Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Solidaritet

Solidaritet

Om solidaritet, skrevet på en fin måte.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk


”Kvifor? Eg meiner, eg slit med å betale husleiga mi, det går ikkje nok bussar, det er ventelister lenger enn E6 på dei offentlege sjukehusa. Korleis kan en då konsentrere seg om å hjelpe fullstendig ukjende kvinner i land på andre sida av kloden med utdanninga deira?” Fråsegnen kjem frå ein bestemt OD-nekter. Fleire ungdomar sitt eller står rundt røykeskuret på skolen. Fleirtalet er opprørt over dei meiningane dei høyrer vert lagt fram. ”Det er så utruleg egoistisk å seie noko slikt”, svarer ei av dei med eit uttrykk som kunne ha tilhøyrt Røkke etter et Molde-tap. ”Kva hjelp dessutan det vesle eg kan bidra med”, guten held på sitt; ”Det vert som eit spytt i havet. Dessutan så må ein vere litt egoistisk iblant. Ein må tenke litt på personleg framgang òg”. På det tidspunktet greier eg ikkje å stå passiv lenger og eg hiver inn et spørsmål retta mot guten. ”Kva om alle hadde vore egoistiske? Korleis trur du verda ville sett ut?” Det einaste ein fekk ut av diskusjonen var vel om lag 8 ”for-seint-komingar” og nesten like mange irriterte elevsjeler som heldt fram med argumentasjonen 10 minutt for mykje inn i timen. Etter nyleg å ha lagt OD-dagen bak oss, føler eg spørsmålet om kor viktig slikt solidaritetsarbeid er, stadig vert diskutert. Denne episoden er henta frå debatten rundt OD-nekting, og meiningane og argumenta knytt seg i all hovudsak til OD-dagen. Likevel er det lett å trekkje parallellar og knytte argumenta inn i den generelle debatten omkring ulandshjelp og solidaritetsarbeid. Har vi det ille i Norge? Kva er ille? Det er ikkje til å nekte på at Norge har ting som kan løysast betre, og at regjering og Storting har ting å ta fatt i. Men det er heller ikkje ein sjel som kan nekte for at ein alt i alt har det bra i landet vårt. I gjennomsnitt er nordmenn dei rikaste eller nest rikaste i verda, og det talar for seg. Dei fleste i Norge slit nok med ulike ting, og skiljet mellom fattig og rik er større enn mange av oss ønskjer, trass den nyleg underteikna avtalen mellom sentrumsregjeringa og Arbeiderpartiet. Men situasjonen kan ikkje samanliknast med forholda i enkelte u-land. Nordmenn kan ikkje eingong tenkje seg tanken at reint vann er luksus. Forskjellane er utrulege. Ein seng når du er trøtt, eit sjukehus når du er sjuk, eller sosialtrygd når du er arbeidslaus. Nordmenn flest veit kort og godt ikkje kor godt dei eigentleg har det. Tidlegare president i Sør Afrika, Nelson Mandela, er ein stor mann på nesten alle måtar. Som eit symbol på fridom og rettferd slapp han ut av fengsel etter å ha sitte der i 25 år på grunn av hans meiningar og arbeid. ANC, partiet som dreiv frigjeringskampen mot APARTHEID og som i dag styrer landet, står også som eit symbol på dei svarte Sør Afrikanarane sine retter. I spørsmålet om verknaden av uhjelp sa Mandela ein gong følgjande;

 

If you came
only to help
then you can go back home

but if you
consider my
struggle
as part
of your own
survival
Then perhaps
We can work togehter
Sitat Nelson Mandela

 

Desse orda synest eg skildrar på ein genial måte korleis u-landa kanskje ser på det vi kallar uhjelp, og i tillegg kan det få oss til å tenkje på eit av dei viktigaste problema med solidaritetsarbeid. På Engelsk lyder spørsmålet ; Solidarity or charity? Oversett tyder det solidaritet eller veldedigheit, merk skilnaden. Solidaritet bygger på meir enn berre tanken om å hjelpe. Solidaritet inneber ei forståing og interesse for, men også evne til å sette seg inn i u-landa sin situasjon. Solidaritet byggjer på menneskeverd og verdisyn. Solidaritet er så mykje meir.

 

Kvar haust, og gjerne oftare, samlar det norske folk inn pengar til eit godt formål. I år gjekk pengane til Amnesty International og deira arbeid for menneskerettane. Ved min siste sjekk på "Dagbladet.no" var denne summen godt passert 40 millioner kroner. Så må vi stille oss spørsmålet; korleis vert desse pengane brukt, og kva vert resultata av dette arbeide? Og kan vi av svaret konkludere; driv vi solidaritetsarbeid eller veldedigheit? Og om det vi gjer er veldedigheit, kven er då dei ekte solidaritetsarbeidarane? I år gjekk Nobels Fredspris til Leger Uten Grenser. Med deira ustanselege arbeid i krigsherja områder rundt om i heile verda har legene fortent eit bevis på at det dei gjer er verdifullt. Men dei er ikkje den einaste organisasjonen som driv solidaritetsarbeid og hjelpearbeid. Nedanfor følgjer ulike hjelpeorganisasjonar sine eigne skildringar av dei sjølve.

 

NORAD er direktoratet for utviklingssamarbeid (NORwegian Agency for Development cooperation, NORAD) og kanaliserer norske bistandspengar til utviklingsland i Asia, Afrika, Mellom-Amerika og Europa (tidlegare Jugoslavia). NORAD sitt overordna mål er å motkjempe fattigdom, samstundes som dei jobbar for økonomisk utvikling, sosial utvikling, menneskerettar, miljø og likestilling. Kirkens Nødhjelp er ein sjølvstendig, felleskyrkjeleg organisasjon som vil inspirere og hjelpe det norske folk til å bry seg. Vi vil arbeide for å redde liv, skape grunnlag for menneskeverdige livsvilkår og bidra til å avdekkje og motkjempe undertrykking. Vi gjer dette ved å samarbeide med kyrkjer, organisasjonar og institusjonar både i den fattige og rike del av verda. Bidrag frå tusenvis av privatpersonar og frå den norske stat, gjev Kirkens Nødhjelp over 300 millioner kroner å arbeide for kvart år. Dette blir brukt til:

  • katastrofehjelp og flyktning arbeid
  • langsiktig bistandsarbeid
  • arbeid for fred og menneskerettar
  • informere om nøden sine politiske og økonomiske årsaker
  • kontakt mellom menneske, på tvers av kulturar

 

Amnesty International er ein verdsomspennande rørsle som arbeider for å fremje alle menneskerettane som står nedfelt i The Universal Declaration of Human Rights og andre internasjonale standarder. Saker som Amnesty legg ekstra vekt på er for eksempel forsikring av rettferdige og korrekte rettssaker, slutt på dødsstraff , tortur og annan umenneskeleg behandling av fangar, dei vil ha slutt på politiske mord og ”forsvinningar” , og fremje menneskeretts- saker for opposisjonsgrupper. Amnesty International har om lag ein million medlemmar og tilhengjarar i 162 land og område. Dei gjennomfører alt frå folkedemonstrasjonar til brevskriving, frå undervisning om menneskerettane til veldedigheitskonsertar, og frå individuelle appellar om konkrete saker til globale kampanjar rundt ulike tema.

 

Redd Barna er ein norsk medlemsorganisasjon som arbeider for barns rettar i Norge og våre programland. Vi er ein barnerettsorganisasjon som både gjev praktisk bistand til utsette grupper barn, og taler deira sak overfor myndigheiter og andre for å betre barna sin situasjon. Redd Barna er partipolitisk uavhengig.

 

Det overordna målet for Røde Kors-rørsla er å lindre og førebyggje menneskeleg nød og liding ved å yte hjelp til ofre for væpna konfliktar og naturkatastrofar. Norges Røde Kors prioriterer innsats i konflikt- og katastrofeområder, og i områder som er i ferd med å gjenoppbyggjast etter ein konflikt. Sidan 1990 har Norges Røde Kors gjeve nødhjelp til meir enn 40 land og utviklingshjelp til meir enn 25 land. I 1998 var dei fem største innsatsområda Bosnia, Sudan, Colombia, Somalia og Balkan. I tillegg til å støtte internasjonalt arbeid med pengar, mat, medisinar og andre varar, har Norges Røde Kors i 1999 over 60 nødhjelpsarbeidarar i 23 forskjellige land.

 

Fellesnemnar for alle desse organisasjonane er at dei byggjer sitt arbeid på vestlege idear og tankar. Dei går inn som ein makt som fortel korleis alt skal vere, og korleis ting kan betre seg. Dei vurderer ikkje landa som nokon reel samarbeidspartner. Det dei gjer gjer dei på bakgrunn av eigne tankar om kva som er bra, og for å tøye det litt langt så er det ofte den gode kjensla dei får av å bidra som er drivkrafta. Resultatet vert ofte prosjekt som u-landa eigentleg ikkje er einige i. ”Partnership in development” er eit konsept som er utarbeida av YMCA/YWCA (Young Mens/Womens Christian Association). Det byggjer på ein ideologi om å drive utvikling basert på samarbeid. I praksis tyder det at YMCA på Madagaskar og YMCA (KFUM på norsk) arbeider som partnerar for utvikling i båe landa. Ein kan lære ting av kvarandre, og noko av det beste er; det vert òg stilt spørsmål ved vår eiga kultur. Kvifor gjer vi slik, korleis løyser vi liknande ting. Resultata er ofte overraskande. Du har sjølv sikkert kjent ”lukta av ein innvandrar”, som ein seier. Ofte lukter for eksempel pakistanarar en del kvitlauk, og vi synest det er ekkelt. Korleis trur du då at dei ser på oss? Kinesarane, som sjølv et rå fisk, fnys ved tanken på eit norsk frukostbord. Vi drikk mjølk, surmjølk og et ost av alle moglege slag. Ost som i eigentlege er surna mjølk. Så kan ein spørja seg; korleis lukter nordmenn? Kva er verst; kvit lauk eller sur mjølk? Noko anna som er viktig å tenkje på er dei fattige landa sitt hat mot mange rike land. Det er lett å forstå misnøya over at USA, som forresten står i kjempegjeld til FN, skal gå inn som verdspoliti og bestemme korleis alt skal vere. Det gjer det ikkje betre at USA brenn tusenvis av tonn med korn kvart år. Korn som kunne vore sendt til u-land, men som må brennast på grunn av prisnivået. Korleis hadde vi sett på USA dersom vi hadde mangel på mat og såg tonnevis med korn vart brent. Vi kunne jo ha henta det sjølv. Kvifor må dei brenne det? Global forståing er med andre ord eit viktig stikkord for å kunne drive solidaritetsarbeid. KFUK /KFUM i Norge har òg eit prosjekt dei kallar Solidaritetsettåring. Dette byggjer på konseptet om ”partnership in development”. Unge norske studentar bruker eitt år av sitt liv på å arbeide for og saman med menneske andre land. I tillegg tek dei eit 10 vekttals studie i global forståing. I løpet av dette året lærer ein korleis ein vert kjent med nye kulturar, samarbeider med folk i andre land, og kort og godt utviklar sin eigen globale forståing. Og forståing er eitt av nøkkelorda i solidaritetsarbeid. Ein må forstå for å kunne bidra.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil