Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Å elska nokon av heile sitt hjarte

Å elska nokon av heile sitt hjarte

Om å vise sin kjærlighet - og det å gjøre det tidsnok. Stil skrevet i 10. klasse. Karakter 6-.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.04.2007


Det er vanskelig å fatte at eit menneske ikkje kan sjå det, når eit anna menneske elskar det av heile sitt hjarte. Det er vanskelig å fatte at kjærleiken til ein anna person ikkje lyser ut av kroppen på den som elskar. Men slik kan det være. Så hjartelaus er kjærleiken.

 

Fie satt på senga. Klokka var tre. Ho tenkte på minuttet igjen. Minuttet då ho satt på stolen sin, ved pulten sin, på plassen sin, på skolen. Minuttet då ho visste at noko var gale. Minuttet då ho hørte læraren si at den ho elska ikkje var noko å elske meir. Minuttet då livet, ikkje var verdt noko meir. Det minuttet tenkte Fie på no. Ho ville ikkje tenke på det, men greidde heller ikkje la vere. Å elska nokon, tenkte Fie, å elska nokon. Var det eigentleg noko poeng? Det virka som at i dei fleste tilfeller var det nyttelaust uansett. Og ville grunnen til at Fies hjarte kjentes ut som det var sprengt i tusen biter, i det heile tatt brydd seg?

 


Ho gjekk bort til vindauget. Det regna. Kanskje var det himmelen som gret. Gret over livet som var revet bort i frå Fie. Før hadde ho trudd på Gud, nå gjorde ho ikkje det meir. Viss det hadde fantes ein Gud, ville han ikkje ha latt ein stakkars einsam sjel stå med ei hagle i handa, heilt aleine med trua om at den ikkje var elska. Slik trudde ikkje Fie at Gud ville tillata. Viss han eksistera. Ho snudde seg, himmelen hadde ingen rett til å gråte over dette flotte livet som ikkje var meir. Dette livet som ikkje lenger var noko anna enn ein skitten kropp i ei ikkje lenger kvit kiste. Ho blei kvalm av tankane sine.

 

Ho falt tilbake på senga. Puta hennar var klissvåt av tårer. Fie tykte det var rart at ho i det heile tatt hadde gråt igjen i kroppen. Ho lurte på kor mange hav man hadde greidd å fylle, viss man fylte det med alle dei tårer som vart felt i løpet av den tida mennesket hadde eksistert her på jorda. Hennar hadde sikkert utgjort ein stor del. Slik kjentes det. Fie var så sjukt lei av å kjenne på korleis det kjentes. Ho var lei av å velte seg i sorga som åt ho opp frå innsida. Og når ho prøvde å skrive ned tankane sine, oppdaga ho bare at ho gjentok seg sjølv. Det var jo folk som hadde det mye verre enn henne. Det fantes folk som ikkje hadde ete på fleire dagar. Det fantes folk som ikkje hadde noko familie igjen, fordi krig og svolt hadde tatt livet av dei. Men ho trudde ikkje at nokon ville tenkt at sorgi hennar var meir ubetydelig av den grunn. For ingen kunne ane kor vondt Fie hadde hatt det den siste månaden.

 

Det er vanskeleg å fatte at nokon menneskjer meiner at kjærleik skal settas i bås. At kjærleik skal merkas med eit ord som definerer kjenslene. Det er vanskeleg å fatte at nokon meiner at ikkje alle kjensler er like mye verdt.

 

Klokka hadde begynt å nærme seg halv seks. Kanskje ho bare skulle gå ut, og skrika det ut så heile verda kunne høre kva ho hadde å si? Kanskje det ville bli betre da. Kanskje folk ville forstå ho betre? Kanskje folk ville skjønne kvifor ho ikkje smilte meir, åt, gjorde lekser, eller bevegde seg utanfor huset? Fie tok opp jakka si frå golvet. Trakk han sakte på seg. Gjekk bort til døra og ut i gangen. Ho tok på seg støvlane og opna døra.

 

Ho gjekk bortover vegen. Fie stansa og så på klokka, den var tre minuttar på seks. Klokka seks skulle ho gjere det. Ho nærma seg huset der eit fortvila menneskje hadde stått med ei hagle i handa for nøyaktig ein månad sia. Ho lurte på korleis foreldra hadde det no. Gret dei like mye som henne? Ho visste at dei fleste i klassa hennar budde såpass nærme, at viss dei hørte riktig godt etter, ville dei snart få høre ei vonbroten jente skrike ut det ho hadde bært på så lenge. Ho stansa igjen og kikka på klokka. Den var seks, og ho var framme. Fie trakk pusten godt og opna munnen for å skrike.

 

Viss nokon hadde sett ut av vindauga sine klokka seks den dagen, ville dei sett ei bleik og dradd jente som opna munnen. Men dei ville ikkje hørt at ho sa så lavt ho kunne,

”Eg elskar deg Julie, at du ikkje kunne sjå det.”

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil