Francisco de Zurbaran og "Sankt Francis av Assisi i meditasjon"

Introduksjon om spansk barokk og kunstneren, biledanalyse og tolkning.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.08.21
Tema
Kunst

Den spanske barokken

Spania var eit land som la stor vekt på dei kristne verdiane, ja det var sagt at det å vere spansk var einsbetydane med å vere kristen. Noe av det skyldes nok dei mange og lange stridane mot arabarane som varte heilt fram til byrjinga av 1500-talet.

 

Den barokke stilarten blei ”skipa” som ein slags motreformasjon mot den protestantiske reformasjonen, og dette sto spesielt sterkt i Spania. Når vi her kommer til byrjinga av 1600-talet kommer vi òg til sjølve gullalderen innan spansk kunst. Noe som kjenneteiknar spanske maleri tradisjon, også innanfor spansk barokk, er hangen til det realistiske og det følelse ladde. Bileta var ofte svært dramatiske og intense, om bare grunna eit blikk eller ein enkel gest så oste bileta av den stemninga malaren ville formidle.

 

Som eg nemnte tidligare sto den katolsk - kristne troa sterkt i Spania noko som fekk utfolde seg sterkt i bileta, spesielt stod sekterisme sterkt. Det er når man framstiller noe som om det er det einaste rette og det einaste mulige, som for eksempel den katolske retning. Den spanske barokken varte frå 1600 til rundt 1720/50.

 

Kunstnaren

Eg skal no gje ein analyse av eit spansk barokk bilete av kunstnaren Francisco de Zurbaran, bilete eg skal analysere heite Sankt Francis av Assisis i meditasjon.

 

Francisco de Zurbaran (1598 – 1664) var ein av dei mest betydingsfulle malarane innan spansk barokk. Mest kjent for sine skarpt realistiske og monumentale religiøse bilde, preget av åndelig intensitet. Han var tydelig inspirert av Caravaggio og fekk tilnamnet ”Spanias Caravaggio” grunna sin hang til å bruke Tenebroso i bileta og sin realistiske framstilling av motivet. Frå 1638 vart han innsett som hoffmalar og fekk derav ein del oppdrag av kongen, men for det meste dediserte han tida si til religiøse verk for kloster og kyrkje.

 

<bilde>

Sjølportrett som Sankt Lukas.

 

Sankt Francis av Assisi i meditasjon
Dette bilete blei mala i 1639 og er eit av fleire bilete mala av Zurbaran omhandlende St. Francis i meditasjon. Bilete er i størrelsen 162 x 137 cm, og mala med olje på lerret. Dette og eit til kan ein no finna i National Gallery i London, England.. Kvifor desse blei mala er vanskelig å sei men mest sannsynleg var det eit bestillingsverk frå Fransiskanar ordna som har St. Francis som sin grunnlegger og beskyttar.

 

<bilde>

 

Kva viser måleriet

Maleriet viser St. Francis som kneler i eit ope landskap, kor av vi ser solnedgang/oppgang i det venstre øvrehjørne, der ser vi dessutan eit hus, eit fjell og nokre tre. St. Francis er kledd i ei brun og lysebrun fillete munkedrakt. I den høgre handa held han ein hovudskalle, den venstre armen lener seg på eit bord liknande objekt, mens handa er vendt oppover i ein talande gest. Like ved venstre arm ligg det ei bok.  Framfor han på bakken ligg det nokre steina.  Malaren har plassert oss slik at vi ser bilete rett framan ifrå, på høgde med hovudskallen.

 

Virkemiddel i måleriet

Sjølve komposisjonen i bilete er basert på trekanten som blir danna av helgenes kropp og landskapet i det bakre venstre hjørne. Dessutan skaper St. Francis kropp ein diagonal oppover mot høgre hjørne og sørgjer slik for å drar auga våre i den retninga. Bildet er asymmetrisk den høgre halv del er mye tyngre og mørkare enn den venstre og dette skaper ein ubalanse som tipper mot høgre.

 

For å skape rom har Zurbaran brukt landskapet slik at det nærmast ser ut som om vi ser det gjennom eit vindauge noe som igjen gir oss den konklusjonen av rom. Han har og brukt bakken foran helgenen, som vi ser blir mørkare bakover noe som og gjør at vi tydelig kan sjå dyden i bilete. Draperiet i drakta åt helgenen hjelper og åt med dette, volumet er tydelig og elegant gjort til og gir ei sterk følelse av fylde noe som igjen fortel at då må det vere rom for å få plass til dette.

 

Synsvinkelen i dette bilete er normalperspektiv, men litt meir i fugleperspektiv enn i froskeperspektiv. Vi er og i normalavstand, bortsett frå i forhold til landskapet i bakgrunnen som vi ser i det fjerne. Og vi er plassert rett framfor St.Francis ansikt.

 

Det er eit svært rolig bilete, St. Francis kneler med eit tydelig preg av statisk ro. I tillegg er bakgrunnen svært rolig i uttrykket. Kroppen til helgenen, med blikket og handa vendt oppover gir linjer som fører oppover i bilete mot høgre hjørne.

 

Zurbaran har ved hjelp av kontrasten mellom dei lyse fargane på helgenen og bakgrunnen i det venstre hjørne skapa ein sterk framheving av sjølve helgenen. Samtidig gjør dei lyse fargane i bakgrunnen at den blir dratt bakover og skaper eit tydelig rom inn i bildet.  Fargen er sekundær, heile bildet er mala i brune nyansar, fargen er brutt fordi den er mala slik den er når lyset eller skygge påverkar den.  Fargen er symbolsk, den brune fargen står for det jordlige og enkle, som var noe av det St. Francis forkynte.

 

Det er her brukt Tenebroso (Clair- obscur) vi ser at det er her noe vanskelig å bestemme kor lyskjelda befinn seg og det er sentrert rett på Sankt Francis. Det er berre ein lyskjelde, denne virke som om den kommer frå venstre, foran helgenen og noe under hovud høgda hans. Dette lyset er der for å framheve St. Francis og er eit realistisk lys. Bortsett frå det venstre bakre hjørne og der lyset treff helgenen ligg resten av bildet i skuggen/mørket. Bortsett frå på bakken nedst på bilete kan vi ikkje skimte nokre detaljar frå denne delen av bilete.

 

Sjølve overflata i bilete er glatt, meir foto akti enn maleri, sjølv om fargane gir det eit meir tydelig maleripreg. Det er ikkje så mykje forskjellig tekstur i bilete, bortsett frå den brune kappa, huda og håret åt helgenen, steinen og hovudskallena. Her har Zurbaran tydelig fått fram dei forskjellige teksturane åt objekta, noko som er yttarst vanskelig sidan alt er i brunt, om enn i forskjellige nyansar. Vi ser tydelig dei mjuke eigenskapane åt huda og kappa, hudas blaute og glatte overflate og kappas tjukke, grove stoff eigenskap. Og som motsetning den harde og glatte overflata til hovudskallen og den harde og knudrete overflata åt steinen.

 

Kva fortel måleriet

Bilete viser i persona St. Francis av Assisi, grunnleggjaren av Fransiskanar ordna. Boka under arma hans viser til den læra han gav som var fundamentet for Fransiskanar ordna. Hovudskallen symboliserer dødlighet, og det var eit vanlig element i bileta i det 17 århundre av helgner at dei mediterte over ein.

 Bilete er ganske enkelt og noe tomt og med huset i bakgrunnen viser Zurbaran til den livsveien Francis har valt eit liv i guds teneste , i kyskleik og utan noen form for eigedom. Det same gjør fargene, alt i brune nyansar, eit audmykt liv utan noen form for pynt elle anna unødvendig, drakta er enkel og grov, nett som livet til eit medlem av ordna skulle vere, eit enkelt liv i pakt med gud og jorda. St. Francis blei kanonisert i 1228 og ordna han grunnla auka både i omfang og størrelse.  

 

Bilete er ein idealisering av St. Francis og av hans lære. Frå det nedre venstre hjørnet til det høgre øvre hjørnet dannar kroppen og blikket åt helgenen ein diagonal oppover mot det mørke hjørne. Denne saman med handa åt Francis som gjør ein spørjande gest oppover mot himmelen og Gud, dette igjen viser til det bande helgenen har til gud, at han personleg står i kontakt med gud og står som ein talsmann for han.

 

Vi er cirka på høgde med helgenen, kunstnaren vil med det sei at du er verdig òg, vi er alle brødre og søstrer, òg like mye verdt. Det er ikkje eit kommanderande bilete, det seier ikkje at dette er vegen ta den eller bli fortapt, men i stede viser det til den roen og tilfredsstillinga St. Francis fann i den. det seier meir at dette er ein god vei, det er ikkje den einaste men det er ein god vei.

 

Dette bilete i likskap med mange andre av Zurbaran er mala i pietismen, maleretning innan barokken som søkte å gjenspeile åndelig fromleik og konsentrasjon i religiøs hengivenhet. Noe ein ser tydelig i blikket og ansikts uttrykket åt helgenen. Dette ser ein dessutan i landskapet som blant anna er mala for å gjenspeile helgenens edelskap i sitt fromme livsval. Heile bilde formidle ein from glede over guds herligdom. Noe som lett blir smittende, ein føler ei slags ro og stilleglede over bilete.

 

Zurbaran malte mange portrett bilete av St. Francis, han mala mange portrett bilete av andre helgna òg. Det er ingenting som eigentlig gjer dette bilete meir interessant enn nokre av dei andre anna enn at det er såpass typisk. Portrett bilete av helgna og andre kristne høgborne persona var svært typisk for denne perioden. Zurbaran var ein av dei som var verkelig god åt dette, han var svært inspirert av Caravaggio og i likskap med han la han stor vekt på personligdomen, om enn mindre på utsende, og kunne ofte ty til idealisering eller rett og slett utseendemessige forandringa om det førte til at budskapet/ stemninga kom betre frå då.

 

 

Kjelder

Internett:

http://no.wikipedia.org

http://es.wikipedia.org

http://www.caplex.no

http://www.nationalgallery.org.uk

 

Bøker:

….ismer

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst