Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Filmomtale: "Landstrykere"Skriv ut Utskrift
Dette er ei filmomtale av filmatiseringa av Knut Hamsun sin roman "Landstrykere".
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter: Anonym


”Landstrykere” er filmatiseringa av Knut Hamsun sin roman med same namn. Hamsun konsentrerte seg om sjelelivet og det vakre i den nyromantiske diktinga si. Han skreiv om kjærleik, kjensler, norsk natur og bygdeliv.

 

Handlinga går føre seg på 1860- og 70-talet, på den tida industrialiseringa kom til Noreg og moderniserte både større byar og bygdesamfunn. Det var òg då utvandringa til Amerika byrja å skyte fart i Noreg.

 

Filmen viser korleis menneska streva med livet og kjenslene midt opp i alle endringane. Bodskapen er vist i skildringa av møtet mellom Pollen, eit isolert bygdesamfunn, og den nye tida som fører med seg modernisering. Hamsun vil få fram skilnaden mellom stabilitet og tradisjon i forhold til eit samfunn i endring.

 

Filmen byrjar med at den eine hovudpersonen, August, kjem tilbake til heimbygda Pollen, frå ein stad han påstår var Amerika. No skal han starte sitt nye prosjekt: Å tørke fisk i Pollen. Han får med seg Edvard for å hjelpe til.

 

August er ein skjørtejegar, eventyrar, og sanneleg ein stor bløffmakar. Han er kledd i dress og hatt, men er samtidig litt ustelt i kantane. August vil gjerne fortelje alle om dei mange eventyra sine til fjerne land.

 

Den andre hovudpersonen, Edvard, er meir sympatisk og samvitsfull enn makkeren sin. Han er som August, glad i damer, men er meir følsam. I byrjinga er Edvard kledd som ein bondegut, men seinare finn vi ein litt meir sofistikert og sjølvsikker Edvard, og som tek etter August både i klesvegen og på andre måtar.

 

Plassane der handlinga går føre seg har kontrastar. Doppen, staden der Edvard sin kjæreste kjem frå, er ein liten gard med nokre få sauer. Pollen, heimbygda til Edvard og August, er ei litt større, men ganske avsidesliggande bygd i Nord-Noreg. Denne staden er ”lukka” og tradisjonell, med lite nytenking. Handelstaden til H. Knoff er meir modernisert og herskapleg med den velståande Knoff og arbeidarane hans. Her er det butikkar med handel, fiskeindustri, post og dampbåt.

 

”Landstrykere” har vakre og stemningsfulle scener med flott norsk folkemusikk. Lyseffektane er også spesielle i filmen, og som døme på det kan vi sjå kjenslefulle elskovsstunder. Menneskekroppane er i fokus, vakre nærbilete med eit vakkert fanga gult og raudt lys. Kontrastar til dette finn vi i scenene på myra i Pollen, der det er eit grålig, mystisk og dystert lys, understreka ved hjelp avskodde og regn.

 

Eg tykkjer dette er ein god film med flott norsk natur og musikk, og noko som gjer at kjensler og stemningar kjem godt fram. På den andre sida tok det litt lang tid før det blei spennande, og difor var det litt lett å misse interessa. Men er du interessert i nyromantikk og Knut Hamsun, kan ”Landstrykere” vere ein fulltreffar.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish