Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Fucking Åmål

Fucking Åmål

Analyse av Fucking Amål (dramaturgien).

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
26.07.2000
Tema
Filmer
OPPSLAG:

 

(skal fange interessa og gjere oss nyfikne)

 

Fyrste scena som gjorde oss nyfikne var då Agnes skreiv på datamaskina. Ho skreiv at ho likte Elin og at Elin var den snillaste og penaste jenta på jorda.

 

Tankane vi sat igjen med etter denne scena var:

  • Kven var Agnes?
  • Var ho verkeleg lesbisk, eller……………?
  • Kven var Elin?
  • Kva slags rolle skulle desse to personane spele vidare i filmen?

 

PRESENTASJON:

 

(presentert for hovudpersonar og moglege konfliktar mellom dei. Ofte frampeik)

 

Vi vart presentert for tre hovudpersonar, men frå to ulike familiar. Agnes representerte ein familie, mens systrene Jessica og Elin tilhøyrde ein annan. Den første konflikta var då Jessica hadde drukke opp all oboyen, og Elin vart rasande. Elin helte like godt mjølk i håret til Jessica. Dei begynte å slost og kalle kvarandre stygge ting.

 

Den andre konflikta oppstod på grunn av Agnes fødselsdag. Agnes ville ikkje halde noko fest, mens faren meinte det motsatte. Agnes hadde ikkje nokre venninner på det tidspunktet.

 

FØRSTE VENDEPUNKT:

 

(ei endring som snur ein roleg situasjon)

 

Det vart halden fest hos Agnes, men ingen dukka opp. Einaste jenta som gadd å komme var ei liksom venninne som sat i rullestol. Agnes vart forbanna, spesielt på faren som hadde arrangert denne tåpelege festen.

 

Då Agnes var ferdig med på ete, fekk ho heilt uventa besøk. Gjestane var nemleg Jessica og Elin. Dei hadde høyrt at det skulle haldast ein kjempefest, men dei tok feil. Mens Agnes gjorde seg klar til å møte dei, inngjekk Jessica og Elin eit veddemål. Elin skulle få 20 spenn dersom ho kyssa Agnes. Elin kyssa Agnes og så sprang ho og Jessica derifrå. Litt seinare på kvelden fekk Elin skuldfølelse. Ho ville dra tilbake til Agnes for å be om unnskyldning, men Jessica lokka ho til å bli med til eit rave-party.

 

UTDJUPING:

 

(fleire personar og mindre konfliktar vert trekte inn)

 

Utdjupinga fant stad hos Christian’s rave-party. Der vart vi kjent med Markus og Johan, som begge var 17 år. Vi fekk vite at Markus var kjærasten til Jessica og at Johan var forelska i Elin. Elin syntest at Johan var imposliten og meir eller mindre hata han. Andre opplysningar som kom fram var at Jessica var 16 år, mens Elin var to år yngre, altså 14 år. Vi fekk eit klart inntrykk om desse fire personane - korleis dei var som menneske.

 

MIDTPUNKT:

 

(spenninga aukar. Hovudpersonen tek gjerne ei avgjerd som fører til at det ikkje er nokon veg tilbake)

 

Elin orka ikkje tanken og drog tilbake til Agnes. Elin fortalde kor forferdeleg ho hadde det, og prøvde så godt ho kunne for å gjere det godt igjen.

 

Elin spurde om Agnes ville vere med ut slik at dei kunne snakke om det som hadde hendt. Elin fortalde opent ut om korleis ho følte det - ho fortalde at ho likte kysset. Elin og Agnes vart venninner - nei, meir enn det. Dei vart eit homoseksuelt par.

 

Mens dei gjekk ut på gata fortalde dei kvarandre korleis det var å bu i fucking Åmål. Dei var einige om at det var jævl…. å bu der. Dei bestemte seg for å haike til Stockholm, men dei kom seg aldri vidare. Den einaste sjåføren som stoppa, heiv dei ut av bilen då han fant ut at dei var lesbiske.

 

KONFLIKTOPPTRAPPING OG ANDRE VENDEPUNKT:

 

(konflikta vert trappa opp. Spenninga stig endå meir, men så tek historia ei ny vending ved andre vendepunkt. Noko banar vegen for at konflikta kan løysast)

 

Elin torde ikkje å stå fram som lesbisk for sine venninner. (Ein av grunnane til det var at Agnes ikkje var så veldig populær). Dette gjorde Agnes skuffa. Elin måtte fortelje alle at ho var glad i Johan for å sleppe mistanke. Resultatet vart at Elin låg med Johan. Elin vart meir og meir sur og forbanna på seg sjølv. Ho ville så gjerne treffe Agnes igjen.

 

KONFLIKTLØYSING:

 

(løysing av hovudkonflikta)

 

Elin orka ikkje meir. Ho måtte treffe Agnes igjen. Resultatet vart at Elin drog Agnes inn på eit toalett. Elin fortalde kor forelska ho var i Agnes.

 

Då Elin hadde vore inne på toalettet ganske lenge begynte ryktene å svirre. Elevar og venninner meinte at Elin hadde ein gut der inne. Folk trudde at det var Johan. Eit titals elevar stilte seg utafor toalettet og ropte og skreik. Dei meinte at Elin måtte komme ut og vise kven det var. Då Johan ’og viste seg utafor toalettdøra vart folk endå meir hysteriske.

 

Konfliktløysinga var då Elin og Agnes endeleg bestemte seg for å gå ut. Då Elin opna døra fekk medelevane eit lite sjokk. At Elin var lesbisk kunne ikkje folk tru.(Ho hadde jo tross alt rota med tusenvis av gutar). Elin og Agnes gjekk hand i hand ut av toalettet og vidare gjennom skuleplassen.

 

AVTONING:

 

Avtoninga i Fucking Åmål var då Elin og Agnes drakk oboy heime hos Elin. Elin dramatiserte korleis ho brukte å lage oboy til vanleg. Ho fortalde at ho alltid helte for mykje oboy opp i glaset og at det då vart all for sterk oboy. Slik tulla dei og lo resten av dagen.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil