Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eg går her og skal slå opp med ein gutSkriv ut Utskrift

Nynorsk stil om en jente som forteller om opplevelser hun har hatt med en gutt som hun nå skal slå opp med.

Karakter: 5+ (10. klasse)

Nynorsk - FortellingForfatter:


Det er ikkje noko gøy, men det må gjerast. Han er ikkje noko spanande lenger. Han er så keisam. Eg trudde han var så interessant, med dei mørke øya og den store CD-samlinga.

 

Vi møttest på ein ungdomsklubb. Eg var ikkje solgt med ein gang. Eg likte kameraten hans, Henning. Han var ein storsjarmør og eg elska og sitte og se på han helt til øya begynte å renne. Men så var Svein der. Han flaug rundt meg og spanderte; det var rett etter konfirmasjonen hans. Svein var vann med at jenter likte ham, og før eg visste om det, så var det han som eg var i lag med.

 

Ikkje det at eg ikkje likte han. Eg prøvde å bli kjent med han. Den djupe sida hans, men det var vanskeleg. Eg fann det ut etter kvart; Han er lik som han var heile tida. Grunn som ein vesle dam. Han måla aldri opp til de djupe, brune øya.

 

Der var han, ja. Gensar fra Gjelleråsen fotballklubb. Kvifor Gjelleråsen? Det er eit drittfotballag. Det er det einaste han går med. Eg syntes at det var søtt. Er det muleg? Han er jo ikkje noko god ein gong. Berre middels. Middels på skulen er han og. Middels i alt.

 

Vi krangla på mandag. Det var den første gangen. Vi krangla om alt og ingenting. Eg starta det, fordi eg kjeda meg, eller gjorde eg det? Eg slo til han med flat hand og sa til han at eg kunne nok sjå korleis han kika på andre jenter, og at han var ein utro drittsekk. Han var snill som eit lam og sa at han aldri skulle sjå på ei einaste anna jente igjen.

 

Eg hatar han no. Det sløve smilet, den gutteaktige framtoningen som får han til å sjå ut som eit barn. Han ser ut som om eg skal bli med han resten av livet som ein dum kone med fem barn. Aldri om han skal få fengsle meg, for no stikker eg.

 

Lurar på om han vil bli lei seg. Vil han stå imot? Vil han prøve og fikse oss? Vil eg la ham? Eg kjenner meg utrygg no. Han har det naive, uskuldige blikket. Kva er det eg gjør? Trør på han som om han eit lite forsvarsløst vesen. Nei; No går eg for langt. Eg er ikkje ein slem person, men eg bryr meg ikkje lenger. Heilt ærleg. Han vil klare seg. Eg let ansiktet mitt å stivne, mens eg går mot honom.

- Da e slutt, seier eg, og pustar hårdt inn gjennom nasen, slik at det blir iskaldt oppover.

Han står og ser på meg. Kva tenkjer han bak det utrykksløyse ansiktet?

- Da går ikkje lenger. Eg har visst da heila tio, Svein. Du har nok sjønt da, du òg.

 

Så gjekk eg.

 

SLUTT




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish