Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Energi

Energi

Temaoppgave om energi.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.03.2007
Tema
Energi


<bilde>

Sola er ei kjempestor glødande kule som slepp ut enorme mengder med energi (ordet energi stammar frå det greske ordet ”energeia” som tyder å utføre arbeid, eller forandre effekt på noko). Denne energien gjer det mogleg å leve på jorda. Det er solenergien som gjer at plantar kan drive fotosyntese og skaffe energi til seg sjølv, dyr et planten, andre dyr et dyret som et planten, dyret dør og rotnar slik at energien blir gjenvinne til planta på bakken som tek opp energien til det daude dyret slik at dyr som et planten får i seg energien osv.. Utan sola hadde det ikkje eksistert noko som helst energi på jorda.

  Verda har eit stort forbruk på energi til å produsere t.d. strøm og varme. Men kva vil skje med verda om CO2 utsleppet forset i like store mengder som i dag? Og om naturen blir fylt opp med vindmøller og store vasskraftverk, og atomkraftverka held fram med å sleppe ut så mykje radioaktiv stråling? Vil det til slutt då vere så varmt at folk å dyr må flykte? Vil folk døy av radioaktiv stråling? vil det ”gå tomt” for uberørt natur på grunn av store vasskraftanlegg?  


 

 Kva for energikjelder nyttar vi?

 I løpet av mange år har vi funne ut at det går an å utnytte mange energiformer som elektrisk energi, stillings energi, bevegelsesenergi, mekanisk energi, kjerneenergi, varmeenergi og stråleenergi.

 Vi nyttar mange forskjellige energikjelder som t.d. vindkraft, bølgjekraft, energi frå fossar (vasskraft), energien av å dele uranatom med nøytron så det produserer energi eller nytte fossilt brensel. Problemet er det at ikkje alle metodane er like lønnsame og effektive. Dei tre mest nytta er vasskraft, som tek 3% av energiforbruket i verda, så atomkraft som tek 7% og fossilt brensel med 90% av energiforbruket! Eg skal greie litt ut om desse tre energikjeldene.

 

<bilde>
Vasskraft er den energikjelda vi nyttar mest i Norge og det er bygd ut opp til 800 vasskraftverk i landet.

Norge har alle fordelane for å drive vasskraft. Vi har: Mykje nedbør og høge bratte fjell.I vasskrinslaupet fordampar sola vatnet så det blir til skyer og skyene trekk inn mot land. Fjella presser  vasskrinslaupet  skyene endå litt meir slik at dei blir tunge og fell ned som regn eller snø. Når vatnet landar på dei bratte fjella, renn det ned i sjøen igjen som sola fordampar igjen osv.

<bilde>
ned i sjøen igjen som sola fordampar osv.

I vasskraftverka utnyttar dei krafta frå vatnet som fossar ned frå fjella. Jo brattare fjell og meir vatn, fører til meir energi. Energien dei produserer er ikkje lett å lagre, men løysinga på det er at dei lagar gigantiske

demningar så dei kan tappe frå den og ha kontroll på vassmengdene, altså energimengdene. Vasskraft er fornybar energi, dette forstår du ved å sjå på vasskrinslaupet. Vasskraftverka produserer elektrisitet utan å forureine på den måten at den slepp ut CO2 eller radioaktiv stråling.

Ulempa er at den øydelegg naturen med dei store vasskraftanlegga.

 

Fossilt brensel er kol, olje og gass. Fossilt brensel kan bli brukt til strøm, oppvarming og transportmiddel som bil, fly og båt. Fossilt brensel er daude dyr og plantar som har rotna under jord og vatn i veldig mange år. Dei rotna dyra og plantane blir liggande under trykk under jordmasse og vatn. Etter mange 1000 år blir dette omdanna til akkurat kol, olje og gass. Molekyla er omdanna litt i denne prosessen, men hovudsakeleg inneheld den det same som for 1000 år sidan: karbon, hydrogen og oksygen. 

 

Olje, kol og gass blir brukt til veldig mykje. Oljen blir brukt til t.d. polyester klede, møblar, interiør, all plast er av olje, oljemaling, bensin, diesel og masse meir. Gass frå Nordsjøen er mange forsjeligge sortar gassar som propan og butan m.m. Gassen blir brukt til for eksempel drift av turbinar og elektriske generatorar. Kol blir brukt mest i fattige land. Det blir brukt mest til oppvarming.

 

Fordelane av fossilt brensel er at det er lett energi å lagre, lett å vinne ut og produserer mykje energi.

Ulempene med fossilt brensel er at avfallstoffet til det fossile brenselet er CO2 som kan føre til klimaforandringar som t.d. at drivhuseffekten aukar. Det som vil skje då er at temperaturane på jorda vil stige. Polane kan smelte slik at mange dyreartar kan utryddast, ørkenane rundt ekvator vil utvidast. Vintrane i Norge er blitt kortare. I 1997 kom ”kyoto avtalen” var den første internasjonale miljøavtalen som tok dette problemet på alvor. Denne avtalen gjekk ut på at CO2 utsleppet skulle reduserast til slik det var på 1990 nivå innan 2010. Uheldigvis har det heller blitt til at CO2 utsleppet har økt med 25% i staden.

<bilde>


Her er bilde av eit oljekraftverk i Norge. Bildet er funn e på www.google.no

 


 


Kjernekraft
 eller også kaldt atomkraft som er vanlegare å sei… Det finst om lag 430 atomkraftverk i heile verda. 30 av dei er under utbygging og 15 atomkraftverk ligg i Norden. Atomkraftverk går eigentleg ut på å koke vatn og utnytte dampen til å få ein generator til å gå rundt og produsere straum. For å lage den varmen det trengs for å koke vatnet brukar dei radioaktivt uranatom og spaltar dei. Det fører til ein enorm varmeenergi.

Slik føregår spaltinga:

Uranatomet reagere på et nøytron og delar seg i 2 når d blir treft av nøytronet. Delinga fører til at varme og stråling blir frigjort i ein kjedereaksjon. Når atomet delast blir det frigjort 3 nye nøytron som treff andre uranatom som spaltast og frigjer energi og stråling osv.

Vist denne spaltinga skjer ukontrollert kan det føre til store eksplosjonar, men i atomkraftverk skjer dette heilt kontrollert. Der har dei reaktorar som har styrestavar som stopper nøytrona. Styrestavane går fram og tilbake så den slepp til kontrollerte mengder med nøytron til uranatoma. Styrestavane fører til at berre eit nøytron går vidare og    spaltar eit anna. Då blir produksjonen stabil og gjer ein jamn produksjon. Når vatnet kokar opp og utvidar seg, blir dampen ført inn i nokre røyr og vidare gjennom mange turbinar som driv ein generator som lagar straum.

Fordelane med atomkraft er at den ikkje har CO2 som avfall eller fører til sur nedbør. Det er veldig effektivt å drive og lønnsamt sjølv om atomkreftanlegga er nokså dyre.Ulempene med atomkraftverk er at avfallsgassane til uranatoma er cesium (Cs-137) og stronsium (Sr-90).

Desse gassane er ekstremt radioaktive! For at ikkje gassane skal spreiast ut og gjere skade på plantar og dyr (kan øydelegge arveeigenskapane til plantar og dyr og er kreftframkallande for menneske), lagrar dei det radioaktive avfallet i eit basseng i ca eit halvt år, før dei flyttar det over til eit basseng der det kan stråle frå seg i 30-40 år. Etter dette tek dei med seg det radioaktive avfallet og grev det ned i jorda. Det blir liggande i jorda i fleire 1000 år og stråle frå seg!

På bildet ser du det uranet ligg i. Ein son tilsvarer like mykje energi som 800L råolje. Bilde er funne på www.wikipedia.no

 

  

Noregs ”energihistorie”.

 

Vasskraft har blitt utnytta i mange hundre år til både å male korn, transportere tømmer ned elvene og til å tømmersaging. Midt på 1880-talet begynte utbygginga av små vasskraftverk. Dei gav kraft til småindustri og strøm til lys i private heimar i nærleiken av kraftverka. Etter 2. verdskrig begynte vasskraft industrien for fullt og hadde ein kraftig auking mellom 1950-talet og 1990- talet. Vasskrafta var den første energiproduserande ressursen i Norge.

Vindkraft har lenge vore i bruk som vindmøller, som blei brukt til gardssager, vasspumper og møllesteinar. Då elektrisiteten kom, sank talet på vindmøller. Det blei etterkvart også funne ut at det gjekk at å produsere elektrisitet av vinden. Vinkraft har likevel aldri blitt noko stor ressurs i Norge sjølv om det fins mykje vind her, spesielt på Vestlandet. Det begynte ikkje å bli produsert elektrisitet frå vindkraft før i 1991. Så lenge Norge hadde vasskrafta, var det ikkje heilt nødvendig å starte med å få straum frå vindmøllene.


Norge er blitt ein stor oljenasjon og eksporterer mykje olje og gass til andre land t.d. Storbritannia. Norge begynte å leite etter olje i 1960 åra, og på hausten i 1969 hadde dei eit stort oljefunn på Ekofisk-feltet. To år etter blei området sett i produksjon og Norge begynte som ein ny stor oljenasjon. Det blir tatt opp masse olje og gass frå nordsjøbotnen endå, men dei har nokre forskarar som meiner at nordsjøbotnen vil vere tappa for olje på om lag 30-40 år frå no, men kol vil nok vare i fleire 100 år fram i tid.

Atomkraftverk begynte i Tyskland på 1950 – talet, men det har likevel aldri blitt noko atomkraftutbygging i Norge. Einaste som er her, er to atomkraftverk som berre er til forsking. Etter mange år med produksjon av kraftverk og mykje forsking har no Norge gjort seg rik på olje og gass og er eit av dei landa som brukar mest straum av alle land i heile verda.

 

Energiforbruket er skeivt fordelt i verda.

 

Energiforbruket i verda har alltid vert skeivt fordelt sidan det begynte å bli produsert straum i verda. Dei rike landa køyrer mykje meir bil enn dei gjer i fattige land. I Kina syklar dei mykje meir og bruker ikkje så mykje bil. Uheldigvis har kinesarane begynt å køyre mykje meir bil, noko som fører til at CO2 utsleppet blir vesentleg mykje større sidan det er så enormt mange menneske i Kina. Grunnen til denne skeive fordelinga er nok den at dei fattige landa ikkje har pengar til å starte produksjonen av elektrisitet, og mange har ikkje det som trengs heller, t.d. at dei ikkje har elver eller fossar, lite vind, ikkje fossilt brensel, eller pengar til å starte atomkraftverk.

 

Rike land har mykje pengar og kan satse høgre. Derfor har dei kunne forska og funne mykje teknologi som har hjelpt til å gjere det lettare og meir effektivt. Ta til dømes Norge. Norge er ein oljenasjon og satsar høgt på det. Norge er det landet som ligg fremst i teknologi for å skaffe oljen! Sidan Norge har hatt pengar til å kunne forske ut denne teknologien kan dei no tjene milliardar av kroner på det.

 

Dei fattige landa har ikkje pengar dei kan bruke på å forske fram teknologi, og prioriterer det lite. Derfor blir prisane mykje høgre, og folk får gjerne ikkje råd til å bruke straum. Dei fattige landa sin største ressurs er kol. Kol forureinar veldig mykje, så at den fattige delen av jorda (ein veldig stor del) brukar kol er eit stort problem. Grunnen til det er at det eksisterer så mykje av det at det at det er billig. Kole blir brukt til oppvarming. Derfor bør heller rike land bruke pengar til å få produsert straum der enn i dei rike landa.

 

Vis alle lang i verda skulle forureina like lite som det landet som forureinar minst, ville det ikkje vore noko serleg problem med CO2 utleppet, men vis det hadde vert slik at alle land køyrde like mykje bil og brukte like mykje straum som dei rikaste landa, ville det vert altfor enorme mengder med CO2 utlepp og det hadde vert tydlege spor på kloden at drivhuseffekten hadde stege masse.

 

Korleis vil energisituasjone sjå ut framover?

Det er mange teoriar om korleis framtida vil sjå ut og mange forskarar fryktar det verste. Det vil sei at dei meiner at det er eit for stort utslepp på CO2 og det kan føre til miljøkatastrofar framover. Det er jo allereie synleg at temperaturen på jorda har stege og at ispolane har smelta mykje.

 

Det forskarane ser etter er korleis det kan bli produsert nok energi utan å forureine med farlege gassar, stråling, skade på naturen, meir effektiv måte å utnytte energien på so god måte som mogleg og sjølvsagt å finne nye kjelder energi som kan erstatte det fossile brenselet når det går tomt.

 

Husa i framtida vil vere mykje meir energivennlege. Husa vil vere så tette at varme ikkje siv ut. Einaste varmekildene i huset vil vere menneske og elektriske apparata som lyset, komfyrar, TV m.m., for alle elektriske apparat gjer frå seg varmeenergi. Framtidshusa vil nok også ha innebygde energikilder blir bygd inn i det. Det vil sei solcellepanel, vindmølle, bioenergi, solfangar til varmtvatn, varmevekslarar til å ta vare på varmeenergien som blir sendt gjennom ventilasjonsannlegget.

 

Det er ein viss risiko for at verda ikkje vil vere nok førebudd på det når det går tomt for fossilt brensel. Det er gjort forsøk om det går an å føre CO2en ned i jorda igjen, men det er ikkje noko god løysing på det, for det fossile brenslet vil ta slutt likevel. Det er mange forslag om kva nytt som skal erstatte det, som for eksempel hydrogen. Det er begynt å bli produsert bilar som går på biodiesel, som er mindre forureinande enn vanleg bensin og diesel.

 

Vasskraft er ein god energiressurs fordi den ikkje forureinar og er fornybar. Det negative er jo at den øydelegg naturen, og så får du ikkje så veldig masse energi frå det. Verden vil satse meir på vasskraft i framtida, spesielt Norge. Det Norge skal gjere er å få fiksa opp og reinsa dei gamle vasskraftanlegga, og lage nokre fleire små kraftverk. I Noreg blir det jobba med å finne ut korleis vi kan få energi ut av tidevanstraumar, men er berre forsking enno.

   

Atomkraftverk vil nok ikkje bli meir nytta enn kva det er no. Det pågår mykje forsking, og forskarane meiner at det i framtida vil bli mykje sikrare og billigare å produsere atomkraft. Endå ein muligheit for atomkrafta er å lage funksjonskraftverk. Å få prosessen i gang krev veldig høge temperaturar opp i 100 – 150 millionar grader celcius. Men det er snakk om veldig mykje energi!  Hydrogenatoma med ein liter vatn, kan då tilsvare like mykje energi som 300 liter råolje! Problemet med dette er at det endå ikkje er fått til å lage eit kontrollert funksjonsprosess…

 

Vindkraft er ikkje noko som blir brukt så veldig mykje, men i framtida vil det nokk bli tatt meir i bruk fordi dei meiner at ny forsking og teknologi er på veg til å finne ut korleis ein kan få ute meir energi frå vinden.

 

Det blir forska på å klare å få til kunstig fotosyntese for å lage hydrogen. Dette er det veldig mange forskarar som jobbar med, men har enno ikkje klart å få det til.

 

Jordvarmen er noko som kanskje vil bli ein god energiressurs i framtida. Jordvarmen er varmen som kjem frå jorda sjølv innanfrå. Den er miljøvennleg og fornybar, og vis vi grev langt nokk kan vi finne han akkurat der vi vil, når vi treng han. Problemet med den jordvarme- energien er at den er vanskeleg å omdanne til elektrisitet.

  

Det er tydleg at vi er nøgt til å finne ein betre måte å nytte energien på. Det er rart kor dårleg vi eigentleg nyttar energien, for sola dekker jo menneska sitt energibruk 15 000 gongar. Det blir forska masse på korleis vi kan utnytte solenergien. Kanskje blir ørkenane fulle av solcellepanel som tek opp solenergien der og blir omdanna til hydrogen? Det er ikkje usannsynleg vis du tenker på kor mange menneske som har sagt så mange gangar, langt bak i tid at ”no har vi nådd høgdepunktet på teknologi” og så har det vist seg at det har vert feil alle gongane.


 

Eg er ikkje bekymra for at verda kjem til å få problem med energiressursane. Fossilt brensel vil ta slutt ein gong. Nordsjøen vil nok vere tol for olje om 50 – 80 år, gass om ca 100 år og kol vil nok vare i nokre 100 år til. Vi kan tenke oss tilbake for 80 - 100 år sidan, då var det store forskjellar på energiforbruket og teknologien enn kva det er no. Kanskje blir det oppfunne betre måtar å utnytte fossilt brensel mykje betre, så det varer lenger, kanskje finn vi ut korleis vi kan resirkulere CO2 utslepp, kanskje vi utviklar einfornybar energiresurs til å bli ein så god og effektiv ressurs at vi ikkje treng fossilt brensel? Eller kanskje det rett og slett blir funne opp bilar som går på direkte solenergi? Forskarane leitar vertfall etter ein energiressurs som er best på flest moglege måtar, så eg trur ikkje det skal vere noko som helst bekymring for at heile jorda skal bli dekt av asfalt og store industriar. Men det som er aller viktigast for at jorda ikkje skal bli øydelagt, er at alle menneske på jorda samarbeider om det.

 

Informasjonen eg har funne til dette fant eg på: www.kraftskolen.no, www.wikipedia.no, www.nve.no og lærebøkene: ”kosmos 9” (av John Harald Nomedal, Turid Bjørkenes og Knut Olav Mygland) og litt ”tellus 9” (av Per Roar Ekeland, Odd- Ivar Johannsen, Odd Rygh og Siri Buskedal Strand).

(bildet om vasskrinslaupet er funne på www.kraftskolen.no )

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil