Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Dorothe Engelbretsdatter (1634-1716)Skriv ut Utskrift

En biografi som omhandler livet til Dorothe Engelbretsdatter og diktestilen hennes.

Karakter: 5 (VK2)

Nynorsk - BiografiForfatter: Anonym



Dorothe Engelbretsdatter kom til verda den 16. januar 1634. Ho voks opp i Bergen med mora si, Anna Wrangel og Engelbret Jørgenssøn, som var faren hennar. Engelbret var rektor og sogneprest ved domkirka. Som liten hadde Dorothe eit overklassemiljø rundt seg med teoretisk lærdom, så der tok ho til seg gode kunnskapar på ulike områder. Denne kunnskapen kom godt med vidare i livet, sida ho ikkje fekk ei formell utdanning. Som 18 åring (1656) blei Dorothe gift med faren sin ettermann, Ambrosius Hardenbech. Han var konrektor, kapellan og seinare sogneprest. Seinare budde ho tre år i København (ca frå 1647 - 1650), der det var eit aktivt litterært miljø. Dette var truleg ein stor påverknad for utviklinga av den poetiske interessa hennar. Ho dikta både salmar og skreiv vers. Det var svært uvanleg at ei kvinne kunne klare å konkurrere med mannlege forfattarar. Ingen i københavn trudde ei kvinne kunne skrive slike salmar som ho gjorde, og det blei sagt at mannen hennar, presten, hadde skrive dei. Gjennom desse tre åra i København kom Dorothe i kontakt med det tyske-bergenske teknologiske og musikalske miljøet ved hjelp av mannen sin, Ambrosius. Ho begynte skrivinga si for alvor.

 

Saman med Ambrosius fekk ho ni ungar, sju av dei døde som små. To gutar voks opp, men tragisk nok forsvann dei begge to. Den eine sonen var sporlaust vekke og den andre verva seg som soldat i utlandet og fall i kamp. Ho hadde ikkje meir kontakt med dei etter dei reiste. Allereie i 1683 blei ho enkje og som kvinneleg forfattar stod ho på denne tida ganske aleine. Som presteenke opplevde ho å bli huslaus etter den tragiske brannen som utsletta sju åttande delar av Bergen by. Då kongen av Danmark og Norge, Fredrik den fjerde, vitja Bergen i 1704 gav Dorothe han eit hyllingsdikt som samtidig var ein bøn om eit betre liv. Sjølv om Kongen lovde henne eit nytt hus i hjelp, gjekk det mange år før huset blei verkelegheit. Først i 1712 fekk ho sitt nye hus og i tillegg til det gav Kongen ho skattefritak på livstid.

 

Hovudverket hennar som ho debuterte med i 1678 var; Siælens Song Offer (Salmar og lyrikk). Samlinga blei trykt i Oslo og kom opp i 24 opplag i alt. Dette var ein stor suksess for Dorothe, som blir rekna for å vere den første kvinnelege forfattaren i landet, og er ein av dei fremste representantane for barokkdiktinga. Ho var og den første som fekk diktargasje, eit kunstnarstipend av Kongen, og den første som faktisk levde av diktinga si. Den andre diktsamlinga Dorothe gav ut var Taare-Offer (1685), som og var ei populær samling. Ho skreiv både salmar, dikt og rimbrev. Ei av salmane ho har skrive er ”Afften Psalme”. Der kom det og tydeleg fram at ho var prega av sorg og liding. Salmane hennar blei veldig populære. Dei var bestseljarar og selte til og med betre enn bibelen. Versa hennar var ganske enkle og var lette å hugse utenatt, og det betydde at dei var lette å forstå for folk som ikkje var så flinke å lese. Som Ludvig Holberg sa om ho; ”den største Poetinde, som de Nordiske Riger have haft”. Ho skreiv religiøse og sørgmodige salmevers som blei beundra og sunge av mange i heile Norden. Både Kingo og diktaren Petter Dass prisa ho for dette. Å skrive dikt i sorg, var som ei trøst for ho. At mange av verka hennar var prega av dette kjem godt fram:

 

«. . . den blege død har med sin morder gnaven
kuldkasted mand og børn, til alle falt i graven;
her sidder jeg igjen, bedrøved og forlat.»

 

Som diktar stod Dorothe i barokken med følelsesladde dikt. Barokken er namnet på heile 1600 talet. På denne tida var ikkje det ikkje vanleg å skrive om kunnskap og fakta, forfattarane skulle vise kunstferdigheitene sine. Dikting var kunst. Det som kjenneteiknar barokken mest, er skrivinga om døden, noko som vi gjenkjenner i nokre av verka til Dorothe. Det var og stor ære for gud og kyrkja. Prestane trua folket med at dei ville komme til helvete om dei ikkje gjekk i kyrkja. Folket blei underkua og nedtrykt til dei trudde at dei ikkje var verd noko ting, og at Gud ville folk vondt om dei ikkje trudde på han. Barokkdiktinga bestod derfor for det meste av religiøse dikt og tekstar. Det Dorothe ønskte med skrivinga si, var å nå fram til menneska på forskjellige måtar. Ho ville overtale og omvende, gi glede, trøst, undervise og ikkje minst takke og ære Gud. I tilegg til å byggje på denne klassiske tradisjonen fekk ho og mykje skryt for god bruk av morsmålet, og ei ekstremt god dikting. Ho har ei flott og naturleg ordføring, og meistrar gode rim og rytmar fullt ut.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish