Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Albertine" av Christian KrohgSkriv ut Utskrift
Sammendrag av "Albertine" på nynorsk.
Nynorsk - ReferatForfatter:



Albertine Kristiansen, også kalla "Tina" er tittel- og hovudpersonen i denne boka. Boka startar med at Albertine sitt og syr i stua heime, slik ho har gjort dei siste fem vekene. Ho er nøydd til å tene ti kroner til husleiga kvar månad, og slik blir ho sittande inne heile dagen og arbeidar. Men dette er ikkje den einaste grunnen til at ho helder seg inne, fordi folk i Oslo snakkar om ho. Dei trur ho kjem til å ende opp som systera si, Oline. Tankane hennar driv mens ho syr, og det er som oftast Oline ho tenkjer på.

 

Oline var ei vakker jente, som tilsynelatande hadde ei lys framtid. Men etter kvart begynte Oline å gå for mykje på Karl Johan. Då ho nikka til ein mann ho kjende midt på gata, meldte han ho til politiet. Ho blei dømt til 6 månaders Mangelsgård, og forbud mot å gå på Karl Johan. Då ho slapp ut flytta ho frå familien, til den berykta Mellemgaten i Vika-området, og tok namnet Rosalie. Kvinnene som budde her var prostituerte, og dette var eit hardt slag for Albertine og familien hennar. Faren deira har forboden resten av familien å snakke om eller med ho, og mora deira, Maren (som ofte kallast "Gamla), gret mykje og har fått ei vond rygg. Sjølv om Oline er godt og rikt gift no, sitt skamma og rykta igjen hos familien, sjølv etter to år. Edvard, som er Oline og Albertines bror, har fått astmatæring (tuberkulose), og har ikkje lenge igjen å leve. Faren deira er skipsmaskinist og eg derfor ikkje heime så mykje. Det går også rykte om Albertine på grunn av Oline, og det er derfor ho ikkje tør å gå utanfor huset. Eit av rykta er at Albertine er lagt inn på Fila, eit mentalsjukehus.

 

Jossa er ei venninne av Albertine, og såg før på Oline som si eiga søster, ei støtte for familien, men uheldigvis med litt av eit rykte. Ein dag drar Jossa Albertine med til Oline, som bur fint no. Albertine likar seg ikkje der. Ho vil berre heim, og derfor drar ho heim for å sy vidare. No er søstrene igjen på talefot, og Albertine kjem til å låne mykje kler av søstera si.

 

Etter kvart bler ho bleikare, tynnare, meir trist og stille. Ho begynner å lese i Bibelen, og oppførar seg betre mot Gamla og Edvard. Gamla blir bekymra over endringa i Albertine, og får dratt ho med til kyrkja for å få ho ut av huset. Albertine trivs i kyrkja, og føler seg bra der. Etter messa tar Jossa ho med til Kunstforeninga og i Studenterlunden for å høre korpsa spele. Her introduserer Jossa Albertine for to fine herrar, Helgesen og Smith. Jossa har vore ute på Karl Johan med desse herrane før, også nokon kveldar, noko som ikkje hjelper på ryktet hennar.

 

Etter dette møtet treffer dei Helgesen og Smith jamlig, og dei inviterar Albertine med i Operaen og Floraen. Albertine merker at Politifullmektig Winther held et øye med ho, noko som gjer hennar redd og paranoid. Ho trur han følgjer etter ho, og spør seg sjølv kva ho har gjort gale.

 

Edvard bler stadig dårligare heime, sjølv om Gamla trur det fine veret og våren kan gjere han frisk. Albertine ønskjer stille at det er ho som skal dø, og ikkje Edvard. Ho føler nemlig at ho aldri meir kan gjere noko morosamt, og gret og blir meir deprimert.

 

17. mai kjem, og Gamla får både Albertine og Edvard med seg ut for å gå i tog. Dei drikk øl og ropar ”hurra!”, noko som gjer Edvard dårligare. Gamla tar han med seg heim, mens Albertine treff på Jossa. Dei går saman på folkefesten, og ho dansar med Helgesen. Han kjøper øl til ho, dei spaserer saman og han følgjer henne heim.

 

Etter dette får Albertine fleire brev av Helgesen, og ho begynner å bli forelska i han. Dei treffast fleire gonger jamlig. Etter kvart startar rykta å florere, og derfor ender Helgesen forholdet med Albertine, som trur at han ender det med ho ovenfor Frk. Møller.

 

Politimeister Winther ser Albertine saman med Helgesen, og ber ho om å komme heim til han i Tollbodgata dagen etter. Då ho kjem dit, sjenker han ho full og lat henne ikkje få gå, sjølv om ho ber om det mange gonger. Då ho er full nok, voldtek han henne i senga si. 15. juli dør Edvard, og han får ein dødsannonse i avisa. Albertine og Gamla kler seg i svart, mens Olaves drar til sjøs igjen.

 

Dagane etter Edvards død, begynner ho å gå ut heile netter med Jossa igjen. I lysthusa drikk ho og røyker sigarettar.  Winther kallar ho inn til politistasjonen, og der fortel han ho at ho har fått fleire klagar og at det har kome fleire ”meldingar” om at ho er i lag med Jossa igjen. Då ho får høyre dette, bryt Albertine ut i latter, noko som gjer Winther rasande. Han sender ho til politilægen, Så snart han seier dette, angrar Albertine, for ho veit at så snart ho kjem dit, blir ho definert som ein prostituert. Den ultimate skammen.

 

Etter denne hendinga mister Albertine all skam i livet, og utan at det er nøye forklart i boken, er ho på dei siste sidene i boka ute i Vika å roper etter mannfolk.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish