Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den kalde krigenSkriv ut Utskrift

Det meste om den kalde krigen.

Karakter: 6

Nynorsk - SæroppgaveForfatter: Anonym



Den kalde krigen.

Atomvåpen.

Fjernkrig.

Spionar

Cuba-krisa.

Byrjinga.

Jernteppet

Truman-doktrinen.

Marshall hjelpa.

Berlin-blokaden.

Berlinmuren.

Revolusjons året 1989.

Politisk Ideologiar

USA..

Sovjet Unionen.

 

Atomvåpen

Vesten og Austblokklanda slost ikkje direkte med våpen. I staden brukte dei prestisje og truslar. Og dei laga atomvåpen. Det var bombefly som frakta dei aller fyrste atomvåpna, og USA var svært heldig på detta punktet, fordi dei hadde basar i Europa såleis var det å nå Sovjet unionen ikkje eit av USAs største problem, verre var det for Sovjet unionen som ikkje kunne nå USA.

 

Og dette kappløpet fortsette, slik at i 1960-åra kunne begge landa frakte atombomber med spesiallaga rakettar. Dei kunne sjølvsagt skyte opp rakettane frå siloar og ubåtar, men dei hadde ikkje noko reelt forsvar mot rakettane sjølve.

 

Så om USA hadde klara og utsletta Sovjet unionen, så kunne dei og bli sprengt av dei sovjetiske ubåtane med sine rakettar. Og dei måtte jau finne på eit namn til denne krigføringa, og derfor blei det kalla


MAD [*]. La meg også tilføye at MAD også kan bety ”gal”. Men supermaktene var tydelegvis ikkje så bekymra for det fordi kappløpet fortsette, og rakettane kunne ta fleire og fleire atombomber og allereie i 1970-åra klara dei å lage kryssarakettar og. Men så fekk supermaktene for seg at dei skulle begynne og laga romvåpen, men USA tok til fornuft og stoppe detta i 1987.

 

Fjernkrig

USA og Sovjet unionen dreiv heile tida med fjernkrig eller prestisje. Om det var eitt eller ana land som var i krig, mot opprørarar eller nabo land var USA på pletten og hjelpte dei. Ikkje lenge etter kunne Sovjet unionen vere der og hjelpe den andre parten. Så dei kriga på ein måte mot kvarandre.

 

Det same gjaldt olympiadar. Om det var olympiade i Moskva då vart det ikkje snakk om at USA skulle dit, så USA boikotta olympiaden om den var i Sovjet, og det same gjaldt Sovjet unionen, om olympiaden vart i USA, blei den boikotta. Men om den ikkje var i nokon av landa, så vart det snakk om og få fleire gull medaljar enn det andre landet.

 

Vietnam krigen er eit godt eksempel. USA støtta antikommunistane og Sovjet støtta kommunistane, saman med Kina

 

Spionar

Det var jau ein del spionasje, for amerikanarane hadde CIA og Sovjet unionen hadde KGB. Medan engelskmenna hadde MI16. Du kan til dømes sjå på dei gamle James Bond filmane, der du ser mykje til at James Bond slåst mykje med KGB agentar.

 

KGB, CIA og MI16 var veldig interessert i militær hemmeleg heitar og atom våpna til motstandarane sine. Det var fleire kjende spionar som var tekne, mellom ana ”The Cambridge Five”. Denne spion gruppa omfatta Kim Philby, Donald Mclean, Guy Burgess, Anthony Blunt. Det var avhopparar både frå MI16 og KGB på denne tida.

 

Ein ana kjend spion under den kalde krigen var nok Günter Gulliaume. Han jobba for ein ana spionasje gruppe som var kalla Stasi i Aust-Tyskland. Han infiltrerte Vest-Tyskland og han gjorde ein så bra jobb med å infiltrere så han blei forfremma til personleg sekretær for kanslar Willy Brant. Etter dette var avslørt måtte kanslaren gå av.

 

Dessutan hadde USA nokre spionfly som dei kalla U2. Dei hadde spion kamera og kunne dessutan gå utruleg høgt. I 1960 skjedde det noko med eit U2 fly som leiar Nikita Khrustsjov sa forverra situasjonen mellom Aust og Vest. Ein amerikansk flygar hadde blitt skote ned i Sovjet unionen med eit U2 fly. Flygaren heitte Francis Gary Power. Han overlevde men blei tatt til fange. U2 flya sørgja og for at Noreg blei dratt inn i konflikta. Det viste seg at U2 ved fleire andledingar hadde vore inne i Bodø flystasjon.

 

Det var mellom ana U2 fly som oppdagar Sovjetiske rakettar på Cuba.

 

Cuba-krisa

I Oktober 1962 var det på håret at det ikkje blei atomkrig mellom to supermakter. Heile verda satt på tå hev i to veker før faren la seg att. Sovjet hadde nemleg vore i full gang med og byggje rakett basar som kunne gi Sovjet Unionen nakke tak på USA. Den begynte med at Fidel Castro, i 1959, klara å ta makta i Cuba. USA synest det var bra i byrjinga, dei støtta faktisk Castro, heilt til Castro byrja å påverke USA med nye reformar. Så difor slutta dei å støtte Castro, men Sovjet nytta sjansen og Castro hadde dermed fått seg ein ny støttespelar, Sovjet Unionen.

 

USA lika ikkje denne vendinga og sendte heim fleire hundre eksil cubanarar. USA hadde jau håpa på at opprørerane kunne slå tilbake mot Castros hær, noko som ikkje skjedde. USA dumma seg ut, og Sovjet fant det svært lønsamt å vere i lag med Cuba. Men då meldinga om at Sovjet laga rakettbasar i Cuba tikka inn i USA reagerte dei voldsamt, og trua med atomkrig. Dei sa at om Cuba våga seg på og skyte ein einaste rakett i retning USA, skulle bombene falle. Sovjet brydde seg tydelegvis ikkje om dette og fortsette.

 

Men etter ei stund, 26. Oktober sendte Sovjetunionen sin leiar, Khrusjtjov, eit brev til USA sin president, Kennedy, der det stod at om USA aldri ville angripe Cuba, skulle rakettbasane fjernast.

 

Det var faktisk to brev, og i det andre, som kom litt seinare, stod det at dei ville demontera rakettane om USA fjerna sine rakettbasar i Tyrkia. Kennedy svara bare på det fyrste brevet, to dagar seinare 28 Oktober 1962. Så slo USA på tråden til Sovjet unionen og dei kom fram til nokre avtaler. Blant ana skulle USA fjerne rakettar frå Tyrkia og Italia, og det var ingen av landa som hadde lov til og prøve ut atombomber i lufta.

 

Så dei unngjekk atom krig, men under Cuba-krisa blei det brukt både truslar og sterke ord.

 

Byrjinga

Alt har ei byrjing, men korleis begynte den kalde krigen? Det er mange grunnar og ein av dei er Jaltakonferansen. Det var ein konferanse som vart halden i krigens avslutningsfasen av krigen. Der var det bestemt at dei fire som sigra i krigen skulle dele Tyskland i fire delar mellom seg, og at Tyskland skulle betale krigserstatningar. Alle tyske offiserar og politikarar skal forfølgjast, men krigsforbrytarane frå dei allierte si side skulle sleppe fengsel. Denne avtala blei kalla ”Jalta-avtala”.

 

Dei fire verdsmaktene gjekk og saman om at dei skulle klare og opprette ein ny verdsorganisasjon. Men det var ikkje bare i Jalta det vart halde ein konferanse, men det vart og halde ein i Potsdam , og det var der dei bestemte at Aust-Tyskland skulle under sovjetisk og polsk okkupasjon, og Tyskland skulle ikkje ha ein sentral regjering.

 

Det var god stemning på denne konferansen, men under krigen hadde alliansen ikkje vore bygd på tillit for å sei det slik. Seinare var folk einige om at allereie då gjekk ting på tverke. Særleg mellom USA og Sovjetunionen, sjølv om USA ynskja å fortsette alliansen etter at krigen var slutt, bare for og byggje den internasjonale verdsordenen.

 

Men allereie i 1946-1948 begynte ting å rakne. Det formeleg føyk gneistar mellom USA og Vest- Europa og Sovjetunionen. Alle dei allierte hadde forskjellige ynskjer, og dermed var den kalde krigen i gang.

 

Jernteppet

Den som fant på utrykket ”Jernteppet” var Winston Churchill i ein tale frå 1946, der han sa at eit ”Jernteppe” hadde senka seg over kontinentet og at kommunistane, som var i mindre tal, prøvde å oppnå diktatorisk makt. Det gjekk ei linje tvers over kontinentet, bak der hadde Sovjetunionen makt til og gjere kva dei ville.

Europa var delt i ein kommunistisk del, som var kontrollert av Sovjet unionen, mot aust, og i vest var det ein demokratisk del.

 

Sidan Sovjet unionen hadde lidd mest under andre verdskrig var det viktig for dei å skaffe seg regjeringar som stod på same side som dei. Her kjem utrykket om at Polen blei ”flytta”. Polen måtte gi frå seg område i aust og dei fekk område frå Tyskland, det hadde sigerherrane blitt einige om, slik at Sovjet fekk makt i Aust.

 

Og i Aust-Europa stod det seks millionar sovjetiske soldatar og truga, slik at Sovjet fekk fritt spillerom, og Sovjet hadde eit brennande ønske om at det skulle bli kommunistiske regjeringar i Aust-Europa, men det var heldigvis der Winston kom med ”jernteppet” utrykket sitt og åtvara folk. Truman var den amerikanske presidenten som bekymra seg over Sovjet.

 

Truman-doktrinen

Truman var bekymra over den utviklinga Sovjet hadde. Fleire og fleire land blei kommunistiske og det braut ut borgar krigar på grunn av at kommunistar prøvde og ta over regjeringa, det skjedde bland anna i Hellas i 1947. Og det var ikkje berre Hellas som hadde problem med kommunismen, men og Tyrkia, Frankrike og Italia, og det var ikkje så mykje hjelp frå USA lengre for dei amerikanske soldatane hadde reist heim for lengst.

 

Dermed gjekk president Truman ut og erklærte at USA skulle hjelpe alle landa som kjende seg trua av kommunistane, blant anna Hellas og Tyrkia. Dette var ei åtvaring til Sovjet ved at USA sa nei til at dei skulle overta fleire land. Detta her blei kalla Trumandoktrien.

 

Marshall hjelpa

Marshall hjelpa blei satt i gang etter krigen fordi det var så mange land som blei freista av kommunismen fordi dei sleit med å skaffe seg mat og bustadar. Den amerikanske utanriksministeren, Marshall, såg detta og la ein plan, som skulle hjelpe dei landa som sleit med detta. Men planen var at alle landa skulle lage ein økonomisk organisasjon og lage fred. Men detta lika ikkje Sovjet, og dei kommanderte at ingen under Jernteppet på deira side skulle ta i mot denne hjelpa, noko som gjorde at jernteppet blei sterkare.

 

USA gjekk skikkeleg inn for denne marshall hjelpa og gav vekk 13 milliardar dollar til 16 europeiske land til og bekjempe kommunismen, og dermed hjelp marshall hjelpa USA også ved og gi amerikanske varer eit marknad i Europa, sjølv om det bare var Vest-Europa.

 

Berlin-blokaden

Kva kan eigentleg vere tanken til nokon som prøver og stenge av ein heil by? Det var i alle fall det Sovjetunionen prøvde på.

 

I Jalta konferansen blei dei einige om at Tyskland skulle delast opp i fire delar, som sagt så gjort. Men sidan Berlin låg så dårleg til, heile 16 mil inn i Sovjetunionen, blei det raskt ueinighetar. I Vest-Tyskland fekk dei god hjelp av USA, mens i Aust-Tyskland mista dei mykje for at Sovjet unionen skulle byggjast opp att. Men vestmaktene gav seg ikkje og i 1948 skulle det innførast felles valuta i sine område, i følgje deiers planar. Og Sovjet blei livredde for at Tyskland skulle delast i to, og dermed blokkerte jernbanar, vegar og kanalar inn til Berlin for å stoppe Vestmaktene, og dermed var Blokaden satt opp. Vestmaktene ville rive den ned, men det kunne jau føre til krig, og Sovjet var overlegne når det gjaldt soldatar. Så då såg Vestmaktene ingen anna løysning enn og frakte forsyningane med luftvegen. Ingen hadde tru på at det kunne komme til og gå, skaffe mat til 2 mill med fly? Men mot alle odds gjekk det. Og Stalin beit i det sure eple og oppheva blokaden, som bare hadde vore der i nokre år.

 

Berlinmuren

Det var i 1961 Berlinmuren, Berlin Mauer eller die Mauer. Det var myndigheta i DDR[2] som bygde den, fordi dei ville beskytte innbyggjarane i Aust-Berlin mot fascisme frå Vest-Berlin. Muren var heile 45,1 km lang. Før muren blei bygd hadde Aust-Berlin mange ledige arbeidsplassar, mens Vesten velta seg i arbeidarar.

Når dei bygde muren var det mange Austberlinarar som prøvde og flykte over til Vest.

 

Sidan forholdet mellom Aust og Vest var ganske spent i Berlin, tenkte dei allierte at muren ville kjøle dei ned litt, men i 1961-1989 blei så mange som 1000 stykke drepen når dei prøvde og flykte over muren.

 

Men ein dag ville Berlinmuren falle. Den dagen blei natta mellom 9 November og 10. November 1989. Muren fall fordi folket pressa til reisefridom for befolkninga, og av Ungarn som opna sin grense til Austerriket. Günter Schabowski som held ein presse konferanse på direkten utløyste murens fall, fordi han på slutten leste opp eit nytte reisereglement, som eigentleg ikkje var offisielt vedtatt men…

 

Dei som hadde bygd muren fekk gjennomgå, rettssakene varte faktisk heilt til 2004! Dei som fekk skylda var regjerings sjefane til DDR, medlemmar av det nasjonale forsvarsrådet, SED lokalledar og fleire generalar og oberstar.

 

Revolusjons året 1989

I 1989 rakna det for Sovjet, heile jernteppet rakna. Det var revolusjon i Aust-Europa. Det var Ungarn som starta det heile ved og opne grensene sine til Austerriket, slik at tusenvis av menneskjer ville over til Vesten. Deretter fall kommunistregime, ein etter ein, deretter følgde Berlinmuren i November det året. Og ein av dei største grunnane til at den kalde krigen slutta var Mikhail Gorbatsjov. Han var Sovjet Unionens generalssekretær frå 1985-1991, og var fødd 2. Mars 1931.

 

Mikhail Gorbatsjov

Han arbeida for å avslutte den kalde krigen, detta gjorde han ved og kalle heim dei Sovjetiske troppane frå Afghanistan i 1989, og han avslutta og våpenkappløpet med USA, detta skjedde gjennom ei avtale som var gjort i 1987.

 

Og i 1989 sa han og at det ikkje skulle bli brukt våpen makt mot Aust-Europa, og etter alt detta arbeidet mottok han i 1990 Nobels fredspris.

 

Men i 1989 var Sovjet i opprør, republikk etter republikk utropte seg sjølv som sjølvsstendig stat, og 25 Desember 1991 hadde Gorbatsjov for lengst skjønna at han ikkje kunne halde kontrollen og han gjekk av den dagen. Dagen etterpå slutta Sovjet Unionen å eksistere som sjølvstendig stat.

 

Politisk Ideologiar

Den kalde krigen var eigentleg basert på forskjellige ideologiar og politiske styresett. Det var kapitalsime mot kommunisme. Dei


allierte[3] såg på kommunismen som ein stor trussel, men det var mange arbeidsfolk som såg opp til dei og, sidan Sovjet arbeida for og starte ein ny verdsrevolusjon, og både USA og Sovjet ville at deires styre sett skulle gjelde i alle land. Merkeleg å tenke at dessa to landa var allierte under verdskrigen.

 

USA har val kvart fjerde år, og sidan det er eit demokratisk land er det folket som bestemmer, ved at dei stemmer på den kandidaten dei vil ha, men det er ikkje kven som helst som kan stemme, dei må vere over 18 og statsborgar av det landet du skal stemme i. Presidentane i USA har ein fireårs periode, og neste val er i 2009.

 

USA har også verdens eldste fortsatt gjeldande konstitusjon, nemleg grunnlova frå 1787.

 

Når det gjeld USA så er dei svært heldige og har rikt med naturresursar og eg kan bare nemne gull, plutonium, kol og uran og olje og naturgassar i Texas, Alaska og California. Men desse tre statane har ikkje nok olje til og forsyne heile USA, så USA importerar olje frå Midt-Austen. I Pennsylvania, West-Virginia og Ohio finn du blant ana kol, som fyller ein tredje del av verdas kolreservar.

 

Tungindustrien har det dessverre gått nedover med i dei seiste åra, men USA er framleis kjend som ein sterk industrinasjon. Bilar, romferjer og fly. Og her er goda ganske godt fordelt over landet.

 

USA er blant ana kjend for oppfinningar som Microsoft, Apple, Google, IBM, Intel og Motorola. ( Men WorldWideWeb er ein europisk oppfinning, hehe) [4]

 

I motsetning til Sovjetunionen har USA fri pressefridom, noko Sovjetunionen ikkje hadde, alt som skulle ut i media skulle gjennomgåast.

 

Sovjetunionen var ein sosialistisk republikk som blei styrt av eit kommunistisk styre, Sovjet var og prega av partidiktatur.

 

Politikken i Sovjetunionen vart styrt av leiarskapet til Sovjetunionens Kommunistiske Parti, politbyrået[5]. Sovjetunionen hadde ein leiar, generalsekretæren. Valet i Sovjetunionen blei avgjort ved Sentralkomité[6] og Det øverste sovjet stemte, dei gjorde eigentleg ikkje mykje ana enn det.

 

Industrien i Sovjetunionen har vore litt opp og ned. Lenin oppfant NEP ( Ny økonomisk politikk) noko som gjorde at jordbruket blei tvangskollektivisert før andre verdskrig. Under verdskrigen blei Sovjet tvungen til og flytte industriane sine bak Sovjetiske linjer for at det ikkje skulle hamne i hendene på andre. Kjende eksport varer er maskingeværa AK-57, stridsvogna T-55, bilmerka Lada og Moskvitch.

 

Godane var ikkje rettferdig fordela, mange av befolkninga var fattige og svoltskatastrofar var det ikkje få av, sjølv om dei blei lova i ny og ne at dei skulle bli rike.

 

USA

USA er ei forkorting for United States of America, og dei blir rekna som den einaste supermakta i verden. Det dominerande språket i USA er engelsk, og derfor blir det rekna som dei offisielle språket. USA er eit demokrati, og presidenten i dag er George W. Bush.

 

Økonomien i USA er basert på kapitalisme og dei er den ledande økonomiske stormakta i verda. Hovudstaden i USA er Washington DC. Valutaen er den ”mektige” dollaren, amerikanske dollar.

 

Supermakta USA blei danna i 1776 av tretten engelske koloniar som gjorde opprør mot det britiske styre, og dermed blei dei tretten koloniane til dei tretten fyrste statane i USA.

 

Nasjonaldagen deira er 4. Juli som blir feira med fyrverkeri, noko som er svært spennande å sjå på. Nasjonaldagen deira er 4 Juli fordi det var då sjølvstendeerklæringa blei skreve under. Sjølv om alle prinsippa blei følgt, fordi sjølvstendeerklæringa sa at ”alle menneske er fødde likeverdige” så hadde ikkje kvinner stemme rett, det var lov med slavar og indianarar blei forfølgt. Men den erklæringa blei årsaka til den Amerikanske revolusjonen, og i 1783 godkjente Storbritannia USA som ein stat.

 

I løpet av 1800-talet eksploderte folketalet i USA, millionar av europearar innvandra til USA, og industrien gjekk som aldri før.

 

Då elleve sørstatar danna Amerikas Konfødererte Statar braut den Amerikanske borgar krigen ut. Abraham Lincoln [7]skreiv under Frigjeringserklæringa i 1863.

 

Men borgarkrigen hadde satt sine spor, minst 600,000 døydde, så USA fekk litt av ein jobb med å bygge opp att industrien, dette skjedde ved den industrielle revolusjonen som var i farta på slutten av 1800-talet.

 

Den fyrste verds krigen gav USA meir makt og USA blei rekna som ei supermakt, sjølv om dei berre var med det seiste året av krigen.

 

Den andre verdskrigen blei USA med i 7. desember, 1941, når japanske fly angrep amerikanske flåtebasen på Hawaii, Pearl Harbor. Under den andre verskrigen konsentrerte USA seg mest om krigen mot japanarane.

 

Og på 1960-talet fekk Martin Luther King slutt på diskrimineringa i USA.

 

Så kom den kalde krigen, og ved slutten av den stod USA att som den einaste supermakta.

 

Sovjetunionen

Sovjetunionen blei danna i 1922. Det var den russiske revolusjonen som satte i gang grunnlegginga av Sovjetunionen.

 

Under Februar revulosjonen, i 1917, vart tsar Nikolaj II kasta av trona, dei freista så og oppdrette ein liberal republikk. Under Oktoberrevolusjonen same året, tok Sovjetarane makta, dei var leia av Lenins bolsjevik parti. Det vart ein borgar krig i 1918. Under denne vart dei fleste av dei tidlegare områda frå tsarriket slått saman under Sovjetisk kontroll. Sovjet unionen vart danna 30. Desember 1922. Josef Stalin[8] hadde komme til makta. Hav vart generalsekretær i kommunist partiet. Lenin hadde vorte sjuk og han kunne ikkje lenger leie partiet. Det var ein makt kamp der Leo Trotski var Stalins motstandar etter at Lenin døydde i 1924. Josef Stalin gjekk sigrande ut av denne kampen og det gjekk hard utover motstandarane hans. Trotski vart landsforvist og andre støttespillarar vart døds dømde under Moskva prosessane.[9] I 1927 var Stalin kommunist partiet sin formann og i praksis eineherskar i Sovjet unionen.

 

Det var så ein fase med industrialisering og kollektivisering av landbruket.

 

Politikken vart stort sett vellukka ved at industri produksjonen auka kraftig, men harde verkemidlar innanfor landbruket førte til hungersnød i landet som krevde millionar av menneske liv.

 

Josef Stalin

Stalin ønska eigentleg ikkje og komme i krig med dei kapitalistiske stormaktene og freista og inngå avtalar med desse. Han fekk til ein ikkje angreps avtale med Adolf Hitler i 1939. Når Hitler angreip Polen frå vest gjekk Sovjet unionen inn i aust og la detta området inn i Sovjet unionen. Dei ynskja å ha ein buffer sone rundt Sovjet unionen og fekk kontroll over dei baltiske statane[10]og Moldova. Dei freista og å få kontroll over Finland, men møtte sterk motstand.

 

I 1941 gjekk Tyskland til angrep på Sovjet unionen. I byrjinga gjekk det veldig bra for Tyskland og dei tyske styrkane heldt heilt fram til Moskva, i desember same år. Etter dette snudde krigslykka for tyskarane, slaget om Stalingrad var eit avgjerande vendepunkt i den andre verdskrigen, dette varte frå 21. august 1942 til 2. Februar 1943. Tapet på både sider seiast å vere om lag 1,5- 2 millionar menneske.

 

Etter dette måtte tyskarane trekkje seg tilbake. Etter krigen fekk Sovjet unionen kontroll over fleire nye land områder.

 

Den kalde krigen kan seiast og vare frå 1948-1989, det var då ein rivalisering mellom Austblokka leia av Sovjet unionen og Vestblokka leia av USA og allierte. Ein reknar rivinga av Berlinmuren, i 1989, som slutten på den kalde krigen. Sovjet unionen vart oppløyst i 1991. Dette kom etter ein periode med mellom ana Mikhail Gorbatsjov og hans glasnost (tyder åpenhet) og perestrojka (tyder omstrukturering). Dermed stod USA igjen som den einaste supermakta.


[*] Mutually assured destruction

[2] Deutche Demokratiche Republik

[3] USA, Frankrike, Storbritania

[4] CERN (Forsknings laboratorium som ligg i Sveits)

[5] Eit politbyrå er den utøvande makta i politiske parti, som oftast kommunistiske parti.

[6] Den leiande forsamling i eit kommunistisk parti.

[7] Abraham Lincoln Amerikas 16 president, f 12. Februar 1809 d 15. April 1965

[8]Josef Stalin f 18.Desember 1878, d 5 Mars 1953

[9] Tre rettsakar mot tidlegare makt personar i Sovjet unionen, dei varte frå 1936 til 1938.

[10] Latvia, Estland og Litauen




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish