Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eit liv i fredSkriv ut Utskrift
Fortelling basert på reell historie om inkafolket i Sør-Amerika.
Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Tåka ligg som ei kvit dyne over den grøne skogen, medan oransje solstråler treff dei høgste fjelltoppane. Urubambadalen med sine frodige bekkar og vakre orkidear ligg framleis omslørt av dis i skumringen. Dalen er omgitt av høge tindar, og skogen som breier seg oppover fjellsidene. På ei høgd mellom alle tindane i dalen ligg den fagre byen Machu Picchu. Ein by fylt av storarta arkitektur; granittempel, fontenar, gravkammer, terrassar og endelause trappegongar. Machu Picchu våknar omsider til liv ein varm novemberdag i 1532. Somme står ved fontenane for å hente reint vatn heim.

 

I eit lite hus i utkanten av byen, står ein ung gut og tek på seg den kvite tunikaen sin. Han spenner på seg sandalane før han dreg ut i den nå fargesprakande morgonen. Mor hans seier han må vere forsiktig så han ikkje blir biten av slangar, som om ho aldri før har advart han om det.

Anchi lyser lamaen, og dreg han med seg ned mot terrassane, der allereie faren og broren, Sarach er i full gong med å arbeide.

 

Potetene på den vesle åkerlappen deira er klare for innhausting, som titals andre åkrar. Alle var i sving no. Palasset i byen står framleis standhaftig og vaktar over den fruktbare dalen, medan ting går av seg sjølv som det plar gjere.

 

Men noko var i rørsle, men kva det var visste ingen. Folk i byen kunne føle det. Budbringerane som kom fra austen hadde med seg dårleg nytt. Orda dei sa var få, men grufulle. Det var snakk om stålbelagte menn som sat på noko som i alle fall ikkje var lamaer, og jamvel om dei hadde fire bein, var dei større og tilsynelatande sterkare.

 

Anchi er seksten år, medan broren Sarach er tre år eldre. Allereie som små gutar var dei med far på terrassane. Men no er det hardt arbeid heile dagen for dei to brørne. Heime er mor og systera Irchi på sytten, ansvarlge for mat og hushald. Det er ikkje enkelt, men det er heller ingen som har sagt det skal vere det.

 

Anchi og Sarach lesser fulle sekker med poteter på lamaen. Deretter går Anchi med potetene til grønnsaksforhandlaren på torget.

 

Blanke granittblokker glinsar i sola. Enorme trapper og tempel vitnar om flittige håndtverkerar gjennom mange generasjonar. Framleis blir det skapa vakre skulpturar og tempel.

Ein fredeleg by med gode folk, det var akkurat det det var.

 

Dag blir til kveld, og kveldsmaten står klar i det vesle huset med sine to trapesvindauge. Poteter og marsvinkjøt med skvåsj stod på menyen denne kvelden. Mor laga alltid god mat.

 

Systera Irchi gjekk på skulen på føremiddagen, der ho skulle lære å tenestegjere ved palasset, Korkje mor eller far ville at dottera eller sønene skulle ende opp som dei sjølve., og sende dei difor på skule i ung alder. Anchi og Sarach var ferdig med skulen, no hjalp dei far, men om nokre veker skulle dei vere med å byggje ein ny akvedukt over elva nord i Urabambadalen.

 

På himmelen lyser stjernene opp alle begredelige tankar i natta. Kven skulle tru at eit slikt skjønt rike som Twantinsuyu, nokon gong skulle bryte saman? Kunne dei vere stolte nok over folket sitt, og verkeleg ha trua, om at det dei frykta ikkje skulle hende. Frykt kan vere svakhet, og svakhet kan vere oppløysing.

 

Ein ny dag blusser opp. Far, Anchi og Sarach dreg til terrassane tidleg om morgonen. Dei passerer soltempelet og inkabadet; der nokre husmødre allereie vaskar ungane sine. Sjølv om ting gjekk som normalt, var det likevel ein dyster dragning i lufta. Synet som møtte far og brørne då dei skulle til å gå ut byporten på vei til markene, var usedvanleg bisarr. Kvinner, berre kvinner, overalt! Nokon leidde lamaer, og andre blei bårne av kvinner på utsmykka stolar, som utan tvil måtte vere av den meir velståande sorten.

 

Dette her var merkverdig, kva i all verda er det som skjer? Det var den første tanken som slo Anchi etter oppstanden. Etter ei stund kom inkakongen i ein om så var enda meir slåande vakker stol. Den var belagt med gulldetaljer og vevde tepper i alskens jordnære fargar. Stolen som blei boren av to menn framme og to bak, stoppa etter teikn frå kongen. Den mest velståande av kvinnene, selvfølgelig boren på stol av fire tenestekvinner, helsa kongen. Ho delte ord med han, men Anchi høyrde ikkje kva samtalen dreidde seg om.

 

”Me kjem frå herrane våre i aust. Dei er i krig med kvite menn. Me rømer frå folket vårt, kan du og ditt folk gi oss hus for ei tid?” Uttrykkjet i kongens ansikt var lunt, men undrande.

”I lang tid har slik ein trussel vore oss nære, kva som hender vidare blir innlysande opp til inkafolkets vilje til å forsvare seg…” Det var med vemod han talte.

 

”Du seier folket er i strid, det er nytt for oss sjølv om me visste noko var i gjere. Det er klart vi skal støtte opp. Alle gutar og menn over femten år skal vere ferdig utrusta med mat, piler, boge, spyd og kva det måtte vere, innan mørket sig innpå. Me skal kun ferdast i mørket, og før tredje dagen skal vi nå kvithæren.” Skrivaren rulla saman eit pergament og leverte det vidare til kunngjeraren.

 

”Kvinner og born skal vere att og halde byen min skjult. De har nå min tillatelse til å bu i byen, inntil noko anna kjem for ein dag...”

 

Med dette siste ordet blei kvinnene ynskte velkomne, og kvinneføraren følgde med kongen til palasset.

Alle innbyggjerane i Machu Picchu var ute på torget for å høyre kva kongen hadde sagt. Det vart stort oppstyr blant folk etter talen, og folk var både redde og forvirra. På ein time vart den rolege, fredelige morgonen i byen omgjord til stress og bekymringar.

 

”Ja, kva kan eg gjere, det kongen konkluderer med, kan ingen her i dalen gå imot, slik er det berre.” Med antydning til tårer i auga sat mor seg ned ved bordet. Ho visste kva det kongen sa innebar. Mannen og sønene måtte forlate henne og dottera, ja kanskje for evig tid.

”Du kan lage mat.” Anchi kom ikkje på noko betre svar, sidan han visste han måtte reise.

”Ja det skal vere sikkert at de reiser ikkje i krig utan mette magar.”

 

Alle i familien fylte opp det eine av to små rom i huset. Det svarte håret til Anchi blei lyst opp av sola der han sat på steinbenken han sjølv hadde laga under vindaugeholet. Ei urovekkjande stemning var tilstades.

”Me får heilt sikkert låne våpen av armeen her i byen, så det er ikkje noko problem. Problemet er at me veit ikkje sikkert kva det er me begir oss ut på.” Far var usikker.

 

Kvelden smaug seg innpå. Menn og unge gutar stod i kø framføre palasset for å skaffe seg våpen. Kongens hær var liten, og rundt to hundre menn var trente til krig. Trass det, drog nær firehundre menn og unge over dalen i mørket.

 

Hylande skapningar braut stilla blant dei reisande. Store fjell med kronglete dalar. Mørke trær i bratte skråningar. Brusande bekker skar seg mellom enorme røter på gigantiske lauvtrær.

”Skulle gjerne ha visst kvar me er, eg føler det er varmare og frodigare her enn heime,” seier Sarach samstundes som han står på ei høgd bortanfor fjellet og skuer utover den mektige regnskogen der nede. Langt der borte ligg den, heimen til millionar av dyr, fuglar og insekt. Men før han viser seg i sin fulle heilhet, ligg opne sletter fletta inn mellom låge skogar.

 

”Ja, der er staden me skal slå leir, etter det eg har høyrt” seier far, trøytt, etter den lange marsjen.

”Kvar skal kvithæren vere, eller er det meint at vi skal kome andre til hjelp. Eg skjønar ikkje kvifor me skal slå oss ned her”

Anchi kikkar med store auge på far.

”Eg trur vi skal kome nokon til hjelp som du seier, dei kjempar ved ei av elvane. Men kongen ville vente og kome innpå kvithæren tidleg neste morgon.”

Lufta var utruleg god, og det var herleg å puste inn fuktig luft som ei forandring til den kalde fjellufta dei var van med.

 

Den opne sletta der leiren skulle vere, var full av mjukt lysegrønt gras. Telta, dei var vevde enkelt, men sterkt. Nokon tende flammar, medan andre lasta utstyr av lamaer. Sakte, men sikkert kom natta innpå. Leiren blei stille og roleg. Sarach skulle vere saman med andre for å halde vakt, og utpå natta skulle Anchi overta for han.

 

Den skyfrie himmelen låg som eit beskyttande teppe over leiren. Det var verkeleg ein nydeleg kveld. Anchi låg i teltet med auga opne, ei fluge surra rundt over hovudet hans. Klapps! Eit liv gjekk tapt, likedan som millionar av andre. Ein trist tanke.

 

Sarach sat på sletta med beina i kors og speida innover i skogen. Anchi spaserte bort til han, og klappa han forsiktig på skuldrene.

”No tek eg over vakta,” sa Anchi og såg bortover mot skogholtet. Det var mørkt som svarte holet, men full av alskens lydar.

 

Lyd… Men kva lyd var nå det, i alle fall ingen vanleg lyd her i denne skogen. Bakken dundra, det måtte vere hovar som knuste råtne trestammar. Titals firbeinte, svarte, brune og høge skapningar kom farande ut av mørkret. Lange halar av hår. Dei kom stormande ut frå skogen. Menn i stålplater, som haldt noko som likna på nokre tynne røyr med håndtak. Dei kvite mennene sat oppå desse storslagne dyra. Ein lama måtte vere svært så underlegen i samsvar med dette vesenet.

Fleire og fleire, det måtte da vere minst to hundre menn. Dei kasta seg av dyra, skar opp telta, og truga inkaene til å stå heilt stille saman i grupper. Så tvang dei på sterke tauband rundt armane. Språket dei snakka var ikkje til å forstå.

 

Anchi blei bunden saman rundt handledda. Det var smertelig stramt. Han kunne sjå far og Sarach bli bundne like stramt eit stykke bortanfor. Anchi spurte seg sjølv kvifor ein skulle gå i krig mot desse ukjende framande? Kva var det vi skulle gå til krig mot? Kva ville dei, det visste nok berre dei. Ville dei skape frykt og kaos? Var det makt dei var ute etter? Var dei ikkje fornøgde med det dei åtte, slik som vi?

 

Leiaren for dei kvite talte til folket sitt. Anchi og alle dei andre blei no tvungne til å gå innover i skogen, veien der dei kvite kom fra. Innover og lengre innover… Kvar budde dei, kvar hen skulle dei føre inkafolket? Kva hadde dei gjort gale?

 

Den store krigaren Pizarro kom fra Castilla i Spania med sine omlag to hundre menn. Broren til Inka-herskaren Huascar, den stridige Atahualpa, vart drepen av Pizarro og mennene hans. Når broren, og Inka-herskaren, Huascar og vart drepen, var alle solkongar og universalherskarar forsvunne, og det som var grunnlaget i inka-riket vart reve vekk.

 

Kopparepidemien i den nordlege delen av Twantinsuyu gjorde stor skade for dei alle. Inka-hæren var på titusener av menn. Men Pizarro og hans to hundre menn klarte likevel å underlegge seg Twantinsuyu. Det kan vere mange årsakar til denne underlege overvinninga. Epedimien som herja, var ein av dei. Det braut ut borgarkrig etter epedimien. Det, saman med at Inka-riket var ungt og at folkegruppene var lite integrerte, det vil seie at dei ikkje inngjekk i eit ledd i det heile, gjorde at Pizarro lett fant seg allierte då han kom i land.

Eit rike med ein stor kultur, og fantastisk kunst og arkitektur forsvant og vart gøymd.

Ein kultur vart øydelagt.

 

Enden på Twantinsuyu er eit trist kapittel i verdshistoria, som ikkje nødvendigvis måtte få det utfallet det

fekk. Men menneskets svakhet for higer etter makt, og i denne samanhengen intoleranse, tok overhand. Ein svakhet som framleis er tilstades den dag i dag, men om det nokon gong tar slutt, det er det ingen som kan gi eit rettmessig svar på.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish