det er ingenting eg kan gjere med det. Denne krigen er berre feil. Eg håpar berre at ho skjønner at eg ikkje har noko val. At ho vil vente på meg. Eg ber om at eg skal få sjå henne att.

 

Lyset i taket skrur seg på, og eg snur hovudet vekk. Eg høyrer steg som kjem mot rommet mitt.

 

Inn kjem ein sykepleiar. Ho sett meg opp mot veggen og sett seg på senga. Eg ser på henne medan ho tar fram matbrettet og byrjar å mate meg. Ho er heilt nøytral og gir ikkje frå seg noe. Ho ser ikkje eingong på meg. Ho berre mater meg, før ho går att slik som ho gjer kvar dag. Ho er så kald.

 

Regnet skyller ned rundt oss. Det einaste som skåner oss frå det er ein paraply som eigentleg er beregna på ein person. Men eg held henne så nærme, at det er nesten godt nok. Vatnet renn ned på eine skulderen min, men det gjer ikkje noko, berre så lenge ho ikkje vert blaut. Vi går gatelangs og månnen skinner svakt igjennom det tette skydekke. Gatene er tomme, og det er berre oss. Ho smilar som vanleg, men eg har andre tankar. Eg dreg i morgon, og eg har ikkje fortalt henne det enda. Eg har ikkje klart det. Eg må fortelje det. Men eg er så redd. Eg fører henne under eit tak i eit smug og eg stiller meg ovenfor henne. Ho spør meg kvifor vi står her, men eg klarar ikkje å svare. Eg står berre og ser på henne og føler ein varme bre seg over meg. Eg tar hånda innanfor jakka og tek ut ein boks. Eg gir den til henne. Ho lyser opp idet ho opnar den og tar fram eit halskjede. «Husk meg» seier eg. «Eg har noko å seie deg. I morgon blir eg flytta til Frankrike. Eg.. hadde ingenting med det å gjere». Smilet hennar blir fort borte og eg kjenner at eg blir knust innvendig. Tårer renn nedover kinna hennar og eg tek handa på kinnet hennar og tørker vekk tårene. Eg omfavner henne og ho gret på skulderen min. «Eg vil komme attende til deg» seier eg. «Ikkje gløym meg»

 

Eg kjenner tårer som renn ned kinna mine. Eg klarar ikkje å tørke dem bort. Eg vil ikkje tørke dem bort. Tårene mine minner meg om henne. Ho er den einaste eg nokongong har grete over, og den einaste eg verkeleg ville leve resten av livet mitt med. Eg kjenner følelsen av tomheit som breier seg i kroppen når eg tenker på henne. Eg har mista den einaste eg verkeleg har brydd meg om. Kvar dag får eg denne følelsen. Kvar dag går eg igjennom det same savnet. Men når eg tenkjer på deg så er eg lukkeleg. Det er derfor eg ligg vaken kvar natt og ser på skuggane, og drøymer meg bort. For med skuggane og minnene, er eg lukkeleg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish