Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Sommarjobben

Sommarjobben

To gutter som drar på sjøen og opplever uvær.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
01.11.2007
Tema
Arbeid


”Vi fekk jobben Olav! Vi fekk jobben!” sa Lasse med ein stolt stemme i det dei to kom smilande ut frå ”Torsteins fiskebyrå”. Det var på denne fredagen at sommaren var redda, denne kalde fredagen som slett ikkje minte om varme sommardagar. ”Så sanneleg gjorde vi det,” svarte Olav med sjølvtillit i stemmen. Olav kunne sjå på Lasse at han var i godt humør. Dei lyseblå auga hans lyste som ein fakkel av glede. Olav smilte litt, at det gjekk ann å vere så glad for å få lov til å fiske og kjøre båt. For Olav var ikkje dette så stort, han hadde vært mange gonger på sjøen, i uvær og i godvêr med far sin. Lasse derimot hadde nok aldri vore på ein ordentleg sjøtur.

”Tenk deg den opplevinga! Fange fisk med ein liten båt ute på sjøen, berre vi to,” sa Lasse entusiastisk.” No er det da ikkje ein ferie med lønn heller da,” sa Olav, og la ein liten dempar på stemninga. Dei to skilde lag og forlot den kvite bygnaden til Torstein som låg vakkert til inne ved fjorden like i nærleiken av fiskebrygga.


 

Lasse gleda seg som ein unge da han onsdag morgon møtte opp på kaia, like bak den kvite bygnaden til Torstein. Etter å ha pint seg gjennom tørre teoritimar med opplæring hos Torstein tysdag ettermiddag kjende han seg klar til å dra ut med båt. Eigentleg hadde han ikkje skjønt mykje av opplæringa, men han lita på Olav som var ein erfaren båtførar.

 

Sola stråla ned i sjøen rett foran han som glinsa tilbake som ein refleks med diamantar. Ein av strålane som spegla seg i vatnet trefte Lasse i auge. Han så ut som ein dirigent der han sto og veiva med armane får å unngå og få sola i auga. Det var da Lasse som mest ønska seg solbriller at ein lang gut med mørk krøllete hår kom tuslande bortover brygga. Han hadde på seg lyseblå kortbukser og ein grøn, falma t-skjorte. ”Hei!” Kom det muntret frå Olav. ”Hei! Der var du ja,” sa Lasse med ein så normal stemme som mogeleg. Han prøvde å skjule at han var heilt sprekkferdig etter å kome av garde.

 

Ikkje mange minuttar etter at Olav hadde dukka opp, kom Torstein gåande. ”Heldige med været da,” mumla han med sneipen i munnen. Lasse og Olav nikka. Torstein viste dei kva for ein båt dei skulle bruke og hjelpte dei med å kasta loss. ”Dykk huser kva eg har lært dykk da?” spurte Torstein kontrollerande mens han klødde seg i sitt lange og bustete skjegg. Lasse såg bort mot Olav, som igjen snudde seg mot Torstein og svara: ”Sjølvsagd, vi er da ikkje eit par med torsk heller da.” Torstein smilte. ”Hade da!” sa Torstein mens han letta på sin mørkeblå skipperlue. Olav og Lasse vinka tilbake.

 

Det kom ein putrande lyd i det Olav fekk starta motoren og før Lasse og Olav visste ordet av det var dei langt ute på sjøen på eiga hand. Lasse såg opp mot himmelen som var morgenraud med ein mørk himmel i vest. Nokre svaler flydde lågt litt lenger inn mot land.

 

I det Olav og Lasse tok ut garnet merka dei begge eit kraftig vindpust som for over båten. ”Det brygger opp til uvær Olav!” sa Lasse med ein fortvila og engsteleg stemme. ”Uvær? Kallar du dette uvær? For ein erfaren fiskar er dette berre som litt bris i håret,” sa Olav med ein sjølvtillit i stemmen som kunne minne om ein skråsikker professor. ”Det er da best å vere føre var, kanskje vi skulle....” Lasse fekk ikkje fullført setninga i det den enda ut i mummel. Han var aldeles ikkje så høg på pæra som Olav. ”Ikkje vær så pingle da! Tåler du ikkje litt vind kanskje?” sa Olav kjepphøgt i det dei første vattendråpane trefte båten. Lasse kjende eit sinne stige inne i seg, eit innestengt sinne som ikkje ville ut. Han var redd for det, skjønte berre at Olav ville avblåse han. Skjønte at han berre ville virke enda meir pingle i Olavs auge. Kva visste vel Lasse om båt? – Det var som han kunne kjenne kva Olav tenkte.

 

Fleire og fleire bølgjer gjorde spegelbildet av den lille kvite og raude fiskebåten meir og meir uklart. Etter ein halv time var det tilslutt ikkje noko spegelbilde, men i staden ein sjø med digre bølgjer. Og i staden for ei varm sol, tromma eit kaldt pøsregn over heile båten. Uværet var eit faktum.

 

Høge bølgjer velta inn over båten med store plask. Den lysegrøne t-skjorta til Olav var no mørke grøn. Det såg ut som den einslege lille fiskebåten skulle tippe over ende for kvar nye kjempebølgje som slo mot baugen. Det var som om bølgjene samarbeida for å sluke båten ned i den store ukjente sjøen. Regnet øste ned og gjorde dekket glatt som såpe.

 

Olav og Lasse hadde funne ly under taket i det vesle styrhuset. Gjennom den smale frontruta i styrhuset kunne dei sjå båten velte opp og ned i den piskande sjøen. Olav som påstod han hadde full kontroll svinga desperat på roret for å prøve og stabilisera båten, men til inga nytte.

 

”La oss snu Olav, la oss for Guds skyld snu!” ropte Lasse i eit nytt forsøk på å overtala Olav. ”Pøh! Dette er ikkje noko og snu for, dette er jo berre søndagsvær!” sa Olav, men denne gongen med noko mindre sjølvtillit i stemmen. ”Rart at det berre er denne båten som er ute i søndagsværet ditt da!” skreik Lasse av full hals til Olav i det ei stor bølgje glefsa inn over båten. ”Og kvifor har ikkje denne diktatoren av ein skipper regntøy?” La Lasse til, mens han fyrst hadde sjansen. ”Berre held kjeft, du kan jo ikkje noko om båt i det heile,” ropte Olav tilbsake som byrja å forstå at dette uværet slettes ikkje var noko søndagsvær. Han var mektig irritert over at Lasse for ein gongs skuld hadde rett. ”Vi set ut eit garn til, så dreg vi inn til land! Ok?” sa Olav med ein høg og bestemt stemme. Det var ikkje eit spørsmål å seia nei til, og Lasse nikka med hovudet. Han var i det minste glad for at Olav snart ville venda heim. 

 

Nokre minuttar seinare sto Lasse og Olav sjonglerandes på det såpeglatte dekket som vogga opp og ned i eit ubestemmeleg tempo. Det var ein kamp å ikkje dette og slå seg forderva og det heile blei ikkje betre av at dei måtte finna fram det klissvåte garnet samtidig. Olav og Lasse svinga på garnet samtidig for å fart til å kaste det ut i vatnet. ”Ein, to, tre!” sa dei i kor før dei fekk kasta garnet over bord. Men akkurat i det Olav kasta garnet sklei han bakover og slo bakhovudet hardt i dørken.

 

”Olav, for pokker Olav, ikkje no!” skreik Lasse reddselsfullt i det han av rein panikk klappa til Olav på kinnet. ”Sei noko Olav, sei noko!” ropte Lasse fortvila, men Olav svara ikkje. Han låg paddeflat utover på dekk, utan antydning til liv. Stirra bere tomt opp i lufta som om ingenting hadde hendt.

 

Kvifor måtte eg havne i denne situasjonen? Kva skal eg gjera med Olav? – Desse spørsmåla susa rundt i hovudet hans med jetfart. Lasse var ikkje i stand til å svare på desse spørsmåla for han var både redd og engsteleg. Sjølv om Lasse nesten var i panikk, prøva han å tenkje så klart som mogeleg. Han slepte Olav under styrhuset, og la han i stabilt sideleie.

                          

Trass i at han var blå av kulde tok han av seg sin blåe t-skjorte og la ho som eit pledd over Olav. Sjølv om gensaren var blaut, tenkje han at det ikkje kunne gjera vondt verre.

 

”...35, 36, 37...” Lasse talde hjartokompresjonar for seg sjølv før han tok kunstig andedrett på Olav. Han gjorde det titalsvis av gonger, men det kom ikkje nokon reaksjon frå Olav. Han såg fortsatt like likegyldig ut. Lasse sank ned langs sida på styrhuset i rein fortviling. Ville han aldri sjå Olav i live meir? – Berre tanken var horribel. Det var akkurat i det ein tåre trilla nedover det eine kinnet til Lasse at det kom eit hulk frå Olav. Lasse skvatt opp på ein brøkdel av eit sekund. ”Høyrer du meg Olav? Svar meg! Svar meg!!!” ropte Lasse mens han såg Olav inn i auga.


 

Det blei stille, ein stillheit som Lasse aldri ville oppleva igjen, men så: ”Kjør heim!” Kom det utydeleg frå Olav før han blei stille igjen. Lasse prøva å få Olav til å prata meir, men det kom berre nokre uforstålege glosar ut av Olav. Olav viste i alle fall teikn til liv og Lasse var glad for det.

 

Lasse tok opp mobilen for å ringe etter hjelp, men nok eingang streifa ulykka Lasse. Det var ikkje dekning. Lasse greip tak i det trebeisa roret, han hadde bestemt seg for å prøve å vende heim. Sjølv om Lasse ikkje kunne mykje om båt fekk han snudd båten, men det var fyrst da han såg ut av frontruta til styrhuset da han oppdaga eit nytt problem. Tåke. Det einaste Lasse såg var ein tjukk vegg, med tåke. Ein vegg som knuste alle håp for Lasse. Stivfrossen av regn og kulde stirra Lasse ut i tåka. Han visste ikkje kva meir han kunne gjera. Trudde at alt håp var ute, men så; Lasse såg eit lite lysglimt. Det varte berre eit sekund, så ble det borte igjen. Lasse trudde han berre såg syner, det var jo ikkje mogeleg å sjå noko som helst i denne livlause tåka. Det blinka igjen, og no gjekk det opp for Lasse at han hadde sett noko. ”Her! Hjelp!” skreik Lasse så høgt han kunne, for no skjøna han at det var ein båt som lyste etter dei. Ein kvit og raud båt dukka opp som far ingenting ut frå tåka. Lasse skjønte dei hadde blitt redda. Redda frå ein oppleving som i ein mardraum.

 

Det var fredag. Olav som no var utskreve frå eit heller kort sjukehusbesøk gjekk saman med Lasse til Torstein. Lasse var takknemmeleg glad for at Olav var like heil. Olav hadde faktisk pådratt seg ein sterk hjernerystelse at han hadde besvimt. Hadde det ikkje vore for Lasses tapre livreddingsforsøk ville ikkje Olav ha gått ved sida av han no.

 

”Eg skulle ha hørt på deg med det fyrste. Du er ein sann ven Lasse, du redda livet mitt,” sa Olav i ein sann innrømming. ”Å; det skulle berre mangle... Kva elles?” sa Lasse småkjekt i det dei begge flirte med eit smil om munnen like før dei entra kontoret til Torstein. Dei kunne takke ham for mykje. Det var han som hadde ringt redningsskøyta ettersom han hadde begynt å bli uroleg for Lasse og Olav. Det var jo berre eit par med ”torsk” som kunne finna på å setta garn i slikt vær, hadde Torstein konstatert.

 

For det var fyrst no at sommaren var redda, denne kalde fredagen som slettes ikkje minte om varme sommardagar.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil