Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eit hundelivSkriv ut Utskrift

En hund forteller om sitt liv.

Karakter: 6 (fikk 1. plass i barne- og ungdomsbladet Zoom sin novellekonkurranse i 2006)

Nynorsk - NovelleForfatter:



-Doktor, livet mitt kollapsar, eg veit ikkje kva eg skal gjere. Berre høyr etter, så vil du forstå:

 

Kvar morgon, klokka 5, dyttar dei meg ut døra. Far dreg av garde på jobb og mor tek meg med på ein gåtur i mest to timar. Då eg var yngre, var ting annleis. Eg hugsar godt den dagen dei henta meg på gata. Eg pla bu der, saman med bror min. Då eg var om lag sju månader gamal, vart han teken av hundefangaren, så eg måtte leve åleine. Det var ikkje lett.

 

….Uansett, det var ein grå dag, og det regna. Merkeleg nok, var det ikkje kaldt. Eg leita etter ei søplekasse til å sove i, då det stoppa ein bil utanfor ”daglegvarehandelen”, som låg rett over vegen. Eg kunne ikkje lese, men eg høyrde nokon gutar seie at det var ein Aston Martin. Sidan eg levde i fattigdom, var det ikkje vanleg med flotte og fine bilar der. Ei dame, kledd i pelskåpe og ein svær stas på hovudet, kom ut av bilen og gjekk inn i butikken. Det sat ein mann i bilen og venta. ”Antakeleg mannen hennar”, tenkte eg. Dama kom ut att og gjekk bort til bilen. Ho hadde ikkje kjøpt noko. Ho var stiv i blikket og kika så vidt det var på meg. Så sette ho seg inn og byrja å prate med mannen. Dei såg på meg begge to, og han opna døra. Han steig ut or bilen og kom gåande mot meg.

 

Han gjekk i dress. Eg prøvde å springe vekk, men eg var så liten at han nådde meg fort att. Hendene hans var store og varme og omringa heile meg. Det verka som han var ein snill kar, så eg prøvde å slappe av. I baksetet stod det ei pappeske med eit handklede oppi. Det var varmt inne i bilen og handkledet var mjukt. Bilen byrja å bevege seg framover.

-Der ser du elskling, me trong ikkje kjøpe ein hund.

-Men er du sikker på at han ikkje har nokre sjukdomar eller noko sånt?

-Han ser ganske fin ut, synest du ikkje?

 Eg sovna.

 

Motoren stoppa. Det hadde sikkert gått ein halvtime. Me stod parkert framfor eit digert hus. Innvendig var det ganske fint. Eg hadde aldri vore i eit hus før, berre i butikkar og bodar eg hadde stole mat frå. Det var varmt og det lukta godt. Då visste eg at dette ville bli eit totalt nytt liv. Dei gav meg mat, dei leika med meg, dei var snille med meg under oppveksten. Eg hadde til og med eiga seng.

 

Då eg var åtte, tok dei meg med til veterinæren. Eg var for tjukk.

-De må halde han på diett kvar dag i lang tid, de må gå mange turar og springe med han. De har vore altfor snille, sa ho. Det var då det byrja: Ete sunt, gå, springe, springe, fortare, fortare, mindre og mindre mat. Dei vart heilt sprø helsefrikar. Det var som å leve i helvete, ganske sikkert. Frå den dagen og fram til nå, to år seinare, har dei halde meg til denne dietten og desse pokkers turane, og eg er dritlei og trøytt. Sjølv om eg har vorte vant med maten, saknar eg den maten eg åt før. Eg ville gjort alt for eit skikkelig måltid, absolutt alt.

 

-Så, doktor, kva skal eg gjere?




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish