Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Det var ein gong eit menneskeSkriv ut Utskrift

Kort analyse av Jon Fosses "Morgon og kveld".

Karakter: 5/6 (VK2, sidemål)

Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



Tittel : Det var ein gong eit menneske

Namn: Ellen Smenes 3a

Sider i alt: 4

Ord: 733

Sjanger: artikkel

Fag: norsk

Målform: nynorsk (sidemål)

Dato: 04.03.07

 

Morgon og kveld er ein roman som er skriven av Jon Fosse, ein forfattar som har vore viktig i innføringa av postmodernismen.(I1) Han har òg skrive i mange andre sjangrar, til dømes skodespel og lyrikk. (I6) Boka har mykje i seg som kjenneteiknar postmodernismen, til dømes innhaldet av religion, og måten det åndelege vurderast og vert samanlikna utan at det vert trekt konklusjonar om kva for eit livssyn som er det beste. (I2) Bruken av og eksperimenteringa med verkemiddel er også karakteristisk for postmodernismen.(I3) Eit døme på dette er gjentakingane som skapar djupn, gjev nye samanhengar og ikkje minst utvidar meininga i det som vert sagt. Morgon og kveld kom ut i 2000, og ligg som nummer 4 på Dagbladet si liste over dei 25 beste romanane dei siste 25 åra. (I4) Tittelen speglar kanskje handlinga, som er Johannes sin fødsel og død, eller morgonen og kvelden i livet hans om du vil. Det er vanskeleg å skrive ein artikkel der ein får med alt ein kanskje ynskjer å sjå nærare på i boka. Eg har fått i oppgåve å sjå på forma i teksten, seie litt om hovudpersonen i tillegg til å kort kommentere temaet og bodskapen i romanen. (Høines, 2007 )

 

Morgon og kveld inneheld to delar, der del ein er mykje kortare enn del to. Generelt har boka ei særs spesiell form, ho har korkje punktum eller avsnitt. Trass i det faktum at punktum og avsnitt så og seie ikkje finst, er ikkje romanen vanskeleg å lesa, usamanhengande eller uoversiktleg. Dette seier mykje om Jon Fosses framifrå kvalitetar som forfattar. Teksta er særmerkt av luft, både fysisk og når det gjeld kva som vert fortalt; det er opp til lesaren og fylle tomromma der teksten underkommuniserar, noko han ofte gjer. Boka er skriven i notid, og det er vanskeleg å seie om boka er kronologisk, for i del to eksisterer ikkje tida på vanleg måte. Der er me saman med Johannes og føljer han i overgangen frå liv til død, noko som inneber at me hoppar fram og attende gjennom viktige hendingar i livet hans, eskortert av Peter, ein god ven av Johannes. Alt går i same syntaks, og ber preg av kontinuitet. Sjølv om vi hoppar fram og tilbake i tid så endras ikkje dette, som den store uopphørlige syntaksen og kontinuiteten til livet. At forma er så utradisjonell som ho er, utan vanleg struktur eller kronologi, er noko av det som gjer teksta så spanande.

 

Hovudpersonen, Johannes, er ein vanleg mann. Gjennom han får me ei kvardagsleg tilnærming til dei viktigaste hendingane i eit menneske sitt liv. Desse er hendingar som ein aldri kan vite noko sikkert om, nemleg kva som hender når vi vert fødd, og kva som ventar oss etter døden. Me vert gjennom tankar og handlingar etter kvart godt kjend med Johannes, og me dannar oss eit bilde av ein mann i stadig endring.

 

Når det gjeld tema og bodskap er det ikkje lett å seie noko forklarande eller fullstendig. Temaet kan kanskje vere noko som har med morgon og kveld i livet (fødsel og død) å gjera, eller kanskje overgangen frå liv til død. Eg kan ikkje sjå noko eintydig bodskap. Teksten seier mykje om kva det vil seie å vere menneske, kva me slit med og kva som opptek oss, noko som gjer at alle og einkvar kan lære mykje. Boka inneheld kanskje ikkje ein generell bodskap, men det er mogleg at alle kan finne eit personleg bodskap som kan vere til hjelp i kvardagen. Dette trur eg fordi eg fann lærdom i boka som eg kjende var relatert til meg personleg. Ein kan lære noko om livet, og dei viktigaste hendingane som fødsel og død, av boka.

 

Morgon og kveld er ei bok som verkeleg får ein til å tenkje. Boka er så lett og enkel at ein rett og slett ikkje kan fatte det. Tomrom må fylles av lesaren, som på ein kvardagsleg og enkel måte, gjennom lettfatteleg språk vert stilt ovanfor dei grunnleggande problemstillingane i livet. Boka reflekterar, gjennom hovudpersonen Johannes, over desse problemstillingane, men gjev ikkje noko eintydig svar. Dette er noko som er typisk både for Jon Fosse, og postmodernismen.(I1, I5) Morgon og kveld er ei bok der alle kan lære noko om det å vere eit menneske; ein liten og uviktig men samstundes stor og viktig brikke i ein overveldande samanheng.

 

 

Kjelder:

 

Verdsveven

I1 http://www.literature2000.org/bergen/no/jon/om_fosse.htm ( 27.02.07)

I2 http://no.wikipedia.org/wiki/Postmodernisme (27.02.07)

I3 http://www.statvoks.no/konsept/norsk2/litthist/index.html (27.02.07)

I4 http://www.dagbladet.no/kultur/2006/08/02/472798.html (27.02.07)

I5 http://www.dagbladet.no/litteratur/lyrikkhistorie/1980-2000.html (27.02.07)

I6 http://www.answers.com/topic/jon-fosse (27.02.07)

http://www.answers.com/topic/postmodernism (03.03.07)




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish