Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ein søndagstur i 2007Skriv ut Utskrift
Søndagen er ikke lenger som den var for et par generasjoner siden.
Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym


I dei riktig gamle dagar, var søndagsturen ein fast tradisjon. Etter gudstenesta møttest alle på kyrkjebakken for å ta ein prat. Fine klær skulle brukast slik at ingen skulle sjå om du kanskje ikkje hadde til salt i maten. I dei dagane blei ikkje søndagsturen bruka som rekreasjon i den grad som i dag. Folk flest jobba og sleit nok elles i veka, så turen ble brukt til ymse samankomster i staden. Folk utveksla nyheiter og sladder. Det var ein fridag som skulle brukas til minst mogeleg.

 

I dagens samfunn, er søndagsturen sett på som einsbetydane med ryggsekk og kvikklunsj. Blodslit og myggstikk. Eller store holl i ozonlaget som fôrårsaker hudkreft. Dagens arbeidarar sitt på baken, medan dei klimprar på tastaturen sine. Med eit kosthald beståande av hamburgarar og Cola, er søndagsturen eit alfa og omega, for å halde det evig veksande fedme problemet i sjakk. Folk jobbar ikkje lenger med kroppane sine. Fingrane er dei einaste kroppsdelane som får sin daglege trim. Eg må si at ein dissande kropp treng meir enn eit par veltrimma hender for å imponere meg.

 

Men kva er det som gjær at vi har mista vårt gode forhold til å pakke sekken å dra ut i skogen? Trimmar vi mindre enn før? Vi gjær vel det. I dag finnast det to typar av menneske. Vi har han som spring til jobben både vinter og sommar. Trener på helsestudio seks gangar i veka. Et gras og bønnespirer, medan han forbereder seg på den årlege sykkelturen frå Trondheim til Oslo.

 

Og så har vi han som meiner at trim er å gå for å hente posten. Han som gjerne køyrar i ein halvtime rundt for å finne ein parkeringsplass nærast inngangen til kjøpesentret. Han som meiner at den einaste rette form for trim, er å sjå ein landskamp i fotball på fjernsynet. Får trim i bøtter å spann av det ser du. Han må gå til butikken for å kjøpe øl og snop. Kjerring og ungar må kjørast til venner og andre kjenningar, slik at kopekassa kan få utfylle sin posisjon som heilagdom, medan stua er fylt opp av likesinna frendar, slik kyrkjebakken var i gamledagar. Ein fristad for menneske som sidestiller potetgull med råkost. Ein slik rett, som er tilsett både dill, lauk og paprika, må berre være sunn.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish