Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ingenting å vere redd forSkriv ut Utskrift

Eit kåseri om å lure seg sjølv til grensesprenging.

Karakter: 5

Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



Når du lar ein ball fyke mot deg i opptil 100 km/t heilt frivilleg, utan betaling og heilt utan bekymring, er noko gale. Du er galen. Du er keeper. .

 

Eg skjønar lite av verda. Eg skjønar lite av det meste. Men eg skjønar meg sjølv. Eg veit at det kan verka meininglaust og stå der bak einsam, slenge seg med kroppen så hardt i bakken at det nokre gonger kjennes som om skjelettet vert omforma, og å få ein lær-kule skoten så hardt i andletet at reguleringa di flerrer opp halve kjeften, når det er målscoraren som feirast. Men eg kjenner kvifor. Eg kjenner følelsen av å vere der. Og du overlever truleg. Det er ingenting å vere redd for.

 

Keepere er spesielle, høyrer ein. Om alle gode keepere er det, er ein annan sak. Men om det i så fall stemmer, har eg fått ein ny ting å skrive på min keeper-CV. Eg våger å skilja meg ut. Eg våger å si meininga mi. Det handler om å tore. Tore å drite seg ut, ta ein lita Eli Hagen. Som keeper drit du deg ut av og til . Vi er ikkje eineståande, men du ser det mykje betre når tabben gjev mål til motstandarane. Det er sant det, at spissen står i rampelyset ved siger. Men går laget på et kjempetap, får nok keeper litt spalteplass i staden. Men du døyr ikkje av litt negativ publisitet, verken i avisane eller blant medspelarane. Det er ingenting å vere redd for.

 

Du skal vere litt tøff i trynet for å gå imot ein spelar, mann mot mann, når han eller ho har ball i beina og mord i blikket. Igjen, du er galen. Eg vil ikkje seie at eg er noko spesielt smart. At eg på eit vis har klart å finne ein måte å lure kroppen, sansene, nervene og tankane mine til å tru at det å gå imot den ballen er noko smart trekk. Nei, eg har berre brukt litt tid på å utvikle idioten i meg. Smerte har eg kjend, slag har eg fått, men kjensla, kjensla av å vere der, tel så ufatteleg mykje meir. Men det veit ikkje kroppen utan trening. Så kødd med idioten i deg, lær han at det er slik som vi skulle ønskje det var. Kviskre det til han, stille, mjukt, ofte og beroligande: «Det er ingenting å vere redd for»

 

Uff, så er det feltarbeidet. Innlegg, kast deg ut blant adrenalinpumpa motspelarar og strekk deg så høyt du kan over bakken. Du kan sjølvsagt bli ståande inni buret av tryggleik som du får ei mykje vanskelegare oppgåve med å forsvare om motspelaren får tak i ballen. Men blir det mål då, er det ikkje din feil, for det var forsvararane som skulle markert han. Då drit du deg ikkje ut. Då er du trygg. Nei, er du pingle får du stå. Men då er du heller ingen lagspelar. Du skal freiste. Det blir som å stå opp om morgonen, du er sjuk, du er kvalm, du vegrar deg, men du må opp for å gå på jobb eller skule. Folk set si lit til deg, folk reknar med deg. Du kan slippe unna utan problem. Men du veit, hadde alle droppa det ville verda stoppa opp. Du må gjenom det. Kødd med idioten i deg. Stå opp. Det er ingenting å vere redd for.

 

Du kan tenkje det. Du kan ønskje det. Men du kan ikkje få kroppen din til å lyde utan å manipulera idioten som stadig styrer han. Idioten som ikkje kan lærast opp utan repetering, repetering, repetering. Automatisering. For det å tore å møte frykt, å halde auga opne, å la andletet vere ubeskytta, det er berre dumt. Sjølv idioten din veit det. Idioten som ikkje lyttar til deg. Idioten som kun tek omsyn til instink, slekta, gener. Reaksjonen kan han også kallast. Så kødd med han. Det er ingenting å vere redd for. Sjølv papegøyer kan seie det.

 

Det er lett å si korleis. Eit fasitsvar som forklarer korleis noko utførast kan ein bevise. Men kvifor? Kvifor er eit ord for diskusjonar. Kvifor skal man lure noe av det mest naturlege som finnast? Sjølve forsvarsmekanismen vår. Kvifor skal ein utsetje seg sjølv for farar når det beste som kan skje er at ein unngår å drite seg ut? Noe ein kan klare ved å ikkje utsetje seg for farar i det heile. Kjensla. Du er der. Du fikk det til. Du eier din boks, og du er herre over din frykt. Du drit i alt og er tøff som faen. Berre du kan lure deg sjølv. Det er ingenting å vere redd for.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish