Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Forkjøling til feil tidspunkt

Forkjøling til feil tidspunkt

Kåseri om knuter. Tentamen i 10. klasse.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.12.2006
Tema
Sykdommer


Knutar kan vere så mangt. For min del er knuten no for tida, ein forkjølingsknute. Denne forkjølingsknuten går ut på at eg har fått denne forkjølinga på feil tidspunkt. Kvifor må eg bli forkjølt akkurat no? Det er så urettferdig! Kvifor no? No når eg skal på min fyste Kaizerskonsert i Bergen… Det er ikkje noko gøy å hoppa opp og ned og synga med på ”Mr. Kaizer, Hans Constanze og Meg” og dei andre songane når man er forkjølt (ikkje at eg har prøvd det før), og nesten ikkje har stemme. Eller… gøy blir det jo sjølvsagt! Forhåpentlegvis gløymar eg forkjølinga under konserten, og vaknar dagen etter utan stemme. Herleg!  Eller endå betre: Sove av meg forkjølinga i natt og vakne utvilt og frisk i Bergen. Lite sannsynleg eigentleg. Eg vaknar nok meir forkjølt enn eg er no i morgon tidleg.

 

Enda verre, er jo at forkjølinga kan gå utover tentamenen min, i den grad at eg ikkje jobbar like effektivt når eg må stoppe å snyta meg kvart femte minutt. Det blir ca 50 snytingar fram til klokka halv to det! Kvifor eg må gå halv to tenkar du no? Jo, det er fordi eg elskar alt det svarte… nei, det blei litt feil… Det er fordi eg må rekke flyet mitt som går klokka 14.45 frå Værnes. Eigentleg skulle eg dra klokka to i frå skula, men i og med at pappa seier at det er blitt innføre så mange nye tryggingstiltak på flyplassen, må eg dra tidlegare. Nokre av desse tiltaka er at man ikkje får ha med seg drikke på flyet (korleis skal ein stakkar forkjøla person overleva utan drikke på flyet?) og at man må igjennom enda strengare tryggingskontrollar som tar laaang tid i følgje mamma.  Men så pleiar ho å overdrive ein smule på sånne ting også då, så me blir nok sittande ei stund og venta på flyet. Det positive med det er at eg kan lesa endå meir i Kontroll På Kontinentet, som eg fikk signert i går! Men i alle fall… Eg får dårlegare tid på denne tentamenen, sida eg må gå klokka halv to i staden for klokka to. Eg som pleiar å sitte heilt ut tida, får jo eit problem når eg plutseleg må gå ein time tidlegare enn vanleg! Eller… det blir ikkje noko problem… Sida eg allereie har begynt å gå igjennom teksten min. Og klokka som berre er 10…


 

Eg har ein aldri så liten teori om grunnen til forkjølinga mi, sjølv om denne teorien er svært dårleg… Den byrjar i alle fall med at det var kaldt på onsdagen når eg var på trening. Eg plumpa i ein svært kald dam (i og med at det var ein grad i lufta, var det kaldt) på byrjinga av treninga, og når man er kald på beina blir man fort forkjølt. Vidare hadde eg jo eit potensiale i går til utvikla forkjølinga. Eg byrja å merka forkjølinga i går morrest. Etter skulen trengte eg nasespray. Men kor var no den hersens nasesprayen? Eg lette huset rundt, og fant den til slutt under senga mi, saman med alt støvet. Problemet med den nasesprayen, var at den ikkje var ein vanleg nasespray, men ein saltvatnspray og saltvatnsprayar fungerar ikkje noko godt… Etter eg hadde funne nasesprayen såg eg på klokka. 15.15! Eg skulle møte Marit klokka 15.30, for at vi skulle gå til Kaizerssigneringa på Norli. I mitt store hastverk klarte eg sjølvsagt å søla bringebærsyltetøy på dørhandtaket. Eg fikk tørka opp det, og løp nedover til byen. På Norli byrja eg å bli tett i nasen. Men til tross, var signeringa strålande, bortsett frå at Helge hadde møtt opp på feil bokhandel. Dette var fyste gong i Kaizers historie at Helge for seint, eller gikk feil, fortalte Terje. Etter signeringa var det jo tid for fotballkamp. Pappa og eg drog for å sjå Rosenborg slokke Brann. Skuffelsen vart stor for oss og dei dryge 5000 som hadde møtt opp på Lerkendal. Berre 40 bergensarar var lukkelege. Eg fraus for så vidt, og vart kanskje enda dårlegare..

 

Mens eg har skreve no, har eg tenkt på ein sjuk ting; kanskje er eg allergisk mot Kaizers. At eg vart forkjølt etter signeringa i går… Nei, det går ikkje! Då hadde eg vært kronisk forkjøla sida 15. august i fjor, og det har eg ikkje vore. Nei, det er nok berre ein vanleg tredagersforkjøling som forhåpentlegvis går over i laupet av morgondagen. Uansett, eg har tenkt å brøle ”halleluja” i kor med fleire hundre andre kaizersfans i morgon, om eg så skal mista stemmen!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil