Superman Returns

Filmanalyse av filmen Superman Returns.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.05.23
Tema
Filmer

1)

I innleiinga kommer det opp ein tekst som står kva som har skjedd tidlegare i historia med Supermann. Det står: “On the doomed planet Krypton, a wise scientist placed his infant son into a spacecraft and launched him to earth. Raised by a kind farmer and his wife, the boy grew up to become our greatest protector… Superman. But when astronomers discovered the distant remains of his home world, Superman disappeared.” Etter denne teksten kommer det opp namn på dei som har vore med på å laga filmen. Namna kjem susande mot publikum.

 

2)

Hovudpersonen er Supermann/Clark Kent. Og personen som bryt harmonien er den onde Lex Luthor. Katalysator i denne filmen er at Lex Luthor planleggjar å lage eit nytt kontinent av ein krystall frå heimplaneten til Supermann. Han seier at milliardær av menneskjer vil døy. Det er konflikten i filmen.

 

3)

Skildring av Supermann/Clark Kent:

Supermann er ein forholdsvis roleg person. Han er veldig snill med alle bortsett frå erkefienden Lex Luthor så klart. Han har ein sterk sans for rettferdighet. Han har superkrefter som: Evna til å fly, superpust, varmesyn, supersterk, evna til å sjå igjennom alt unntatt bly. Hans einaste svakheit er ein meteorbit som heiter kryptonitt. Ironisk nok er den biten frå hans eigen planet. Han jobbar som journalist på The Daily Planet, og er fortsatt litt forelska i sin arbeidskollega, Lois Lane. Når han er Clark Kent går han som oftast i vanlege klede. Han har også briller så ingen skal kunne sjå at han er Supermann. Når han er Supermann har han den blåe drakta med rød kappe og S-logoen på brystet.

 

Skildring av Lex Luthor:

Lex Luthor er ein skalla mann som oftast går i frakk. Han er ondsinna og ikkje særleg blid. Han er følelsesløs og alltid ute etter ein måte å erobre verden på. Han har alltid med seg to hjelparar som gjør de fysiske jobbene for ham. Han har også alltid med seg ei dame med to hundar.

 

4)

Konflikten i filmen er at Lex Luthor skal bygge eit nytt kontinent med ein krystallbit frå heimplaneten til Supermann. Og han seier at milliardær av folk vil døy. Og det vil Supermann avverke. Konflikten vert løyst ved at Supermann stuper til kjernen av det nye landet til Les Luthor og flyr det ut til verdsrommet.

 

5)

Eg trur grunnen til at denne filmen er laga er at i den førre Supermann-filmen frå 80-talet, fløy Supermann frå jorda. Og Supermann-fans over heile verda har venta på at han skulle returnere. Det vi kan lære av filmen er den gode gamle god-mot-ond-moralen. At fleire burde tenkje litt meir rettferdig kanskje.

 

6)

Bildeutsnitta i filmen er ofte totale. Grunnen er at vi skal sjå kvar Supermann flyg, kvar han er osv. Eit eksempel på dette er når han flyg gjennom byen.

 

7)

Kameravinklane i filmen er veldig mykje i fugleperspektiv. For eksempel når Supermann flyg ut i verdsrommet. Då får vi sjå Supermann, og deretter jorda. Så flyg han ned på jorda. Eg trur nok at mesteparten av filmen er filma i fugleperspektiv.

 

8)

Kameraføringen varierer. Men det er ofte mykje panorering, spesielt når Supermann flyg. Men innkjøring, utskjøring og tilt er brukt mykje når Clark Kent er på jobb i The Daily Planet.

 

9)

Klippingen i filmen er veldig mykje scenisk. Grunnen til det er at det er ting som skjer heile tida. Men for eksempel tidssparande er brukt når Supermann og Lois Lane flyr rundt om natta. Når det er mykje action blir det brukt ein del kryss-klipping.

 

10)

Det blir brukt mykje orkestermusikk i filmen. Spesielt når de skal vere ekstra spennande. Og når Supermann har redda nokon så kjem den typiske litle Supermann-fanfaren. Lyset i filmen trur eg er lagt til ved hjelp av data. I vert fall når Supermann flyg. Det er ikkje nokon spesiell bruk av lys eigentleg. Viss det er dag, så er det lyst. Viss det er natt, så er det mørkt.

 

Del 2

Hei

 

No sit eg på ein skyskrapar i Metropolis og skriv til deg. Eg må skrive mens eg kan, for akkurat no så ser det ikkje ut til at nokon treng hjelp. Eg har det veldig bra. Sjølv om det av og til kan bli litt stress å fly rundt og redde folk heile tida så liker eg det faktisk. Eg føler at eg gjer ein god gjerning. Ta for eksempel her for leden dag. Eg redda ein mann frå eit brennande hus, og han takka meg mange gonger. Då følte eg at eg hadde gjort noko riktig. Elles så går det greitt på jobben i The Daily Planet. Eg får stadig nye journalistoppdrag av sjefen min og eg triver med det. Ikkje sei det til nokon men eg trur eg fortsett er litt forelska i Lois Lane. Men ho har jo ein mann, og ein son. Mor mi, Martha Kent, bur fortsett på garden. Eg må innrømme at eg saknar garden litt, og mamma. Men no må eg gå, eg meiner fly. Eg hørte nokon skrive etter hjelp her i Metropolis. Skal skrive igjen så snart det er verdsfred.

 

Supermann/Clark Kent

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst