Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Eit dilemma i samfunnetSkriv ut Utskrift
Etiske dilemmaer ved bruk av bioteknologi.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:

I Noreg har me strenge lovar og reglar når det gjeld forsking og bruk av bioteknologi. Det fører til at ein ikkje kan utnytte ressursar optimalt på det medisinske området, industrielt og samfunnsmessig. Noreg ligg truleg eit par tiår etter andre land som Noreg samanliknar seg med i andre samanhengar. I Irland, USA, Sverige og Danmark mfl., er det forska mykje meir på teknologi som blir brukt i mange ulike samanhengar. Årsaka til at Noreg ikkje har forska like mykje på teknologien er kanskje eit ønskja val. Bioteknologien omfattar eit bredt felt, med store kommersielle krefter og provoserar fram mange og vanskelege etiske spørsmål. Å satse stort på bioteknologi, som reknast som ein av dei store vekstnæringane i åra framover, vil være ei gullgruve med fleire tusen forskarårsverk. Teknologien er i seg sjølv ei stor inntektskjelde, men skal denne teknologien eller næringa som det nå har vorte, gå utover einskildmenneske og unike individ?

 

Når ein skal drøfte kva som er rett og kva som er gale og tenleg for samfunnet, må ein fyrst sjå litt på historia og korleis ein har funne fram til denne teknologien. Vidare må ein sjå på ulike normer og reglar som knyter seg til dette temaet. Eg vil også dra ein parallell med abortspørsmålet, for kven er det som skal bestemme kven som skal få leve? Det er viktig å tenke etisk, med dei konsekvensane teknologien fører til.

Teknologiens historikk går tilbake til Mendels arvelover rundt 1865. Gregor Johan Mendel gjorde mange systematiske forsøk med erteplanta, der han såg på nedarving av ulike eigenskapar. Resultatet fekk ikkje så mykje å seie på den tida, men i seinare tid har ein sett at hans arbeid og resultat har vorte svært viktig for den vitskaplege forskinga. Han definerte arvelovene lenge før ein visste kva DNA var.

 

I mellomkrigstida vart på nytt nye forskarar opptekne av korleis ein kunne foredle arvestoffet. Då kunne ein føre vidare dei sterke og gode arveeigenskapane og sile ut dei svake og ”dårlege” eigenskapane. Dette vert kalla eugenikk, som tyder god arv. I nazismens levealder utnytta Hitler denne metoden ved å eliminere vekk dei ”ikkje ønskte” menneska. Det viktige i denne forskinga var at ein nå oppdaga og kunne kartleggje DNA koden. Forskinga, og også nytten av å forske på bioteknologi, har ført til auka press frå marknadskreftene, samstundes med dei ulike dilemma som oppstår med ønska og uønska konsekvensar. Og i seinare tid har bioteknologi fått stor politisk og samfunnsmessig interesse. Utviklinga førte til at det norske Storting vedtok ei lov i 1987, som omfatta formålet og virkeområdet av medisinsk bruk i bioteknologi. Denne lova er som følgjer:

”§1-1 lovens formål Formålet med denne loven er å sikre at medisinsk bruk av bioteknologi utnyttes til beste for menneske i et samfunn der det er plass til alle. Dette skal skje i samsvar med prinsipper om respekt for menneskeverd, menneskelige rettigheter og personlig integritet og uten diskriminering på grunnlag av etiske normer nedfelt i vår vestlige kulturarv. §1-2 virkeområde Loven gjelder for medisinsk bruk av bioteknologi på mennesker.” (www.jur.uib.no)

Lovfeltet vert redigert med jamne mellomrom og er per dato ute til ny høyring, dette er fordi forskinga skjer raskare og breiare enn lovverket er utforma til.

 

Bioteknologi omfattar eit vidt område. For å innsnevre emnet har eg tenkt å bruke menneskelivet som hovudtema. Kvart menneskeliv er unikt og på det grunnlaget stiller teknologien foreldre og samfunnet i eit stort dilemma. Dei står ovanfor ei stor avgjersle om å velje det ”rette” i forhold til kva barnet skal vekse opp med. Dei har ulike val å forholde seg til; eit av dei kan vere å ikkje bruke teknologiens moglegheiter, andre kan vere å gå inn i DNA sine kodar for å sjå om barnet har ”avvik” og redigere på eigenskapane. Dette kan føre til at barn kan klandre sine foreldre for anten å ikkje ha ”kontrollert” barnet, og det veks opp med ”defektar”, eller for at dei gjekk inn å forandra eigenskapane etter eige ynskje. Domstolane har allereie saker til behandling der barn saksøkjer eigne foreldre. (www.aftenposten.no) Teknologien har gjort det mogleg for foreldre å velje om dei vil vite om barnet sine eigenskapar, kjønn og eventuelle sjukdomar. Dei kan velje om dei vil at barnet deira skal ha blondt hår og blå augo om dei ynskjer det. Eller dei kan skifte ut gen, så barnet vert fødd utan ”defektar”. Det har altså vorte mogleg å bestille seg eit ønskja barn med dei eigenskapane ein vil ha.

 

Ein foreldre kan også som sagt ”fjerne” ein sjukdom som barnet kan bli fødd med, dermed kan ein unngå at barnet skal lide med ein sjukdom eller tilstand. Dette kan gjere det betre for både barnet og foreldra, som slepp store belastningar i det seinare liv. Det er og sjølvsagt at somme meiner det motsette; at ein ser på livet i eit heilt anna perspektiv, til dømes eit barn med Downs syndrom. Eit barn er eit barn med eller utan lyte. Det er ønska og like mykje verd uansett kva slag tilstand det er i, og det skal verta fødd og velkommen til verda. Mangfaldet av menneskearten vil bli innskrenka dersom ein skulle endre på naturen til det ”perfekte liv”. Det kan føre til eugenikk; at ein vel ut dei ”perfekte” eigenskapane og skil vekk dei ”uønska” eigenskapane. Dette vil vidare føre til at ein ikkje veit heilt bestemt kor ”perfekt” det livet ein ynskjer å forme vil verte. Dette er problemstillinga ein vert sett ovanfor ved å starte endringar av menneskelivet. Alle desse problemstillingane som nemnt ovanfor er føresett at barnet vert fødd og sett til verda. I Noreg er det også mogleg å avbryte eit liv før tolvte svangerskapsveke. Her er også usemje om kor langt inn i svangerskapet ein skal ha moglegheit for å avbryte. Men etter den tolvte veka kan abort også innvilgast av ei nemnd dersom ein av desse kriteria er oppfylt:

a)     det er fare for kvinnas psykiske eller fysiske helse

b)     kvinna er i ein vanskeleg livssituasjon

c)     det er stor fare for sjukdom hos barnet (eugenikk)

d)    graviditeten er eit resultat av voldtekt eller incest

e)     mora har psykisk sjukdom eller psykisk utviklingshemning

 

Lova seier vidare at ”det skal legges vesentlig vekt på hvordan kvinnen selv bedømmer sin situasjon.” Etter norsk lov er det kvinnenes eiga rett til endeleg å bestemme svangerskapsavbrot. Men etter den 18. veka er abort ikkje tillat, ”med mindre det er særlig tungtveiende grunner for det”. Dersom fosteret har utvikla seg til å verte levedyktig, som i dag er ca 23 veker, kan ikkje abort innvilgast på noko som helst grunnlag. Dette er eit svært omstridt tema, og ein spørjeundersøking i 2005 viste at om lag 77% vil ha sjølvbestemt abort. (www.wikipedia.no) Spørsmålet ein då kan stille seg er om det skal vere det norske Storting som skal bestemme tidspunkt for når tid eit svangerskap skal avbrytast? Eller er det kvinnenes rett til å bestemme tidspunkt? For å svare på det må ein sjå på det etiske grunnlaget for eit liv og eit viktig spørsmål i abortsaka gjeld kva status eit foster har. Kva er eit menneskeliv, og når byrjar det? Dette fører oss vidare til omgrepet menneskeverd. Det finst somme som meiner at det berre er eit lite embryo utan liv og eigenskapar før det utviklar seg og ein ser fasongen av eit menneske. For dei vil abortspørsmålet vere uproblematisk. Men dei som derimot ser på fosteret som eit menneskeliv heilt frå starten av vil anten kome i ei klemme der dei må velje å ta bort eit unikt menneskeliv eller å behalde det. Frå eit kristeleg synspunkt vil ein ikkje synest abort er rett. Utifrå det kristne livssynet er mennesket skapt i Guds bilete uansett form og utsjånad, og alle er verdt like mykje. Barnet vert til heilt frå unnfangelsen av. Derfor vil ein kristen synast det er heilt feil å ta abort, for det strider mot Guds skaparverk og vilje. Gud vil at alle menneske skal få eit liv og mennesket skal ikkje verte forandra på eller drepas. Det strider mot 5. bod i bibelen som seier ”du skal ikkje slå i hel”.

 

Grunnane til at ein tek abort er ulike. Det kan vere at ein har fått analyseresultat av fostervassprøve og fastslått at barnet har ein sjukdom. Vanlegast blir abort bruka dersom barnet har Downs syndrom eller ryggmargsbrokk. Ein har fort for å tenkje at dersom ein tek abort vil ein spare seg sjølv, andre og barnet for mykje belastningar. Forventningane til foreldra er for dei fleste at dei skal få eit feilfritt og velskapt barn. Men barn som blir fødd med til dømes ryggmargsbrokk har svært gode moglegheiter til å leve eit heilt normalt liv. Problem barna som vert fødd med ryggamargsbrokk kan få, er til dømes muskelsvakhet eller lammingar i kroppen, nedsett kjensle og dårleg blodsirkulasjon, og feilstillingar i bein og rygg. Graden av dei ulike problema og kor alvorleg sjukdomen er kan variere hos den enkelte. Det er sjølvsagt at det fører med seg meir belastningar og arbeid med eit barn som er fødd med denne sjukdomen. Men det som er viktig å tenkje på då er at moglegheitene er så store. Alt ligg til rette for at både barna og pårørande skal få det best mogleg og enklast mogleg. Det gjeld bare at ein er ivrig og finn ei god løysing heilt frå babystadiet. Det er også svært viktig at ein får den informasjonen og dei opplysningane ein treng. Det er vorte danna ei foreining som heiter ryggmarksbrokk- og hydrosephalusforeininga som ein kan få den rette informasjonen om sjukdommen og korleis ein kan leve med han. (www.ryggmarksbrokk.org)

 

Barna som vert fødd med Downs syndrom har også svært gode moglegheiter seinare i livet. Alt er lagt til rette for dette tilfellet også. Menneske med Downs kan klare seg sjølv på eigehand når dei veks opp og kan vere med på å hjelpe andre. Menneske med Downs kan også gje ufatteleg mykje omsorg og kjærleik, kanskje også meir enn oss gjennomsnittlege travle nordmenn, og dessutan bør vi ha ei verd med menneske som har fått diagnosen Downs syndrom. Då kan ein verkeleg sjå andre verdiar enn dei som er mest markante i dagleglivet som pengar og høg status. Desse verdiane som desse menneska gjev er verdiar ein kanskje ikkje tenker så ofte på. Det å vere fri og det å ha fått eit liv. Eit barn med Downs kan gje ein familie så mykje godt og kan vere med på å forandre meiningar og haldningar. For det er det som er det største problemet i denne samanhengen. Samfunnet er full av fordommar mot menneske med Downs. Det er det som er det absolutte målet; å få endra på haldningane til folk og ikkje det som er annleis. Faktisk så er den einaste ulikskapen utsjånaden. Ein person med Downs er like intellektuell som ein ”frisk” person. Det som skil er berre utsjånad og eit kromosom for mykje som ein ikkje ser eingong. Men foreldre som får vite at barnet deira har fått diagnosen, tenkjer ofte på ryktet sitt og korleis andre kjem til å sjå på barnet deira.

 

Folk bør tenkje seg nøye om før dei tek ei avgjersle om å ta abort eller gå inn og forandre eit gen eller to for å få det ynskja barnet som ein forventa. Det å faktisk vite at ein har gjeve eit liv til verda er nokså fantastisk. Kan ein leve med det på samvitet sitt at ein var inn og forandra på korleis barnet eigentleg skulle vere, fordi ein ikkje var heilt nøgd med barnet slik det var? Eller at ein tok vekk eit liv som eigentleg kunne leve, ha det fint og ha store moglegheiter her i verda? Kva er den største belastninga då? Å ha eit nydeleg barn med Downs eller å ha på samvitet at ein har nekta eit barn liv.

 

Det er nå ein kan gruble på kven som eigentleg har retten til å bestemme kven som skal leve. Er det rett å la staten få bestemme at etter den 12. veke kan ein ikkje ta abort lenger. Då har menneskelivet starta. Eller er det rett at staten kan gje løyve til å gå inn i arvestoffet til eit menneske og forandre eit foster for at det skal bli perfekt, slik at det ikkje lagar belastningar for samfunnet?

 

Det ein primært må tenkje på er at ein må ta ansvar for sine eigne handlingar uansett kva som vert gjort. Det er eit allment ansvar som alle individ må tenkje over. Det å skulde på andre med freistinga av å ta fostervassprøver er ikkje haldbart. Heller ikkje dersom ein snakkar om at ei flott karriere står framfor seg som vil gå dukken dersom ein får eit barn med ein ”defekt”. Då hadde ein heller ikkje klara å fostra opp og gitt det barnet den kjærleiken eit barn har rett på. Det som har størst betyding, er at ein tek sitt eige val når det gjeld desse ulike avgjerslene, at ein ikkje vert påverka av haldningar og fordommar i samfunnet. Ein må sjølvstendig ta eit val utifrå eigne verdiar, meiningar og livssyn.

 

Kjelder:

URL:

- Wikipedia, ”Abort”: http://no.wikipedia.org/wiki/Abort (tilgjengeleg 26.04.07)

 

- Foreining for ryggmarksbrokk- og hydrosephalus: http://www.ryggmargsbrokk.org/cgi-bin/ryggmargsbrokk/imaker?id=58&visdybde=1&aktiv=58 (tilgjengeleg 26.04.07)

 

- Hege Tunstad, ”Norge går glipp av en gullgruve”: http://www.forskning.no/Artikler/2006/september/1159191738.67

(tilgjengeleg 26.04.07)

 

- Torben Hviid Nielsen, ”Bioteknologi – et dilemma for det liberale samfunn”: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article562948.ece

(tilgjengeleg 26.04.07)

 

- Wikipedia, ”Gregor J. Mendel”: http://no.wikipedia.org/wiki/Gregor_Johann_Mendel (tilgjengeleg 26.04.07)

 

Bøker:

- Meining og Mangfald, Høiene m.fl., H Aschehoug & Co,1. utgåva/1. opplaget 1997


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish