Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Songen om den raude rubin" av Agnar MykleSkriv ut Utskrift
Sammendrag av boka på nynorsk.
Nynorsk - ReferatForfatter:



Prolog:
Han er i parken med ei kvinne, seint på natta. Han er tydeleg interessert og forelska i denne kvinna, og misser både munn og mæle medan dei sit på parkbenken. Han prøver å seie det til henne,klarer det ikkje ,men byrjar heller å snakke om bøker og filosofi.
 
Ein tidleg haustdag i 1938 låner Ask Burlefot to tusen kroner frå banken, og dreg til Bergen for å studere i to og eit halvt år på det nye universitetet kjend som "Den Økonomiske", for å bli revisor. Sjølv om universitetet er statleg eigd, er studentane søner av rike og vellukka menneske. Sjølv er han sosialist og forkjempar for arbeidaranes rettar. Likevel er han huga på å bli rik, i alle fall rikare enn far sin.

 

Me får også ei skildring av Ask Burlefot, som er ein uvanleg høg, mørk og mager mann. Sky , venleg ,men med eit dårleg sjølvbilete etter 5 år med urein hud i andletet tidlegare i ungdommen, og ein barndom i isolasjon. Han vert også omtala som ein "fortapt son med ei fortid". Det hadde seg slik at han, før fylte 21 år, sette barn på to kvinner utanfor ekteskap, for så å stikke av. Han ville ikkje gifte seg så ung, og for dette har han dårleg samvit og vonde draumar om nettene. Det eine barnet blei adoptert bort og det andre blei hos mora, oppfostra som ein "lausunge".

 

På skipet til Bergen treff Ask ein skulekamerat, Daniel Døvle, som også skal studere ved Den Økonomiske. Ask blir uroleg, for han vil helst ikkje ha noko tilhøyre med heimstaden lenger. Han er redd for at det skal kome ut at han har sett barn på to kvinner. Samstundes blir han letta, for viss sløvingen Daniel Døvle skal gå på Den Økonomiske, må det vere ein lett skule å studere ved. Dei blir einige om å bu på hybel saman i Bergen, før Ask finn ut at Daniel snorker som tusen flodhestar.

 

Ask skjønar at han må gjere noko med det dårlege samvitet sitt, for det kjem ikkje til å ende godt viss det held fram slik. Vidare, på båtreisa, treff Ask og Daniel på to jenter, den eine endar Ask til sengs med.

 

Den fyrste dagen i ein ny by skal Ask overnatte hjå ein fjern slekning av mora , Sivert Nilsen, og familien hans. På grunn av hans hakkete tenner og overdrivne mengd nasehår, kallar Ask han berre for Villsvinsen. Han liker ikkje Villsvinsen, i hovudsak fordi han skryt så mykje, men han blir god ven med sonen hans.

Daniel og Ask finner ein hybel saman dagen etter. Ask sin fyrste periode på skulen går ikkje bra. Han merker at det er ein heilt ny skule, og han likar korkje professorane eller elevane. Han merker at det er ein sinnsjuk tevling imellom skulen sine elever.

 

Ask føler seg meir og meir fråværande på skulen sine førelesningar, og byrjar å få panikk på grunn av det alt for store pensumet og all tevlinga. Han finn ei blå bok på biblioteket som inneheld ein artikkel, der faget hans er veldig bra omtala. Han kopierer artikkelen for hand, og er livredd for at nokon andre skal finne han. Etter kvart forstår han at artikkelen er nyttelaus, byrjar panisk å gå på førelesningar og noterer kvart ord som blir sagt. Ask blir etter kvart den flinkaste franskeleven på skulen.

 

Han blir kjær i ei 15 år gamal jente, som går på skulen ved sida av Den Økonomiske. Dette får han ikkje gjort noko med, men finn seg ei ny jente som heiter Molly, som han eigentleg berre har sex med. Han er ikkje interessert i henne utanom det. Daniel får kontakt med Molly si syster.

 

Etter eit sjukebesøk av Molly, då Ask ligg til sengs, merker Ask at ho blir meir romantisk interessert enn han i røynda vil. Likevel blir han med henne på både hyttetur og dansefest.

 

På dansefesten finn han seg to nye jenter, Constanse og Wilhelmine, som han begge står i med om kvarandre. Dei er veldig ulike, og han finn ut at Wilhelmine er litt av ein Hitlertilhengjar.

 

Han får ein ny kamerat på skulen, Eirik Floden, ein medsosialist. Ask får vite om sosialistane sine møter i byen, og blir beden med dit av Eirik. Dette vekkjer dei sosialistiske tankane enno meir hos Ask, og han gler seg.

 

På det fyrste møte med dei andre sosialistane, er det ein meteorolog som sårar han ved å fornærme han fordi han studerar ved Den Økonomiske. Ask svarer ikkje, men blir veldig lei seg. Det blir lenge til han dreg tilbake til møtene.

 

Daniel og Ask flyttar frå kvarandre, og Ask flyttar inn hos ei jødisk kvinne, fru Abrahamsen, og sonen hennar.

 

Etter kvart får Ask vanskar på skulen då han stryk på ein eksamen. Heldigvis slepp han unna med ei muntleg høyring for professoren, med god hjelp frå den blå boka.

 

Då han vender tilbake til sosialistene neste gong, er han ikkje sein med å svare tilbake, når ein av dei fornærmer han. Allikevel får han seg ikkje til å kome med innlegg eller eiga meiningar i redsle for å stå fram som dum eller bli motsagt. Han reknar alle sosialistane i Det Sosialistiske Studenlag for universalgeni, og set i gong med å lese bok etter bok for å halde følgje med dei.

 

Gjennom boka blir han kjend med herremennene Doffen, Fiffolo og presten Robert. Doffen blir ein slags læremeister og dei kan snakke saman om alt . Presten prøver å få Ask på "den rette vegen", men gjev snart opp, ettersom Ask set seg slik imot.

 

Han dreg på fleire sosialistmøter, og legg meir og meir merke til Embla. Dei møtes i "Stallen" litt utanfor byen, ho har bede han bli med i ein studiesirkel. Likevel ber han Synnøve, kontordama på Den Økonomiske, med seg ut. Det blir fort slutt med ho, også Wilhelmine for den saks skuld. Ask er kanskje ikkje den perfekte gentelmannen alltid. Aks bestemmer seg for å dra til Rivieraen til sommaren, og kjøper seg difor ein brukt motorsykkel og byrjar å planleggje reisa.

 

Daniel blir introdusert for Gerda, Constanse si venninne, som straks finn tonen med kvarandre. Saman med Ask dreg dei fire på påsketur i fjellet. Han bestemmer seg for at det ikkje finst nokon framtid med Constanse, og har det i hovudet at han aldri skal gifte seg.

 

På det neste møte hjå sosialistane får dei vitjing av den tyske flyktningen Wolfgang. Lektor Stabell og journalist Taraldsen er også der. Embla gjer eit sterkt inntrykk på Ask denne kvelden, og han snakkar meir med ho etterpå. Denne kvelden innser han at han elskar Embla.

 

Han blir beden på fest til Constanse, der han skal møte hennar tidlegare trulova, farmasøyten. Etter denne kvelden blir Ask deprimert, og han innser at han aldri vil kunne klare å gjere Constanse lukkeleg.

 

Han tek motorsykkelsertifikatet, og planlegg å dra til Frankrike fyrstkomande måndag. Laurdag er det avslutningsball på Den Økonomiske, og han ber Embla om å vere føljet hans for kvelden, noko ho takkar ja til. Han leiger seg ein smoking, og øver seg på damenes tale som han har fått i oppgåve å halde. Samstundes er han nervøs, for Gunnhild, ei kvinne han sette barn på, er i byen og vil treffe han den søndagen. Dei avtaler å møtast, men han veit med seg sjølv at han ikkje kjem til å møte opp.

 

Han veit også at Constanse kjem til å få vite at han var på avslutningsballet med Embla, trass han sa til ho at han var for sjuk til i det heile å gå. Talen hans blir ein stor suksess, og alle dei 150 gjestene finn den hysterisk morosam.

 

Etterpå (sjå prologen) er dei i parken, og Embla gjev han nokre adresser i Paris som er verd ei vitjing. Ho avslår han den kvelden, og Ask er heilt knust.

 

Coda:
Ask dreg til Frankrike, og kjem ikkje heim før jula 1939. Han reiser heim til fødebyen for å arbeide, for pengane har teke slutt. Krigen er brote ut, og Ask vender ikkje tilbake til studiane sine før i 1941. Han møter Embla på eit illegalt møte, og utan at det er skildra godt i boka, gifter dei seg i 1942. Det står også vagt skrive at dei får barn saman.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish