Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Einsamflygar" av Halldis Moren VesaasSkriv ut Utskrift
Diktanalyse av einsamflygar. Einsamflygar vart skrive av Halldis Moren Vesaas, og vart utgitt første gongen i ”Utvalde Dikt” i 1957.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:


Halldis Moren Vesaas debuterte med diktsamlinga ”Harpe og dolk” i 1929 og ho er kjent for sin evne til å uttrykke livsfølelsane hos kvinner, gjennom dei ulike livsfasane: ungdom, forelsking, parforhold, morsrolle og den modne kvinna sitt perspektiv på livet og gleda ved ny kjærleik.

 

Så dette diktet er ikkje noko typisk Halldis Moren Vesaas dikt fordi det handlar i hovudsak om ein einsam og hjelpelaus fugl som, av vinden, er blitt skilt frå resten av flokken.

 

Men ”Einsamflygar” er eit tradisjonelt dikt, som er den forma av dikt som Halldis Moren Vesaas likte best å skrive. Diktet er tradisjonelt fordi det ikkje har noko aktuelt tema, men handlar om følelsar og er skriven med eit bredt ordval med rim og rytme.

 

Fuglen har eigentleg ikkje blåst vekk frå flokken, men den har valgt å følgje sin eigen veg, vekk frå ”den usynlege lei” som alle dei andre fuglane følgjer. Fuglen er eit symbol på eit ungt menneske som velger å gå sin eigen veg uansett kor håplaust, dumt og risikabelt det er, fordi ”vinden” til dette mennesket er ikkje som alle andres. Denne personen ynskjer å vere annerledes, ha ein eigen identitet, finne ein plass kor ein hører heime og trivst i.

 

Og det er det forteljaren ønskjer å formidle til ”barna”, at man ikkje skal ”le av” folk som er eller gjer noko som er annleis, man skal heller ”ikkje gråte” om personen ”trøytnar om litt” fordi det er sånn han har valgt å leve.

 

På første å andre linje står det: ”Barn, ikkje le av den fuglen som flaksar så hjelpelaust av stad.” Det betyr at man ikkje skal le av dei som prøver å gjere noko på eigenhand. Men heller akseptere at folk har forskjellige syn på kva fridom er.

 

I dei to neste linjene i strofe 1 står det: ”Vinden har skilt han frå dei andre som flyg over havet i ei jamn, tett rad. ” Vinden er her skjebnen som bestemm korleis man skal leve og kva man gjer. Her er skjebnen at han må skillast frå dei andre i flokken.

 

Tredje strofe handlar om konsekvensane av vala man tar og i dette tilfelle korleis man taklar å vere heilt åleine. Man kan måtte ha nokon som støtta deg for å klare dei måla du har sett deg.

 

I den fjerde og siste strofa er fuglen på ein kald og mørk plass, men fuglen er fri og han er fornøgd med livet han lever. Sånn kan det opplevast for menneske. Sjølv om noken ser einsame ut kan dei vere veldig fornøyde.

 

”Einsamflygar” har fire strofer, og kvar strofe har fire linjer. Det er enderim i andre og fjerde linje og det gir diktet ein fin flyt og rytme, som gjer det lettare å huske og forstå kva heile diktet handlar om, og naturlegvis lettare å lese.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish